POSTED IN Israel

Klarte propagandaen å snu virkeligheten på hodet?

Eliminerte Israel som følge av panikk mange av sine egne innbyggere?

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kva var det eigentleg som skjedde den 7. oktober i Israel?

2. november 2023 av Larry Johnson

Larry Johnson er X-CIA

Å be folk om å ha eit ope sinn rundt Hamas-angrepa inne i Israel den 7. oktober, blir som å be dei halde pusten i ti minutt. Nesten umogleg. Men vi gjer eit forsøk. Ingen nektar for (i alle fall ingen som er sinnsfriske) at Hamas starta eit angrep som kom fullstendig overraskande på Israel. Planen til Hamas var enkel og tydeleg — 1) angrip og øydelegg israelske militære fasilitetar på eller nær grensa til Gaza, og 2) ta så mange gissel som mogleg og frakt dei til Gaza, så dei kan brukast som forhandlingskort. Hamas-operasjonen var like suksessrik som den var sjokkerande. 

Israelarar drepne den 7. oktober

Etter mi vurderIng var det ikkje eit falskt flagg. Dette var eit «Government of Israel goat fuck» — d.v.s. nøkkelpersonar innan israelsk militær og etterretning ignorerte klare åtvaringar om at Hamas kom til å angripe. Hamas-angrepet lamslo Israel med sin villskap og gjorde alvorleg skade på Israels omsorgsfullt kultiverte ry for å vere best på etterretning og militær beredskap. Israel var audmjuka. Straks etter angrepet innsåg israelske tenestemenn at militære nøkkelinstallasjonar og nokre kibbutzim hadde blitt overkøyrde, og dei tok drastiske steg for å ta tilbake kontrollen. Desse stega var, ifølge bevis presenterte i dei to følgande artiklane og ein video, at Israel råka mål utan å ta omsyn til dei israelske gissela og tok livet av både Hamas-krigarar og gissel.

Det er to framifrå artiklar som gjer djupdykk ned i detaljane og bevisa om Hamas-angrepet og det som skjedde etterpå. Begge underminerer narrativet til den israelske regjeringa. Jøss, tenk det! Ei regjering som lyg om ei audmjukande hending i forøk på å redde omdømmet sitt? Usannsynleg.

Den første artikkelen kjem frå The Cradle og er skriven av Robert Inlakesh og Sharmine Narwani, What Really Happened on 7th October? Her er eit utklipp frå stykket:

To veker etter Hamas sitt utbrytarangrep på Israel den 7. oktober, byrjar det no å stige fram eit klarare bilde av kva som skjedde – kven døydde, og kven drap. 

I staden for den ’fullskala massakren av sivile’, som Israel påstod, viser ufullstendige tal publiserte av den hebraiske avisa Haaretz at nesten halvparten av dei israelske drepne den dagen, faktisk var stridande – soldatar eller politi.

I mellomtida har to veker då alle media i Vesten rapporterte om at Hamas skulle ha drepe rundt 1400 sivile israelarar under sitt militærangrep den 7. oktober, tent til å sette kjensler i brann og skape klimaet for Israels uhemma øydelegging av Gazastripa og sivilbefolkninga der. 

Utgreiingar om dei israelske dødstala har blitt filtrerte og forma til å sjå ut som at ein massakre «en masse» på sivile skjedde den dagen, med spedbarn, barn og kvinner som hovudmål for eit terrorangrep.

No målar detaljert statistikk over tapstala, publisert av den israelske dagsavisaHaaretz,eit kraftig ulikt bilde. Per 23. oktober har avisa sleppt informasjon om 683 israelarar drepne under den Hamas-leidde offensiven, inkludert namna deira og kor dei døydde den 7. oktober. 

Av desse har 331 – eller 48,4 prosent – blitt stadfesta å vere soldatar og politifolk, mange av dei kvinner. 13 andre blir skildra som medlemmar av redningstenester, og dei resterande 339 er rekna som sivile.

Sjølv om denne lista berre dekker rundt halvparten av Israels fastslåtte dødstal, er nesten halvparten av dei som vart drepne i slagsmålet eintydig identifiserte som israelske stridande.

Det er så langt heller ikkje registrert døde barn under tre år, noko som talar imot det israelske narrativet om at babyar vart mål for palestinske motstandskjemparar. Av dei totalt 683 så langt, var sju i alderen 4 til 7 år, ni mellom 10 og 17 og resten vaksne.

Så er det artikkelen til Max Blumenthal. Full avsløring — eg var ven med far til Max, Syd, og lurer på om Max framleis er velkomen i foreldreheimen på Thanksgiving. Max er ein talentfull reporter og hans generasjons versjon av Sy Hersh, etter mitt syn.Max kjem ikkje med meiningar. Han driv med fakta, og artikkelen hans — October 7 testimonies reveal Israel’s military ‘shelling’ Israeli citizens with tanks, missiles — er stappfull av vitnemål og bevis frå israelske kjelder. Max opnar stykket sitt med dette litaniet av fakta:

Mange nye vitnemål frå israelske vitne til Hamas sitt overraskingsangrep den 7. oktober på sør-Israel, legg seg til den veksande lista over bevis for at det israelske militæret drap sine eigne innbyggarar då dei kjempa for å nøytralisere palestinske skyttarar.

Tuval Escapa, medlem av sikkerheitsteamet til Kibbutz Be’eri, setteopp ei hotline for å koordinere kibbutz-innbyggarar med den israelske arméen. Han fortalde den israelske avisa Haaretz at dådesperasjonen sette inn, «tok kommandantane i felten nokre vanskelege avgjerder – inkludert å bombe hus for å eliminere terroristane som var der saman med gissela dei hadde tatt.»

Ein annan reportasje publisert i Haaretz, fortalde om at det israelske militæret vart “tvinga til å be om eit luftangrep” mot sin eigen fasilitet inne i Erez-grenseovergangen til Gaza “for å støyte bort terroristane” som hadde tatt kontrollen. Den basen var full av israelske sivil-administrasjonstenestemenn og soldatar på det tidspunktet.

Desse reportasjane indikerer at det kom ordrar frå militærets høgkommando om å angripe heimar og andre område inne i Israel, sjølv om det kosta mange israelarar livet.

Den israelske kvinna Yasmin Porat stadfesta i eit intervju med Israel Radio at militæret “utan tvil” drap mange israelske ikkje-stridande under kampar med skytevåpen mot Hamas-krigarar den 7. oktober. “Dei eliminerte alle, inkludert gissela,” fortalde ho om dei israelske spesialstyrkane.

Som David Sheen og Ali Abunimah rapporterte i Electronic Intifada, skildra Porat “veldig, veldig tung krysseld” og israelske tanks som bomba, noko som førte til mange døde og skadde blant israelarane.

Viss du les begge stykka med eit ope sinn, vil du truleg konkludere med at Israels propaganda-kampanje som portretterer Hamas som blodtørstige valdtektsmenn som kappar hovuda av barn, vart introdusert som Israel mim for å distrahere bort frå det som eigentleg skjedde – Israel fekk panikk og enda opp med å i vanvare (?) drepe mange av sine eigne.

Videoen av Aaron Mate som intervjuar Max Blumenthal, finn du her.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 226 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Dette må kanskje være det mest ekstreme overskriften i en artikkel,
    for å kunne renvaske Hamas og araberne mest mulig – og
    samtidig fortelle verden hvor grusom jødene er.

    Svar
  • Må le av beskrivelsen dere bruker på Larry Johnson. X-CIA… Ingenting som heter X-CIA. Akkurat som med mafiaen, så kommer man aldri ut av en slik organisasjon. Han er bare kontrollert opposisjon for de naive. Nå prøver han å overbevise folk med propaganda om at alle ledere i israelsk etterretning og militære er EKSTREMT tilbakestående. Dette går selvfølgelig rett hjem hos alle som er emosjonelt involvert i saken, men har man evnen til å tenke kritisk, så er det et patetisk forsøk fra Larry. Selvfølgelig er israelsk militære høyst kompetente så her har vi åpenbart med en falsk-flagg aksjon. At angrepet fra Hamas er reelt tror jeg nok. Men de blir brukt av Netanyahu som nyttige idioter så han selv kan sette sine egne planer ut i livet. Dette er falsk-flagg 101. Det er ett fett om syndebukken er betalt for jobben eller om den gjør det av egen overbevisning.

    Svar
  • På norsk TV ble det i går informert om at våpensalget i Israel hadde eksplodert (økt kraftig). En våpenselger sa at salget hadde økt med tusen prosent (ca 10-dobling). Årsaken var at befolkningen i Israel følte seg direkte sviktet av det israelske militæret og at de måtte gå til det skritt å skaffe seg våpen selv for å kunne forsvare seg selv. (Og tenk om det skulle bli borgerkrig i Israel)

    Israelsk fredsaktivist som fikk begge sine foreldre drept av rakett fra Hamas, fordømte (på norsk TV) Netanyahu og hans høyreekstreme regjering (for forræderi) som ikke hadde klart å beskytte den israelske befolkningen mot angrepet fra Hamas.

    Hvis målet til denne høyreekstreme regjering er å fordrive palestinsk befolkning fra Gaza (eller å massakrere befolkningen på Gaza), så vet alle oppegående mennesker at mange israelske soldater vil bli drept i en slik krigsoperasjon. Antall døde israelske soldater fra en slik etnisk renskning i Gaza vil være større enn antall israelere som ble drept av Hamas under angrepet 7. oktober. Det ser ut som den høyreekstreme regjeringen i Israel godtok og støttet et slik angrep fra Hamas mot Israel for å få folkelig støtte i Israel og i verden for sin krigføring mot Gaza.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvis sannheten er ubehagelig omtales den ikke i norske medier.

Norsk nasjonalsport: ønsketenkning?

Previous Post

Det er ikke CO2, men solen.

Sammenhengen mellom solaktiviteten og temperaturen er klar som dagen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.