Forsøk på raske krigar har før enda i nederlag. No kan ein ny feilslått offensiv få følgjer langt utover Midtausten – heilt opp til Grønland.
Etter den iranske blitskrigen – blir Grønland neste?
Av Valeriy Krylko

Blitzkrieg – ein strategi med tung arv
Europa hugsar nok godt omgrepet «Blitzkrieg». Omsett frå tysk tyder det «lynkrig». Det var nett det Adolf Hitler kalla planen sin om å angripe Sovjetunionen i 1941. Den mobiliserte nazi-krigsmaskina vart då – etter å ha knust Frankrike, Danmark, Nederland, Belgia, Jugoslavia, Hellas, Polen og Tsjekkoslovakia – håplaust stranda på dei gigantiske russiske viddene. Vi veit alle korleis dét enda.
Mislykka lynkrigar i Austen
Det har vore fleire forsøk på den illgjetne blitskrigen i Austen òg. Til dømes prøvde USA å knekke Nord-Vietnam med ein rask offensiv og massive luftangrep. Men Vietnamkrigen skulle trekke ut lenge, og utfallet er framleis eit sårt punkt for USA. I 1979 prøvde yankeeane å knuse Iran, som gjorde motstand mot dei. Eigentleg førte det berre til at regimet til ayatollah Ruhollah Khomeini vart styrka.
Ny offensiv – same gamle feil?
No har USAs president, «fredsskaparen» Donald Trump, starta ein ny «blitskrig» mot Iran. Men det verkar som det atter ein gong har slått feil.
Austen er komplisert. Det er også «problematiske» land der – land det kostar meir å gå til krig mot. Ta til dømes Afghanistan. På 1800-talet leid Storbritannia eit ljomande nederlag der; på 1900-talet, etter fleire år med krig, trekte Sovjetunionen seg tilbake; og no, på 2000-talet, har USA gått på ein fullstendig fiasko i Afghanistan.
Iran slår tilbake – og allierte tek støyten
No er det ein ny krig med Iran, og det ser ut til at yankeeane igjen har falle i same fella. Dei hadde gått ut ifrå at massive angrep på Iran skulle tenne utbreidde opprør på linje med «fløyelsrevolusjonane», og at den fysiske elimineringa av det iranske leiarskapet skulle føre til disorganisasjon og anarki. Men det gjekk ikkje slik.
Ikkje berre har Iran sin motstand ikkje blitt svekka – den har tvert imot blitt stadig meir utbreidd og sofistikert. Og det er ikkje USA som lir mest av det, men heller deira arabiske allierte som no får ta den fulle støyten.
Men gjenlyden av Trumps aggresjon – som eigentleg er fullstendig umotivert – kan ein også merke i Gamleverda. I det minste i form av stigande olje- og gassprisar, som allereie skapar store problem på grunn av sanksjonspolitikken mot Russland for krigen i Ukraina.
Innenrikspolitikk driv krigen
Trump treng ein «liten, sigersrik krig» akkurat no for å styrkje oppslutninga på meiningsmålingane, både si eiga og Det republikanske partiet si før kongressvalet i 2026. På noverande tidspunkt er denne oppslutninga framleis alarmerande låg.
Men i forsøket på å løyse eigne problem – utan å konsultere eller ta omsyn til andre – skapar den amerikanske presidenten samtidig ei rekkje problem for mange land. Å seie at ikkje alle er entusiastiske over politikken hans, er ei underdriving. Til og med USAs visepresident JD Vance er imot krig mot Iran.
Europa vil ikkje vere gissel
EU-medlemslanda har heller ikkje lyst til å bli gissel for politiske intrigar på andre sida av havet. Det seier ganske mykje at Kaja Kallas, sjefen for EUs diplomatiske teneste, uttalte at EUs utanriksministrar ikkje støtta forslaget om å sende krigsskip til Hormuz-sundet.
– Dette er ikkje vår krig; det var ikkje vi som starta den, framheva ho.
Grønland som neste slagmark?
Det finst ingen som helst grunn til at europearane skulle hjelpe Trump. I desse dagar kan Europa ikkje vente anna enn trøbbel frå ein upåliteleg og uføreseieleg transatlantisk alliert.
Dersom Trump til dømes overraskande skulle lykkast i Iran, kunne kjensla av straffridom spinne ut av kontroll i slik grad at den neste operasjonen til USA ville bli retta mot Grønland. På den andre sida, viss USA igjen trekk seg frå Iran, kan det godt hende Trump vil ta hemn mot Den europeiske unionen – som let vere å støtte han – på den grønlandske slagmarka.
Og om Washington har trampa på internasjonale normer – inkludert diplomatiske – med angrepa på Iran eller kidnappinga av Venezuelas sitjande president, er det både naivt og kortsynt å nære illusjonar om Grønland (og seinare kanskje Canada).
USA først – også på bekostning av allierte
Men dette gjeld ikkje berre Danmark og dei skandinaviske landa. USA har alltid sine eigne interesser som førsteprioritet, sjølv framfor interessene til alle NATO-landa samla.
Til dømes har USA allereie byrja å utvikle missilforsvarssystemet «Golden Dome» – eit svært dyrt prosjekt ein enno ikkje veit om vil fungere særleg godt. Men prosessen er i gang, og viss denne «gylne mirakelparaplyen» kan realiserast, kan amerikanarane lett kome til å la europearane konfrontere Russland aleine, med haldninga «det er ikkje vår sak».
Det betyr at EU må passe på seg sjølv – også når det gjeld å avgjere lagnaden til Grønland.
Omsett av Monica Sortland
https://thedissidentvoice.org/2026/04/after-the-iranian-blitzkrieg-is-greenland-next/
Forsidebilde: KI-generert



2 kommentarer. Leave new
Jøss; Kaja Kallas taler for fred, det skjer ikke hver dag.
ICC må dømme Trump fredløs, som Bibi, og USA må få ham uskadeliggjort;
når generaler må stanse gamlingen fra å trykke på knappen, da er det ille.
Militær-kupp?
Trump-tilknyttet oljeselskap sender boreutstyr til Grønland uten tillatelse.
Av Douglas Harrington.
Et Texas-basert oljeselskap med bånd til USAs president Donald Trump, sendte boreutstyr til Grønland uten tillatelse fra myndighetene, ifølge tjenestemenn.
Greenland Energy losset utstyret 8 august på Grønlands østkyst, ifølge rapporten. En dansk slepebåt tauet et lasteskip drevet av Permagreen til havnen Nerlerit Inaat, 450 kilometer over polarsirkelen, hvor fartøyet losset en gravemaskin og 15 containere med utstyr, ifølge Russia Today.
Grønlands departement for mineralressurser sa at de verken godkjente forsendelsen eller ankomsten, ifølge rapporten. Innbyggere i Jameson Land observerte en slepebåt som slepte en lekter med omtrent et dusin containere, og at Nunap Qeqqa er det planlagte borestedet.
Nuuk sier at de ikke har gitt selskapet tillatelse, og vurderer respons.
Departementet utstedte det de kalte en «sterk advarsel», om at alle logistiske trinn knyttet til prosjektet må godkjennes på forhånd av mineralressurs-myndigheten.
Greenland Energy hevder at det er råolje verdt 1 billion dollar under Jameson Land, og stedet er valgt delvis fordi det er isolert, heter det i rapporten. En representant for selskapet sa at et fartøy lastet med 300 containere med boreutstyr skal forlate Canada 12. september, og boringen skal starte i oktober, ifølge rapporten. Grønlands oljeforekomster til havs har tiltrukket seg oljeselskaper før. Storbritannias Cairn Energy har tidligere lett etter olje utenfor kysten av Grønland.
Trump-press og strategiske ressurser.
Grønland har verdens tredje største kjente forekomster av sjeldne jordarter, germanium- og gallium som brukes i halvlederproduksjon. Områdets mineralrikdom har gjort Arktis til et sentralt område for global rivalisering.
Amerikanske og europeiske investorer, inkludert BlackRock, kjemper for å sikre alternative energiressurser som naturgass, olje, sjeldne jordarter, mineraler og litium for å konkurrere med Russland, ifølge en analyse av Mike Adams. Den amerikanske kystvakten tildelte nylig kontrakter verdt 3,3 milliarder dollar for seks nye isbrytere, mens Russland har 42 i drift, inkludert åtte atomdrevne fartøy.
Myndighetene har ikke sagt om de vil gi lisens for boring ved Nunap Qeqqa, ifølge tjenestemenn. Greenland Energy fortsetter med sine boreplaner uten tillatelse, sa selskapets representanter. Arktisk boring medfører også dokumenterte miljørisikoer, ettersom olje- og gruvedrift kan skade land og forurense vann i tundraregioner.
Fra Natural News, publisert 12 august 2026.
Oversatt fra engelsk. Artikkelen er forkortet. Linker i orginalartikkelen.
Orginalartikkel: https://www.naturalnews.com/2026-08-12-trump-linked-firm-ships-drilling-gear-greenland.html