POSTED IN Konspirasjoner / Sammensvergelser

Wikipedia:

Er blitt til en kilde for desinformasjon.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Eks-redaktør: Wikipedia ein reiskap i informasjonskrigen

Av PressTV

Etablissementet i USA og CIA brukar Wikipedia som eitt av sine verkty til å drive «informasjonskrig», seier Larry Sanger, ein av nettstadens medgrunnleggarar. Ulike etterretningsbyrå har manipulert internett-leksikonet i over eit tiår, fortalde Sanger til den Pulitzer-pris-vinnande grave-journalisten Glenn Greenwald onsdag.

CIAs hovedkvarter i Langley

Sanger sa Wikipedia har blitt til eit instrument for «kontroll» i hendene på det US-amerikanske etablissementet, som inkluderer CIA, FBI og andre etterretningsbyrå.

«Vi har bevis for at, så tidleg som i 2008, CIA- og FBI-datamaskiner vart brukte til å redigere Wikipedia,» sa han. «Trur du dei har slutta å gjere det?»

Det var programmeringsstudenten Virgil Griffith som først avslørte aktiviteten til CIA og FBI i 2007. Griffith utvikla eit dataprogram som kunne spore lokasjonen til datamaskiner som var brukte til å redigere Wikipedia-artiklar.

Han oppdaga at CIA, FBI og fleire andre storselskap og statlege byrå reinska nett-leksikonet for inkriminerande informasjon.

CIA brukte datamaskinene sine til å fjerne talet på døde i Irak-krigen, medan FBI fjerna luft- og satellittbilde av USA sitt militærfengsel på Guantanamo Bay på Cuba.

Tidligere CIA-sjef, William Colby, redigerte angivelig sin egen Wikipedia-artikkel.

CIA brukte datamaskinene sine til å redigere hundretals artiklar, inkludert innlegg om Irans eks-president Mahmoud Ahmadinejad, atomvåpenprogrammet til Kina, og den argentiske marinen.

I tillegg redigerte eks-direktøren for CIA, William Colby, artikkelen som handla om han sjølv, for å blåse opp lista over bragdene sine.

«[Etterretningsbyråa] betaler folka med størst påverknadsmakt for å fremje deira agenda, som desse folka allereie for det meste er på linje med, eller så berre utviklar dei sine eigne talent innanfor [etterretnings-]samfunnet, lærer Wikipedia-spelet og deretter fremjar det dei vil seie via sine eigne folk,» fortalde Sanger til Greenwald.

«Ein stor del av etterretnings- og informasjonskrigen blir ført på nettet,» held han fram, «på nettstadar som Wikipedia».

Eigaren av X (tidlegare kjend som Twitter), Elon Musk, har sleppt ein bunke med dokument som viser korleis plattformens tidlegare sjefar i løynd samarbeidde med FBI om å fjerne uønska innhald.

CEO for Meta, Mark Zuckerberg, har og innrømt at Facebook på direkte førespørsel frå FBI sensurerte informasjon som var skadeleg for president Joe Biden sin 2020-valkamp.

Musk sleppte i desember det han kalla «Twitter-filene», som viser korleis selskapet bestemde seg for å blokkere historia om datamaskina til Hunter Biden. Innlegga fokuserte på kontroversane rundt presidentens son og korleis Twitter reagerte med å strype spreiinga av innlegg om det.

Ute av stand til å kontrollere informasjonsflyten på sosiale og alternative medium, tyr US Democratic Party til sensur, ifølge journalist Glenn Greenwald.

Greenwald har i ein artikkel avslørt at aksen CIA, Big Tech og den DNC-allierte vingen til korporasjonsmedia spreidde ei total løgn i vekene før presidentvalet i 2020.

Les også desse:

Forsidebilde v/Igor Morski

Omsett av Monica Sortland

Fra PressTVonsdag 2. august 2023 [oppdatert: 3. august 2023]

https://www.presstv.ir/Detail/2023/08/02/708233/CIA-moderating-Wikipedia–Former-editor



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 773 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Så effektiv er propaganda:

Fredsnasjonen Norway er nå ruset på krig.

Previous Post

Til tross for naturlig immunitet er best.

De sykeste skal nå mRNA-vaksineres mot et ufarlig virus.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.