Hans Olav Brendberg:

Eg er ikkje til sals
Det er tøffe tider. Ikke ha andre meninger enn «oss». Hvis ikke…
Dette gjelder ikke bare krigen i Ukraina. Også kampen for milliardene til klimatiltak for å endre sammensetninga av gasser i atmosfæren, noe som bare en elite i verdens mindretall, den vestlige verden, driver med. Også der kreves ensretting.
Er det bare å vente på at en blir «fri» til å tale ved å bli pensjonist? «De» ser at det blir et problem, så hvorfor skal staten betale dem som ikke vil innordne seg? De som ikke vil vaksinere seg, skal de gå utafor sin egen bolig?
Å bo nær dyrkbar jord kan bli en fordel. Kanskje det er lurt å spare på alle de teltene vi har?
OBB/Politikus.
Hans Olav Brendberg: Eg er ikkje til sals.
Korkje for rubel eller dollar. Eg skriv det eg meiner. Og slik er vel for mange.
Eg skal ikkje bli noko. Eg har ingen karriere å pleia. Eg er ikkje ute etter å få spalteplass i ei avis eller noko. Difor skriv eg det eg meiner – også når det skadar min ikkje-eksisterande «karriere».
Eg har ikkje tenkt å la meg skremma. Mistar eg jobben? Eg kjem ikkje til å svelta. Eg er gjeldfri, det er fisk i havet – potet og gulrot veks godt her ute.
Eg er ikkje «pro-Russisk». Eg er ikkje eingong bekymra for om russiske tryggleiksinteresser blir skvisa. Om tusenvis av ingeni-rar, offiserar og byråkratar i russisk forsvarsindustri og det russiske militæret ikkje greier forsvara landet sitt — er det deira problem. Ikkje mitt.
Ukrainakrigen er ikkje min krig. Den starta alt for mykje som ein borgarkrig til at eg har tenkt å velja side. Joda, eg veit ein del om denne konflikten. Eg byrja å skriva om denne konflikten allereide i februar 2014 — mellom anna kommentaren «Å leika politikk nær ei røynleg stormakt». Og eg kjem til å halda fram med å kommentera konflikten.
Men det er ikkje min krig. Eg meiner vi burde halda oss langt unna å ta stilling — slik vi sjølvsagt bør la vera å velja side i krigen mellom Pakistan og India.
Vår posisjon bør vera å få slike krigar til å stogga so fort som råd.
Eg meiner kort sagt at vi har udugelege politikarar, som tek lagnadstunge val utan å tenkja på konsekvensane på sikt. Og ei presse som er så einsidig og fagleg veik at vi risikerer at små brannar blir store.
Dette med «russisk påverknad» er også ein myte. Tek du deg tid til å lesa den oppdaterte litteraturen om «Russiagate», vil du finna ut at alt — alt — er dikting og oppspinn. Trumps valsiger i 2016 hadde ingenting med Russland å gjera.
Joda, det pågår ein informasjonskrig. Men pengane, stillingane, plantinga av historier – heile dette apparatet fungerer utmerka og velsmurt utan at ein einaste rubel er involvert.
Men ideen om ein kjempeskummel russisk operasjon som gjer at vi ikkje kan tru på nokon annan enn Eriksen Søreide og redaktørstyrte media har fenga folkefantasien.
Veldig mange ser eit stort troll under brua.
Det er farleg å tru på slike troll, som skal stenga vegen fram til diplomati, mellomfolkeleg samarbeid, normal konfliktløysing.
Og difor gjer eg som den store Bukken Bruse. Eg ynkar meg ikkje, og seier «ta ikkje meg, ta slike som Leraand. Ho er nyttig idiot for Russland». (Leraand er forresten ein større bukk enn meg, for å seia det slik).
I staden skriv eg nøyaktig det eg meiner. Så får folk kalla meg akkurat det dei vil.
Innlegget er hentet fra Politikus
Forsidebildet er KI-generert



7 kommentarer. Leave new
Når du er norsk borgar og er mot at Noreg deltek i krigen mot Russland, skal du ikkje då velja side og ta parti for Russland?
Er det ikkje for enkelt å seia at det ikkje er din krig? Støre har pålagt deg å støtta norsk krigsinnsats: «Det er vår krig.» Du betalar skatt til den norske krigskassen og NATO-mediet NRK.
Det går an å støtta Russland og freden utan å senda våpen til Russland eller melda seg til front-teneste.
Elles er me sikkert samde om det meste? Særleg det du skriv her:
«Eg meiner kort sagt at vi har udugelege politikarar, som tek lagnadstunge val utan å tenkja på konsekvensane på sikt. Og ei presse som er så einsidig og fagleg veik at vi risikerer at små brannar blir store.»
PS Taurus er som kjent eit tysk-svensk samarbeid. Me er allierte med både Tyskland og Sverige som no høgst sannsynleg førebur rakett-åtak på Krim-brua, Moskva og St. Petersburg. Talar ikkje det for å støtta Russland?
Dersom me vil ha slutt på krigen, nyttar det i alle høve ikkje å lata dagens norske politikar-kaste halda fram uhindra med krigslysta si.
Å seia at me støttar Ukraina eller støttar Russland er isolert sett like meiningsfylt som å seia at me er for flo og fjøre eller sønnavind.
Lat meg heller prøva å peika på kvifor eg får meir og meir godhug for Russland og russarar:
– Vesten, 30 land, seier rett ut at målet er å knekkja Russland. Eit slikt mål er eg hylande usamd i
– invasjonen i 2022 var ikkje uprovosert
– Russland har rett i at Nato ikkje har noko i Ukraina å gjera
– Noreg sender både våpen og pengar til Kiev-styret, og har i tre år sabotert diplomati
– den einaste forma for rasisme som er stoverein i Noreg er retta mot russarar
– summen av anti-russiske handlingar og haldningar i Noreg er utidig mot russarar, og skadeleg for nordmenn på lekam og
sjel
– norske media er einsretta mot Russland og for Nato
Difor «støttar» eg Russland. Og trur at det samstundes er meir pro-ukrainsk enn det den norske regjeringa held på med.
Ukrainere flest vil ikke at landet deres skal innlemmes i Russland. Hvorfor skal de tvinges til det?
Putin og Trump er «to alen av samme stykke» – megalomane (stormannsgale) narsisister (selvbeundrere) blottet for medfølelse med andre mennesker!
S.H.:
» Ukrainere flest vil ikke at landet deres skal innlemmes i Russland. Hvorfor skal de tvinges til det?»
Nei sant.
Og kun 20% av ukrainerne var interessert i Nato-medlemskap i 2014.
Men skulle altså tvinges til dette.
70% av befolkningen valgte så Zelenski . – Som gikk til valg på fortsatt fredssamtaler med Russland. ( – og stopping av bombingen mot øst-Ukraina/Donbas) .
Men ingen av delene passet England, Biden-USA eller Nato-Stoltenberg.
– Som VILLE tvinge Ukraina til krig. – Og Nato-medlemskap.
På Krim og i Aust-Ukraina har folkerøystingar vist at folket vil høyra til Russland.
Men Vesten har lite respekt for folkerøystingar. (JF. to folkerøystingar i Noreg om EU, som Stortinget konsekvent overser.)
Meiningsmålingar i Ukraina viser at folk vil ha fred. Det gjer heller ikkje inntrykk på norske våpen-fantastar.
T.S.
Nettopp:
» Men Vesten har lite respekt for folkerøystingar. (JF. to folkerøystingar i Noreg om EU, som Stortinget konsekvent overser.)
Meiningsmålingar i Ukraina viser at folk vil ha fred. Det gjer heller ikkje inntrykk på norske våpen-fantastar.»
Og norske innbyggere sitter antagelig (?) med fingern langt opp i nesa.
Fullstendig mentalt forvridd og hjelpesløse av norsk propaganda- media.
Den store stygge Ulven er Vesten som helhet, og ikke Trump eller Putin.
Vesten er en samling stater som driver med organisert terrorisme mot omtrent alle andre stater. Les litt bøker så vil du forstå.
Anbefaler disse 2 som en start:
– Patent på plyndring
– dope.inc