POSTED IN Israel, Krig-fred

X-CIA Larry Johnson:

Israel drepte tre sivile israelske gisler med vilje.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Uomtvistelege bevis for at det israelske militæret drep uvæpna sivile med vilje

Av Larry Johnson, 16. desember 2023

Desse tre namna – Yotam Haim, Samar Talalka og Alon Lulu Shamriz – kan vise seg å bli katalysatoren som fjernar Bibi Netanyahu frå makta og sender han i fengsel. (Frå datamaskina mi til Guds øyre). Israelske soldatar myrda desse tre medborgarane sine. Det var ikkje eit uhell. Det er her snakk om ein overlagt drapspolitikk som dei underviser sine frontlinjesoldatar i, og som kommandantane deira brukar. Det er dette Israel har drive med i over to månadar mot palestinarar sidan starten av det israelske angrepet på Gaza.

Vi har no absolutte bevis for at den videoen eg brukte i artikkelen min i går, ikkje er noko unntak. Det er israelsk militærdoktrine. «Drep palestinske menn om du får sjansen.»

Denne framferda til den israelske arméen får oss til å trekke den konklusjonen at IOF generelt består av utrente, vondsinna bavianar, drivne av rasistisk hat, og underlagt feige og inkompetente kommandantar. Eg er alvorleg forbanna. Kjenner du til aforismen «Ein slåst som ein trener, og ein trener som ein slåst»? Berre sjå på korleis Israel slåst. Dei no døde israelske gislane – dei tre mennene som vart skotne ned med kaldt blod av minst to israelske soldatar – visste kva «kameratane deira» var kapable til. Det var derfor dei kledde av seg skjortene sine og heiste kvitt flagg. Ein profesjonell armé ville ha godtatt dét som gyldig kapitulasjon.

Ein seniortenestemann i Sør-kommandoen fortalde under ei første etterforsking at, hendinga skjedde etter at ein soldat stasjonert i eit bygg identifiserte tre mistenkelege figurar som kom ut av eit bygg fleire dusin meter unna.

Alle tre var utan skjorte, og ein av dei bar på ein stav med eit surrogat av eit kvitt flagg, ifølge etterforskinga.

Soldaten, som trudde at mennene som kom mot han var eit Hamas-forsøk på å narre IDF-soldatar i ei felle, opna straks eld og skreik «terroristar!» til dei andre styrkane.

Etterforskinga slo fast at denne soldaten drap to av mennene, medan den tredje, som vart råka og skadd, flykta tilbake inn i bygget han hadde kome frå.

Då gjekk bataljonskommandanten, som også var i bygget som soldaten skaut frå, ut og ropte at styrkane skulle stoppe skytinga.

Samtidig høyrde troppane i området at nokon ropte «Hjelp!» på hebraisk.

Kort etter kom den tredje mannen ut av bygget han hadde flykta til, og ein annan soldat opna eld og drap han.

Israelske offiserar er brutale klovnar. Det var offiserar til stades då dei to soldatane skaut på UVÆPNA MENN som prøvde å overgi seg. Offiserane venta til alle tre av dei israelske gislane var døde, før dei gav ordre om å stoppe skytinga. Trente soldatar som har lært seg reglane for krig som gjeld etter lova, ville ikkje ha gjort noko slikt. Du gir ordre om at mennene skal legge seg ned på bakken med armane spreidd, og deretter går du bort for å sjekke at dei ikkje har skjulte våpen. Men det var ikkje slik desse vondsinna klovnane agerte. Dei myrda uvæpna menn.

Netanyahu og teamet hans av krigsforbrytarar prøver å måle eit bilde av at dette berre var ei uheldig ulykke. Vås! Desse soldatane gjorde nett slik dei hadde blitt opplært til å gjere. Den israelske okkupasjonsstyrken, også kjend som IOF, trener ikkje soldatane sine til å skille mellom væpna og uvæpna personar. Viss personen er ein mistenkt palestinar, er han ein levande død mann. Her er ei anna påminning om at dette er standard praksis:

Det er mange folk rundt om i verda som lever i den falske trua at Israel sitt mål med denne militæroperasjonen er å øydelegge Hamas og redde gislane. Det er vås, det óg. Israel har eitt mål: å tvinge alle palestinarar i Gaza og på Vestbreidda ut av det landet som Israel vil overta permanent. Dét er målet. Dét er grunnen til at IOF øydelegg alle sjukehusa, skulane, kritisk infrastruktur, matbutikkar og bensinstasjonar i Gaza. «Gjer plassen uleveleg og tving palestinarane til å dra ein annan stad.»

Dette er ikkje berre politikken til Netanyahu og nokre få ekstremistiske galningar i regjeringa; dette er eit mål som er delt av ein overveldande majoritet av israelarar, inkludert dei såkalla liberale. Israel er i ferd med å skape ein ny generasjon av terroristar som vil lage problem for den israelske staten i åra som kjem. Men det finst prominente folk i USA, slike som RFK Jr., som nektar for det som skjer. Det er heilt utruleg:

Denne videosnutten aleine diskvalifiserer Kennedy som seriøs kandidat til presidentvervet, etter mitt syn. Han har ikkje sett noko bevis? Kva i helvete feilar det han? Er han gøymd bort i eit mørkt rom med attlatne auge? Skammeleg.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • ‘ Ifølge patriarkatet ble en mor og en datter som hadde søkt tilflukt i et katolsk nonnekloster i Gaza, skutt og drept av skarpskyttere fra det israelske militæret (IDF). Sju andre mennesker skal også ha blitt skutt og såret.
    Ubevæpnede sivile er gjenstand for bombing og skyting. Og dette skjedde til og med i et kirkekompleks, hvor det ikke befinner seg terrorister, men familier, barn, mennesker som er syke, eller funksjonshemmede og nonner, sa paven.Noen vil si: «Dette er krig. Dette er terrorisme.» Ja, det er krig. Det er terrorisme.’
    nrk.no/nyheter/pave-frans-og-vatikanet-1.11602743

    Tja, det er en forskjell.
    Men kulturen har kommet tydligere fram enn media tidligere har tillatt. Det er blitt for tydelig?
    Man kan bløffe og forvirre alle en liten stund, noen hele tiden, – men ikke alle alltid.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Nå skal husdyr i USA få mRNA-vaksiner.

Blir kjøttproduktet da forurenset?

Forrige innlegg

På New Zeeland stilles nå en varsler for retten.

Han skulle ikke sluppet statistiske data som forteller at vaksinen tok livet av mange.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.