POSTED IN Terrorisme, USA

X-CIA-analytiker Larry Johnson:

Biden-administrasjonen visste det ville komme et angrep i Moskva.

0
Print Friendly, PDF & Email

TERRORISTANGREP i Moskva – kven gjorde det?

av Larry Johnson 22. mars 2024

På lista over «dei vanlege mistenkte» har vi Ukraina og IS. Begge er sannsynlege. Eg legg ut tre videoar – noko av det repeterande – som diskuterer angrepet og Biden-administrasjonens veldig merkverdige åtferd. La oss gå igjennom hendingane kronologisk.

Den 7. mars leverte USA sin ambassade i Moskva følgande åtvaring:

Ambassaden overvakar rapportar om at ekstremistar har overhengande planar om å angripe svære folkesamlingar i Moskva, konsertar inkludert, og US-amerikanske statsborgarar bør få råd om å unngå svære folkesamlingar i løpet av dei neste 48 timane.

Det du må forstå, er at ambassaden ikkje kom med denne åtvaringa som eit innfall. Dette var godkjent i Washington, DC i utanriksdepartementet, og det må ha kravd etterretning som var vurdert som spesifikk og «truverdig». Då eg gjorde denne jobben for departementets antiterroreining i 1990, var det rett etter bombinga av Pan, 103. Det var då mange som trudde at utanriksdepartementet og CIA hadde førehandsinformasjon om terroristbombinga av flyet, og åtvara personellet vårt mot å gå om bord.

Det var ikkje sant, men det reiste spørsmålet om når og korleis ein kan åtvare folket om ein potensiell trussel. Vi kom opp med eit system som kravde spesifikk og truverdig etterretning. Di meir spesifikk og truverdig etterretninga var, dess mindre var behovet for å åtvare folket. Tenk deg til dømes at dersom vi visste at det skulle skje eit terroristangrep på fredag i ein offentleg konserthall av ei spesifikk gruppe, så kunne vi ha gjort relevante autoritetar [politi, antiterror styrkar, …] merksame på det og vere budde på å gripe inn og avbryte angrepet utan å alarmere heile folket.

På den andre sida, dersom informasjonen var noko udetaljert, men kom frå ei truverdig kjeld, så ville vi ha tatt oss tid til å sette ihop ei åtvaring til folket. Det var det som skjedde då USA sin ambassade i Moskva utstada ei åtvaring den 7. mars. Dei hadde informasjon dei meinte var truverdig, men ikkje særleg spesifikk. Dette reiser eit sentralt spørsmål – åtvara USA russiske autoritetar?

Normalt ville vi, då eg gjorde jobben, ha delt informasjonen med relevante styresmakter og ordensmakts autoritetar, slik at ein kunne prøve å hindre angrepet i å skje. Utifrå dei offentlege kommentarane til Maria Zakharova og Dimitri Medvedev, etter 7. mars-åtvaringa og etter dagens angrep, ser det ut til at USA ikkje delte noko av informasjonen sin med Russland.  Wall Street Journal rapporterer i kveld om at USA gav varsel, men russiske styresmakter insisterer på at dei ikkje vart forsynte med etterretningsinfo på førehand.

Det som gjer heile denne situasjonen så bisarr og tvilsam med omsyn til kva USA visste, og på kva tidspunkt dei visste det, er at utanriksdepartementet kom med ei kunngjering før det var gått to timar etter angrepet – hugs på at vi på det tidspunktet enno ikkje visste kor mange angriparar det var snakk om, kva type våpen dei brukte, kor mange døde og såra det var, eller om der var gislar eller ikkje – som erklærte at ukrainarane ikkje hadde ansvaret for dette angrepet. Korleis visste utanriksdepartementet det? Det tyder kraftig på at dei hadde etterretning som dei ikkje delte med Moskva.

Så har vi denne svært uvanlege meldinga på X (tidlegare Twitter) som vart posta klokka 3:30 i natt, 22. mars, av OSINTdefender (som eg ser på som ein CIA-front for spreiing av meldingar som CIA vil ha ut der):

Medlemmar av U.S. National Security Council og Det kvite hus skal ha byrja bli Stadig Meir Frustrerte over “Unauthorized Brazen Actions” [tvetydig; brazen betyr både messing- (som i ‘messingknappane’ (politiet) eller militære medaljar på brystet) og frekk, uforskamma. Truleg har dei slått to fluger i ein smekk og meiner «uautoriserte, frekke militæraksjonar», mrk.] gjort av Ukraina mot Russland, inkludert deira nye kampanje med langdistanse-droneangrep mot minst 25 oljeraffineri, terminalar, depot og lagerbygg over heile vest-Russland; somme i Biden-administrasjonen trur desse Angrepa vil forårsake ein Skarp Auke i dei Globale Oljeprisane, så vel som Signifikant Eskalering og Gjengjeldsaksjonar mot Ukraina, som det ein såg under det Storskala Missilangrepet i natt.

Trur du det er berre eit heldig samantreff at Biden White House klagar over at Ukraina driv med «ikkje-autoriserte messing-aksjonar» på nett same dag som det er eit massivt terroristangrep i Moskva? Eg trur ikkje på tilfeldigheiter. Eg trur Bidenadministrasjonen prøvde å trekke seg ut før eit angrep dei visste ville kome.

Nokre påstandar har dukka opp seint på dagen om at IS (Den islamske staten) skal ha tatt på seg skulda for angrepet. Det interessante med det, er at vi har bevis for at nokre medlemmar av IS har kriga i Ukraina mot Russland, så dette frikjenner ikkje nødvendigvis verken Ukraina eller USA.

Uansett, eg tar opp desse spørsmåla frå ulike perspektiv i dei følgande videoane:

https://www.bitchute.com/embed/qgTCQI4lGjE/?feature=oembed#?secret=45LYd995wK

Her er Judge og Ray: 

Og Nima: 

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Det mobiliseres over hele vesten til krig mot Kina/Russland.

Nesten ingen i Norge hører krigstrommene.

Forrige innlegg

Den nye konkurransen i vesten:

Hvem har de beste løgnene?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.