USA sin bistand til Ukraina sett i perspektiv

Politikarane i Washington deler ut utlandshjelp som om det var Halloween-snop. Millionar, milliardar, kven bryr seg? Så lenge pengane flyt. Så for å sette det litt i perspektiv, la meg ta opp tapa etter dei ukontrollerte skogbrannane som rasar i åsane rundt Los Angeles:
Tomme brannhydrantar: Brannfolka gjekk på ein smell då fleire hydrantar i Pacific Palisades gjekk tomme for vatn. Sjefsingeniør Janisse Quiñones ved Los Angeles Department of Water and Power stadfesta at alle vasstankane i området var tømde før klokka 3 på natta til onsdag.
Budsjett-kutt: Brannvesenet i Los Angeles, LAFD, slit med eit betydeleg budsjett-kutt på 17,6 millionar dollar for det budsjettåret 2024-2025, den nest-største reduksjonen blant byens ulike avdelingar. Dette kan legge endå meir band på evna deira til å bekjempe komande inferno, slik NY Post rapporterer.
Sending av utstyr til Ukraina: Joe Bidens USAID har finansiert 16 ukrainske brannstasjonar med verneutstyr, motor-pumper, motorsager og meir, ifølge organisasjonens rapportar. Dette har fått mange til å stusse. Mellom anna tvitra Elon Musk: «Men kva med California?» medan LA brenn.
Tapa er nedslåande: to døde, over 1000 bygg — inkludert skular, kyrkjer og bibliotek — øydelagde. Brannar i Palisades og Eaton spreidde seg over hundre kvadratkilometer med 0% kontroll rapportert.
La oss gå utifrå at den gjennomsnittlege kostnaden for dei tusen bygga som er oppetne av flammar så langt er 3 millionar dollar (eg mistenker at talet på øydelagde bygg blir mykje høgare, og også gjennomsnittskostnaden, og median salspris for ein heim i Palisades er på $3,3 millionar). Det blir 3 milliardar dollar. Ein ruinerande sum, og den seier ingenting om tapet av minne og familiearv som gjekk opp i røyk.
Kor mykje pengar har USA sendt til Ukraina? Totalt 75,1 milliardar dollar [euro, €, om ein skal tru illustrasjonen under, mrk.] mellom januar 2022 og juni 2024.

Pengane til Ukraina frå USA fordeler seg som følger: $20,91 milliardar i pengestøtte, $50,58 milliardar i militær assistanse og $2,6 milliardar i naudhjelp. Kva ville det ha kosta fylket Los Angeles å bygge nye reservoar til lagring av vatn? Leige inn fleire brannfolk? Rydde unna buskas og daude tre? For ein brøkdel av pengane til Ukraina kunne California bygge opp att heimane som blir øydelagde av brann. Skal vedde på at folka som har mista heimane sine no forstår kva $75 milliardar til Ukraina betyr.
Danny Davis og eg brukte ein god del av samtalen i dag på å diskutere utsiktene til eit framforhandla forlik i Ukraina og den utrulege villfaringa til Ukrainas Zelensky og USAs utanriksminister Blinken. Vi brukte siste del av samtalen til å snakke om anomaliane rundt eksplosjonen til Tesla’en utanfor Trump sitt bygg i Las Vegas og døden til Matt Livelsberger.
Eg må korrigere tidlegare opplysningar – det var ikkje FBI som hevda at Livelsberger skaut seg sjølv i hovudet. Det var politiet i Las Vegas. Mine orsakingar til Byrået.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/putting-us-aid-to-ukraine-in-perspective/



7 kommentarer. Leave new
Dette er styrt-brannene oppsto samtidig på tre forskjellige steder. Link til Google map: https://t.me/davidavocadowolfe/151256 Fraværet av vann var «forberedt» i lang tid. Som en kuriositet brant 8 mansions/store palass eid av Ukrainske «offisielle tjenestemenn» – kjøpt for penger bevilget til krigen mot Russland.
All ødeleggelse peker i retning av «hvis vi taper nå-skal vi ihvertfall drepe/ødelegge flest/mest mulig i det vi går under.» Heller ikke vanskelig å sammenligne med destruksjonen av Sodoma og Gomorra, med tanke på hva Hollywood har «stått for»! PDiddis palass er utbrent samt ufattelige mange «kjendiser’s» boliger-(les palass).
Det hører med at Trump i sin forrige periode forsøkte å få Gavin Newsome til å fylle reservoarene fra nord, men han nektet p.gr. av at han ville værne en type smolt(liten fisk) som han mente ikke ville overleve store vannmasser.
Vi lever i sannhet i en merkelig verden.
«Land blir «tilbakestilt» og «gjenvunnet» for å gjøre plass for deres såkalte «Smart City» digitale fengsel.
Under FNs Agenda 2030 utvikles «Smart Cities» for å tvinge amerikanere ut av landlige områder og inn i sterkt overvåkede og kontrollerte «15-minutters byer».
Det er et tydelig mønster: først Maui-brannene, deretter Texas-brannene, og nå Los Angeles-brannene.
Alt dette er en del av den globalistiske NWO-planen for å ødelegge Amerika.
De vet at vi ikke vil gå frivillig, så de gir oss ikke noe valg».
Vest-Europa si støtte til Kiev-styret blir brukt til å angripa Tyrkia og andre NATO-land:
https://sputnikglobe.com/20250113/ukraine-attacks-russian-turkstream-compressor-station-using-uavs–1121419257.html
Vest-Europa sponsar øydeleggjinga av Vest-Europa. Stø kurs!
Carl Gustaf Folke Hubertus Bernadotte, konge i Sverige, fortel no svenskane at dei må bu seg på utviding av krigen mot Russland:
https://www.dagsavisen.no/nyheter/verden/2025/01/13/kong-carl-gustaf-na-er-det-alvor/
Denne opphaussinga av krigslysta i Norden er fælsleg. Norske styresmakter er ikkje betre enn dei svenske.
Me treng fred og godt naboskap med Russland. Alt snakket om «beredskap» er berre avleiing og skodebrød. Budsjetta og krigsøvingane våre peikar berre éin veg: meir krig mot Russland.
Jo, slik hisser msm og globalistane til krig. (Er det ikke merkelig at alle disse «skrivebordsoldatene hauser opp fiendebilder og starter den ene krigen etter den andre, men deltar aldri selv.)
Det er godt at Lavrov og Putin ser tvers igjennom hykleriet. Putin har ved flere anledninger uttalt at han ser galskapen og erkjenner at sivilbefolkningen i de respektive krigshissende land ikke nødvendigvis forfekter det samme som makthaverne og pressa.
Er det USA og Ukraina eller Russland som brukar energi som våpen?
https://www.finansavisen.no/energi/2025/01/13/8228992/putin-svarer-pa-sanksjonene-destabiliserer-energimarkedet
-Hjartans samd i OlavB si vurdering av Putin og Lavrov. Dei er sindigare enn «våre viktigste allierte» krigshissarar.
Meir om ukrainsk åtak på russisk gass på veg til Vest-Europa:
https://sputnikglobe.com/20250113/ukraines-attack-on-turkstream-is-us-plot-similar-to-nord-stream-blast-1121422992.html
NRK er like taus i denne saka som i saka om det avlyste valet i NATO-landet Romania.