POSTED IN Endring av politikken, Russland, USA

Nå forandres verden:

Russland stiller nå krav som de akter å gjennomføre.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

STIGANDE SPENNINGAR

Russland vil tvinge USA til å respektere FN-pakta

av Thierry Meyssan

Russland og Kina har nett skrive til USA og bede om at dei må respektere FN-pakta. Dette ikkje-aggressive steget set spørsmålsteikn ved ikkje berre FN, NATO og EU, men også ved nesten alt av USA sine steg etter oppløysinga av SSSR. Det er openbert uakseptabelt for Washington. Men hypermakta USA er ikkje det den ein gong var.Den vil måtte starte å trekke seg tilbake.

Russia wants to force the US to respect the UN Charter


Verda er i dag styrt av USA og NATO, som presenterer seg som dei einaste globale maktene, sjølv om Den russiske føderasjonen og Folkerepublikken Kina begge er mektigare enn dei, både økonomisk og militært.

Den 17. desember, 2021, la Moskva fram eit utkast til ein bilateral avtale med Washington som skulle garantere for freden [1], og i tillegg eit avtaleutkast for implementering [2]. Desse dokumenta er ikkje retta imot USA, dei har berre til mål å tvinge fram FN-pakta og at partane held seg til lovnadane der.


Den 23. desember, på president Putins årlege pressekonferanse, utløyste eit spørsmål frå  Sky News -journalist Diana Magnay ein krangel. Vladimir Putin svarte rett ut at Russland sine ytringar om USA si åtferd gjekk tilbake til 1990, og at Washington ikkje berre ignorerte dei, men også heldt fram på same måten. No skulle NATO-våpen plasserast ut i Ukraina, og det ville vere uakseptabelt for Moskva [3]. Aldri før har ein russisk leiar uttrykt seg slik. Det er viktig å forstå at det å plassere rakettar ein fire-minuttars flytur unna Moskva, utgjer ein ekstrem trussel og er grunnlag for krig.Den 30. desember hadde presidentane Biden og Putin ein telefonkonferanse. USA-sida la fram forslag til løysing av Ukraina-spørsmålet, medan Russland-sida tok diskusjonen tilbake til USA sine brot på FN-pakta og lovnadane der.


USA vurderer å vise godvilje ved å ikkje ønske Ukraina velkomen inn i NATO. Dette er ei tilnærming som berre marginalt svarer på spørsmålet, og som sannsynlegvis kan hindre krig berre dersom det blir akkompagnert av tilbaketrekkingstiltak.

Det er tydeleg at vi går inn i ein periode med ekstrem konfrontasjon som vil vare i fleire år og kan bryte ut i verdskrig når som helst.

I denne artikkelen vil vi granske denne konfllikten, som til stor del er ukjend i Vesten.

1- UTVIDINGA AV NATO TIL RUSSLAND SINE GRENSER

Under Andre verdskrig overlet USA medvite den største [militære] byrda til Sovjetunionen. Mellom 22 og 27 millionar sovjetarar døydde (13-16% av heile folket), samanlikna med 418 000 amerikanarar (0,32% av heile folket). Då denne nedslaktinga tok slutt, danna USA ein militærallianse i Vest-Europa, NATO, som gjorde at SSSR svarte med å danne Warszawa-pakta. NATO viste seg raskt å vere ein føderasjon som braut prinsippet om statssuverenitet fastsett i paragraf 2 av FN-pakta [4], som Tredjeverdslanda fordømde i 1955 på Bandung-konferansen [5]. Til sist braut også SSSR FN-pakta då dei vedtok Brezjnev-doktrinen i 1968 og tvang den på medlemmane av Warszawa-pakta. Då SSSR vart oppløyst, og nokre av dei tidlegare medlemmane danna ein ny militærallianse, Den kollektive sikkerheitspakta, valde dei å gjere den til ein konføderasjon i samsvar med FN-pakta.

World War II Casualties.svg
Tapstallene for 2. Verdenskrig forteller om hvem som måtte ofre mest i tapte liv. I vår norsk historiefortelling fremgår ikke dette i det hele tatt. Tvert imot fremstilles kampene i Normandie (da krigen var avgjort på østfronten) som det viktigste som skjedde.


For å ha klart for oss kva ‘føderasjon’ og ‘konføderasjon’ betyr, la oss ta eit døme: under Den amerikanske borgarkrigen danna Nordstatane ein føderasjon for at avgjerdene til regjeringa deira skulle vere bindande for alle medlemsstatane. I motsetning til det, danna Sørstatane ein konføderasjon for at kvar medlemsstat skulle forbli suveren.

Då Berlin-muren og Jarnteppet fall i 1989, ønska tyskarane å samle nasjonen til eitt land igjen. Men det betydde at NATO utvida seg inn på territoriet til Den tyske demokratiske republikk. I byrjinga var sovjetarane imot dette. Dei såg føre seg ei gjenforeining der DDR-territoriet vart nøytralisert. Til sist gjekk generalsekretær Mikhail Gorbatsjov med på å la NATO ekspandere gjennom gjenforeininga av dei to Tysklanda på vilkår av at Alliansen ikkje prøvde å ekspandere austover.

Den vest-tyske kanslaren Helmut Kohl, utanriksministeren hans Hans-Dietrich Genscher, og den franske presidenten François Mitterrand gjekk saman om å støtte det russiske standpunktet: NATO måtte forplikte seg til å ikkje ekspandere vidare mot aust. USAs president George H. Bush Sr. og utanriksministeren hans, James Baker, uttalte seg gjentatte gongar offentleg og forplikta seg til dette foran samtalepartnarane sine. [6].

Så snart SSSR var oppløyst, gjekk tre nøytrale land inn i EU: Austerrike, Finland og Sverige. Men EU og NATO er ei og same eining, den eine sivil og den andre militær, begge med hovudsete i Brussel. I følge EU-traktaten, som blei endra med Lisboa-traktaten (artikkel 42-7), er det NATO som sikrar forsvaret av EU enten medlemmane i tillegg er NATO-medlemmar eller ikkje. Desse landa er de facto ikkje lenger nøytrale etter at dei gjekk med i EU.

NATO's New Order: The Alliance After the Cold War | Origins
Natos ekspansjon østover kan det ikke være tvil om.

I 1993 kunngjorde Europarådet i København at landa i sentral- og aust-Europa skulle få kome inn i EU. Frå då av gjekk prosessen med NATO-medlemskap for dei tidlegare medlemmane av Sovjet-blokka glatt, bortsett frå dei tradisjonelle russiske merknadane.

Men på 1990-talet var Russland berre ein skugge av sitt tidlegare sjølv. Rikdammane deira var plyndra av 90 personar, dei såkalla ‘oligarkane’. Levestandarden kollapsa og venta levealder for russarar fall med 20 år. I denne situasjonen var det ingen som lytta til kva Moskva hadde å seie. I 1997 oppfordra NATO-toppmøtet i Madrid landa i den tidlegare Sovjet-blokka til å slutte seg til Den nordatlantiske traktaten. Etter aust-Tyskland (1990) – men dei neste fem gongane i strid med lovnadane – var det Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen i 1999; deretter i 2004 Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia; i 2009 Albania og Kroatia; i 2017 Montenegro; og i 2020 Nord-Makedonia.

Ukraina og Georgia kan snart slutte seg til NATO, og Sverige og Finland kan gi opp sin teoretiske nøytralitet og ope slutte seg til Den atlantiske alliansen.

Det som var uakseptabelt i 1990, er framleis uakseptabelt. Ein kan ikkje tillate at NATO-rakettar er stasjonerte berre nokre få minutts flytur unna Moskva. Same situasjon hadde dei i 1962. USA plasserte ut rakettar på den sovjetiske grensa i Tyrkia. Som svar installerte sovjetarane rakettar på USAs grense på Cuba. USAs president John Kennedy oppdaga i siste liten fella som Pentagon hadde sett USA i. Han greidde å klare opp i situasjonen gjennom FN-ambassadøren sin. General Lyman Lemnitzer, som den gong var leiar for US Joint Chiefs of Staff, var innbiten anti-sovjetar og hadde intensjonar om å provosere fram ein atomkrig. Heldigvis er etterfølgaren hans, general Mark Milley, ein mykje klokare mann som pleier høflege relasjonar med sine russiske motpartar.

2- BROT PÅ FN-PAKTA

FN-pakta vart forhandla fram av 50 statar i 1945 på San Francisco-konferansen, sjølv før sovjetiske troppar tok Berlin og fekk Nazi-riket til å overgi seg. Pakta vart vedtatt einstemmig. Sidan den gong har 147 statar til signert den, så det er no totalt 197 underskrivande.

Det russiske forslaget av 17. desember, 2021, om ei bilateral USA/Russland-pakt for å sikre freden, slår i artikkel 2 fast at:

«Partane skal garantere at alle internasjonale organisasjonar, militæralliansar og koalisjonar som minst ein av partane deltar i, skal følge prinsippa som FN-pakta inneheld. Av grunnane forklart over, medfører dette transformasjon eller oppløysing av NATO.»

Det same forslaget slår i artikkel 4 fast at dei tidlegare medlemsstatane til Sovjetunionen ikkje skal kunne bli med i NATO. Det medfører at Estland, Latvia og Litauen bør gå ut, og at verken Ukraina eller Georgia bør gå inn.

Modelling Armageddon: The effects of nuclear weapons on climate
Det er bare USA som har stasjonert kjernefysiske våpen utenfor sitt eget land. Får vi slike våpen plassert i Norge nå hvis USA får igjennom den foreslåtte baseavtalen?

Artikkel 7 i det russiske forslaget forbyr stasjonering av kjernefysiske våpen utanfor eigne grenser. Det medfører at ein straks trekk tilbake atombomber som er ulovleg lagra i t.d. Italia og Tyskland i brot på 1968-avtalen om ikkjespreiing av atomvåpen.

Vidare krev respekt for FN-pakta at ein returnerer til FN sin opprinnelege verkemåte, og gir opp den illegale praksisen som organisasjonen har vore involvert i sidan oppløysinga av Sovjetunionen.

Umerkeleg har FN slutta å oppfylle sine lovbestemde målsetningar, og blir i staden meir og meir omdanna til eit organ til oppfylling av USA sine avgjerder. Dei blå hjelmane, t.d., var ein gong «nøytrale styrkar», men har no blitt «fredsbevarande styrkar» etter oppløysinga av SSSR. Dei nøyer dei seg ikkje lenger med å blande seg inn når to partar er i krig og greier å inngå våpenkvile. Dei brukte å intervenere mellom dei to sidene, med uttrykt samtykke, og sikre at det partane hadde forplikta seg til vart respektert. I dag bryr dei seg ikkje om samtykke frå protagonistane, eller ein gong om der finst nokon avtale mellom dei. I praksis har Tryggingsrådet, i dei omlag tjue åra etter Russlands kollaps, kun godkjent avgjerdene til USA. I praksis var difor fredsbevararane hovudsakleg i Pentagons teneste.

Det mest iaugefallande dømet er det som skjedde i Libya. USA organiserte og finansierte falske vitneutsegner framfor FN sitt Menneskerettsråd i Geneve om at Muamar Gaddafi bomba sitt eige folk [7] . Desse utsegnene vart deretter levert vidare til Tryggingsrådet. Washington fekk sin resolusjon som let NATO intervenere for å «verne befolkninga» i Libya frå «diktatoren» sin. Straks dei var på plass, forbaud dei dei afrikanske statsleiarane å kome og sjekke kva som føregjekk, under truslar om å drepe dei alle. Så bomba dei Libya og drap rundt 120 000 av dei folka dei hadde kome for å «verne». Til sist splitta dei opp landet i tre delar og installerte terroristar ved makta i Tripoli [8].

Fra å være Afrikas første og eneste velferdsstat omgjorde Nato landet til er terrorist-reir.

I tilfellet Syria gjekk dei eit steg vidare. FN, som hadde gitt Den arabiske ligaen beskjed om å gjennomføre ei gransking på staden for å verifisere rapportar om ein borgarkrig, stilte ingen spørsmål då dette oppdraget vart avbrote utan forklaring. Det var fordi ekspertar frå 21 arabiske land hadde slått fast i ein preliminær rapport at USA sin informasjon var falsk [9]. USA utnemnde så Jeffrey Feltman, utanriksminister Hillary Clinton sin representant for det utvida Midtausten, til vara for generalsekretær Ban Ki-moon, som koordinerte dei allierte operasjonane i krigen økonomisk, politisk og militært [10]. Fleire år seinare, og sjølv om denne gentleman’en er borte for lenge sidan og gjer brotsverk andre stadar, så blir direktiva hans om å svelte ut Syria framleis pålagt FN-organa [11].

Dette fører oss til spørsmålet om FN-organa. Mange av dei tener som dekke for US-amerikanske aksjonar. Til dømes har, i denne perioden med Covid-19-epidemi, alle merka at medlemslanda sine bidrag til dette organet representerer mindre enn 20% budsjettet, medan donasjonar frå Bill og Melinda Gates-stiftinga aleine representerer 10%. Faktisk er nokre av WHO sine aksjonar tungt påverka av private interesser. Russlands faste representant i Tryggingsrådet, Vitaly Tsjurkin, avslørte også at kontoret til FNs høgkommissær for flyktningar frakta hundretals av væpna jihadistar med båt frå Libya til Tyrkia i 2012 for å danne den såkalla Free Syrian Army.

Og dét er ikkje alt. Tryggingsrådet har godkjent talrike sanksjonar mot statar under denne perioden med eit svakt Russland. Mange høgtståande FN-tenestemenn ser på bakkenivå at desse sanksjonane forårsakar hungersnaud og drap på sivile. Men dei har blitt framstemde og kan berre opphevast med ei avrøysting som USA er imot. Desse såkalla ‘sanksjonane’ er ikkje straffereaksjonar frå ein domstol, men våpen mot folk, smidde i FN sitt namn.

Sidan Washington ikkje lenger kan få dei vedtatt, dekreterer dei dei no unilateralt, og tvingar vasallen sin EU til å implementere dei. Såleis myrdar Den europeiske unionen sivile folk, denne gongen i «demokratiets» namn.

3- DEN RUSSISK-KINESISKE STRATEGIEN

I Vesten kunngjer vi kva som bør skje for å ta æra for hendinga. Ofte gjer vi ingenting for å få det til å skje; vi ventar på det og gratulerer oss sjølve på førehand. Det er det som kallast «kunngjeringseffekten». I Russland og Kina, på den andre sida, der det er mindre snakk, kunngjer ikkje folk anna enn det dei er visse på å oppnå. Generelt er kunngjeringane avsløringar av kva som nett har blitt gjort.

Russland er en spiller på det globale sjakkbrettet.

Viss president Putin kunngjer at han vil sette USA på plass, er det ikkje noko ein kan forhandle om. Russland veit at president Joe Biden ikkje kan trekke seg. Dei tenker tvinge han til det, kanskje sakte, men i alle fall sikkert. Likt ein sjakkspelar har Moskva allereie sett dei neste trekka. Alt dei har å gjere er å vise styrken sin og kanskje slå til i randsonene. Til dømes kunne det russiske militæret demonstrere sine hypersoniske missilar, slik at alle kan sjå at dei kan øydelegge kva mål som helst i verda. Eller dei kunne slå til mot US-amerikanske væpna styrkar på territorium desse illegalt okkuperer.

Den 15. desember, 2021 feira Moskva og Beijing militæralliansen sin. Dette var to dagar før utkastet til avtale med USA vart publisert. Presidents Vladimir Putin og Xi Jinping talte på ein vidoekonferanse for å styrke det russiske forslaget. Kina har offisielt insistert på legitimiteten til dette kravet. Sjølv om det er mykje som skiljer Kina og Russland, og til og med konfliktpunkt som t.d. aust-Sibir, har Moskva og Beijing forplikta seg til å støtte kvarandre. Begge landa har vore under angrep frå Vesten i ikkje altfor fjern fortid. Dei har erfart hykleriet til desse partnarane og veit at dei treng kvarandre for å stå imot dei.

Dei siste åra har Russland vunne meisterskapen i nye våpen. I 2014 viste dei at dei kunne nøytralisere kommunikasjonen og kontrollane på ein US-amerikansk destroyer,  USS Donald Cook, utstyrt med eit Aegis-system som hadde samband med alle USA sine rakettutskytingsmodular [12], og sjølv med eit hangarskip som  USS Ronald Reagan [13]. Deretter viste dei i Levanten at dei hadde auka rommet der dei kunne nøytralisere all NATO-kommunikasjon og -kommandoar til ein radius på 300 kilometer [14]. Russland har no overtaket innan konvensjonelle konfliktar.

Hangarskip-gruppen USS Ronald Reagan

Den franske hypersoniske våpenteknikken, lenge uutnytta av NATO, var perfeksjonert av sovjetarane, og deretter av russarane [15]. I dag er det det avgjerande våpenet som kan treffe kvart eit mål på Jorda med atomvåpen. Ein utskytar flyg gjennom atmosfæren, hentar meir fart når den sirklar rundt Jorda, og skyt deretter mot målet sitt når den atter kjem inn i atmosfæren. Farten er så høg at ingen kan avskjere den. Dette våpenet gjer NATO sitt «rakettskjold» utdatert [16]. Russland har no overtaket innan kjernefysiske konfliktar [17].

Moskva har gjort ein midlertidig versjon tilgjengeleg for Beijing og sannsynligvis også for Pyongyang. U.S.S. Joint Chiefs of Staff admiral Christopher Grady anerkjende Russlands teknologiske forsprang og kunngjorde at USA jobbar hardt for å ta det igjen. Sjølv om president Donald Trump gjenoppliva militærforskninga, vil det ta mange år før Pentagon greier det.

Krigen i Syria var ein moglegheit for Moskva til å teste eit veldig stort antal nye våpen, der nokre av dei viste seg å vere Vesten sine langt overlegne. Samtidig viser svikten i det gigantiske F-35-programmet, som ikkje klarer å oppfylle alle sine lovnadar, at amerikansk militærforskning har stoppa opp. Dette fleirbruksflyet blir for det meste seld til dei allierte, men har blitt gitt opp av det amerikanske flyvåpenet, som trekker seg tilbake til å gjenutgi det gamle F-16-flyet.

I tillegg har Kina utvikla ein effektiv satellittøydeleggingsteknikk som dei ser ut til å ha delt med Russland. Øydelegginga av ein gamal sovjetisk satellitt den 15. november 2021, ikke langt unna den internasjonale romstasjonen, utløyste sterke kjensler i NATO. Frå no av kunne Kina og Russlandgjere alle NATO-hærer døve og blinde i løpet av få timer.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland  

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst 

Forsidebilde: Lopez Robin  

[1] “Draft Treaty betweeen the USA and Russia on Security Guarantees”, Voltaire Network, 17 December 2021.

[2] “Draft Agreement on measures to ensure the security of Russia and NATO”, Voltaire Network, 17 December 2021.

[3] “Vladimir Putin’s annual news conference”, by Vladimir Putin, Voltaire Network, 23 December 2021.

[4] “Charter of the United Nations”, Voltaire Network, 26 June 1945.

[5] See the ten principles of the Bandoung Conference, which serve as a reference for our work, in “About the Voltaire Network”.

[6] «NATO Expansion: What Gorbachev Heard», National Security Archives, December 12, 2017.

[7] A classified document that we published attests that the members of the Libyan Transitional Council were employees of the United States. S / AC.52 / 2011 / NOTE.93.

[8] “How Al Qaeda men came to power in Libya”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 7 September 2011.

[9] “Report of the Head of the League of Arab States Observer Mission to Syria for the period from 24 December 2011 to 18 January 2012”, Voltaire Network, 2 February 2012.

[10] “Germany and the UNO against Syria”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 28 January 2016.

[11] “Parameters and Principles of UN assistance in Syria”, by Jeffrey D. Feltman, Voltaire Network, 15 October 2017.

[12] “What spooked the USS Donald Cook so much in the Black Sea?”, Voltaire Network, 8 November 2014.

[13] “Russia scrambles the controls of the aircraft carrier ’Ronald Reagan’ and the 7th fleet”, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 11 November 2015.

[14] “The Russian army partially blocks the air space over Lebanon and Cyprus”, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 24 November 2015.

[15] « Les moyens russes de Défense hypersonique », par Valentin Vasilescu, Traduction Avic, Réseau Voltaire, 28 mai 2016.

[16] “The new Russian nuclear arsenal restores world bipolarity”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 6 March 2018.

[17] “Vladimir Putin Address to Russian Federal Assembly”, by Vladimir Putin, Voltaire Network, 20 February 2019,

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Dokumentarfilmer om Cubakrisen i 1962 viste oss en verden på randen til atomkrig. Verdensopinionen var samstemt, og russerne ble tvunget til å snu. Men ingen fortalte at bare et år tidligere forøskte USA å invadere Cuba i strid med FNs charter, vi fikk slaget i Grisebukta. USA tapte og ble jaget hjem, men Castro forsto at USA ville prøve seg igjen og allierte seg med russerne. Og dette endret jo situasjonen litt.

    Ennå manglet noe av historien, det fikk vi vite fordi Kennedy fikk tatt opp alt som ble sagt i Det hvite hus. Han sa noe slikt som ”Det er virkelig crazy det Khrusjtsjov holder på med, utplassere atomvåpen på Cuba! Det er som om jeg skulle utplassere atomvåpen i Tyrkia!” Presidentens sikkerhetsrådgiver svarte en smule beskjemmet: ”Vel, herr president, det har vi faktisk allerede gjort!” For i 1959 utplasserte USA atomvåpen i Tyrkia og Italia, uten at det ble noen ”Tyrkia-krise” av den grunn. (Fritt etter Danele Ganser)

    One rule for them, and one for us ?

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    9 januar 2022 18:31

    Eg lærer meir på ei veke av derimot.no enn på eit år av ei norsk gjennomsnitts-avis! Note nr. 6 i artikkelen ovafor burde bli pensum i norsk skule. Særleg på journalistutdanningane, slik at me kunne skånast for uetterretteleg skriving. Jens Stoltenberg burde eksaminerast i stoffet kvar dag.

    PS Gratulerer med ny besøksrekord igjen, Lindtner.

    Svar
  • Dagens konflikt kan bli betraktet som å være som en slags parallell til Cuba-krisen hvor Sovjet hadde atomraketter på Cuba og hvor USA hadde atomraketter i Tyrkia. Bortsett fra at denne gangen har ikke Russland atomraketter i nærheten av USA, bortsett fra atomraketter ombord i russiske ubåter i Atlanterhavet (men de er jo ikke synlige for media!). Det kunne ha vært enklere å løse dagens krise hvis Russland feks hadde hatt atomraketter på Cuba eller i Karibien eller eventuelt i Venezuela. Da kunne man ha fått til en gjensidig tilbaketrekking av angrepsvåpen på begge sider.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ingen NAV-skandale, men en EØS-skandale

Forrige innlegg

Folk skal tvinges til en farlig vaksine som ikke virker:

Italia er neste til å tvinge vaksiner på folk.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.