POSTED IN USA

Voltaire.net:

I ly av Korona-utbruddet tar noen seg politisk til rette.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Kuppmakarar i skuggen av koronaviruset

av Thierry Meyssan

Voltaire Network | Damaskus (Syria) | 31. mars 2020

Medan blikket til folket er nagla til dei aukande koronavirustala, føregår det ei grundig endring i leiarskiktet, der høgtståande representantar for helsevesenet no rangerer over politikken. I skuggane agiterer bankmenn og soldatar i håp om å konfiskere makta for eiga vinning.
1. Februar instruerte USAs forsvarminister Mark Esper general Terrence J. O´Shaughnessy om å være klar. Den 13. februar forklarte O`Shaughnessy overfor senatets Komite for de væpnete tjenester at han forberedte seg for det verst tenkelige scenariet. I etterkant av en helsekatatrofe vil «planen om Regjeringens kontinuitet» gjøre han til den neste diktator (i den gammeldagse betydningen) i USA.

Forvaltningslogikken sin forrang over den politiske logikken

Mange av styresmaktene i dei industrialiserte landa har tatt ei avgjerd om å reagere på Covid-19-epidemien med innesperring av folket. Denne strategien bygger ikkje på medisinske vurderingar – der har isolasjon av friske folk aldri vore praksis – men på god styring av medisinske ressursar for å hindre ei massiv innstrauming av sjuke folk som kunne sprenge sjukehuskapasiteten. Få industrialiserte land, som t.d. Sverige, har avvist denne administrative tilnærminga til epidemien. Dei har vald ei medisinsk tilnærming og praktiserer difor ikkje generalisert innesperring.

Den første lærdommen av denne perioden er difor at i industrialiserte land er forvaltningslogikken no rangert over den medisinske erfaringa.

Men sjølv om eg manglar medisinsk ekspertise, er eg ikkje i tvil om at fleire tusen år med medisinsk erfaring kan vere meir effektivt mot ein sjukdom enn byråkratiske oppskrifter. Ser vi vidare på dette fenomenet, ser vi dessutan at Sverige no har 10 dødsfall per million innbyggarar, medan Italia sørgar over 166 per million. Sjølvsagt er dette berre starten på epidemien, og desse to landa er svært ulike. Men Italia kjem truleg til å måtte hanskast med både ei andre og ei tredje bølge med infeksjonar, medan Sverige vil ha oppnådd gruppeimmunitet og vere verna frå dette.

Høgtståande helserepresentantar sin forrang over dei folkevalde representantane

Når det er sagt, så skadar denne vidtfemnande innesperringa av folk ikkje berre økonomien, men også statsstyringa. Overalt ser vi korleis politikarane sine ord blir blasse i høve til dei høge helsetenestemennene sine, sjølv om det burde vore omvendt. Det gir meining, for avgjerda om å innskrenke utegåinga er reint administrativ. Vi har kollektivt blitt einige om å kjempe for sjukehusa og verne oss mot sjukdom.

Dessverre har vi ikkje, i motsetning til kva det det ser ut som, blitt meir effektive. Det ser alle. Til dømes har ikkje medlemslanda til EU greidd å forsyne landa med nødvendig medisinsk utstyr og medikament i god tid. Dei vanlege reglane har skulda for dette. Til dømes har den økonomiske globaliseringa resultert i at det berre finst éin produsent av respiratorar, og denne er kinesisk. Anbodsprosessane tar fleire månadar, og dei politiske retningslinjene for å overstyre prosessane finst ikkje lenger. Berre USA har klart å løyse dette problemet raskt ved å forplikte selskap.

Frankrike, som i Andre verdskrig under Philippe Pétain opplevde eit administrativt diktatur kjent som «Den franske staten», har allereie over dei siste tre tiåra opplevd at høgtståande funksjonærar har gripe makta. Ein snakkar om ENArchie [ENA= Ecole Nationale d’Administration]. Administrasjonen har halde kunnskap om forvaltninga skjult for politikarane, kunnskap som ei opphoping av lokalt og nasjonalt mandat har overdratt den.

No for tida er folkevalde dårlegare informert enn dei høge funksjonærane og har alskens problem med å kontrollere dei.

På same måten som høge helsefunksjonærar brått har fått ein autoritet dei normalt ikkje har, aspirerer også bankmenn og militære til ei slik forfremming for politikarane si rekning.

Bankmenn som lurer i skuggane

James Gordon Brown er en britisk politiker. Han er tidligere statsminister i Storbritannia og tidligere leder for det britiske arbeiderpartiet. Han var finansminister mellom 2. mai 1997 og 27. juni 2007, noe som gjør ham til den finansministeren som har sittet lengst siden tidlig på 1800-tallet. Wikipedia

Tidlegare finansminister og statsminister for Storbritannia Gordon Brown publiserte eit stykke i avisa Financial Times [1]. Der argumenterte han for å bruke frykten for Covid-19 til å få til det dei feila i under finanskrisa 2008. Den gongen feila han i forsøket på å skape ei global finansiell regjering, og måtte nøye seg med berre konsultasjonar med G20. Det ville vere mogleg i dag, sa han, å skape ei global helseregjering. Og å teste kva for makter som burde inviterast til å bli permanente medlemmar av Sikkerheitsrådet.

Det finst ingen grunn til å tru at ei slik global regjering skulle bli noko betre enn nasjonale regjeringar. Det einaste som er sikkert, er at den ville unndra seg alle former for demokratisk kontroll.

Dette prosjektet har ikkje betre sjansar for suksess enn den globale finansregjeringa hadde. Gordon Brown var også ein standhaftig tilhengar av å halde Storbritannia i EU. Igjen tapte han.

Djupstaten i USA lurer i skuggane

Historisk sett har ein under alle kriser prøvd å bruke argumentet «nødsfall» for å endre Makta utan å gi folk tid til å tenke, ofte med suksess.

Den 30. januar, 2020 erklærte WHO ein «tilstand av folkehelsekrise av internasjonal betydning». Neste dag signerte forsvarsminister Mark Esper i løynd ein Warning Order som slo fast at NorthCom (United States Military Command for North America) skulle stå i beredskap , klare til å ta i bruk «Continuity of Government«-reglane.

Desse reglane har klassifiseringsgrad Above-Top Secret (over topphemmeleg), som betyr at kommunikasjon er avgrensa til personar med høgaste klareringsnivå og med eit Special Access Program (SAP).

Dwight David Eisenhower var en yrkesoffiser og politiker i USA for Det republikanske parti. Han var landets 34. president fra 1953 til 1961. Mot slutten av andre verdenskrig var han øverstkommanderende for allierte styrker i Vest-Europa. Wikipedia

Det bør hugsast at prinsippet «continuity of government» blei smidd i byrjinga av Den kalde krigen. Det var forma for å beskytte USA dersom det skulle bryte ut kjernfysisk krig mot Sovjetunionen og presidenten, visepresidenten og leiaren for Representanthuset skulle dø eller på anna vis bli ute av stand til å utføre vervet sitt. I følge eit skriftleg direktiv frå president Dwight Eisenhower skulle ei provisorisk militær regjering sørge for kommandokontinuitet under krigen, fram til demokratiske prodedyrar kunne gjenopprettastd [2].

Denne erstatningsregjeringa vart aldri etterspurd, unntatt den 11. september, 2001 av National Counter-Terrorism Coordinator Richard Clarke [3]. Men om enn landet fekk seg eit skrekkeleg slag, så var verken presidenten, visepresidenten eller Representanthuset sin leiar døde eller sette ut av funksjon, så derfor konkluderte eg med at det var eit statskupp. Uansett fekk president George Bush Jr. tilbake sine særrettar same kvelden, og det vart aldri gitt noka forklaring på kva som hende under dei ti timane han var suspendert [4].

I følge Pentagon-eksperten William Arkin, i Newsweek [5], finst der no sju ulike planar: 

  Rescue & Evacuation of the Occupants of the Executive Mansion (RESEM) for å beskytte presidenten, visepresidenten og familiane deira.

  Joint Emergency Evacuation Plan (JEEP) for å beskytte forsvarsministeren og nøkkelpersonar i det militære leiarskiktet. 

  Atlas Plan for å beskytte medlemmar av Kongressen og Høgsterett. 

  Octagon, som ein ikkje veit noko om. 

  Freejack, også ukjent. 

  Zodiac, framleis ukjent. 

  Granite Shadow, som sørgar for utplassering av spesialeiningar i Washington og stipulerer vilkåra for bruk av makt og gjennomfart under militær autoritet [6].

Ein ser at RESEM skal beskytte presidenten og visepresidenten, men berre kan brukast dersom dei er døde eller forhindra.

Uansett vil implementeringa av desse sju planane vere NorthCom sitt ansvar, under leiinga til ein opphøgd ukjent, general Terrence J. O’Shaughnessy.

Hugs at etter USAs lover skal denne mannen bli diktator av USA berre dersom dei tre første valde tenestemennene av den føderale staten skulle dø eller bli inkapable. Men i praksis har forgjengaren hans, general Ralph Eberhart, nokre gongar utøvd denne makta utan at desse vilkåra har vore stetta. Eberhart, 73 år gamal, dirigerer no USAs viktigaste selskap for militær avionikk.

General O’Shaughnessy fortalde Senate Armed Services Committee den 13. februar at NorthCom førebudde seg på det verste. Til dette held dei dagleg kontakt med dei ti andre US-amerikanske sentralkommandoane for verda [7].

U.S. Northern Command er en av de ni felles hovedkommandoene i det amerikanske forsvarsdepartementet. Kommandoen ble opprettet i 2002 som en følge av terrorangrepet 11. september 2001, og har i oppgave å beskytte det amerikanske territoriet mot angrep og støtte lokale, delstatlige og føderale myndigheter. Wikipedia

NorthCom har myndigheit over ikkje berre USA, men også Canada, Mexico og Bahamas. Etter internasjonale avtalar kan dei på eige initiativ utplassere US-amerikanske troppar til desse tre landa.

I 2016 signerte president Barack Obama det topp-hemmelege direktivet Presidential Policy Directive 40 on «National Continuity Policy». To dagar før Donald Trump inntok presidentstillinga signerte FEMA-administrator Craig Fugate direktivet Federal Continuity Directive 1, som spesifiserer nokre av detaljane på lågare nivå.

Dei har tenkt på alt, og er førebudde på det verste. Utbrotet forsyner dei med motivet til å handle. Så spørsmålet som talsmannen for det kinesiske utanriksdepartementet, Zhao Lijian, stilte, om USAs militære med overlegg kan ha slept ut viruset, gir meining.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

Forsidebilde v/Sean Driscoll

[1] “End the dog-eat-dog mentality to tackle the crisis”, Gordon Brown, Financial Times (UK), Voltaire Network, March 26, 2020.

[2] Continuity of Government: Current Federal Arrangements and the Future, Harold C. Relyea, Congresionnal Research Service, August 5, 2005.

[3] Against All Enemies: Inside America’s War on Terror, Richard Clarke, Free Press (2004).

[4] A Pretext for War: 9/11, Iraq, and the Abuse of America’s Intelligence Agencies, James Bamfort, Anchor Books (2005).

[5] “Exclusive: Inside The Military’s Top Secret Plans If Coronavirus Cripples the Government”, William M. Arkin, Newsweek, March 18, 2020.

[6] “Top Secret Pentagon Operation “Granite Shadow” revealed. Today in DC: Commandos in the Streets?”, William Arkin, Washington Post, September 25, 2005.

[7] Hearing to receive testimony on United States Northern Command and United States Strategic Command in review of the Defense Authorization Request for fiscal year 2021 and the future years Defense Program, Senate Committe on Armed Service, February 13, 2020.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • » Historisk sett har ein under alle kriser prøvd å bruke argumentet «nødsfall» for å endre Makta utan å gi folk tid til å tenke,…»

    Når det først er skapt frustrasjon og forferdelse i en befolkningen/gruppe, jo mer grusomme fortellinger jo bedre, så slutter folk å tenke.
    Vi har sett det etter 2. verdenskrig, der tullete grusomheter fra «tidsvitner», fikk folk til å godta hva som helst av røverhistorier.
    Senere forbud mot å dissekere og diskutere røverhistoriene er derfor nødvendig for å holde det tilranede maktgrepet inntakt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

En gründer innen reiseliv:

Livsverk raseres nå.

Forrige innlegg

Korona-statistikk kan være nyttig:

Men nå misbrukes den til skremsel.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.