POSTED IN Kjønn

Kjønn bestemmes av DNA, ikke av følelser.

Kollapser trans-kjønns-bevegelsen?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Transkjønnsrørsla kollapsar i England etter Cass Review

Kommentar frå Saksyndig: The Cass Review er ein større gjennomgang av det britiske offentlege helsevesenet (National Health Service, NHS) si tilnærming til transkjønnsideologi, leia av dr. Hillary Cass. NHS bestilte prosjektet for fire år sidan i respons på auken av personar som fekk diagnose og behandling for transkjønnsideologi. Les meir om dette i denne og denne artikkelen på Saksyndig.

Jonathon Van Maren på nettstaden LifeSiteNews skriv:

Er det mogleg at transkjønnsbølgja kan forsvinne like raskt som den kom?

Effekten av Cass Review har vore internasjonal, men responsen har vore blanda. Nederland avviste «sjølvidentifisering» med god margin, men Sverige og Tyskland godkjende den. Det kanadiske etablissementet hevda at funna var «transfobiske», og dei amerikanske LGBT-aktivistane ignorerte på liknande vis desse funna. Enkelte vil ikkje vakne opp før søksmål blir begjærte.

I Storbritannia ser derimot Cass Review ut til å vere eit veltepunkt. Skottland sine «kjønnsklinikkar» har sett på pause ordineringa av pubertets-blokkerarar (som England sin National Health Service [det offentlege helsevesenet] har forbode fullstendig utanfor bruk i kliniske forsøk). NHS har òg erklært at i kjølvatnet av Cass Review, vil ein uavhengig gjennomgang av vaksen-«kjønnsklinikkar» òg bli utført (sjølv om Hilary Cass, som no ikkje kan bruke offentlege transportmiddel på grunn av tryggleiksomsyn, ikkje kjem til å leie den).

Sanneleg kastar ikkje NHS vekk noka tid på å reversere endringane som har krope inn det siste tiåret. Helseminister Victoria Atkins skal etter planen informere om endringar til NHS-forfatninga om pasientrettar denne veka [veke 18] med ein åttevekers konsultasjonsperiode, ifølgje The Telegraph. Desse endringane, verkar det som, vil faktisk vere ei reversering av norma, der kjønnsnøytral terminologi slik som «chestfeeding» og «menneske med eggstokkar» vil bli forbode i favør av den kjønnsspesifikke terminologien som tidlegare vart brukt.

Som eg [Van Maren] har rapportert her dei siste åra, har referansar til kvinner sakte, men sikkert blitt fjerna frå nettsida til NHS og medisinske dokument, sjølv når det gjeld kvinnespesifikke tema slik som livmorhals- og eggstokkreft og klimakteriet.

The Telegraph kalla dei komande endringane eit «oppgjer med transkjønnsideologi på sjukehus» og dei vil inkludere forbod mot at transkjønnsidentifiserande menn får behandling på reine kvinneavdelingar på sjukehus; noko som sikrar «personvern og beskyttelse» av kvinner og jenter; og gje pasientar retten til å krevje og motta «intimtenester frå nokon av same biologiske kjønn». NHS hadde tidlegare gjeve etter for transkjønnsaktivistar sine krav om at folk fekk tilgang til fasilitetar basert på kva kjønn dei påstår at dei tilhøyrer.

Kemi Badenoch, kvinne- og likestillingsminister, har teke det eit steg vidare, og støttar ei full offentleg gransking av den «gjennomsyrande påverknaden» av «transkjønnsideologi i NHS». Ei regjeringskjelde sa til The Telegraph: «Regjeringa har vore tydeleg på at biologisk kjønn speler ei rolle, og kvinner og jenter har rett på å få den beskyttelsen og privatlivet dei treng i alle helse- og omsorgssettingar. Våre føreslegne oppdateringar på NHS-forfatninga vil gje pasientar retten til å krevje intimomsorg frå folk med same kjønn, og tilrettelegging for å beskytte tryggleiken, privatlivet og verdigheita deira.»

Ifølgje Maya Forstater, som vart oppsagt for å opponere mot kjønnsideologi, vann eit søksmål for usakleg oppseiing, og stifta kampanjeorganisasjonen Sex Matters, er desse komande endringane «eit stort steg» mot å gjere godt igjen NHS England sin «kapitulasjon til krava frå kjønnsekstremistar, som har skadd retningslinjer og rådande praksis, skapt utbreidd forvirring og skadd pasientomsorg.»

Der er framleis mykje som må gjerast – premissa til transkjønnsrørsla har infiltrert nesten kvar einaste større institusjon i den vestlege vrda. Men reinsinga av National Health Servide og det formelle tillegget til NHS-forfatninga som sikrar den permanente tilbakevendinga til forstand, er eit betydeleg steg – apesielt fordi desse trekka vil oppmuntre andre institusjonar til å gjere det same. Avvisinga av terminologi slik som «chestfeeding» og «menneske med eggstokkar» av NHS signaliserer til resten av samfunnet at denne terminologien ikkje er «offisiell», eller «medisinsk» eller «korrekt» – dei er ideologisk terminologi som er meint å handheve ei spesifikk forståing av verda.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Som avhengige av hormoner og helsevesen på livstid er de utsatt for å bli brukt som pharma-forsøkskaniner. Full narkose opptil flere ganger. TRANS-humanistene eksperimenterer gjerne.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Alt blir nå antisemittisme!

Representantenes Hus iler gjennom vanvittig lovforslag.

Forrige innlegg

Ikke for en neve dollars:

Enormt norsk pengebruk for å redde klimaet – uten effekt.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.