POSTED IN USA

Voldsomme midler for å undertrykke motstand mot USAs Ukraina-politikk.

Kritiske røster i USA defineres nå som russiske agenter. Hjemmene stormes av FBI.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Er denne mannen ein russisk agent som opererer blant St. Louis’ Svarte?

Av Jeremy Kuzmarov den 25/04/2023

USAs justisdepartement har nett sikta han og tre andre medlemmar av African People’s Socialist Party for fremjing av russisk propaganda — men det dette liknar på, er at Biden-administrasjonen har leita etter ein syndebukk som kan rettferdiggjere den anti-russiske offensiven, og har funne ein på ein kjend stad.

Den 18. april kunngjorde Justisdepartementet  tiltalen mot fire av leiarane til African People’s Socialist Party (APSP) samt tre russiske statsborgarar for angiveleg å ha jobba på vegner av den russiske regjeringa og Den russiske føderasjonens sikkerheitsteneste (FSB) i ein «vondarta påverknadskampanje» designa for å «så splid» og «fremje russisk propaganda».

Justisdepartementet hevdar at dei saksøkte russarane rekrutterte, finansierte og gav ordrar til APSP-leiar Omali Yeshitela og tre andre APSP-medlemmar (Penny Joanne Hess, Jesse Nevel og Augustus C. Romain, Jr.—alias Gazi Kodzo) — for å agere som uregistrerte (og derfor illegale) agentar for den russiske regjeringa, og at dei i løynd finansierte og gav ordrar til kandidatar til lokale offentlege stillingar i USA.

Kurt Ronnow [Source: linkedin.com]

Skuldingane har ei strafferamme på maksimalt ti år i fengsel.

Kurt Ronnow, fungerande visedirektør for FBIs kontraetterretningsavdeling, sa at kunngjeringa «målar eit rystande bilde av den russiske regjeringa sine aksjonar og kor langt FSB er villige til å gå for å blande seg inn i vala våre, så splid i nasjonen vår og til sist rekruttere US-amerikanske statsborgarar til arbeidet sitt.»

Ifølge aktoratet opererte ein av dei anklaga russarane, Aleksandr Ionov, ei eining kalla Russlands anti-globaliseringsrørsle, som rekrutterte organisasjonar med sete i USA til å hjelpe til med å endre valresultat, få det til å sjå ut som det var sterk støtte i USA for Russlands invasjon av Ukraina, og til å støtte slikt som oppropet til FN i 2015 om å fordømme «folkemordet på afrikanske folk» i USA, og ein APSP-oppreisningsturne.

Aleksandr Ionov [Source: bbc.com]

Yeshitela skal ha reist frå Tampa til Moskva i mai 2015 på ein alle kostnadar dekka-tur til ein konferanse om separatisme, og for å treffe Ionov og andre russarar for å «kommunisere om framtidig samarbeid», ifølge ein Ionov-e-post.

Omali Yeshitela

Ionov skal angiveleg ha eit nært forhold til den anklaga russiske agenten Maria Butina og Jevgeny Prigozhin, “Putins kokk”, som USA har lagt sanksjonar på på grunn av Kremls påståtte innblanding i presidentvalet i 2016, og promotering av at California skal skille seg ut av USA, ved  betaling for plakatar som reklamerte for eit folkemøte for utskilling som fann stad i Sacramento på Valentinsdagen i2018.

Følgene av Yeshitelas 2015-møte med Ionov i Moskva, var  ifølge tiltalen, skjult russisk finansiering og støtte til ulike aktivitetar i USA fram til sommaren 2022, inkludert demonstrasjonar i hovudstadane tilCalifornia og Georgia og i eit ikkje namngitt sosialt medieselskap i San Francisco, som hadde lagt restriksjonar på postar som støtta Russlands invasjon av Ukraina.

Jesse Nevel

I august 2016 er det sagt at Ionov skal ha beordra APSP å publisere ei erklæring til støtte for Russlands olympiade-lag då dette hamna i ein doping-skandale.  Artikkelen publisert i The Burning Spear, APSPs avis, hadde tittelen: “Imperialistar utviser Russland frå OL 2016!” APSP seier ‘la Russland spele!’”

APSP skal ha tatt imot rundt $7,000 frå russiske regjeringskjelder totalt, men det er uklart utifrå tiltalebeslutninga korleis Yeshitela eller andre i APSP kunne ha visst at Ionov si gruppe var ein front for FSB — viss det stemmer at han var det.

Etter at Russland starta sin spesielle militæroperasjon i Ukraina i februar 2022, deltok Yeshitela på to web-konferansar med Ionov (“Live with Russia” og “Negating Colonial Lies”).

Ionov si gruppe skal i tillegg i løynd ha gitt pengar til ein APSP-medlem som stilte som kandidat til byrådet i St. Petersburg (i Florida, USA) i 2019, Eritha Akilé Cainion, som heldt ein nyheitskonferanse i 2022 der ho sa — heilt treffsikkert —at «verdas kolonimakter har rotta seg saman mot Russland» i over eit hundreår.

Eritha Akilé Cainion [Source: floridapolitics.com]

Resultat av Russia Gate-hysteriet, eller var det ei felle?

Hr. Ionov avviste tiltalen på Facebook: «Eg har aldri sett maken til nonsens og bedrag. Der finst ingen spesifikke namn på tenestepersonar, der er ingen bevis for finansiering, og der er ingen forståelege argument.»

Han heldt fram: «Den ukrainske krisa har drive amerikanske tenestemenn frå vitet! Kameratar, no ser de kva slags ’demokrati’ som eksisterer i USA!»

Grunnleggaren av Grayzone Project, Max Blumenthal tvitra etter kunngjeringa om siktinga: «denne falske og rasistiske saka [mot APSP] er eit resultat av Russiagate-hysteriet som overtydde millionar av amerikanarar om at Russland betalte dissident-grupper for å destabilisere det US-amerikanske politiske systemet. FBI greidde ikkje å finne noko verkeleg, så dei gjekk etter Det afrikanske folkets sosialistiske parti».

 Max Blumenthal

Blumenthal verkar ha rett, men det er også mogleg at Ionov er dobbeltagent eller ein av USAs etterretningstenester sine tilgangar, eller at han vart utpressa av dei, og at Yeshitela og APSP vart narra inn i ei felle.

Korfor elles skulle russarane kurtisere, eller utnytte, ein obskur afro-amerikansk sosialistisk organisasjon i eit avgjort kapitalistisk land med lite påverknad på noko som helst? Og støtte sjanselause saker som lausriving av California, eller politiske kandidatar utan håp i eit race om byrådet?

Caitlin Johnstone [Source: everipedia.org]

Bloggaren Caitlin Johnstone peika på hykleriet til regjeringa i USA når dei konstant engasjerer seg i operasjonar for påverknad i utlandet, via grupper som National Endowment for Democracy (NED), som vart oppretta for å hjelpe til med å starte kupp og fargerevolusjonar og fremje US-amerikanske informasjonsinteresser openlyst, slik CIA brukte gjere det i skjul. Ifølge Johnstone: når utlandske regjeringar prøver å stoppe denne aktiviteten, påberopar USAs utanriksdepartement seg «ytringsfridom», noko dei tydelegvis bryr seg mindre om i APSP-saka[1].

FBIs natt-raid og forløparane

Som eit preludium til 18. april-tiltaleavgjerda sette FBI i verk eit valdeleg  raid før daggry i heimen til Yeshitela på austsida av St. Louis den 29. juli. Agentar i kamputrustning med automatvåpen knuste vindauga, slo ned døra og fyrte av dødelege flash-bang-granatar av militær type (også kalla «hjernerystingsgranatar).

FBI laga eit stort show av raidet framfor heile nabolaget, okkuperte ein nabo sin hage, og slo ned døra hans og.

Scene from military-style raid outside Omali Yeshitela’s home
Kampkledde FBI-enheter som stormer hjemmet til Yeshitela

Så audmjuka dei Yeshitela og kona hans ved å tvinge dei utandørs med våpen, sette handjern på dei framfor auga på naboane og tvinge dei til å vente medan FBI ransaka heimen deira og fjerna datautstyr, APSP-filer og anna elektronisk utstyr.

Omali Yeshitela stands before his home and speaks to supporters after FBI raid on July 29.

Spetakkelet den 29. juli var ikkje første gongen Yeshitela hadde fått erfare å bli mål for politiet for sin politiske aktivisme. Då han arbeidde som organisator i Student Non-Violent Coordinating Committee (SNCC) 1960-talet (då som Joe Waller), vart Yeshitela arrestert for å ha rive ned ein rasistisk freske i rådhuset i St. Petersburg, Florida, under ein demonstrasjon.

 Omali Yeshitela speaking before crowd in late 1960s. [Source: apspuhuru.org]

Då Yeshitela kom ut av fengsel, organiserte han ein Black Power organisasjon som vart offer for FBIs notoriske kontra-etterretningsoperasjon COINTELPRO.

Økonomisk sjølvråderett

Inspirert av Malcolm X og Black Panther Party, vart APSP offisielt grunnlagt i 1972, med mål om å frigjere Svarte folk frå åket av det kvite overherredømmet, kolonialisme og nykolonialisme i USA og rundt om i verda.

På 1980-talet sette gruppa opp vellykka afro-amerikansk-kontrollerte økonomiske institusjonar som til dømes Uhuru Bakery Café i Oakland, og etablerte det første tribunalet som kravde erstatning og oppreisning for folk av afrikansk opphav.

Gruppa har også bygd basketball-baner, og etablert eit program for å trene afro-amerikanske kvinner til å bli jordmødre for å hjelpe til med å redusere barnedødsratane i dei nordlege delane av St. Louis. Andre jobbtreningsprogram hjelpte svarte eks-fangar til å bli gjenintegrerte i samfunnet.

Bygge relasjonar med kven vi vil

Akilé Anai er leiaren for APSP i St. Petersburg som tiltalen seier har mottatt russiske pengar då ho stilte til val for byrådet i 2019 på ein oppreisningsplattform (ho fekk 18% av røystene). Då FBI la beslag på bilen hennar under 29. juli-raidet, sa ho at APFP «kan ha relasjonar med kven vi vil,» og at aksjonen til FBI var ein del av ein “propaganda-krig som blir ført mot Russland kvar einaste dag i nyheitene..”

Akilé Anai [Source: uhurusolidarity.org]

COINTELPRO Redux

Ajamu Baraka, leiar for Black Alliance for Peace, tvitra etter juli-raidet at Svarte radikale igjen var i målsiktet fordi dei ikkje var på linje med USAs imperialistiske agenda i Ukraina.»

Ajamu Baraka

Advokat og organisator Kamau Franklin slo fast: «Dette er ein COINTELPRO-operasjon som er meint å øydelegge Svarte organisasjonar.»

[Source: loveancestry.com]

COINTELPRO-operasjonen har inkludert utskriving av sanksjonar mot APSP, som har blitt hindra lån avRegions Bank, blitt blokkerte av Facebook frå å gjere innsamlingsaksjonar, har fått frose over $9,000 i donasjonar av GoFundMe, blitt blokkert frå betalingar av Stripe, og har fått oppheva ein tidlegare godkjent stønad på $36,801 til ein Svart radiostasjon av Pinellas County Commission.

Omali Yeshitela samanliknar den økonomiske aggresjonen med det som USAs regjering og samfunnet retta mot Marcus Garvey og hans United Negro Improvement Association (UNIA) på 1920-talet, og med bombinga av Tulsas «Black Wall Street» og øydelegginga av Black Panther Party sine overlevnadsprogram for Svarte samfunn.

Marcus Garvey

Yeshitela fortalde CovertAction Magazine i eit intervju sist august at regjeringa sine skuldingar om at African People’s Socialist Party vart brukt som brikker i eit spel om russisk innblanding i USAs val, var «latterleg» og «juks», og at FBI-raidet på heimen hans var «eit angrep på den Svarte frigjeringsrørsla» og det arbeidet somAPSP gjorde for å løfte det fattige folket i dei nordlege delane av St. Louis [og St. Petersburg], tidlegare slavar som lever i svært dårlege kår.

Under raidet peika politiet på han med ein laserstråle, og kona hans vart nesten slått over ende av ei drone, fortalde Yeshitela og viste til ein plan på 1970-talet, promotert av St. Louis by sine leiarar, t.d. seinare leiar for House Majority leader Richard Gephardt (1989-1995), som hadde til mål å bygge opp dei sørlege delane av St. Louis, der Kvite budde, og rive tusentals heimar i dei nordlege delane avSt. Louis, der dei Svarte budde.  Rehabilitering av forfalne bygg der var sett på som «uøkonomisk».

What was left of Black Wall Street after the Tulsa Race Massacre. [Source: edition.cnn.com]

Utanom å skyte ned Svart ungdom som Michael Brown, har byen sidan tatt over meir og meir av dei Svartes land, sa Yeshitela. Dei øydela heile samfunn ved å drive opp skattane til nivå Svarte ikkje hadde råd til, og bygge slike kolossar som  National Geospatial-Intelligence agency, ein militær installasjon involvert i USA sine krigar i Ukraina, Syria og andre stadar.

Regjeringa i dag, sa Yeshitela noted, prøver heilt tydeleg å skape frykt i den Kvite befolkninga ved å kople Svarte til russarane for å diskredittere forsøka deira på å slå tilbake. «Ved å definere oss som fiendar av staten,» kunne dei rettferdiggjere å «legge beslag på kommunikasjonen vår og datamaskinene [til APSP] og stele førti år av arkiva våre, som utslettar ein del av historia vår.»

Som om Svarte ikkje har eigne representantar

Yeshitela posta ein video på Facebook etter FBI-raidet då han vedgjekk å ha møtt Ionov i 2015 i Moskva på ein konferanse som involverte spørsmål om sjølvråderett og kolonialisme.

Armored car in front of Yeshitela’s home during FBI raid.

Yeshitela sa at han støttar Russland mot Ukraina, ettersom det var USA som provoserte fram konflikten ved å styrte den lovleg valde regjeringa til Ukraina. Sidan kuppet i 2014 har dei «drepe 13 000 til 14 000 russarar eller ukrainarar som støtta Russland i aust-Ukraina.»

Ifølge Yeshitela var det hyklersk å fordømme han for å dra til Russland, når Kvite aldri har blitt fordømde for å dra til Israel, som okkuperer arabisk land i historiske Palestina. APSP «støttar Russland i Ukraina på nett same måte som dei støttar sjølvråderetten til palestinarane; og folket i Nicaragua då dei gjorde revolusjon mot marionettane til USA der, og folk som kjempar mot undertrykking overalt.»

Yeshitela minna tilhøyrarane på at «det var USAs regjering, og ikkje Russlands regjering, som styrta demokratiske regjeringar i Iran og Guatemala på 1950-talet, som instigerte til kupp motHugo Chávez i Venezuela, og som tok livet av Malcolm X og Martin Luther King, Jr., så vel som30 medlemmar av Black Panther Party —inkludert Fred Hampton — på berre eitt år.»

FBIs 29. juli-raid var, etter Yeshitelas syn, ein del av ein fornya «ideologisk krig som USAs regjering har retta mot Svarte og Russland,» og som har til føremål å diskreditere Svart politisk aktivisme og halde oppe USA si støtte til proksykrigen sin mot Russland i Ukraina.

Yeshitela sa at mange Kvite rundt om i USA no hadde «byrja støtte kravet om Svart oppreisning,» noko som har «gjort folk ved makta nervøse,» så dei «lyt angripe oss og prøve å knyte leiarane for rørsla vår til Russland.»

 Fred Hampton and crime scene photo. Yeshitela reminded his audience that it was the U.S. government—and not the Russian government—that murdered Fred Hampton and so many others. [Source: heavy.com]

 Då «heimedyrka amerikanske Kvite — som ikkje har noko å gjere med Russland — aktivt prøvde å styrte regjeringa i USA den 6. januar, og trua med å drepe visepresidenten, svara ikkje regjeringa med å raide dei skuldige sine heimar med flash-bang-granatar og droner slik dei gjorde med min heim.»

Mest fornærmande, sa Yeshitela, var insinuasjonane om at Svarte ikkje kunne leie sin eigen kamp — at dei liksom måtte vende seg til Russland og «vente på at Russland skulle fortelle oss at vi er undertrykte,» særleg når tilhøva i samfunna deira var så dårlege. Som om Svarte folk «ikkje har nokon eigne representantar eller eigen vilje.»

Av Jeremy Kuzmarov

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Prisene øker i Norge.

Hvem skal betale?

Forrige innlegg

Professor og overlege Halvor Næss:

Korona-tiltakene ga mange negative effekter.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.