Russiske soldatar speler Vesten eit puss, og historia om lekka etterretning forsvinn.
av Larry C. Johnson

Hugsar du dei to US-amerikanske etterretningsraportane som dukka opp på Middle East Spectator og sette i gang alarmklokkene i Washington om eit sikkerheitsbrot? Berre gløym det. Gå vidare. Ingenting å sjå her. Eg sjekka nettsidene til NY Times, Washington Post og Politico i kveld og vart overraska over å sjå at historia hadde forsvunne. Ikkje lenger verdt å dekke, antar eg.
Eg la og merke til at krigane i Ukraina og Palestina har forsvunne – eller nesten forsvunne – frå framsidene til dei tre nettstadane. Men det er ei historie som enno blir ropt ut – propagandaen om at Nord-Korea har plassert ut troppane sine i Ukraina for å kjempe saman med russarane.
På måndag bestemde russarane seg for å gjer ein skøyarstrek rundt dette Nord-Korea-mimet, og dei scora stort:
Eit grustak i nærleiken av Pokrovsk
Soldatar frå dei russiske væpna styrkane bestemde seg for å gjere ein skøyarstrek ved å heise det nord-koreanske flagget i Pokrovsk kommune. Resultatet overgjekk all forventning: det hissa opp hundretals småkanalar og også Bandera-talerøret UNIAN (https://t.me/uniannet/148624).
Situasjonen eskalerte så mykje at sjefen for Senter for motarbeiding av desinformasjon, Kovalenko, måtte respondere raskt og oppfordre folk til å ikkje falle for «russiske psykologiske operasjonar».
Urkomisk. Dei Vestlege propagandistane gløymde at Russland lengst aust i landet har ein god del folk som av utsjånad liknar nordkoreanarar. Å sette russiske militæruniformar på dei gutane kan tolkast – feilaktig, sjølvsagt – som å kle opp nordkoreanarar.
I mellomtida rykkar russarane fram langs fronten:
- Den russiske arméen kontrollerer ein by i #Kursk
- Den russiske arméen rykkar fram i byen #Toretsk (Dzerzjinsk, Tsjerbinovka)
- Den russiske arméen rykkar fram nord for #Selidovo i retning #Pokrovsk
- Den russiske arméen ekspanderer kontrollen sin i #Gornyak i retning #Kurakhovo
- Den russiske arméen ekspanderer kontrollen sin i #Kurakhovo
Ukrainske tap i Kursk er rapportert til over 23 000 falne i strid. Det er minst 67% av styrken som invaderte i august. NATO har starta sorgarbeidet gjennom Kübler-Ross’ fem sorgstadium – fornekting, sinne, forhandling, depresjon og aksept. Eg trur vi har passert milepælen fornekting og no er på sinne-stadiet. Neste stopp forhandling. Berre eitt lite problem – eg trur ikkje russarane er i humør til å forhandle fram noko anna enn Ukrainas kapitulasjon.
Eg snakka litt om Ukraina med Judge Napolitano og Nima i dag. Men det meste av dei to samtalane dreidde seg om Israel og palestinarane.
Omsett av Monica Sortland



3 kommentarer. Leave new
» I mellomtida rykkar russarane fram langs fronten»
‘Russland har fått droner og våpen fra andre land. Fremmedkrigere kjemper også på russisk side. Men det er første gang et annet land bidrar direkte med soldater, dersom nordkoreanerne sendes til fronten.
….Man kan spekulere i hva Nord-Korea får tilbake. Det kan være penger og matvarer, det kan være hjelp til landets atomprogram, men et annet vesentlig poeng er at de får soldater med kamperfaring de ikke har i dag, sier Søreide.
… Lista ligger ganske lavt for å gjøre det bedre enn russiske soldater for øyeblikket, mener krigsforsker Jack Watling ved Royal United Services Institute. ‘
https://www.nrk.no/urix/her-trener-nordkoreanske-soldater-i-russland-1.17096138
Men altså ikke første gang NATO og Norge bidrar med soldater , kamuflert, og våpen/droner i Ukraina!
Men pytt, pytt. Dobbeltmoral er den nye moralen i vesten. Og i Nrk. spesielt.
Og så kan man spekulere i hva vesten får tilbake av dette.
Eller hva det militær-industrielle komplekset i vesten får tilbake?
Og Ukrainsk- Natosoldater hopper vel ikke over lista for tiden?
Å se til Nord Korea for hjelp sier en del om Russiske Hærens tilstand.
Unge russere har kjent kaffelukta for lenge siden .
https://youtu.be/OV9wpU3Z3U8?feature=shared
Takk for HØYST interessant video! Smart, innsiktsfullt intervjuobjekt; og han har så rett i at
sadister finnes alle steder og at disse gjerne går i diktatorenes tjeneste. Bare gi dem en uniform, våpen og frihet til å utføre ordre.
Interessant også at den unge mannen er TIDLIGERE politi. Politiet går i diktatoriske lederes tjeneste også i vesten; det ser vi stadig mer av, hvor de ved sin adferd er folkets fiende og bruker sitt voldsmonopol på antivaxere som bare forlanger å ha retten over sin egen kropp.