POSTED IN Endring av politikken, Helse

WHO med hukommelsestap.

Nå vil de ha slutt på lockdown.

0
Print Friendly, PDF & Email

SKADEKONTROLL: WHO skapar amnesi

hevdar dei aldri likte lockdowns

av Alex Turner-Cohen , anti-empire, 12.oktober, 2020

Verdshelseorganisasjonen WHO har gått tilbake på sitt opprinnelege standpunkt på Covid-19. Dei ber no verdsleiarane om å slutte med å stenge ned (lockdown) landa og økonomiane sine.

Dr. David Nabarro frå WHO gjekk i går ut med ein appell til verdas leiarar og bad dei stoppe med å «bruke nedstenging som primær kontrollmetode». Han hevda og at det einaste ein oppnådde med nedstenging var fattigdom – utan å nemne potensielt redda liv.

«Nedstengingar har berre éin konsekvens som de aldri må undervurdere, og dét er at dei gjer fattige folk forferdeleg mykje fattigare,» sa han.

«Vi i Verdshelseorganisasjonen forsvarer ikkje nedstengingar som den primære metoden for kontroll med viruset,» fortalde dr. Nabarro til The Spectator.

«Det einaste tidspunktet vi trur ei nedstenging kan rettferdiggjerast, er når de skal kjøpe dykk tid til å omorganisere, omgruppere, gjenopprette ein balanse i ressursane, verne helsearbeidarane som er utmatta; men i det store og heile prøver vi å unngå det.»

Det dr. Nabarro er mest kritisk til når det gjeld nedstengingar, går på den globale innverknaden dei har; han forklarer korleis fattigare økonomiar har blitt indirekte påverka.

«Berre sjå kva som hende med turistindustrien i Karibia til dømes, eller i Stillehavet, fordi folk ikkje reiser på ferie,» sa han.

Fattigdommen vil eksplodere som følge av Korona-tiltakene, ikke som følge av Koronaen.

«Sjå kva som har skjedd med småbønder over heile verda .. Sjå kva som skjer med graden av fattigdom. Det ser ut til at det kan bli ei dobling av fattigdomen i verda innan neste år. Vi kan fort kome til å få minst dobbelt så mange underernærte barn.»

Melbourne si nedstenging har blitt hylla som ei dei strengaste og lengstvarande i verda. Under Spania si nedstenging i mars fekk ikkje folk lov å forlate heimen, med mindre det var for å lufte kjæledyret. I Kina sveisa dei igjen dører for å hindre folk i å forlate heimen. WHO meiner desse stega for det meste var unødvendige.

I staden forsvarer dr. Nabarro ei ny tilnærming til å halde viruset i sjakk.

«Så vi vil verkeleg kome med ein appell til alle verdas leiarar: stopp bruken av nedstenging som primær kontrollmetode. Utvikl betre system for å kontrollere viruset. Samarbeid og lær av kvarandre.»

Meldinga hans er godt taima. For første gong i verdshistoria kom ei gruppe helseekspertar frå heile verda tidlegare denne veka saman, og bad om ein slutt på koronavirus-nedstengingane.

Dei laga ein petisjon, kalla the Great Barrington Declaration, der dei slo fast at nedstengingane gjorde «uboteleg skade».

«Som smittevernepidemiologar og folkehelsevitskapsfolk er vi seriøst bekymra over at Covid-19-tiltaka som blir gjort har skadeleg innverknad på fysisk og psykisk helse, og vi rekommenderer ei tilnærming vi har kalla Focused Protection,» står det i petisjonen.

«Den noverande nedstengingspolitikken produserer særs øydeleggande effektar på kort- og langsiktig folkehelse.»

Jay Bhattacharya

Petisjonen har til no fått 12 000 underskrifter. Den vart skriven av Sunetra Gupta frå University of Oxford, Jay Bhattacharya frå Stanford University, og Martin Kulldorff frå Harvard University.

Då han vart spurt om petisjonen, hadde dr. Nabarro berre godt å seie. «Verkeleg viktig poeng av professor Gupta,» sa han.

Kjelde: News.com.au

Det Nabarro faktisk sa i mars/april:

– Det er ubehag assosiert med ei ny implementering av nedstenging, men regjeringa må gjere det som er bra for viruskontrollen. Fart er svært viktig.

– Når historia blir skriven, vil vi dømast på grunnlag av kor raskt vi reagerte for å få denne pandemien under kontroll. Det vil kome ei tid når vi detaljert vil vurdere korleis det heile starta, og fastsette ansvar. No er ikkje tida for det.

– Eg vil også gjerne fortelle alle vedsleiarane den same tingen. På dette tidspunktet bør vi alle heve oss over skuldplassering og hjelpe til i kampen mot denne usynlege fienden.

Steng ned og kom ikkje med spørsmål! De vil bli dømde etter kor raskt de stengde ned! Ja, dét liknar jo veldig på “det fører berre til fattigdom” og “vi likte det aldri”.

Den einaste konklusjonen her er at dr. Nabarro er ein snublande landsbyidiot som ingen bør ta seriøst. Korfor lytta dei til han i mars?

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Israel:

Truer Iran med atom-utslettelse.

Forrige innlegg

Oberstløytnant om det store globale sjakkbrettet:

Det er sammenhengen her som er viktig, ikke lokale enkelthendelser.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.