Transkjønnsrørsla kollapsar i England etter Cass Review
Kommentar frå Saksyndig: The Cass Review er ein større gjennomgang av det britiske offentlege helsevesenet (National Health Service, NHS) si tilnærming til transkjønnsideologi, leia av dr. Hillary Cass. NHS bestilte prosjektet for fire år sidan i respons på auken av personar som fekk diagnose og behandling for transkjønnsideologi. Les meir om dette i denne og denne artikkelen på Saksyndig.
Jonathon Van Maren på nettstaden LifeSiteNews skriv:
Er det mogleg at transkjønnsbølgja kan forsvinne like raskt som den kom?
Effekten av Cass Review har vore internasjonal, men responsen har vore blanda. Nederland avviste «sjølvidentifisering» med god margin, men Sverige og Tyskland godkjende den. Det kanadiske etablissementet hevda at funna var «transfobiske», og dei amerikanske LGBT-aktivistane ignorerte på liknande vis desse funna. Enkelte vil ikkje vakne opp før søksmål blir begjærte.
I Storbritannia ser derimot Cass Review ut til å vere eit veltepunkt. Skottland sine «kjønnsklinikkar» har sett på pause ordineringa av pubertets-blokkerarar (som England sin National Health Service [det offentlege helsevesenet] har forbode fullstendig utanfor bruk i kliniske forsøk). NHS har òg erklært at i kjølvatnet av Cass Review, vil ein uavhengig gjennomgang av vaksen-«kjønnsklinikkar» òg bli utført (sjølv om Hilary Cass, som no ikkje kan bruke offentlege transportmiddel på grunn av tryggleiksomsyn, ikkje kjem til å leie den).
Sanneleg kastar ikkje NHS vekk noka tid på å reversere endringane som har krope inn det siste tiåret. Helseminister Victoria Atkins skal etter planen informere om endringar til NHS-forfatninga om pasientrettar denne veka [veke 18] med ein åttevekers konsultasjonsperiode, ifølgje The Telegraph. Desse endringane, verkar det som, vil faktisk vere ei reversering av norma, der kjønnsnøytral terminologi slik som «chestfeeding» og «menneske med eggstokkar» vil bli forbode i favør av den kjønnsspesifikke terminologien som tidlegare vart brukt.
Som eg [Van Maren] har rapportert her dei siste åra, har referansar til kvinner sakte, men sikkert blitt fjerna frå nettsida til NHS og medisinske dokument, sjølv når det gjeld kvinnespesifikke tema slik som livmorhals- og eggstokkreft og klimakteriet.
The Telegraph kalla dei komande endringane eit «oppgjer med transkjønnsideologi på sjukehus» og dei vil inkludere forbod mot at transkjønnsidentifiserande menn får behandling på reine kvinneavdelingar på sjukehus; noko som sikrar «personvern og beskyttelse» av kvinner og jenter; og gje pasientar retten til å krevje og motta «intimtenester frå nokon av same biologiske kjønn». NHS hadde tidlegare gjeve etter for transkjønnsaktivistar sine krav om at folk fekk tilgang til fasilitetar basert på kva kjønn dei påstår at dei tilhøyrer.

Kemi Badenoch, kvinne- og likestillingsminister, har teke det eit steg vidare, og støttar ei full offentleg gransking av den «gjennomsyrande påverknaden» av «transkjønnsideologi i NHS». Ei regjeringskjelde sa til The Telegraph: «Regjeringa har vore tydeleg på at biologisk kjønn speler ei rolle, og kvinner og jenter har rett på å få den beskyttelsen og privatlivet dei treng i alle helse- og omsorgssettingar. Våre føreslegne oppdateringar på NHS-forfatninga vil gje pasientar retten til å krevje intimomsorg frå folk med same kjønn, og tilrettelegging for å beskytte tryggleiken, privatlivet og verdigheita deira.»
Ifølgje Maya Forstater, som vart oppsagt for å opponere mot kjønnsideologi, vann eit søksmål for usakleg oppseiing, og stifta kampanjeorganisasjonen Sex Matters, er desse komande endringane «eit stort steg» mot å gjere godt igjen NHS England sin «kapitulasjon til krava frå kjønnsekstremistar, som har skadd retningslinjer og rådande praksis, skapt utbreidd forvirring og skadd pasientomsorg.»
Der er framleis mykje som må gjerast – premissa til transkjønnsrørsla har infiltrert nesten kvar einaste større institusjon i den vestlege vrda. Men reinsinga av National Health Servide og det formelle tillegget til NHS-forfatninga som sikrar den permanente tilbakevendinga til forstand, er eit betydeleg steg – apesielt fordi desse trekka vil oppmuntre andre institusjonar til å gjere det same. Avvisinga av terminologi slik som «chestfeeding» og «menneske med eggstokkar» av NHS signaliserer til resten av samfunnet at denne terminologien ikkje er «offisiell», eller «medisinsk» eller «korrekt» – dei er ideologisk terminologi som er meint å handheve ei spesifikk forståing av verda.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Tidligere publisert på derimot.no
Forsidebilde: iStock



4 kommentarer. Leave new
Som avhengige av hormoner og helsevesen på livstid er de utsatt for å bli brukt som pharma-forsøkskaniner. Full narkose opptil flere ganger. TRANS-humanistene eksperimenterer gjerne.
En slik «diskusjon» finner sted kun i et samfunn som er blitt sykt. At bekkenet er større hos kvinnen for «å slippe barnet ut», burde være nok til å få folket som ikke kan definere hva en kvinne er, til og forstumme. Gjør hva dere vil «på kammerset» og i grupper. Vi feirer 17. mai en dag og pride tvinger på oss en «feiring» en hel mnd!? I rest my case.
Olav b
Dette er noe jeg også har lurt på, hvorfor feires dette så forskjellig i tid. Skulle tro at 17. mai var en mye viktigere dag for Norge – grunnlovsdag . Samtidig finner jeg det lit rart at 8.mai ikke er en flagg dag
Nina fant dette: Siden 1962 har 8. mai vært offisiell flaggdag, for å markere den tyske kapitulasjonen under andre verdenskrig. 8. mai 1945 ble Norge fritt etter fem års tysk okkupasjon.
Siden 2010 har 8. mai ikke bare vært frigjøringsdagen, men også veterandagen, hvor man hedrer norske soldater som har vært i utenlandstjeneste.
Flagget skal heises tidligst klokken åtte på morgenen, og fires senest klokken ni på kvelden i den lyse årstiden. Resten av året er det soloppgang og solnedgang som er bestemmende for hvor lenge flagget skal vaie.
Dette er de offisielle flaggdagene i Norge:
1. januar: 1. nyttårsdag.
21. januar: Prinsesse Ingrid Alexandras fødselsdag.
6. februar: Samefolkets dag.
21. februar: Kong Haralds fødselsdag.
1. mai: Arbeidernes internasjonale kampdag.
8. mai: Frigjøringsdagen.
17. mai: Grunnlovsdagen.
7. juni: Unionsoppløsningen 1905.
4. juli: Dronning Sonjas fødselsdag.
20. juli: Kronprins Haakons fødselsdag.
29. juli: Olsok.
19. august: Kronprinsesse Mette-Marits fødselsdag.
25. desember: 1. juledag.
Bevegelige flaggdager: 1. påskedag, 1. pinsedag og dagen for stortingsvalg.