POSTED IN Endring av politikken, Økonomi

Pengevesen uten profittjag.

Staten må ta tilbake kontrollen over valutaen.

8 kommentarer

Bank- og pengevesenet i eit samfunn som vil framover, kan ikkje byggjast på private monopol og gjeldsbasert pengeskaping. Edvard Mogstad viser korleis eit økonomisk system der Staten skaper pengane, bankane er offentlege eller kooperative, og internasjonal handel skjer med nøytral valuta, kan gi både stabilitet, demokrati og reell kontroll over eigen kvardag.

BANK OG PENGEVESEN I EIT PROGRESSIVT SAMFUNN

Av Edvard Mogstad

[Det følgjande er siste del av kapitlet «Økonomi for folket» frå «PROUT. Veien videre etter kapitalismen» (2025), med eit nyskrive tillegg om gullstandard.] 

‘Eit progressivt samfunn’ er beskrive i ovannemnde bok, men viktige sider ved økonomien er skildra på derimot.no 22.4.25 i bokmeldinga «Et alternativ til vårt kapitalistiske system?» av Ole Morten Lyng, og på steigan.no i «P.R. Sarkar: økonomiens Montesquieu», 16.4.25. Hovudideen er ei tredeling av økonomien i offentleg nøkkelverksemd og -tenester, kooperativ industri, og mindre private verksemder. Folk skal kjenne at dei har kontroll over sin eigen kvardag, for ifølgje Sarkar er politisk demokrati meiningslaust utan økonomisk demokrati.

Reservar

I dag er størstedelen av pengane i omløp, bortsett frå setlar og mynt, som berre utgjer omtrent 3 prosent av pengemengda, skapt av bankane i det dei utsteder lån. Dette er ‘bankpengar’. Lønn og andre utbetalingar frå Staten går innom kontoar i bankane, der dei i sin tur blir nytta til å generere nye utlån. Pengar som blir skapt av sentralbanken, kallast reservar, og dei blir berre brukt av andre bankar og regjeringa, dei er ikkje tilgjengelege for publikum eller føretak.

Profittmotiv 

Bankane haustar profitt på dette monopolet på pengeskaping, i tillegg gir det dei også makta til å dirigere investeringane dit dei ønsker, basert på deira eigne ønske om maksimum profitt. Dette banksystemet er ei viktig årsak til dei kraftige svingingane i opp- og nedgangstider som pregar vår tids kapitalisme; dei blir forsterka av bankane sine utlån og pengeskaping under oppgangane, og skjerpar nedturane når kreditt blir inndratt.

Nasjonal valuta

Det er ingen grunn til at private bankar skulle hauste profitt ut av samfunnets behov for pengar, og dessutan ha monopol i tillegg. I eit progressivt samfunn bør makta til å skape nasjonale pengar bli lagt til Staten, ikkje til private individ. Lokale pengeeiningar kan visse stader fungere som eit godt supplement, og vi kan oppmuntre dette, sjølv om dei ikkje kan erstatte den nasjonale valutaen.

Utlån med full reserve

Det er muleg for regjeringa å kontrollere pengeskapinga gjennom ‘utlån med full reserve’, slik som Chicago-planen føreslår, der bankane er tvungne til å halde 100 % reservar for alle utlån dei utsteder.

Men det finst ei mykje betre løysing; ganske enkelt å avskaffe bankpengane fullstendig, og lata alle og ein kvar, regjeringa, bankane, privatpersonar og selskap, bruke pengar direkte som er skapt av sentralbanken. Denne løysinga har internasjonale namn som ‘Sovereign Money’ og ‘Positive Money’.

Sikre innskott

Gjennom denne løysinga vil alle pengar bli skapt av Staten. Følgeleg vil ikkje pengemengda vera avhengig av tilstanden til banken, og pengane vil ikkje forsvinne sjølv om banken skulle gå konkurs. Innskotta er sikre.

Men det må setjast grenser for pengemengda, som ikkje skal vera større enn det finst dekning for i realøkonomien.

EIN «NY» GARANTI: GULL?

Den tradisjonelle sikkerheita for pengane i moderne tid har vore gull. Etter krigen var dollar bunden til gull, og alle andre valutaer til dollar, etter Bretton Woods-systemet i 1944. Denne gullstandarden følte imidlertid USA seg tvungen til å forlate i 1971, og i dag har vi ei pengemengd i dollar som er heilt hinsides dekning i verkelege verdiar, og eit krakk verkar uunngåeleg.

Gullstandarden blei opplevd som ei tvangstrøye av eit næringsliv som ønskte å ekspandere, sia pengemengda var avgrensa til gullbehaldninga. Forventa høgre pris på gull førte til spekulasjonsbølgjer i 1960-åra, der gull vart hamstra i mengder.

Økonomisk vekst vil truleg halde lægre tempo med gullstandard, men det er kanskje berre ein fordel. Alt dette treng grundig gransking, men dollar-standarden er uansett på veg ut.

Rentefrie pengar

Pengane setjast i omløp ved ei rekke mekanismar; som direkte bruk av regjeringa til hennar samfunnsoppdrag, infrastruktur, lønner og trygder, offentlege arbeid og lån til bankar. Desse pengane, utanom låna, blir frie for renter. I dag er alle pengane som blir utstedt av både sentralbankane og låna frå dei kommersielle bankane, belagt med renter. Tilbakebetaling kan berre skje ved å ta opp nye lån. Dette gir ein grunnleggande ubalanse i systemet, idet heile pengevesenet er basert på gjeld, ei gjeld som nødvendigvis må vokse. Dette gir opphav til sykliske nedturar og samanbrot som eit nytt fripengesystem vil fri oss for.

Bankar og andre finansielle institusjonar bør eigast av kommunar, fylke og kooperative kredittsamband, sia ulempene ved å ha desse vitale ressursane i private hender langt overstig fordelane. Kreditt vil systematisk bli kanalisert til samfunnsnyttige investeringar, som oppbygging av nye føretak, infrastruktur, undervisning osv. Når desse bankane er private, går utlån og investeringar for det meste til allereie eksisterande verdiar, som bustader og finansielle verdipapir, noko som fører til kunstig oppskrudde prisar («asset price inflation»). Lån til slike typar eksisterande verdiar må regulerast. 

Tapsdeling

Bankinnskott vil bli av to slag. Dei heilt sikre kan setjast inn i sentralbanken, formidla av lokale bankar, men utan å hauste renter. Men innskytarane kan også få renter, viss de er villege til å ta risiko. Desse innskotta låner bankane ut til prosjekt av ymse slag, som løper ein viss risiko for å feile. Tapet delast av banken og innskytarane, etter ein lovregulert sats.

PÅ DEN INTERNASJONALE ARENAEN

Det må bli slutt på ordninga med at eitt eller to land har monopolet på å utstede verdas handelsvaluta, slik USA har i dag. Denne ordninga gir ein urettferdig fordel og har opna for grovt misbruk.

Nøytral verdsvaluta – Bancor

Ei av oppgåvene til dei nye Forente Nasjonar blir å forvalte den Internasjonale Fellesbanken. Når US-dollaren bryt saman som verdsvaluta, vil det oppstå eit visst kaos, og handelen vil halde fram med forskjellege nasjonale valutaer, ved sia av byttehandel. 

Men vi tar opp att Keynes’ gamle ide frå 1944 om ein nøytral verdsvaluta, den han kalla Bancor. Den nye internasjonale valuta vil fungere som ein referanse for dei nasjonale valutaer, som sett ein fast vekslingskurs mellom sin eigen og Bancor, for å hindre spekulativ valutahandel og gjera internasjonale forretningar enklare. 

Fellesbanken yter lån og støtte

Kvar nasjon får ein konto i Fellesbanken som klarerer handel nasjonane imellom. Viss ein nasjon har vedvarande underskott på handelen med utlandet, så søkk klareringskontoen, og landet må devaluere, om nødvendig med tvang. Fellesbanken yter lån og støtte til underutvikla regionar.

Viss en nasjon køyrer vedvarande overskott, så må landet revaluere sin valuta, om nødvendig med tvang, og hjelper ikkje dette, så blir det lagt ei prosentavgift på betalingsoverskottet på kontoen i Fellesbanken.

«Dei nye Forente Nasjonar» er eit omorganisert, rettvist FN, med forholdsvis representasjon i eit kammer, og like mange frå kvart land i eit anna kammer, med forbod mot krig, med Keynes’ verdsvaluta Bancor, osb. Men dette får vi kanskje ikkje oppleva i vår levetid, men av omsyn til ungane våre tar eg bryderiet med å skildre det lell i ovannemnde bok.

Forsidebilde: Melissa Askew

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

8 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    19 november 2025 13:16

    Gro Harlem Brundtland ødela det systemet vi hadde før når hun flytta pengepressa til Frankrike. Det førte til at for eksempel veiprosjekter ikke bare kunne finansieres direkte av nasjonens oljeinntekter men måtte lånefinansieres. Under Stoltenberg fikk tyskerne enorme lån med bedre lånebetingelser enn de norske vei og jernbaneprosjektene. Hva skal man kalle det?

    Svar
    • w.T.:

      «Det førte til at for eksempel veiprosjekter ikke bare kunne finansieres direkte av nasjonens oljeinntekter men måtte lånefinansieres. »

      Ja, norske myndigheter/oljefondet kan altså få lov til å kjøpe handlegater i London eller aksjer i Facebook.
      Men ikke veier, infrastruktur, sykehus – eller boliger, i Norge.
      Det blir ‘ikke lønnsomt’ fordi samme myndigheter har fått beskjed om å sette opp renta.

      Svar
  • Northern Light.
    19 november 2025 18:29

    Investeringer i infrastruktur her i Norge må lånefinansieres, og betales ikke med nasjonens oljeinntekter, og tyske utbyggere i Tyskland fikk enorme lån med bedre lånebetingelser enn norske. Det er enda et bevis på at «våre» politikere ikke representerer det norske land og folk, men den globale finanskapitalen.

    Det har også vært signaler fra regjeringshold, les den globale finanskapitalens administrasjon her i Norge, at oppgraderingen av drikkevannsforsyningen – kostnadsberegnet til 135 milliarder, skal betales med økte kommunale avgifter, og ikke tas fra Oljefondet. Men å bruke Oljefondet til å garantere for lån til Ukraina på over 1000 milliarder, det vil mange på Stortinget gjøre, selv om nå statsministeren sier nei.

    Oljefondets penger skal altså ikke investeres i realverdier for det norske folk, men fortsatt i oppblåste aksjemarkeder, og vi vet nå at Brussel har fått vitring på Oljefondet, og de vil ikke gi seg med dette. Og Høyres nestleder vil selge Equinor, de fleste er ikke klar over at Staten (folket) nå bare eier 70 prosent av Equinor. Nå må det norske folk komme seg ut av den politiske bevisstløsheten, og slå hegn om nasjonalverdiene.

    Politikerne på Stortinget er ikke det norske folk og lands venner, og det er heller ikke presse og media med NRK. Politikerne og pressen eies og kontrolleres av finanskapitalen. Stortinget har gitt flere titalls lisenser til utenlandske selskaper for utvinning av de nylig påviste enorme forekomstene av jordarter og metaller, og NRK og pressen holder det norske folk uvitende om det.

    Norge plyndres av finanskapitalens politikere, pengene går ut av statskassen, ut av landet, hvitvaskes i det militær-farmasøytiske og klima-industrielle kompleksene og fond, før de havner på de ultrarikes konti. Finanskapitalens presse og medias oppgave er å lulle befolkningen inn i en forestilling om at alt er såre vel. Hva kan vel være galt i et land som bare behøver å gjette på hvem som er bak maskene i Maskorama, og hvem som vinner i «skal vi danse»?

    Svar
    • N.L.:
      «Tyskland fikk enorme lån med bedre lånebetingelser enn norske. »

      ‘Bakteppet for forslaget er at høye renter i USA og en sterk dollar har skapt utfordringer problemer i fremvoksende økonomier, blant annet ved å gjøre gjelden deres dyrere. Mange land og selskaper har tatt opp gjeld i dollar, og sliter når den styrkes. ‘
      e24.no/makro-og-politikk/renter/vil-utfordre-dollarens-dominans-med-ny-valuta-det-vil-ikke-bli-lett/24683730

      ‘Når disse landene ikke kan betale ut lånene, gir de «sjenerøse» internasjonale bankene rett og slett nye lån med høyere rente for å betale de gamle, og blir ytterligere gjeldslånere.
      Som Mayer Amschel Rothschild sa:
      «La meg utstede og kontrollere nasjonens penger, og jeg bryr meg ikke hvem som skriver lovene.»
      I nyere tid sa Richard McKenna, tidligere president i Midlands Bank of England, «De som lager og utsteder penger og kreditt styr regjeringens politikk og hold i hendene folks skjebne. »
      ….De bryr seg ikke om hvem som vinner, fordi mens nasjonene låner store mengder penger til å drepe hverandre, gjør internasjonale bankfolk store mengder på penger fra rentebelastningene de gjør hver nasjon betale. ‘
      https://ericdubay.wordpress.com/2018/07/05/the-federal-reserve/

      Ellers:

      ‘Dei var Europas mektigaste.
      Få familiar har vore meir myteomspunne eller rikare enn Rothschild.
      Familiehistoria Rothschild-dynastiet strekkjer seg over 200 år. Historia startar innanfor fire murar.
      I 1744 vart Mayer Amschel Rothschild fødd i jødegettoen i Frankfurt am Main.
      DET FØRSTE HUSET: I Judengasse i Frankfurt am Main, cirka 1868.
      Dei fleste som vaks opp her, levde heile livet sitt på innsida av murane, men Rothschild blei send i lære hos ein forretningsmann i Hannover. Her kom han i kontakt med mange prominente kundar gjennom å selje sjeldne myntar og medaljongar.
      21 år gamal kom Rothschild tilbake til Frankfurt, der han bygde opp byens leiande mynt- og antikvitetshandel ved hjelp av bror sin.
      DYNASTIETS FAR: Mayer Amschel Rothschild (1743–1812).
      Så starta brødrene det som skulle bli familiens hovudgeskjeft: ein bank.
      Rothschild-familien skapte nesten på eiga hand ein ny måte å låne ut pengar på, nemleg den private obligasjonsmarknaden.
      Det vil seie at Rothschild utferda verdipapir til folk og institusjonar som trong å låne pengar. Pengane kom ikkje frå Rothschild, men frå investorar som Rothschild skaffa. Rothschild garanterte for lånets sikkerheit, men trong mindre eigenkapital enn ein tradisjonell bank. I tillegg forvalta han formuane til etter kvart ganske så prominente folk.
      Det store gjennombrotet kom då han fekk
      William XI som kunde. Rothschild forvalta formuen så bra at landgreven sat igjen med mykje ekstra etterpå, og namnet Rothschild fekk dermed ein klang av eksklusivitet og kvalitet.
      – Det Rothschild driv med, er ei form for koplingsverksemd. Det er på mange måtar eit omdømespørsmål. Viss eit lån er tilrettelagt eller garantert av Rothschild, så er det eit uttrykk for kvalitet, forklarar Øksendal.
      Frøet var sådd. No venta resten av Europa.
      I løpet av to–tre generasjonar blei Rothschild-familien ekstremt mektige og rike.
      Mayer Amschel Rothschilds søner vidareførte familieforretninga i fleire europeiske byar –éin i London, éin i Paris, éin i Wien, éin i Napoli, og sistemann tok over i Frankfurt.
      Ved inngangen til 1900-talet hadde Rothschild-familien verdas største privateigde formue. Dei blei kalla «den jødiske kongefamilien», ‘
      nrk.no/kultur/xl/slik-blei-bankfamilien-rothschild-europas-mektigaste-1.16574726

      Svar
  • » Men det må setjast grenser for pengemengda, som ikkje skal vera større enn det finst dekning for i realøkonomien.»

    Når man lånte kapital eller driftskapital i den gamle tid så lånte man husdyr, foret disse og hadde nytten av dem. I leie betalte man de kalver som dyrene fikk i leietiden. Antall kalver var naturbestemt, man kunne ikke engang innføre begrepet «diskontopolitikk» og beslutte flere eller færre kalver enn de som dyrene (kapitalen) kastet av seg. Ingen formue kunne bli større enn det var «beite til». Naturen og vilkårene bestemte hvor mange kalver som kunne «påsettes».
    Da man i pengehusholdningen gikk over til å måle formuen i gull så dannet det seg hurtig en annen og ny «konvensjon» enn i naturalhusholdningen. Man begynte å forestille seg at likesom man betalte en kalv for året i «rente» på husdyr så kunne man nå «leke» at. gullet kalvet, og at man skulle betale en liten kalv av gull i leie for kapitalen. I alle kultursamfunn begynner et bankvesen — også i Norge — med en liten kalv; men fristelsen kommer og kalvene blir bestandig flere, især er «staten» grådig etter «kalver», for «staten» spiser ikke brød og smør, men lever av prisene på brød og smør, så «statens interesser» faller godt sammen med ««kapitalens» interesser». Verken «staten», «kapitalen» eller dukken har «interesser» selvfølgelig, vi bare leker at det er slik, og denne leken er farlig.
     I pengehusholdningen blir ikke «kapitalen» begrenset av «beiter» i naturen. Den yngler tvert om rikeligere og får flere «kalver» jo magrere beitet er.
    I dårlige tider med liten produksjon og store krigsødeleggelser yngler pengekapitalen best. Gullet yngler med tusener av «kalver» jo mer prisene stiger og «statens» budsjetter vokser og de «stats»-troende får stadig større og større «bevilgninger» av «staten» og jubler og priser sin gud for hans rike gaver. Naturligvis vet vi at «staten» ikke kan gi oss 10 øre som vi ikke på usynlig måte betaler med 10 kr., men vi «leker» at det er slik.
    Naturligvis kan gull, papirpenger og kontantformuer ikke vokse og formere seg; men i den ukontrollerte og ukontrollbare skinnvirkeligheten «leker vi» at det er slik:
    Dansen om gullkalven er altså en ubevisst og ukontrollert folkelek med  symbolet, pengene. Man tenker seg at «steinene gir brød», dvs. at mineraler kan yngle som poteter og korn.
     Bankvesenet ser så pent og uskyldig ut. Det hele legges så behendig og vakkert til rette for oss mennesker, for at det skal se så selvfølgelig og riktig ut. Det krever stor omtanke og atskillig innsikt i sjelelivet før man riktig får fatt på hva det er som skjer i vårt ubevisste, når det ene folkesamfunn og kulturrike etter det andre læres opp i dansen om gullkalven.
    Når folk til daglig snakker om dansen om gullkalven så pleier de gjerne å sette opp en mine og anlegge en patos som røper at de selv tror at de vet hva de snakker om. Med dansen om gullkalven mener folk bare et tomt uttrykk for den kjensgjerning at menneskene er glad i penger og gjerne vil skaffe seg størst mulig «fortjeneste», men dette er jo helt naturlig, når de alle læres opp i den tro at det de «tjener» (på sine bedrag og selvbedrag) «virkelig er reell fortjeneste».
    Ingen kan fortenke folk i at de ønsker å klare sine forpliktelser og leve som det best sømmer seg å leve; men det er jo ikke dette som er «dansen om gullkalven».
    Dansen består i den ubevisste lek, det ubevisste og ukontrollerte surr omkring symbolene.

    Ellers:

    Pengemakten: Hans Eirik Olav:
    https://www.youtube.com/watch?v=zFUfBhbF8K4

    Svar
    • Han Werik Olav sier mye fornuftg. I motsertning til våre politisk styrte papegøye- ‘utdannede’ pengeøkonome.Men at guller er penger er jo bare tull.
      Penger er byttimidler uten verdi.- Men som først får verdi når det sendes rundt i samfunnet og skaper positiv aktivitet. ( Og da får penge/byttemiddel-verdi for innbyggere som deltar i denne byttrmiddel-delingen. )
      Gull er kun et ( kostnadskrevende , som Bitcoin. ) alternativ for tillitti samfunnet og mellom samfunn.
      Det er arbeidskrefter og inovasjon som er et fritt samfunns gull.
      Og det eneste som kan skape reelle verdier i nasjoner.
      Politikere og deres penge-økonomer kan kun KONSTRUERE (‘statlige’) penge- ‘verdier’.

      Svar
  • Hva er et samfunn uten arbeidskrefter, og inovasjon?
    Ingenting.
    Hva er penger ?
    Ingenting annen verdi enn som bytte- midler. Kun tall i et samfunns arbeidsbytte.
    Bortsett for de som på tyverivis vil styre disse byttemidemidlene og rentene.
    Og som vil stjele den reelle verdiskapningen og våre forestillinger for å gripe makt.

    ‘Staten’ /organiseringen er kun en foranstaltning før innbyggerene/menneskene skjønner sitt eget beste, og menneskenes mental- innebygde lover for rett og galt.
    Før vi skjønner – uten fariseiske bud.
    Uten noen ‘ stat’./Barabas .
    Uten statskontrollerte/faraseiske – jødiske lover.
    – Som jesus-filosofen prøvde å fortelle oss da han kastet pengevekslerene ut av ‘templet’ .
    Vår mentalitet er vår skjebne.
    Hva er virkelighet ; – hva er fantasi.
    Hva er samfunn;- hva er ‘stat.’

    Etter 2000 år bør vi vel begynne å våkne?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Zelenskys krets raner landet.

Korrupsjonen sprenger alle grenser.

Forrige innlegg

Stalin var klar over at det var den vestlige målsettingen.

Planen om oppstykking av Russland (Sovjetunionen) er ikke ny.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.