DEN SEIGLIVA MYTEN OM FRIHANDEL
Av Edvard Mogstad, historie og styreleiar i Fritt Norden Norge

Framleis er den religiøse trua på frihandel mesta einerådande blant norske og vestlege politikarar. Tidlegare direktør i Konkurransetilsynet, Egil Bakke, skreiv i Aftenposten ein gong at «…all erfaring viser at frihandelen har spilt en nøkkelrolle for økonomisk utvikling og velstandsvekst», og «den frigjøringen av verdenshandelen som har funnet sted etter 1945, kombinert med en sterk realnedgang i transportkostnadene, har trolig mer enn noe annet bidratt til den økonomiske vekst som har funnet sted.» (Kronikk 9.5. 94.) Eg sende straks eit svar, men det vart refusert saman med ei vennleg og faderleg rettleiing frå nyss avlidne redaktør Kjell Hanssen, om at no var frihandelen godteken som den rette ideologien over heile verda. Svaret mitt vart i staden trykt som kronikk i Klassekampen («Myten om frihandel», 24. mai 1994). Sia den gongen har tvilen og kritikken mot frihandelen berre vakse og vakse, utan at det har påverka sentrale maktpersonar.
I Stortingsmelding 29 (2014-2015), Globalisering og handel, får vi servert ei kritikklaus lovprising av frihandelen. Det same skjer i Civita-notat nr. 2/2015, «Frihandel». Men begge saknar empirisk eller vitskapleg grunnlag for påstandane om frihandelens velsigningar, ved nøye lesing er alt basert på ugrunna utsegner, tru og direkte feil. Eit døme på det siste ser vi på side 37 i stortingsmeldinga: «Historiske erfaringer viser at forsøk på industrialisering gjennom importsubstitusjon og proteksjonisme gir ineffektiv produksjon og svak økonomisk utvikling.» Dette tykkjer skrivaren er så viktig at det blir gjentatt ordrett på side 48. Da kan vi spørje oss, kva for historiske røynsler? Meldinga gir ikkje svar på det, naturleg nok, for faktum er at verda har opplevd kraftigare økonomiske vekstperiodar i tidlegare tiår, medan tollsatsane var høge. Det er nok å nemne perioden frå 1870-åra til første verdskrigen og perioden 1945 til byrjinga av 70-åra, da forskjellige GATT-rundar hadde fått tollsatsane historisk låge. Ikkje uviktige land som USA og Tyskland industrialiserte innafor høge tollsatsar. USAs første finansminister, Alexander Hamilton, argumenterte for at sein industrialisering ikkje er muleg utan vernetoll.

Den indisk-amerikanske økonomen Ravi Batra (The Myth of Free Trade, New York 1993) og våre eigne Erik Reinert (Hvordan rike land ble rike, og hvorfor fattige land forblir fattige) og Rune Skarstein (Økonomi på en annen måte, 2008) har forska på desse problema. Batra var sjølv ein svoren tilhengjar av frihandel, og i byrjinga av 1970-åra skreiv han t.o.m. eit par bøker som støtta frihandelsideen. Men i motsetnad til hovudstrømsøkonomane ønska han å teste hypotesane vitskapleg på den amerikanske økonomien, og Batra kom fram til heilt motsette konklusjonar. Batra viser til at reallønna har sokke kraftig i USA sia 1973. Reallønna til industriarbeidarane var i 1993 nede på nivået til byrjinga av 1960-åra, reallønna til dei butikktilsette var falle heilt ned til 1939-nivå.
Dette fell samtidig med at delen til utrikshandelen av den amerikanske økonomien fekk eit solid take-off i 1973. Historisk sett har USA aldri vore ein frihandelsnasjon, oftast har tollsatsane ligge på rundt 40 og 50 % og dermed avgrensa delen av utrikshandelens til landets økonomi. Batra: «Den perioden som Amerika hadde sine høgste tollratar, .. var også den som landet hadde sin største økonomiske suksess.» Tilsvarande har vi sett i Europa. Da Tyskland, Frankrike og Italia utover i 1870- og 1880-åra ga blaffen i det mektigaste landet, Storbritannia, sin politikk for frihandel, så innførte desse landa vernetollar og fekk endeleg sine industrielle «take-off». Storbritannia var allereie industrialisert og hadde mest å tene på tollfridomen. Dette forholdet peiker Reinert og Skarstein på òg i sine studiar. Norge var den flinkaste guten i engelsk-klassen og innførte vernetollar først i 1897 og seinare. (Lèt det kjent?)
Batra fortel om skrivemaskin-produsenten Smith-Corona, som i august 1992 kunngjorde flyttinga av sin skrivemaskin-fabrikk frå New York til Tijuana, Mexico, og oppseiinga av 875 amerikanske arbeidarar samtidig. Grunngjevinga selskapet ga, var klassisk; dei meksikanske arbeidarane ville ta langt lægre lønn. Sett at selskapet måtte betala ein klekkeleg toll for å importere sine skrivemaskiner til USA, ville dei da flytte fabrikken sin til Mexico? – Den verkelege årsaka bak slike fabrikk-flyttingar og følgjande reallønns-nedgang er frihandel, inkje anna.
Kronargumentet til frihandelsapostlane er Ricardos teori om komparative fortrinn (1818). Den går kort ut på at alle gjer «det dei er best på». «Byens beste advokat» skriv tilfeldigvis betre enn sekretæren sin på maskin. Likevel bør advokaten konsentrere sin dyrebare tid om det han beherskar aller best, nemleg jus, og overlata maskinskrivinga til sekretæren. Advokatens komparative fortrinn er størst i jus, medan sekretæren har eit relativt komparativt fortrinn i maskinskriving. Så òg med nasjonar, skreiv David Ricardo. Dette høyrest logisk ut, og våre blåruss og unge politikarar, på Civita-kurs, av Rotevatn-typen, har tidleg sett lyset og trykt teorien til sine bryst.
Men teorien har nokre viktige premissar som i dag er heilt forandra. Tidleg på 1800-talet var det vanskeleg å flytte kapital over landegrensene, for ikkje å tala om arbeidskraft. Dessutan var langvegs transport tungvint og dyrt. I dag er stoda den at dersom eit land har absolutte fordelar på mange område, så kan ein relativ komparativ fordel for eit anna land hjelpe lite. Kapital vil uansett vandre dit produksjonskostnadene, det vil seie lønningane og miljøkrava, er lågast, og arbeidskraft kan skaffast frå skaren av dei arbeidslause. På dette trinnet burde dei fleste sjå den vonde sirkelen av stadig lægre lønningar, dårlegare kjøpekraft og etterspurnad, med enda fleire oppseiingar og høgre arbeidsløyse som resultat.
(Både Skarstein og Reinert gir ein grundigare kritikk av Ricardos teori i sine nemnde bøker.)

Langvegs handel er for det første ein hovudforureinar på kloden, og svært energi-krevjande. (Dette forsto sveitsarane da dei stemte nei til EØS-avtala, dei ville ikkje ha tungtransporten over Alpane.) Ukontrollert frihandel betyr utflagging av arbeidsplassar til lågløns-land, og alle blir fattigare som resultat. Frihandel betyr arbeidsløyse og underbetalte, skremte lønnsmottakarar, kua av utflaggingstrusselen.
Med i biletet høyrer også den parallelle teorien, nemleg Ricardos jernlov om lønningar. Den går ut på at følgjene av dette frihandelssystemet vil bli at lønningane til arbeidarane ubønhøyrleg vil pressast ned mot det absolutte minimum, akkurat nok til å halde oppe livet og sikre etterslekta; «reproduksjonen av arbeidskraft». Undrast på om «jernlova» blir dosert på Civita-kursa?
Batras alternativ til uføret er ikkje import-forbod og isolasjonisme, men det han kallar beskytta konkurranse («competitive protectionism»). Det er velkjent at utviklinga av oppblåste selskap og monopol hindrar sunn konkurranse som på lang sikt vil føre til slurvete produkt og service. For å unngå dette rår Batra til at monopol av staten blir brotne opp til mindre einingar, for dermed å halde på industriens langsiktige kvalitetsnivå og konkurranseevne. Batra skriv at ein ofte oversett grunn til Japans formidable suksess på verdsmarknaden, er den sterke innanlandske konkurransen som herska i Japan både før og etter 1970. Innafor alle hovudbransjar i industrien var der eit høgt tal selskap som konkurrerte innbyrdes og såleis skjerpa kvaliteten sin før de slapp laus på verdsmarknaden.
Kva med Norge?
Vi har ein naturleg masseproduksjon av varer frå eigen grunn som er oppstått pga. ein «naturleg» høg etterspurnad i utlandet, varer som vi ikkje klarer å konsumere aleine. Dette er for det meste råvarer, energi og halvfabrikata som olje, vasskraft, fisk, tre-produkt, metall o.l. Men også vi byrjar å møte veggen eller taket for kor mykje det er muleg å eksportere og importere frå og til landet vårt utan at arbeidsløysa går opp og levestandarden ned. Skal f.eks. klede eller møbel for ein norsk marknad produserast i utlandet av norske selskap pga. fri utnytting av dei store lønnsskilnadene?
Vi treng rett og slett nye, rettvise køyrereglar for verdshandelen, nettopp for å hindre utarminga av sårbare lønnsmottakargrupper og ressurssvake land. På lengre sikt vil både lønnsnivå, levestandard, etterspurnad og verdshandelen tene på dette. I mellomtida må vi avvise urettferdige og idiotiske handelssystem som EU og EØS.
Konklusjon april 2025:
Sjølv meiner eg framleis at toll er naudsynt for å hindre konkurranse frå dumpingløner. Så prinsippet er ikkje så gale. Men kor høge tollsatsane bør vera, kan variere sterkt, eg har ikkje noko fasitsvar. Likeins må gjennomføringa skje på ein ordna og rettvis måte.



6 kommentarer. Leave new
Takk for interessant utgreiing. Jeg husker da Russland kollapsa. Finansakrobatene fiksa det. Muren falt og de Baltiske stater ble selvstendig. Norsk møbelindustri «flyktet» østover. Eierne øynet større fortjeneste vi billigere arbeidskraft. (slik fungerer pyramidespillet). Det samme skjedde med den Norske Handelsfåte. Philipinerne tok over slik at «dyre» nordmenn ble byttet ut med «billigere» folk. MEN en mann på vestlandet(der hvor det mesteparten av verdiskapningen skjer), nemmelig Ekornes. Produsenten av Stress Less stolen. Han sa følgende: « Min bedrift har ca. 800 ansatte. Jeg har ingen aksjonærer som «puster meg i nakken»! Min bedrift berører et lokalsamfunn på ca 25tusen mennesker. Vi blir i Norge!» De produserer fortsatt. Hvilken mann. Drivfjæren hans var lokal/national. Han tok samfunnsansvar. Respekt. Vi vet at skal du bli «rik»(på papirpenger), så må du ha folk som jobber billig, så billig for deg , slik at de kan fylle lommene dine fortest mulig. Vi ser hvordan «matgigantene» har blitt milliardærerer på rekordtid, under parolen: «Vi selger billig mat!» «Frihet er best, men makt er sikrere!» Dansen rundt Gullkalven fortsetter. Uten penger er du ikke «værdt» noe?
Jeg sier det igjen.
Frihandel har gjort at de 10% rikeste i USA eier 88% av verdiene og står for 50% av forbruket, mens USA har en trillion i underskudd hver 100 dager.
Tollmurer behøver alså ikke fungere veldig godt for at det skal bli bedre enn hva som var for den amerikanske arbeiderklassen.
Hvordan er det med fødselsratene i land som deltar i globaliseringen?
Det koster å sette barn til verden og utdanne og oppdra disse. Dette er en utgift både for foreldrene og også for det offentlige. Det representerer en utgift som kan svekke landets konkurranseevne i den internasjonale konkurranse, før det hele evt ender med en eldrebølge som til slutt undergraver landets økonomi.
Mitt inntrykk er at fødselsratene har synket i de globaliserte landene slik som feks landene i EU/Europa.
De eldre «er tatt hånd om», de blir vaksinert til døde. Målet er å redusere jordas befolkning til 500 millioner (iflg. Georgia Guidestones). Så lenge alt verdsettes i penger er det enkelt å regne seg frem til hva som er «lønnsomt». Jeg husker diskusjonen i helsevesenet på åttitallet, da diskusjonen gikk høyt om hvilken pris man skulle ta for å sette et plaster på en beboer på eldresenteret? Hva skulle en klem koste? Et stryk på kinnet burde koste? Et kjærlig blikk kan f.eks. fritaes for moms synes en venn av meg…?
Interessant artikkel. Og flere meget gode poeng, som også er beskrevet i Paul Craig Roberts (som av og til får sine artikler sitert her) «The Failure of Laissez Faire Capitalism».
Men vær på vakt når løsningen skal være kontroll av markedet fra myndighetene, slik denne artikkelforfatteren foreslår («competitive protectionism»). Myndigheter eier ikke noe mer magemål enn storkapitalen, og er like grådige i sitt maktbegjær.
Så løsningen krever at du og jeg overvåker myndighetene (med haukeblikk). Hele tiden! Er du villig til å betale den prisen?
Mer enn 2,1 milliarder av verdens 3,6 milliarder arbeidere er uten arbeidstakerrettigheter.
Av Jean Shaoul.
Den internasjonale arbeidsorganisasjonens rapport om sysselsetting og sosiale trender i 2026, tegner et dystert bilde av forholdene de fleste av verdens arbeidere står overfor.
Mer enn 2,1 milliarder av verdens 3,6 milliarder arbeidere – rundt 60 prosent – arbeider i den uregulerte økonomien. De arbeider på tilfeldig basis for lav lønn, ofte under farlige forhold og uten juridiske rettigheter, jobbsikkerhet eller sosial beskyttelse, inkludert sykepenger, helse- eller uføretrygd, arbeidsledighetstrygd eller pensjoner.
Rapport om sysselsetting og sosiale trender fra 2026.
Uregulert eller tilfeldig arbeid er den dominerende formen for sysselsetting i store deler av det globale sør. I Afrika sør for Sahara når uformell sysselsetting rundt 90 prosent; i Sør- og Sørøst-Asia er den tilsvarende utbredt, ledsaget av utbredt fattigdom.
Arbeid uten arbeidstakerrettigheter øker i industrilandene, hvor arbeidsmigranter er mye brukt i landbruk, omsorgsarbeid, hotellbransjen og bygg og anlegg, og hvor underleverandører har økt innen logistikk og levering gjennom plattform- eller gig-økonomien.
Arbeidere som klassifiseres som selvstendig næringsdrivende– har økt i lav- og mellominntektsland. I høyinntektsland kanaliseres tilfeldig arbeidskraft gjennom digitale plattformer. De har ført til uformaliserte arbeidsforhold: ingen kontrakter, ingen garanterte timer og ingen sosial beskyttelse.
ILO understreker at disse forholdene er strukturelle, ikke overgangsmessige. Disse arbeidere står overfor et konsekvent mønster av usikkerhet. De må dekke kostnadene for utstyr, drivstoff, forsikring og nedetid. Arbeidstiden deres er uregelmessig og krever at de må være konstant tilgjengelige. Inntektene deres svinger daglig og faller ofte under minstelønn når utgifter er trukket fra. Algoritmer setter vilkår ensidig og ugjennomsiktig, slik at arbeidere ikke kan bestride automatiserte beslutninger om lønn og tilgang til arbeid.
Dette gjelder ikke bare uland. Arbeid uten arbeidstakerrettigheter øker raskest i høyinntektsland blant unge arbeidere, migranter og de som allerede er ekskludert fra stabil sysselsetting, noe som forsterker usikkerheten i arbeidsmarkedet.
Økende profitt for selskapene, fallende lønninger for arbeiderne.
Mens arbeidstakernes inntekter har stagnert eller falt, har selskapene sett profitten øke. Lavere lønnskostnader, større fleksibilitet i ansettelse og oppsigelse, og muligheten til å outsource overholdelse av arbeidsforskrifter har alle bidratt til dette. Globale forsyningskjeder er avhengige av tilfeldig arbeidskraft skjult nederst i produksjonshierarkiet, hvor verdi skapes under uformaliserte og usikre forhold, mens profitten realiseres av innenlandske selskaper i uland og av multinasjonale selskaper i industrilandene – ofte gjennom skatteparadiser.
Dette betyr at finanseliten tar nesten halvparten av verdien som skapes av arbeidskraften til arbeiderklassen og bøndene, som utgjør det overveldende flertallet av verdens befolkning. Og dette øker årlig. Det er et historisk skifte i klassemakt til finansoligarkiet.
Reallønnen for de fleste arbeidere – spesielt i lavinntektsland – har vokst sakte eller ikke i det hele tatt. Dette er en langsiktig trend som strekker seg over flere tiår.
Arbeid uten arbeidstakerrettigheter øker.
Uformelle arbeidsforhold øker i mange land. Digitale arbeidsplattformer spiller nå en sentral rolle. Rundt 154 millioner arbeidere får inntekten direkte gjennom plattformer som Uber, Deliveroo, Upwork, Fiverr og Amazon Mechanical Turk. Ved å bruke en bredere definisjon – arbeidere hvis arbeid er tildelt, administrert eller formidlet av plattformer – stiger tallet til 435 millioner.
Gig-arbeid (arbeid uten faste ansettelsesforhold) vokser raskest i regioner med høy arbeidsledighet, svake formelle arbeidsmarkeder og store ungdomspopulasjoner. Sektoren forventes å nå 2,1 billioner dollar innen 2034. USA har den største gig-arbeidsstyrken – 76,4 millioner mennesker, eller 36 prosent av arbeidsstyrken, selv om Canada, Australia, Japan og Sør-Korea har enda høyere andeler plattformavhengige arbeidere, spesielt blant unge og migranter.
EU har sett en rask vekst i dette spesielt innen levering, omsorgsarbeid og digital frilansing. Dette har utløst konflikter om ansettelsesklassifisering og sosial beskyttelse. Storbritannia har en av Europas mest utviklede plattformøkonomier – Uber, Deliveroo, JustEat, Amazon Flex og en rekke frilansplattformer – som provoserer frem juridiske kamper om ansettelsesstatus, rettigheter og fagorganisering.
Nyliberale reformer og fremveksten av økonomier uten sikkerhet for arbeidstakerne.
Høyere utdanning garanterer ikke lenger sikker ansettelse eller høyere lønn. I høyinntektsland gjør nyutdannede fortsatt det bedre enn lavere utdannede, men dette mønsteret er forskjellig over store deler av det globale sør. Det økende antallet nyutdannede og tidligere lærere fra Latin-Amerika som jobber i Europas barer og restauranter – ofte tjener mer der enn i profesjonelle roller hjemme – illustrerer det økende misforholdet mellom kvalifikasjoner og arbeidsmarkedsrealiteter.
Selv i høyinntektsland er denne fordelen i ferd med å forvitre. ILO advarer om at fremskritt innen AI omformer etterspørselen etter arbeidskraft, og kan svekke mulighetene for arbeid for unge arbeidstakere betydelig, også universitetsutdannede.
«Reservehæren» av arbeidsledige og logikken bak kapitalistisk akkumulering.
Disse funnene bekrefter Marx’ analyse – den arbeidsledige delen av befolkningen som kapitalismen trenger for å holde lønningene lave og arbeiderne ettergivende. Ved å opprettholde en konstant mengde lett tilgjengelig arbeidskraft kan arbeidsgivere enkelt erstatte arbeidere, holde lønningene lave og maksimere profitten.
Forsvaret av lønn og rettigheter kan ikke overlates til fagforeningsbyråkratier (LO o.a.) som forsvarer profittsystemet og storselskapenes interesser. Det krever en bevisst inngripen fra arbeiderne selv, organisert uavhengig i en bredere kamp for en internasjonal arbeiderklassesolidaritet som utfordrer det globale kapitalistiske systemet, som setter profitt fremfor menneskelige behov.
Fremfor alt må arbeiderne ha et sosialistisk perspektiv for å skape et samfunn basert på ekte likhet, der den globale økonomien kontrolleres av arbeiderne, og for arbeiderne.
Fra WSWS, publisert 4 mars 2026.
Oversatt fra engelsk og forkortet.
Orginalartikkel: More than 2.1 billion of world’s 3.6 billion workers are in the informal economy.
https://www.wsws.org/en/articles/2026/03/04/hlnv-m04.html