POSTED IN Krig-fred, Media, Ukraina

X-CIA-analytiker:

New York Times driver ønsketenkning om Ukraina-krigen.

3 kommentarer

Vi har valgt å ta med denne gjennomgangen av en New York Times-artikkel om Ukraina-krigen fordi den er ganske dekkende for våre mindre norske medier sin dekning av det som skjer. Som det fremgår av Larry Johnson sin artikkel bygger ikke det som formidles til leserne på informasjon, men på ønsketenkning.

Og de som ønsketenker sitter i New York og videreformidler det noen har kokt samme – folk som heller ikke har vært på bakken i Ukraina. Ofte blir resultatet deretter, lett fordøyelig og behagelig men uten næringsverdi: Et oppkok av ingenting, en «Nothingburger».

I Norge er det på samme viset. Nylig kunne vi lese om en kommende motoffensiv i Kherson-fylket hvor Ukraina skulle ha 1 million mann til rådighet. Den motoffensiven har vært annonsert siden april, men den kommer ikke. Det ser ut til å være en gedigen «avis-and» produsert i Ukraina for å kunne presse mer penger og våpen ut av ulike Nato-land. Mesteparten havner i korrupte lommer og på det illegale våpenmarkedet. Og mye ødelegges av russerne før det kommer frem.

Men i takt med at fronten gradvis skyves vestover er vi nå kommet til et punkt hvor dette eventyret ikke langer kan brukes. Det kommer ingen motoffensiv, men fortsatt russisk fremrykking.

Knut Lindtner
Redaktør

AVISA NEW YORK TIMES SLIT MED RUSSISKE OG UKRAINSKE STRÅMENN

6. August 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnsen er en x-CIA-analytiker

Eg sluttar aldri å undrast over kor dårlege journalistar er til å samle fakta. Eg trur det kokar ned til latskap. Korfor skulle du gjere uavhengige undersøkingar eller tenking som krev at du drar til frontlinjene, når du i staden kan sluke og gulpe opp att ferdig pakka diskusjonstema? Du får same løna, og kanskje får du til og med ein Pulitzer-pris viss du er den mest entusiastiske blant leverandørane av regime-bullshit.

Eit stykke i New York Times nyleg, Russia’s Shortfalls Create an Opportunity for Ukraine, Western Officials Say, illustrerer dette fenomenet. Her er dei springande punkta frå artikkelen av Julian Barnes og Eric Schmitt:

No når kampane går inn i sin sjette månad, kan kritiske problem med personell og utstyr igjen sakke ned dei russiske operasjonane og gi Ukrainas motoffensiv ein betre sjanse til å lykkast, seier offisielle tenestemenn frå USA og Europa.

Teikna på Russlands utfordringar finst i overflod: artillerigranatar bommar på måla sine, avlytta russiske soldatar som klagar på at dei har fått utlevert gamle stridsvogner, og eit skarpt aukande tal på døde og skadde i dei  militære rekkene deira. [. . .]

US-amerikanske og europeiske tenestemenn seier få makter har sigra over eit land og øydelagt ein motstandararmé med styrkar som består av mest frivillige, slik president Vladimir V. Putin av Russland prøver å gjere. Men herr Putin har ikkje vist indikasjonar på at han ønsker noka fullskalainnkalling, noko som ville ha vore ei innrømming overfor landet hans av at kampen i Ukraina vil bli ein lang krig, og ikkje ein kort operasjon.

Russland har dedikert nær 85 prosent av feltstyrkane sine til kampen i Ukraina, og trekk troppar frå landets fjerne austområde og utplasseringar rundt om i verda, sa ein seniortenestemann i Forsvarsdepartementet nyleg. Det russiske militæret, seier europeiske offentlege tenestemenn, har blitt hardt pressa til å hente reservistar og nye rekruttar inn i kampane.

Overslag over kor mange russiske soldatar som har blitt drepne, strekk seg frå 15 000 til over 20 000, med tusentals fleire såra eller sakna. Sjølv om ein vel det konservative estimatet, har Russland mista fleire soldatar i år enn Sovjetunionen mista på nær eit tiår med kampar i Afghanistan, ifølge US-amerikanske og allierte etterretningstenestemenn.

I sitt søk etter rekruttar, har Russland måtta senke standardane sine, seier Vestlege etterretningstenestemenn. Herr Putin har signert ei lov som eliminerer aldersgrensa for å verve seg til militærteneste første gong. Vestlege tenestemenn seier og at dei har gjort den vurderinga at det russiske militæret senkar standardane for helse og kondisjon og gir unntak for folk med kriminelle rulleblad, så dei kan verve seg til teneste.

Jøss, snakk om psykologisk projeksjon! New York Times tilskriv Russland nett dei tinga som skjer i Ukraina. Sprøtt.

topless woman sitting on chair
Projeksjon er i psykologien en forsvarmekanisme der en tillegger andre sine egne følelser.

La oss starte med Barnes/Schmitt-påstanden om at Russland har «dedikert nær 85 prosent av feltstyrkane sine til kampen i Ukraina». Kor god er du i matte? Russlands armé er  850 000 mann sterk med 250 000 i reserve. Kva er 85% av 850 000 (tenk deg at det er ei opptaksprøve til høgskule)? Det stemmer – 722 500. Det finst NULL bevis for at Russland har så mange soldatar på bakken i Donbas og sørlege Ukraina. Faktisk held Russland fram som planlagt med militærøvinga si “Vostok 2022 (Aust 2022) som skal gjennomførast mellom 30. august og 5. september og involvere troppar i manøvrar med 13 skotdistansar i det austre militærdistriktet.

Det er umogleg at ein russisk armé som er desimert av ukrainarane og klorar seg fast etter fingerneglene skulle ha råd til å sende sine gjenverande styrkar til krigsspel i Det fjerne austen. 

Den uredde NY Times-skribenten forsømmer å nemne at storparten av kriginga på bakken i Donbas blir gjort av militsen til republikkane Donbas og Lugansk. Russiske styrkar handsamar artilleribatteri, flygande droner, fastvingekampfly og rotasjonsvingeluftfartøy (dvs. helikopter). Dét krev ikkje over 700 000 soldatar.

Det finst ikkje bevis for at Russland sender middelaldrande reservistar og nye rekruttar som kanonfôr til fronten. Dén æra er reservert for dei stakkars slampane i Ukraina, som blir skyfla opp av sikkerheitspolitiet og med soldatmakt tvinga inn i krigsteneste. Videobevisa for dette er omfattande.

man holding luggage photo
Menn i stridsdyktig alder kan ikke forlate Ukraina

Viss russiske verkeleg var så kringsette, så utslitne og så desillusjonerte (som herrane Barnes & Schmitt påstår), korfor trekker då Ukraina seg tilbake og overgir territorium til ein slik gjeng?

Legg merke til dei snikaktige formuleringane i opningssetningane til fantasistykket til  Barnes/Scmitt:

kritiske problem med personell og utstyr [kan] igjen sakke ned dei russiske operasjonane og gi Ukrainas motoffensiv ein betre sjanse til å lykkast, seier offisielle tenestemenn frå USA og Europa.

Dei US-amerikanske og europeiske offentlege tenestemennene set sin lit til HÅP – håp om at troppemangel og gamalt, utslite utstyr skal sakke ned den russiske framrykkinga. Ein reportar med nokon som helst verdi skulle ha spurt «kva slags bevis finst det for troppemangel?». Russland er ikkje ein totalitær stat. Russland har ikkje stengd ned opposisjonsmedium og politiske parti. Ukraina har gjort det. Så kor er dei sosiale media som viser ei stigande bølge av misnøgde russarar som blir tvinga til å ta på seg uniformen og troppe opp ved frontlinjene utan adekvat trening? Eg har ikkje sett det. Har du? Ver grei og del det om du har fått det, og ver så snill: ingen filmsnuttar frå videospel. Det tel ikkje.

Kjenner du til uttrykket «Om alle om og men var snop og nøtter, så ville det ha vore jul kvar dag»?  Det verkar gjelde for dei ikkje namngitte US-amerikanske og europeiske offisielle tenestemennene som desperat håpar at Ukrainas million-mann-offensiv mot Kherson vil lykkast. Berre eit ørlite problem: Ukraina har eit helsike med å skrape ihop denne myte-arméen på ein million mann. Og om dei skulle lykkast i å stille opp så mange oppegåande medhjelparar, korleis skal dei få den nødvendige treninga medan Russland held fram med å treffe ukrainske treningsleirar med missil, rakettar og bomber?

people sitting on chair
Å rapportere fra fronten i Ukraina fra en kontorstol i USA krever lite.

Og kva med dei russiske artillerinedslaga som «bommar på målet»? Snakkar vi om dei fleste, nokre eller nokre få? Barnes og Schmitt er ein unysgjerrig duo. Dei gløymde å be om den informasjonen. Om dei hadde dratt til Pesky og talt opp talet på innkomande russiske bomber, og deretter talt opp kor mange som har bomma på målet, så ville dei ha hatt ei god historie. Eg kan sjå overskrifta no: «Russlands elendige skyting – berre 10% av bombenedslaga trefte målet». Ikkje vanskeleg å lage slike reportasjar viss ein berre får den late ræva si opp av stolen, kler på seg verneutstyr og rapporterer frå fronten. Men Barnes og Schmitt gjorde ikkje det. Eg vil likevel gi dei litt ære for å rapportere frå ei kampsone. Anna rapportering stadfestar at mange deler av New York City er veritable kampsoner. Det er farleg å ta T-bana eller å berre rusle nedover gata, der ein risikerer uprovoserte overfall og laussluppen urinering frå uteliggarar. Eg tippar dei viser til denne realiteten når dei skal rettferdiggjere risikotillegga sine.

Endeleg har CBS News tydelegvis vakna frå fyllesømnen sin og bestemt seg for å rapportere om kva Ukraina gjer med våpena for milliardar av dollar som USA og NATO sender til Zelensky og tjuvpakket hans.

Omsett, og litt avkorta, av Monica Sortland

Forsidebilde: Jeremy Bezanger



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 615 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • «I Norge er det på samme viset.»

    Norske politikere, vår tidligere statsminister Stoltenberg inbefattet, og norsk media, burde holde munnen lukket om Ukraina-krigen.
    Og heller analysere Norges angrepskriger i Libya og Afghanistan, først.
    Hvor mange sivile drepte norske politikere?
    Hvorfor?
    Hva førte det til, bortsett fra tusener av døde, destabilisering av Europa når porten til Middelhavet ble ødelagt og ytterligere døde i små båter når Libya ble ødelagt og statslederen ble myrdet?

    Hva var hensikten; – truet Libya andre nasjoner, f.eks. Norge?
    Eller hva truet Libya/Gadaffi, – utenom Fed som ikke ville miste valutakontrollen over det afrikanske kontinentet?
    Er de ansvarlige for denne uprovoserte angrepskrigen stilt for retten i Norge?
    Har norske politikere tatt sjølkritikk?
    Har media i Norge åpnet spaltene for dette og engasjert ‘ journalister’ ?

    Nei. Det skrives om Ukraina-krigen. Et Ukraina som ble brukt av USA/vesten for antagelig å kunne angripe Russland med biovåpen og droner.

    » Jøss, snakk om psykologisk projeksjon!»

    Svar
  • You ought to be a part of a contest for one of the highest quality blogs online. Im going to recommend this website!

    Svar
  • Jeg leser ikke MSM løgnene men følger folk som bor I Ukraina og mange militære eksperter som gir mer riktig bilde av hva som skjer. «Nyhetene» her på Derimot.no derimot preges av å være løgn og propaganda med alt som har med Ukraina å gjøre…. Anbefaler alle å ikke ta noe for god fisk uansett hvor det kommer fra og gjøre sine egen research.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Matforsyningskrisen:

WEF-globalister fremmer diett av insekter – og kannibalisme

Previous Post

Ukrainas ambassadør i Israel:

«Full støtte til Israels kamp mot terrorismen (Gaza)!»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.