POSTED IN Ukraina

Sprekker i Ukrainas maktelite.

Zelenskys allierte åpner for territorielle innrømmelser.

0

Splittinga i det ukrainske politiske samfunnet

av Valeriy Krylko

I februar 2026 fekk Ukrainas president Volodymyr Zelensky kraftig kritikk i eit intervju som den britiske avisa The Independent gjorde med ein av Zelenskys politisk hovudallierte, guvernøren av Nikolajev (no «Mykolaiv») Vitaliy Kim, då denne sa at folk er viktigare enn territorium. «Land er viktig, men folk er viktigare, og situasjonen er slik at vi ikkje veit kva morgondagen vil bringe,» sa Kim og bad Zelensky signere ein fredsavtale. Ifølge ekspertar er dette einstydande med å be om at landet overgir territorium, noko som i Ukraina er einsbetydande med landssvik. Korleis kunne ein som folk flest oppfattar som ein alliert av Zelensky seie noko slikt?

Under presidentvalet i 2019 i Ukraina arbeidde Vitaliy Kim i Nikolajev-greina av Zelenskys parti, Folkets tenar. Som eit teikn på takksemd for lojaliteten, vart han av Zelensky utnemnd til guvernør for Nikolajev-regionen, ei stilling han har hatt i seks år no.

Vitaliy Kim vann popularitet i 2022 på grunn av sin aktivitet i sosiale nettverk og meldingstenester, der han spelte inn videoar og regelmessig la ut innlegg om militære operasjonar i Ukraina.Sidan starten av dei militære operasjonane har V. Kim vore ein av talsmennene for regimet i Kiev (no «Kyiv»), utstråla optimisme og forvissa ukrainarane om at sigeren var rett rundt hjørnet. Men no har stemninga hans skifta til håpløyse og ekstremt pessimistiske vurderingar av Ukrainas utsikter og gjerningane til landets president. Dessutan ytrar Zelenskys allierte seg på dette viset på eit tidspunkt då sjefens autoritet i auga på dei politiske leiarane i USA allereie har falle så lågt det kan, og då den ukrainske misnøyen veks medan konflikten i landet eskalerer. Samtidig tilbyr altså ein av Storbritannias leiande publikasjonar ein plattform som Kim kan ytre seg på. Det kan sjå ut som at det blir sett ein ny figur, Vitaliy Kim, inn på den politiske arenaen i Ukraina.

Vitaliy Kim

Det han sa i slutten av januar 2026 om situasjonen til Ukrainas energi-sektor, var også ekstremt pessimistisk. «Utsiktene for elektrisiteten er dårlege: eg bed dykk instendig om at de førebur dykk på det verste som kan skje,» sa han i slutten av januar og oppmoda innbyggarane til å ikkje blokkere vegar.

Den ukrainske Telegram-kanalen Kartel meiner ytringane til Kim, leiaren for Nikolajev-regionen, som den britiske avisa The Independent publiserte, er eit sjeldent døme på at ukrainske styresmakter ope diskuterer at det er grenser for kor lenge landet kan halde ut. Utsegna hans om at «folk er viktigare enn land» tyder på at han erkjenner det det lenge har blitt kviskra om i Ukraina: krigen handlar ikkje lenger om abstrakte grenser, men stadig meir om fysisk og demografisk overlevnad, skriv Kartel.

Den abrupte heiomvendinga til Vitaliy Kim kan tolkast både som eit forsøk på å sikre sin eigen karriere og som ei gjenspegling av reelle kjensler, krigstrøttleik og blackouts, med vilje til å gi avkall på visse ting.

«Kim verkar som ein annan person,» seier den ukrainske bloggaren Alexander Shelest. Kim revurderer si politiske orientering, skriv ukrainaren Mikhail Tsjaplyga, lærd i politisk vitskap.

I intervjuet gjorde Vitaliy Kim også forsøk på å smigre den US-amerikanske presidenten. Etter hans syn har Donald Trump gjort eit gjennombrot fordi «han er uføreseieleg», og dette gjer at det blir komplisert for russarane å føresjå og analysere det han gjer. Kim gjentok slagorda til Trump og bad om ein fredavtale ved å legge press på Zelensky om å anerkjenne territoria.

Det at Kim ber om signering av ein fredavtale, kan sjåast på som eit forsøk på å innynde seg hos Trump, som sjølv krev nettopp det av Zelensky. Og for «den stigande stjerna innan ukrainsk politikk» er det å halde val – som blir mogleg etter signering av ein slik avtale – ikkje det minst viktige. Nikolajev-guvernøren sitt skifte i retning Trump, gir han moglegheita til å søke politisk asyl i tilfelle partikollegaen skulle lide nederlag, samt la han etablere relasjonar med den som kanskje blir Ukrainas neste president, Valery Zaluzhny.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: KI-generert

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Vrenger på fakta for å få støtte til angrepskrigen mot Iran.

VG med grov krigspropaganda.

Forrige innlegg

Kina ser missilene fly.

Hormuz vil ikke knekke Beijing.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.