POSTED IN Covid-19, Helse, Korrupsjon

WHO er ikke til for helsen til verdens befolkning.

Den er et redskap for legemiddelprodusentene.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

WHO er ein korrupt institusjon

av Dr. Joseph Mercola og Dr. Wolfgang Wodarg

Global Research, 24. november, 2021

Fundamental korrupsjon i Verdshelseorganisasjonen WHO bidrog til å skape ein «test-pandemi»

Dr. Wolfgang Wodarg, tidlegare sjef for helse i Europarådet, forklarer at omgrepet pandemi før vart brukt om alvorleg sjukdom og død spreidd over store geografiske område, men at dei no har endra definisjonen. Kriteria ‘alvorleg’ og ‘store dødstal’ er fjerna, så WHO kan no lage ein pandemi når som helst.

COVID-19 var ein «test-pandemi», ikkje ein virus-pandemi, for PCR-testane kan gi positivt resultat når dei finn fragment av koronavirus som har svirra rundt i 20 år, eit virusfragment som er for lite til å gjere deg sjuk, eller eit fragment av CoViD-19 som har vore der i fleire veker.

Massevaksinasjonskampanjen mot covid-19 er gjennomsyra av interessekonfliktar på eit grunnleggande nivå, og desse konfliktane set liva til folk i fare når dei prioriterer vaksineproduksjon framfor sjukdomsførebygging.

Som Wodarg seier: viss du vil tene pengar på vaksineproduksjon, så treng du nye marknadar der vaksinen din kan brukast, og nye sjukdommar, så du kan få selt den.

*

Dr. Wolfgang Wodarg, doktor i indremedisin og tidlegare helsesjef ved Europarådet, snakkar i dette intervjuet med Planet Lockdown om den fundamentale korrupsjonen til WHO og korleis organisasjonen bidrog til å framstille ein «test-pandemi»1

Frøa vart sådde for over eit tiår sidan, under 2009-pandemien H1N1 (svineinfluensaen). I 2010 anklaga Wodarg dei farmasøytiske selskapa for å påverke WHO si pandemi-erklæring, og kalla svineinfluensaen ein «falsk pandemi» som var driven fram av Big Pharma, farmasigigantane, som tente feitt på helsepanikken.2

I følge Wodarg var svineinfluensapandemien «ein av hundreårets største medisinskandalar».3 Wodarg, som den gongen var parlamentsmedlem i Tyskland, «visste at noko ikkje var rett då 800 tilfelle i Mexico vart erklært som pandemi».4

«Han byrja grave i saka og oppdaga eit kvepsebol av løgner og korrupsjon innan WHO. Han la fram eit lovforslag kalla ‘Falsk pandemi’ og gjorde mykje for å dempe den falske panikken som rådde, noko som forferda dei korrupte funksjonærane i desse institusjonane.»

Med ei endring av definisjonen kunne WHO skape pandemi når som helst

Hemmelege avtalar vart gjort mellom Tyskland, Storbritannia, Italia og Frankrike, og den farmasøytiske industrien før H1N1-pandemien starta. Der vart det bestemt at landa ville kjøpe svineinfluensavaksinane – men berre dersom WHO erklærte den som ein pandemi av grad 6.

swine-flu: Latest News, Videos and Photos of swine-flu | Times of India
Svineinfluensa var en ufarlig sykdom som ble gitt et vanskelig navn for å drive frem den frykten som trengtes for å få folk til vaksinere seg.

Seks veker før pandemien vart erklært, var ingen ved WHO bekymra for viruset, men media overdreiv likevel farane.5 Så, i månaden som leidde opp til 2009-pandemien, endra WHO den offisielle definisjonen av omgrepet pandemi, fjerna kriteria om alvorsgrad og høg dødsrate og landa på ein definisjon av ein pandemi som «ein global epidemi av ein sjukdom.»6

Dette skiftet av definisjon let WHO erklære svineinfluensaen som pandemi etter at berre 144 menneske i heile verda hadde døydd av infeksjonen.7 Medan svineinfluensapanikken etterkvart flata ut, så har det ikkje gått slik med covid-19, sjølv om dei reelle teikna på ein pandemi er fråverande. Som Wodarg forklarer, var det før slik at ein pandemi var assosiert med vidspreidd, alvorleg sjukdom og død, men slik er det ikkje lenger.8

«Det fanst ei forklaring på kva ein pandemi er, og den handla alltid om at mange, mange folk døydde av infeksjonar. Mange alvorlege sjukdommar, overfylte sjukehus. Det var ein katastrofe … og alle i gata ville merke at det var ein pandemi fordi naboane ville bli sjuke, folka på jobben ville bli sjuke. På bussen ville du sjå folk som hosta.

I ein reell pandemi … er dette slikt som vi alle ville oppleve. Slik var pandemien. Og WHO endra den.»

Då dei endra kriteria for alvorsgrad og høg dødsrate, kunne WHO skape ein pandemi når dei skulle ville det.

«Pandemien er berre eit bilde skapt av media, som gjer oss redde. Men det folk opplever, er ikkje det vi brukte å forstå med ordet epidemi eller pandemi,» seier han.9 No har ordet pandemi med frykt å gjere, ikkje sjukdommar. «Det er eit varemerke for frykt.»

COVID-19 er ein «Test-pandemi»

Viss det ikkje har vore ein verkeleg pandemi, etter den gamle definisjonen av ordet, kor får i så fall media og styresmaktene alle desse høge tala på covid-19-tilfelle frå? Det kjem av PCR-testen.

«Den vart akseptert av WHO, og dei sa at når testen er positiv, så har vi eit tilfelle av covid-19. Og det var slik dei byrja telje tilfelle,» seier Wodarg. «Det dei telde, var testaktiviteten. Og jo meir dei testa, desto fleire tilfelle fann dei.»10

Positive testar av typen reverse transcription polymerase chain reaction (RT-PCR, revers transkripsjon, polymerase-kjedereaksjon) er ikkje utforma for bruk som diagnoseverktøy, for dei kan ikkje skille mellom inaktive (ikkje-smittsame) virus og «levande», eller reproduktive, virus.11

group of women doing yoga
De fleste som tester positivt på testen er friske.

Inaktive og reproduktive virus kan ikkje samanliknast når det gjeld kor smittsame dei er. Dersom du har eit ikkje-reproduktivt virus i kroppen din, vil du ikkje bli sjuk av det, og du kan heller ikkje spreie det vidare til andre. Dessutan er det slik at mange av laboratoria, om ikkje alle, forsterkar RNAet som er samla inn altfor mange gongar, noko som resulterer i at friske folk testar «positivt».

Jo høgare syklusterskel (cycle threshold, CT) – dvs. talet på forsterkingssyklusar som blir brukt for å finne RNA-partiklar – desto større er sjansen for å få ein falskt positiv. Sjølv om det er vurdert at ein CT på over 35 ikkje kan rettferdiggjerast vitskapeleg sett,12,13, så har FDA og CDC i USA (U.S. Food and Drug Administration og U.S. Centers for Disease Control and Prevention) rekommandert å køyre PCR-testane med ein CT på 40.14

Ein test kjend som Corman-Drosten som Verdshelseorganisasjonen har tilrådd, vart sett til 45 syklusar.15,16,17. Når laboratorium brukar slike overdrivne syklustersklar, endar ein opp med eit grovt overestimert tal positive testar, så det vi eigentleg står overfor er ein «tilfelledemi» («casedemic»)18,19 – ein epidemi av falskt positive tilfelle.

Wodarg seier covid-19 «var ein ‘test-pandemi. Det var ikkje ein viruspandemi,»20 ettersom PCR-testane kan gi eit positivt resultat når dei oppdagar koronavirus som har funnest i 20 år. Han forklarer:

«SARS-virusa er veldig lange RNA-virus. Det er 30 000 bokstavar i denne genetiske informasjonen. PCR-testen tar berre ein liten bit av dei, eller to bitar. Så to ord av ei heil bok … allereie før du byrjar teste kan du estimere kor ofte testen vil gi positivt utslag. Viss du tar ein sekvens som finst i mange variantar av virus, vil du få mange positive testar.»21

PCR-testen testar berre for visse sekvensar av RNAet. Den gir eit positivt resultat om den berre finn eit lite fragment; den treng ikkje heile viruset. Om viruset var der for fleire veker sidan, eller du har eit snev av viruset i kroppen, men ingen infeksjon, så kan testen likevel vise positiv og det kan plussast på med endå eit «covid-19-tilfelle», sjølv om du faktisk ikkje er sjuk.

COVID-19-sprøyta og interessekonfliktar som set liv i fare

Massevaksinasjonskampanjen mot covid-19 er gjennomsyra av interessekonfliktar på grunnleggande nivå, og desse konfliktane set menneskeliv på spel når dei prioriterer vaksineproduksjon framfor sjukdomsførebygging. Som Wodarg seier, om du ønsker tene pengar på vaksineproduksjon, så treng du nye marknadar der dei skal brukast og nye sjukdommar så du får seld vaksinen.

«Dette er ei svært alvorleg sak,» seier han, som ikkje har noko å gjere med helse eller hygiene – «det har med kriminologi å gjere».22

«Når dei vil selje vaksinane sine, treng dei folk som er sjuke, slik at dei kan gjere kliniske studiar. Så når det er eit utbrot, og dei vil gjere kliniske studiar med vaksinen sin for å verne folk mot sjukdommen som nett er i utbrot … det er ein interessekonflikt.

Viss ein har normale måtar å stoppe infeksjonen på, med hygiene, med distansering, med isolasjon, med å konsultere folk, gi råd om korleis ein bør te seg … viss ein stoppar sjukdommen raskt, vil ein ikkje greie å finne mange nok tilfelle til å gjennomføre ein studie.»

Så vi har ein «pandemi» som er basert på ein test som ikkje provar infeksjon, men som berre gjorde folk redde. Og den frykta var grunnlaget for å seie at vi treng ein vaksine. Men sprøytene fungerer ikkje.

I november 2020 annonserte Pfizer, saman med Tysklands-baserte BioNTec, at deira mRNA-baserte injeksjon var «meir enn 90% effektiv» i eit fase 3-forsøk.23 Men dette betyr ikkje at 90% av folka som blir injiserte vil vere verna mot covid-19, ettersom talet er basert på relativ risiko-reduksjon (RRR).

Den absolutte risiko-reduksjonen (ARR) for sprøyta ligg på under 1%. «Sjølv om RRR berre tar omsyn til deltakarar som kan dra nytte av stikket, tar den absolutte risiko-reduksjonen (ARR), som er skilnaden på angrepsrate med og utan stikket, omsyn til heile befolkninga. ARR har ein tendens til å bli ignorert, for talet viser ein mykje mindre imponerande verknadsgrad/effektivitet ein RRR viser,» skreiv forskarar i The Lancet Microbe i april 2021.24

Ikkje desto mindre har sprøyta fått naudbruksautorisasjon, noko som har brøyta veg for obligatoriske vaksinar og andre overgrep mot den personlege fridommen og helsa di.

Vil vaksinerte folk ende opp sjukare?

Mangelen på effektivitet er ein av hovudgrunnane til at Wodarg trur dei fleste ikkje treng ei covid-19-sprøyte. Dei andre grunnane inkluderer alvorleg risiko for biverknadar av desse eksperimentelle sprøytene, og det faktum at kryssimmunitet eksisterer på grunn av mange tidlegare eksponeringar for andre koronavirus hos dei fleste.25 «Dei genetisk produserte såkalla vaksinane er ikkje nødvendige, fordi vi har immunitet.»26

Han slår fast at immunsystemet ditt er godt utstyrt til å verne deg, og nye virale eksponeringar kvart år hjelper til med å halde dette komplekse systemet ved like og oppdatert. Risikoen aukar når du unngår eksponering for virus som held kroppen din i beredskap:

«Dei nye som kjem .. det er litt arbeid for immunsystemet ditt å gjere ei oppdatering, men dei gjer ikkje folk veldig sjuke, berre i nokre få, sjeldne tilfelle.

Når vi ikkje er trente, eller vi ikkje har hatt kontakt med virus på lang tid, fordi vi var isolerte aleine ein plass, utan barnebarn på kneet, utan å oppleve noka opptrening – det blir det same som når du ikkje har trent på lenge og plutseleg må klatre opp eit høgt fjell. Kanskje får du hjartefeil og døyr – kanskje du døyr når du får kontakt med noko som immunsystemet ditt har gløymd.»27

Piggproteinet, som sprøytene stimulerer cellene dine til å produsere, er også djupt urovekkande, sidan det er giftig:

«Vaksinar blir lagde for å stimulere cellene våre. Vi veit ikkje kva for celler, eller kor injeksjonen går, men dei cellene som får kontakt med vaksinen produserer piggprotein som er svært giftige. Vanlegvis kjem ikkje desse piggproteina inn i blodet, det er difor vi ikkje blir alvorleg sjuke av koronavirus. Når ein injiserer dei, blir dei leidde utanom den naturlege immuniteten.»28

Dette er ei sannsynleg årsaksforklaring til at det er så mange sideeffektar assosiert med sprøytene, for å injisere desse piggproteina er unaturleg og svært farleg. Det har seinare blitt avslørt at piggproteinet aleine er nok til å forårsake inflammasjon og skadar i det vaskulære systemet (blodårene, venane, kapillæra) sjølv utan at eit virus er involvert.29

Dessutan, seier Wodarg , når kroppen din først har blitt injisert med piggproteinet, kan den respondere med overreaksjon neste gong den kjem i kontakt med eit typisk koronavirus. Det kan føre til farleg cytokinstorm.

Når ein skal telje opp covid-19-tilfelle denne vinteren, trur Wodarg det er viktig å spørje om personen har mottatt covid-19-sprøyta eller ikkje. «Eg er ganske sikker på,» seier han, «at dei som er vaksinerte vil bli dei alvorlege tilfella, og at dei som ikkje er vaksinerte berre vil oppleve ei normal forkjøling.»30

Eit anna poeng er det at når du først er vaksinert, så har dei alle dataa dine – serienummeret på sprøyta, dato og tidspunkt. Så du er del av eit klinisk eksperiment du aldri har gått med på, og det er inga gjennomsiktigheit kring den involverte risikoen. Wodarg trur den pandemiske «krisa» blir forlenga frå månad til månad fordi det hjelper injeksjonsstudiane, sjølv når det er massive interessekonfliktar involvert.

Om du lyttar til media, blir du hjernevaska til å tru at stikket er nødvendig. Men ikkje fall for reklamen, heller ikkje det om at stikket vil gi deg fridommen tilbake. Wodarg seier:

«Du vil ikkje få reisefridom. Du vil bli kontrollert like fullt. Fordi det neste viruset allereie kjem, ventar neste sprøytestikk. Dei ønsker å halde dette spelet gåande med oss, med vaksinar og med vaksinepass. Det er berre denne marknaden sin perfekte kontroll, og det har ingenting med helse å gjere. Så vi må stoppe det.»31

*

Omsett av Monica Sortland

Følg Global Research på Instagram, @crg_globalresearch. Lik og del!

Notes

1, 4 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021

Daily Mail January 17, 2010

The Times of Israel May 14, 2020

5, 7 BitChute, TrustWHO

Wayback Machine, WHO Pandemic Preparedness September 2, 2009 (PDF)

Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 2:05

Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 5:40

10 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 8:50

11 CDC 2019 Novel Coronavirus RT-PCR Diagnostic Panel July 13, 2020 (PDF)

12 The Vaccine Reaction September 29, 2020

13 Jon Rappoport’s Blog November 6, 2020

14 FDA.gov CDC 2019-nCoV Real-Time RT-PCR Diagnostic Panel Instructions, July 13, 2020 (PDF) Page 35

15 WHO.int Diagnostic detection of Wuhan Coronavirus 2019 by real-time RT-PCR, January 13, 2020 (PDF)

16 WHO.int Diagnostic detection of 2019-nCOV by real-time RT-PCR, January 17, 2020 (PDF)

17 Eurosurveillance 2020 Jan 23; 25(3): 2000045

18 PJ Media October 27, 2020

19 AAPS October 7, 2020

20 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 14:02

21 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 9:40

22 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 16:30

23 Pfizer November 9, 2020

24 The Lancet Microbe April 20, 2021

25 Medical Hypotheses November 2020, Volume 144, 110049

26 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 29:03

27, 28 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 25:15

29 Circulation Research March 31, 2021

30 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 28:16

31 Rumble, Planet Lockdown, Wolfgang Wodarg, Full Interview, October 18, 2021, 34:57

Featured image is from Children’s Health Defense

Original kjelde for artikkelen: Mercola

Copyright © Dr. Joseph Mercola and Dr. Wolfgang WodargMercola, 2021

Forsidebilde: Michal Matlon

Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 415 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Nei, dette har ingenting med helse, pandemi eller beskyttelse av innbyggerne å gjøre.
    Da hadde vi fått informasjon istedenfor propaganda og manipulerte tall.
    Og ikke latterliggjøring og/eller demonisering av de som prøvde å bryte hysteriet ved å komme med faktaopplysninger og riktige tall. Eller god informasjon om hva som kan bygge opp immunforsvar og alternative kjente medisiner.
    Dette dreier seg om noe helt annet.
    Hva, – vil til slutt komme fram. Og så et oppgjør.
    Man kan lure alle en liten stund, noen hele tiden. – Men ikke alle hele tiden.

    Svar
  • Monica Sortland
    14 desember 2021 16:36

    Meir om RRR og ARR:
    «Consider the following statements:

    «If I buy two lottery tickets I will double my chances of winning, increasing my chances by 100%.»
    «If I buy two lottery tickets, my chance of winning is 2 in 20 million, so an absolute increase in my chances of winning is 0.0001%»»

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nå skal vi stenge ned for en mild influensa.

Er dette fremtiden vår?

Previous Post

Dette dreier seg om frihet.

Store protester mot vaksinekrav i Østerrike.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.