Korleis menneske tenkjer, blir forma i samspel med andre, med flokkane dei høyrer til og med informasjonen dei blir utsette for kvar dag. I ei tid med konstant nyheitsstraum og politisk press peikar Svein Grødaland på kor lett det er å gløyma samanhengar som burde vekkja større ettertanke.
Litt sosiologi?
Av Svein Grødaland

Kva er det som får folk til å tenkja akkurat slik dei gjer? Spørsmålet gjeld også denne skrivaren. Han brukar ein del tid på å tenkja gjennom små og store spørsmål.
Ingen kan reflektera i eit tomrom. Me treng råvarer, informasjon, fakta, pluss ein ting til: Input og respons frå andre.
Mennesket er eit sosialt vesen, med ein klar tendens til å tenkja i flokk. Me har flokken på mange nivå, frå familien via naboskapet til den store samanhengen, organisasjonen, partiet, nasjonen, kulturen, religionen. Alle desse flokkane dannar eit intrikat mønster over kven me er som folk og nasjon. Individuelle variasjonar kjem i tillegg.
Me vert bombardert med nyheter, ofte så intenst at me gløymer meldingane frå sist veke, eller frå i går. Eit tragisk døme på det er forhandlingane mellom USA og Iran, heilt fram til dagen det smalt. Invasjonen. Kor mange hugsar at det vart forhandla om atomavtale heilt til siste sekund? Før invasjonen melde media melde at USA pressa hardt på for å få til ein «avtale». Samstundes med at partane forhandla, flytte USA store militære styrker til havområdet rundt Iran. Typisk døme på kanonbåtdiplomati. Forhandlingar under press.
Her vart USA den taparen som mista både tillit og ansikt internasjonalt.
Internasjonalt er langt meir enn berre USA og Europa.
Kven vil forhandla med ein nasjon som pratar med våpen bak ryggen, klar til bruk. Ikkje alle her heime ser det perspektivet.
Innlegget er hentet fra Politikus
Forsidebilde: KI-generert



2 kommentarer. Leave new
Henrik Ibsen sier at befolkningen lider av rettskaffenhetsfeber. Hvis vi mener det rette og har retten på vår side (som feks Folkeretten eller feks det gamle testamentet) så spiller det ingen rolle om verden havner opp med atomkrig både i Midt-Østen og i Ukraina. Det viktigste er å ha rett eller å ha retten på sin side. Når man oppdager hvor ekstremt farlig dette bedraget er, så kan det være for sent å handle – atomkrigen kan allerede ha skjedd!
USAs presidenter har til nå klart å holde tilbake krig mot Iran pga faren for at det hele kan ende opp med atomkrig (Israel har atomvåpen). Iran har vist en voldsom motreaksjon som går på å bombe andre land som støtter USA, og samtidig blåse prisen på olje og gass til himmels. Noe som kan drive hele verdensøkonomien i kollaps.
Før Russland evt bruker atomvåpen i Ukraina så vil de bruke de nye Oreshnik missilene som har en voldsom sprengkraft (og da kanskje også mot NATO-land i Vest-Europa). Før dette kan Russland feks nå stoppe sin eksport av olje og gass til NATO-landene i Europa (og isteden eksporteres dette til land i Asia).
Det at olje og gass prisen nå øker kraftig bør være et voldsomt varsko til verdens befolkning at nå må krigene stoppes før det er for sent. Men har man retten på sin side så gir man kanskje blaffen i slikt?
I vakker nynorsk språkdrakt legg artikkelforfattaren fram gamle nyhende og ‘selvfølgeligheter’.
Noreg er eit korporativt femifascistisk land med ei kua autistisk befolkning som framstår både viljelaus og makteslaus.
Any News? Var det i dag at Håkon og Mette-Marit skilde seg for å verne restane av det dansknorske kongeriket?
Eg ynskjer at Noreg skal halde fram med å tape alle krigar vi deltek i saman med usa. Kvifor skal vi då bruke opp statsbudsjettet i årevis på dårlege amerikanske våpen på kostnaden av levekåra til alminnelege folk?