POSTED IN EU, Olje-Energi, Russland

Det er EU som sliter selv om de blokkerer russisk gass.

EU stanser livgivende russisk energi for å straffe Russland.

3 kommentarer

Vi publiserer denne oppsummeringen av hele gasskonflikten mellom Russland v/Gazprom og vestlige land og Ukraina. For å forstå det som skjer er det viktig å kjenne bakgrunn og historie.

Knut Lindtner
Redaktør.

Slutt på russisk gass-transitt via Ukraina til EU

Voltaire, International Newsletter – Nr. 114-115 – 10. januar 2025, redaktøren

Ukraina har ikkje fornya gass-kontrakten sin med Russland. Denne gjekk difor ut den 1. januar. Kiev tente som innfallsport for russisk gass til Moldova, Romania, Polen, Ungarn og Slovakia, og derifrå til Austerrike og Italia. Men Ukrainas illegitime president Volodymyr Zelensky ville ikkje fornye avtalen før konflikten med Russland var løyst.

Gazprom, som anslår ubetalte rekningar på 709 millionar dollar, hadde kunngjort at dei ville kutte gassforsyninga til Moldova. Sistnamnde, som trekk rekninga i tvil, anslår gjelda si til berre 8,6 millionar dollar og skuldar på det transnistriske selskapet Tiraspoltransgaz. Transnistria hevdar derimot at Tiraspoltransgaz aldri har handla direkte med Gazprom.

I praksis påverkar den ukrainske avgjerda hovudsakleg to EU-statar som er «allierte med» Russland: Slovakia og Ungarn. Den moldovske avgjerda råkar Moldova hardt, og særleg Transnistria.

☞ Russland eksporterer også gass til Europa sjøvegen, i form av flytande gass (LNG), samt via røyrleidninga TurkStream. Ruta knyter Russland til Tyrkia via Svartehavet og held deretter fram til grensa til EU-medlemmen Hellas. Den har to linjer: ei for den tyrkiske heimemarknaden og ei til å forsyne kundar i sentral-Europa, inkludert Ungarn og Serbia.

☞ Etter at Ukraina-konflikten eskalerte i februar 2022, gjorde EU til topp-prioritet å redusere avhengigheita si av russisk energi. Dei har auka røyrleidningsimporten frå Noreg, og har funne alternative LNG-kjelder i Qatar og USA. Men LNG-import er mykje dyrare enn den russiske røyrleidningsgassen. I tillegg er LNG-forsyningane til EU no i fare på grunn av uro over dei siste truslane til Donald Trump om å innføre tollavgift på LNG-eksport, og Qatars truslar om å suspendere leveransar på grunn av EUs nye karbon-lover.

☞ Slovakias statsminister Robert Fico åtvara om at sjølv om gass-leveransane via Ukraina berre står for 3,5% av EUs forbruk, så vil ei nedstenging forstyrre heile marknaden. Han sa at dette kunne auke gass-prisane i heile blokka med ca 30%, som betyr ein ekstrakostnad på 40-50 milliardar euro årleg. Han besøkte Moskva den 22. desember og møtte den russiske presidenten, Vladimir Putin, eit brot med Den europeiske unionens standpunkt (noko også Viktor Orbán har gjort). Han bad også på førehand EU-kommisjonen om ein kompensasjon på 500 millionar euro for skadane som Slovakia får lide av eit eventuelt ukrainsk kutt i forsyninga av russisk gass.

☞ EU granskar moglegheita for å la ein privat operatør ta jobben med kjøp og overføring av russisk gass til EU, via Ukraina

☞ Gass-saka i Ukraina-krigen forklarer engasjementet til mange aktørar ved sidan av Straussianarane. (tilhengere av den tyske filosofen og globalisten Leo Strauss, red.)

• Gassrøyrleidninga Yamal-Europe, som kryssar Belarus og Polen, vart stengd eit par månadar etter starten av den spesielle militæroperasjonen. Polen eksproprierte dei 48 prosenta av aksjane som Gazprom hadde, som så vart frosne med sanksjonar.

• Nord Stream 1 vart fasa ut av operasjon på grunn av vedlikehaldskrav forverra av forseinkingar fordi Canada heldt tilbake reparerte gassturbinar som skulle til Russland.

• Nord Stream 1 og den framleis inaktive Nord Stream 2 vart seinare sprengde i eit terroristangrep (26. september, 2022). Berre den eine vart alvorleg skadd, men av politiske grunnar vart ingen av dei reaktiverte.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebildet er KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    15 januar 2025 10:17

    Å satsa på eit strategisk nederlag for Russland, må vera ein av dei aller dårlegaste ideane som har kome frå USA.

    At Noreg har hengt seg på krigen mot vår gode nabo i aust, vitnar heller ikkje om klokskap.

    Glenn Diesen er iherdig, konstruktiv og ein kløppar til å dokumentera vestleg lygn med utsegner frå vestlege leiarar:

    https://glenndiesen.substack.com/p/why-natos-plan-to-conscript-ukraines

    -Takk til Derimot for omseting av viktig artikkel om energidelen av krigen mot Russland.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    15 januar 2025 14:01

    «Norske» F-35 går no på berekraftig drivstoff, skriv NTB:

    «Miljøstiftelsen ZERO er veldig positive til Forsvarets nye klimagrep.

    – Dette er en stor dag for Forsvarets klimaarbeid. For å nå sine klimamål er Forsvaret helt avhengige av bærekraftig flydrivstoff. ZERO er veldig glade for at luftforsvaret nå kommer i gang med dette, sier Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarlig for transport i ZERO.»

    Militæret grønvaskar seg sjølv, og ZERO grønvaskar militæret. Hadde ZERO verkeleg vore ei miljøstifting, hadde ZERO halde militæret på armlengds avstand. Finst det noko meir miljøfiendtleg enn militæret?

    Når miljørørsler omfamnar militæret, vert omgrepet ‘miljø’ ubrukeleg.

    Alle dårlege krefter samarbeider no om å halda fram og utvida krigen mot Russland. Regjeringa kallar berdskapsmeldinga si «Nå er det alvor», slik at folk ikkje skal verta forskrekka når det smell her i landet òg.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    15 januar 2025 14:20

    NATO-sekretær Mark Rutte er like vill og krigslysten som den norske regjeringa:

    https://www.rt.com/news/610908-nato-chief-wartime-mindset/

    Høgremann Hårek Elvenes har allereie varsla at den norske langtidsplanen for det sokalla Forsvaret kjem til å bli mykje dyrare enn regjeringa har sagt. (Forsvarets forum)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Hadde noen i Israel planer om en ny stat i Ukraina?

Khazaria har eksistert tidligere i historien.

Forrige innlegg

Jordskjelv i Kina.

Nytenkning i organisering i hjelpetiltakene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.