Moskva avslører føremålet med testen av Oreshnik‑missilet
Russia Today (RT) formidlar:
Moskva vil bruka alle middel dei har til rådvelde for å forsvara sine nasjonale interesser, og håpar Washington har forstått dette etter testoppskytinga av det hypersoniske missilet Oreshnik, har Russlands utanriksminister Sergey Lavrov sagt til den amerikanske journalisten Tucker Carlson.
Carlson, som intervjua president Vladimir Putin tidlegare i år, returnerte til Russland for å snakka med Lavrov etter mislykka forsøk på å setja seg ned med Ukrainas Vladimir Zelensky.
«Me ønskjer ikkje å forverra situasjonen, men sidan ATACMS og andre langdistansevåpen blir brukte mot fastlands-Russland så å seie, sender me signal,» sa Lavrov. «Me håpar at det siste, for eit par veker sidan, signalet med det nye våpensystemet kalla Oreshnik, vart teke på alvor.»
Russland skaut opp det hypersoniske mellomdistanse-ballistikk-missilet på eit ukrainsk militær-industrielt anlegg i Dnepropetrovsk. Videoar som gjekk rundt på sosiale medium viste lysglitter frå himmelen som trefte djupt under jorda, etterfølgd av sekundære eksplosjonar. Staden har vore forboden for pressa sidan den gongen.

Ein halvtime før oppskytinga av Oreshnik sende Russland ei melding til USA ved å bruka den nukleære ikkje-konfliktlinja, slik «at dei ikkje forvekslar det med noko større og verkeleg farleg», ifølgje Lavrov. Carlson noterte at Oreshnik «høyrest veldig farleg ut» åleine.
«Beskjeden er at de, eg meiner USA og USAs allierte, som også leverer desse langdistansevåpena til Kiev-regimet, må forstå at me ville vera klare til å bruka alle middel for ikkje å la dei lykkast med det dei kallar strategisk nederlag for Russland, sa Lavrov til Carlson. Moskva er «klar til å gjera kva som helst for å forsvara våre legitime interesser,» la han til.
Med tilvising til dei nylege kommentarane frå ein amerikansk admiral om teoretisk akseptabel bruk av atomvåpen, sa Lavrov at denne typen retorikk var «verkeleg urovekkjande» og ser ut til å rekna med at Russland ikkje har «raude linjer» eller ikkje er villig til å handheva dei.
«Dette er ein veldig alvorleg feil,» sa den russiske diplomaten.
På spørsmål om USA og Russland er i krig, sa Lavrov at det er ein uerklært «hybridkrig» akkurat no, og Moskva gir Washington beskjed om at han ikkje bør eskalera.
Sidan ein faktisk krig med USA «ville ha ein kjernefysisk karakter,» forklarte veterandiplomaten, «vil me absolutt unngå alle misforståingar. Og sidan nokre menneske i Washington og nokre menneske i London, i Brüssel, ser ut til å vera lite i stand til å forstå, vil me senda ytterlegare meldingar viss dei ikkje trekkjer nødvendige konklusjonar.»
Sjå heile intervjuet her.
Omsett av K.O. for Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebilde: iStock



13 kommentarer. Leave new
Guds lykke at vår selvskapte fiende er sober og mentalt oppegående, i motsetning til demente Biden og sjelden edru Harris.
De representerer makten bak som ikke skyr noe som helst for makt. Menneskeliv null verdt.
Russland vil gå etter militære mål og skåne sivile så godt de kan ut fra mine betraktninger så langt.
Hvor mye skade kan demokratene gjøre før de går? Mest mulig. Krig og våpenproduksjon er god butikk. Fred selger så dårlig.
Disse innleggene burde være slettet av administrator, de er hekt klart fabrikert av Putins nett troll.
Det er vesentlig flere sobre hoder i «vesten», og det er bare å gjenta en gammel devise – si meg hvem du omgås og jeg skal si deg hvem du er. Deres «hypersoniske» nye rakett er ikke annet enn enhver annen ballistisk missil. De fleste oppnår «hypersonisk» hastighet på vei ned til bakken. Den
dagen Putin og Lavrov utelukkende går etter kun militære mål vil bli en merkedag i vår kalender. At Derimot. no i det hele tatt lar slike innlegg legges ut er foruroligende.
Vonholm sitt innlegg bør publiserast vidt og breitt, slik at folk hugsar namnet og får med seg at han bed om sensur. Greitt å vita.
Klar tale av en klok og erfaren mann. Men det er usikkert at «tomsingene» som styrer utenriks og krigspoletikken i Norge og og andre Nato land begriper alvoret.
Vi får håpe på det beste. Krigsmotstanden øker jevnt og trutt blendt «vanlige» folk.
En gang for lenge siden var det noe som het «FMK», folkereising mot krig.
Verden går sin økonomiske undergang i møte og krig er uungåelig
Jeg måtte le litt ved tanken på å «setja seg ned med Ukrainas Vladimir Zelensky»; hvor lenge ville han bli sittende stille uten å flakke med kokainblikket, hvor mye klokt har han å si uten manus, (?), han er jo skuespiller og intet annet. Til og med ved gjenåpning av Notre Dame stilte han i militærgrønt; det er en del av rollen. Godt betalt. Kona velter seg i diamanter, men vil ha mer, så hun selger ukrainske barn til pedofile for å spe på inntektene ved krigen.
Varsel
Syria mot Ukraina er Deal Done.
Russland kan sikre seg i Ukraina som dei vil, samt i dei baltiske statane, for Austersjøen kan ikkje vere eit reint Natohav.
Trump trekker USA ut av Nato – Europa, kanskje også alle soldatane, 120 000. Men han treng Nato i Kina.
Suwalki-korridoren blir tetta på Litauen og Latvia sin kostnad, Kaliningrad blir landfast med Russland og for å hindre mogeleg stenging av Finskebukta, blir også Estland okkupert.
Norske soldatar i området bør kome seg heim snart, for dei russiske lastebilkolonnene står allereie klare utanfor Litauen. Denne gongen vil ikkje russarane nøle.
I neste omgang må Norge betale prisen for sin krigsdeltaking mot Russland, og Finnmark og Svalbard blir okkupert og amerikanske basetropper blir sendt heim.
Nato utan USA er som Stoltenberg utan klede. Kanskje vil russarane etter kvart trekke seg tilbake frå Finnmark slik som i 1945.
Russarane har mykje å hevne i Europa og vil styre med hard hand.
Ny tysk politikk vil ha gass i reparerte rør som vil føre til økonomisk velstand.
Saman med amerikansk tilbaketrekking og den russiske sigeren i Ukraina vil Europa vere velsigna på grunn av Russland. Putin og Russland kan endeleg bli europeiske slik som dei vil.
Men ingenting av dette vil hende. Putin er hata av det militære og av ekte nasjonale russarar. Putin vil tape krigen i Ukraina og ende som Assad. Spørsmålet er kvar skal han rømme?
USA ute av Nato er ein vakker tanke. Eg ser fram til den dagen NRK melder at det er sjansar/opning/mogelegheit for slikt. Ikkje «fare/frykt for», slik standard-uttrykket er i NATO-NRK. Høyrer ikkje NRK-folka sjølve kor partiske dei er?
Svært interessant varsel frå S. Alt som kan pirka i NATO-overmotet er kjærkome.
-«viktig at det ikke framstår som en seier for Russland», seier Tor Bukkvoll (FFI) i dag om påtenkte fredstingingar om Ukraina. (Dagsnytt 18)
Smak på den.
Det viktige er ikkje realitetane, men korleis Vesten skal få det til å sjå ut.
Ganske så urovekkende å pløye gjennom en nettside som dette. Norske kommunister ble i sin tid benevnt som «nyttige idioter» av Kreml. Tydelig er ikke idiotenes tid forbi. Takk for meg på derimot.no. Dette er et nettsted for femte kolonnister.