POSTED IN Historie, Israel

Frå revisjonist til messiansk alliert.

Eit nytt regime tek form.

0

Netanyahus politiske prosjekt markerer eit tidsskifte i Israel, der sekulær revisjonisme er i ferd med å vika for ein meir autoritær og nasjonalreligiøs messianisme.

Netanyahu: Den siste revisjonist

Av Hans Olav Brendberg

Hans Olav Brendberg er ein norsk skribent, lærar og samfunnsdebattant som har markert seg med skarpe analyse­artiklar om Midt­austen, sionisme, religion og geopolitikk. Han skriv ofte i eit historisk perspektiv og kombinerer politisk analyse med idéhistorie. Brendberg har vore ein kontroversiell stemme i norsk offentligheit, men er samtidig rekna som ein av dei mest kunnskapsrike og grundige kommentatorane på sitt felt.

Ein politisk epoke går mot slutten

Uansett korleis det går med Netanyahu i denne runden, er mannen i ferd med å nå slutten på sin politiske karriere. Og framtidas historikarar vil sjå tydeleg det vi allereide no kan få auga på om vi ser etter: Netanyahu har dominert israelsk politikk i eit tydeleg tidsskifte. Det Israel vi ser no er noko heilt anna enn det landet Netanyahu vart statsminister i den gongen, i 1996.

Familien og dei politiske røtene

Benyamin Netanyahu vart fødd inn i ein politisk familie. Faren, Benzion Netanyahu, var stabssjef og sekretær for grunnleggjaren av den revisjonistiske sionismen – Vladimir Jabotinsky. Benzion vart sendt til USA som kommisær for den revisjonistiske rørsla, og Benyamin hadde i oppveksten fleire lange opphald i USA.

Arbeidarsionismen og revisjonismen

Dei første tiåra etter opprettinga av staten Israel vart landet dominert av det israelske Arbeidarpartiet og arbeidarsionismen. David Ben-Gurion, og seinare Golda Meir var dei sentrale politikarane i dette regimet. Den viktigaste opposisjonen var revisjonistane, der Menachem Begin overtok leiarskapen etter Jabotinsky. Både arbeidarsionismen og revisjonismen var heilt sekulære politiske rørsler. Men dei skilde lag på viktige punkt. Medan Sovjetunionen til ein viss grad gav inspirasjon til arbeidarsionistane, såg revisjonistane til Italia og Mussolini. Medan arbeidarsionistane var nøye med å pakka sitt etnokratiske prosjekt inn i universalistisk glanspapir, var revisjonistane meir klarspråklege og rett fram. Medan arbeidarsionistane i det minste gav inntrykk av at dei ønskte ei deling av palestina og fred med palestinarane, insisterte revisjonistane på at heile landet var ervegodset til det jødiske folket.

Oktoberkrigen og maktskiftet

Det israelske arbeidarpartiet dominerte israelsk politikk fram til oktoberkrigen i 1973. Revisjonistane var i denne perioden i evig ørkenvandring, men bygde seg opp ein veljarbase hjå misnøgde veljarar i Israel, særleg mellom innvandrarar med bakgrunn frå arabiske land. Oktoberkrigen kom som eit sjokk, og stakk hol i Arbeidarpartiets skinn av å ha full kontroll og løysingar for alle problema landet måtte løysa. Eit par år etter kunne revisjonistane hausta fruktene: I 1977 vann Menachem Begins Likud-allianse valet, og Begin kunne danna den første regjeringa i Israelsk historie der arbeidarpartiet ikkje var med.

Golda Meir var Arbeiderpartiets sterke leder og statsminister under ein epoke då Israel var sekulært, sosialdemokratisk og dominerte av arbeidarsionismen.

Likud-perioden og nye religiøse straumar

I dei tjue åra frå 1977 til 1996 sette Likud dagsorden for israelsk politikk, sjølv om Arbeidarpartiet freista gjenvinna sin posisjon som det leiande og statsberande partiet i Israel. Skal ein forstå religionens gjenkomst i israelsk politikk, må ein forstå kva som rørte seg under overflata i denne perioden. I 1996 vart Netanyahu statsminister for eit Likud-parti som framleis var heilt sekulært. Men bak skiftet stod også krefter som var alt anna enn sekulære.

Jødedommen før opplysningstida

Historisk var jødisk religion ein religion i eit parallellsamfunn. Fram til opplysningstida levde jødar etter si eiga, heilage lov. Ikkje som borgarar i samfunnet, men som samfunn på sida av samfunnet. Rundt ghettoen var doble murar: Ein mur bygt frå innsida, av rabbinarane, som skulle hindra kontakt med majoritetssamfunnet. Og ein mur bygt frå utsida, for å ekskludera jødane frå respekt og tillit i majoritetssamfunnet.

Religionen var eksklusiv og bygt på ei tru der avstamming var fundamentalt. Gud hadde skapt menneska i to variantar: Eit utvald folk, som hadde ei gudommeleg sjel. Og dei andre – goyim – som var sjellause og vonde, og underlagt djevelen. I den religiøse oppsedinga vart det lagt stor vekt på denne skilnaden – sjåvinismen var sjølvsagt og innebygt i religionen, og den fromme skulle kvar dag takka for at han ikkje var skapt som dyr, som kvinne eller som goyim.

Opplysingstida og den nye jødedommen

Opplysingstida slo hol i ghettoens murar, og ein ny jødedom – opplyst jødedom – oppstod. Den jødiske opplysningsrørsla forkasta det middelalderske teokratiet, og freista formulera ein humanistisk religion der ein skulle ha andeleg oppløftande gudstenester – etter modell av tysk protestantisme. Samstundes fekk jødane borgarrettar – og det tydde samstundes at rabbinarane mista makta til å straffa sine trusbrør. Medan sekulær litteratur fram til opplysningstida hadde vore forbode, vart den europeiske kulturen og litteraturen no tilgjengeleg for europeiske jødar. Kort tid etter byrja opplyste jødar å prega europeisk kultur og vitskap. Heilag lov, spisereglar og ghetto vart eit mindretalsfenomen, medan den store mengda av jødar vandra ut av det avstengde og totalitære ghettosamfunnet. Imens vart den jødiske opplysninga meir og meir radikal etter kvart som ho vandra austover i Europa, og i siste fase vart jødisk opplysning til jiddisksosialisme, som prega eit par generasjonar av jødar aust for Tyskland.

Den nye staten og nye grupper

Det var framleis denne opplysningstradisjonen som prega generasjonane som grunnla staten Israel. Grunnleggjarane gjekk ikkje i synagoge, viste i liten grad respekt for rabbinarar og var militante ateistar. Men når staten var grunnlagt, trong det nye landet arbeidskraft som kunne erstatta dei fordrivne palestinarane. Hundretusenvis av jødar kom frå Irak, Marokko, Egypt og Jemen, og inn på ein arbeidsmarknad der den nye eliten frå Aust-Europa hadde forsynt seg først.

Ein djupare kulturell kløft

Dei arabiske jødane hadde ikkje vore gjennom fasen med sosialisme og militant ateisme. Dei var ikkje alltid like sterkt religiøse – men religiøse tradisjonar og respekt for religionen var ein del av den religiøse kulturen dei kom frå. Politiske og kulturelle leiarar frå askenasieliten kunne ope kritisera rabbinarane – noko som var utenkeleg for jødane som hadde innvandra frå den islamske verda. Israel byrja dela seg i to samfunn. Ikkje etter religiøsitet – mange av dei som kom frå den islamske verda var ikkje spesielt religiøse. Men etter respekt for religion: Anten det var tru, tradisjon eller anna, synte den nye høgresida ein respekt for jødisk religion som gjekk mykje lenger enn det askenasiestablishmentet var viljug til.

Presseopprør og politisk endring

Samstundes byrja dei ideologiske kjepphestane til den israelske «venstresida» å sprekka. Ei av følgjene av krigen i 1973 var at israelsk presse byrja stilla spørsmål ved dei sanningane den politiske leiinga proklamerte og handheva. Trass i at pressesensuren heldt fram, vart israelsk presse meir kritisk og langt friare, og fann måtar å omgå sensuren på. Nederlaget førte til ein langt meir open diskusjon innetter – og dette, saman med dei orientalske jødane sin respekt for religion var mellom tinga som til saman utløyste Begins valsiger i 1977.

Rabbi Kook og fundamentet for ny messianisme

Rabbi Avraham Kook var grunnleggjaren av den nasjonalreligiøse retninga i sionismen, og la det ideologiske grunnlaget for busetjarrørsla og den messianske tenkinga som pregar israelsk politikk i dag.

Samstundes som desse skifta skjedde i den nasjonale politikken, byrja ein ny plante for alvor å veksa fram i det israelske jordsmonnet. Då britane byrja byggja det nye regimet i Palestina tidleg på tjuetalet, vart rabbi Avraham Kook utnemnt til sjefsrabbinar for Palestina. På dette tidspunktet var stort sett heile den ortodokse, jødiske verda intense motstandarar av sionismen, som dei såg på som eit farleg og ugudeleg kjetteri.

Rabbi Avraham Kook rekna massenedslaktinga under første verdskrig som eit teikn på at ikkje-jødane sitt herredøme stod for fall, og at neste kapittel i denne historia ville bli at Messias kom. Jødane ville, med Guds hjelp, triumfera over ikkje-jødane, og styra over dei for alltid. Likhaugane på vestfronten var naudsynt for å «bryta Satans makt».

Frelsa stod med andre ord for døra, og jødane kunne anten hjelpa eller bremsa den komande frelsa. Ved å venda seg bort frå Gud – slik jødisk opplysning gjorde – utsette ein frelsa, og nedkalte straff over jødane.

To Messias-figurar og ei ny tolkning

Bibelens Messias er ein person, som skal bryta Satans makt og innleida endetida. I jødisk mystikk, kabbala, utvikla dette seg til ei lære om to ulike Messias, med ulik personlegdom. Den første Messias, «sonen til Josef», vil leggja til rette dei materielle vilkåra for frelse. Den andre Messias, «sonen til David», vil så innleida frelsestida gjennom oppsiktsvekkjande mirakel.

Rabbi Kook endra dette konseptet, og såg for seg at den «første Messias» ville vera ein kollektiv personlegdom. Følgjarane av den nasjonalreligiøse ideologien ser for seg at deira rørsle utgjer denne «kollektive Messias», endetidas fortroppar.

I følgje Bibelen kjem Messias ridande på eit esel. Rabbi Kook meinte at dei sekulære, ateistiske sionistane var dette «eselet» som dei utvalde reid på. Den kollektive «Messias» ville utnytta dei sekulære til å leggja ting materielt til rette, og etterpå frelsa dei av dei sekulære som kunne frelsast.

Yeshivaen og den ideologiske skulen

Rabbi Kook grunnla yeshivaen «Merkaz haRav» i Jerusalem, og fleire generasjonar av rabbinarar vart utdanna ved denne institusjonen. Sonen til Avraham Kook, Tsvi Yehuda Kook, vart ein sentral, karismatisk leiar i denne framveksande rørsla som blanda klassisk jødedom med sionistisk politikk.

Seksdagarskrigen og messiansk ny giv

Så kom seksdagarskrigen, og den nasjonalreligiøse rørsla var plutseleg i posisjon til å spela si rolle i frelsesdramaet. Nasjonalreligiøse jødar byrja grunnleggja nye busetjingar på Vestbreidda, og inngjekk etter kvart i ulike alliansar med politiske leiarar og militære leiarar i Israel. Rett etter sjokket i oktoberkrigen 1973, då den sekulære sionismen var råka av ei krise, lanserte rabbi Kook den yngre «Gush Emunim», blokka av truande, som fellesorganisasjon for dei religiøse busetjarane. No stod dei nasjonalreligiøse klar til å byggja «reine», utopiske samfunn på det nyokkuperte territoriet. No hadde dei ridd lenge nok på «eselet», og stod klare til å gå laus på si oppgåve i endetida.

Verdsbiletet til den nasjonalreligiøse rørsla

Dei nasjonalreligiøse har overteke viktige delar av verdsbiletet sitt frå klassisk jødedom, og frå kabbala, spesielt det som heiter Luriansk kabbala. I dette verdsbiletet er jødane dei einaste som har ei guddommeleg sjel, medan ikkje-jødane er sjellause og vonde, og underlagt Satan. Og Satan rår i denne verda.

Alt i denne verda – inkludert ikkje-jødane – er skapt for jødane: Himmel, jord, dyr og plantar og ikkje-jødar si eigentlege oppgåve er å tena jødane. Sidan jødane har ei gneiste av gudommeleg sjel, har jødar sin eksistens verdi i seg sjølv. Livet deira er viktig og har eigenverdi. Ein ikkje-jøde har ingen verdi i seg sjølv, men har verdi så lenge han tener jødane.

Dette synet får mange konsekvensar – også praktiske, moralske og politiske.

Landet som hellig grunn – og politisk prosjekt

I denne ideologien spelar «landet» ei sentral rolle – som i all sionisme. Med sigeren i 1967 vart ein stor slump av landet «frigjort». Medan det tidlegare låg under Satans makt, var det no underlagt Gud. Ved å byggja busetjingar og fordriva palestinarane, sikrar ein at landet blir reinsa og sikra for Guds rike.

Dei som følgjer rabbi Kook kallar landet Israel for «grunnmuren for Guds trone» på jorda. Difor er staten Israel «heilt ulik alle andre statar i verda».

Reinsing, endetid og maktovertaking

Etter kvart som denne «Guds trone» blir bygt, skal to ting skje:

  1. Jødedommen skal reinsast for all «hellenisme» og opplysningspåverknad.
  2. Satans makt skal brytast i verda. Ikkje-jødane skal mista all makt og bli underlagt jødane.

Busetjarane og tryggleiksapparatet

Busetjingane på Vestbreidda er av to typar. På den eine sida «Stor-Jerusalem»-busetjingane. På den andre dei nasjonalreligiøse, som er ideologisk einsretta. Dei siste tretti åra har dei nasjonalreligiøse spela ei større rolle i trykkjenstenestene: hæren, militærpolitiet, etterretninga – og dei har eigne tryggleikstenester, no formalisert av Itamar Ben Gvir.

Ben Gvir har òg fått godkjent ein «nasjonalgarde» underlagt denne ideologien. Denne kan brukast både mot sekulære israelarar og palestinarar med statsborgarskap – ikkje berre palestinarar på Vestbreidda.

Netanyahus politiske reise

Netanyahu har gått fra sekulær revisjonist til alliert med den nasjonalreligiøse bevegelsen, og har styrt Israel inn i et meir autoritært og religiøst prega politisk landskap.

Då Netanyahu vart statsminister i 1996, var det som klassisk, sekulær revisjonist. Undervegs har han alliert seg med mange rørsler – som Avigdor Lieberman og den russisk-israelske høgresida. Men i dagens regjering er den sekulære tradisjonen svekka, og messianske nasjonalreligiøse som Ben Gvir og Smotrich sit i kjernen av makta.

Meir Kahane, som var bannlyst som ekstremist, er no ein ideologisk kjelde for mainstream i israelsk politikk. Og Netanyahu sjølv brukar retorikk som «Amalek» – eit bod om folkemord i ortodoks jødedom.

Eit nytt regime veks fram

Eit nytt regime er i emning: meir autoritært, meir religiøst, meir bevisst i opposisjon til vestleg kultur. Sidan vestlege leiarar har bunde seg til masta, vil forakten for menneskerettar, opplysning og kritisk tenking i rørsla etter kvart prega òg verda utanfor Israel.

Meir og meir vil bli definert som «antisemittisme». Samstundes er definisjonsmakta over ordet underlagt den israelske regjeringa. Anti Defamation League reknar no «Jewish Voice for Peace» sine demonstrasjonar for våpenkvile som «antisemittisme».

Tilbake til røtene

Sionismen oppstod som ei rørsle innanfor jødedomen – og er no på veg tilbake i jødedomen. Netanyahu er politikaren som meir enn nokon har lagt til rette for overgangen frå sekulær revisjonisme til nasjonalreligiøs messianisme.


Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.

Forsidebilde: KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Fuellmich-saken ryster Tyskland.

Slik ble han stoppet.

Forrige innlegg

Har vaksinene reddet liv?

Nye beregninger sier nei.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.