POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Visste de at vaksinene var farlige?

Utvalgt nøkkelpersonell i New Zeeland slapp å ta vaksinene.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Nøkkelmannskap i New Zealand sitt helseministerium fekk fritak frå covid-«vaksinane» medan dei tvinga folket til å ta dei

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Helseministeriet i New Zealand innvilga fritak frå covid-«vaksinane» for hundrevis av sitt nøkkelmannskap, medan dei tvinga resten av befolkninga til å ta sprøytene. Dette rapporterer The People’s Voice. I august stilte ein sokalla Official Information Act-førespurnad (OIA) følgjande spørsmål (mi omsetjing):

«‘Ifølgje lovverket på den tida i 2021 var der operasjonelle unntak tilgjengelege for dei som ikkje vart vaksinerte mot covid-19. Kor mange slike førespurnader vart mottekne? Kor mange vart godkjende av ministeriet?’

Conservative Woman rapporterer: Matt Hannant, mellombels direktør for førebygging i den nasjonale helsetenesta, svarte:

‘Frå 13.november 2021 til 26.september 2022 vart totalt 478 søknader for Significant Service Disruption exemption (SSD) mottekne [«betydeleg tenesteavbrotsfritak»]. 103 søknader vart innvilga, og dekte rundt 11 005 arbeidarar. Ver venleg å ta til etterretning at det ikkje er mogleg å kome med det nøyaktige talet arbeidarar som vart dekte av SSD-ar. Dette er fordi det var mogleg for ein organisasjon å sende inn ein søknad som gjeld meir enn éin arbeidar.’

So nøyaktig kor mange stabsmedlemmer og tilknytte kontraktørar i Helseministeriet drog nytte av vaksinefritaka? Eg [artikkelforfattaren] har gjort undersøkingar og funne nokre stabsmedlemmer som er viljuge til å leke informasjon. Ei kjelde har fortalt meg at 95 konsulentar i Dunedin-regionen åleine drog nytte av vaksinefritak. Ei anna kjelde har peikt på ei gruppe legar som arbeider i Northland, som seg imellom arrangerte det slik at dei forblei uvaksinerte. Det totale talet ser ut til å utgjere hundrevis og kanskje meir.

Det ser ut som om dei som fekk innvilga fritak var avgrensa av konfidensialitetsklausular slik at dei ikkje kunne fortelje nokon at dei hadde blitt innvilga fritak: det var ein hemmeleg prosess som Helseministeriet desperat prøvde å skjule frå offentlegheita. [uthevinga er i originalteksten; oms.an.]

I kvart tilfelle kunne kvar ein lege som sa til ein pasient at mRNA-covid-vaksinasjon kunne vere risikabel, sjølv risikere å stå overfor disiplinærhandlingar, og mange vart suspenderte.

So medisinsk personale lét seg sjølve bli manipulerte inn i ein posisjon der dei, om dei sjølve var uvaksinerte, likevel måtte gje pasientar råd om å late seg vaksinere – ei oppskrift for utbreitt hykleri i helsetenesta.

Denne prosessen var visseleg godkjent av dr. Ashley Bloomfield (dåverande chief executive i Helseministeriet) som vart betydeleg berykta ved å nekte vaksinefritak til dei i befolkninga som vart alvorleg skadde av sin fyrste dose, og insisterte at dei heldt fram med vaksinasjonsprogrammet. Med tanke på dr. Bloomfield sitt nære arbeidsforhold til Jacinda Ardern og Chris Hipkins (dåverande helseminister, no statsminister), er det temmeleg sannsynleg at dei godkjende det. Opposisjonsleiarane vart truleg òg haldne informerte.

Kriteria for å innvilge fritak dreia seg visstnok om ei vurdering over kor vitale stabsmedlemmer var for funksjonen til helsetenesta. Med andre ord kunne høgtståande figurar og dei som hadde nøkkelposisjonar innan kirurgi insistere at dei skulle vere uvaksinerte og halde fram med å få lov til å arbeide. I mellomtida kunne til dømes uvaksinerte sjukepleiarar ikkje få fritak og miste dermed stillingane sine.

Dersom høgtståande stabsmedlemmer som ønskte å forbli uvaksinerte hadde snakka ut offentleg, kunne problemet med covid-vaksinetryggleik blitt gjeve offentleg lufting. I staden la Helseministeriet og regjeringa eit lok på all diskusjon. Det gjorde dei i samarbeid med hovudstraumsmedia og sosialmedieplattformer gjennom sensur av innhald og gjennom streng kontroll av tilsette.»

Artikkelen som nevnes under viser til at gen-terapi kan føre til en ond helsemessig sirkel der bivirkninger vil forsterke helseproblemene.

I 2019 vart det publisert ein artikkel i tidsskriftet Frontiers in Oncology ved namn «Gene Therapy Leaves a Vicious Cycle» («genterapi fører til ein vond sirkel»), der mellom anna immunrespons og uventa kliniske utfall (som er alt frå sjukdom til død hjå deltakarane) er nemnt. Artikkelforfattaren antydar at desse høgtståande figurane som ikkje ville late seg vaksinere kan ha visst om artikkelen. Data om overdødelegheit i OECD-land i 2023 viser at mRNA-covid-«vaksinane» er ekstremt utrygge. Interessant nok har land som Slovakia, Slovenia, Polen, Tsjekkia, Ungarn og Sveits ingen overdødelegheit i forhold til femårssnittet – og desse landa har òg den minste andelen covid-vaksinerte.

I Pfizer sine kliniske forsøk med mRNA-injeksjonane vart etter kvart alle testdeltakarane injiserte, slik at kontrollgruppa vart eliminert. Dette gjer at data om langsiktige samanlikningar av vaksinerte og uvaksinerte er utilgjengelege. OECD skriv at der i 2022 var 1,2 millionar overtalsdødsfall i medlemslanda – eitt ekstra dødsfall per 1000 menneske. Som the People’s Voice skriv:

«No når det er i ferd med å bli akseptert at både covid og covid-vaksinasjonen byrja liva sine i ein biotech-lab, ser det ikkje ut til å spele særleg stor rolle kva del av overtalsdødsfall som skjer på grunn av covid, og kva del som skjer på grunn av covid-vaksinasjon, men berre for å nemne det var der i 2022 rundt rekna 200 000 dødsfall ‘med covid’ i OECD. For å oppsummere var OECD-overtalsdødsfall som ikkje kunne tilskrivast covid éin million i 2022 åleine. Dette kan truleg utvidast til nokre millionar over heile verda, rundt det same som dei årlege dødstala under Fyrste verdskrig.

De kan sjå kvifor det er so viktig for dei som var involvert i skapinga av covid-politikk og som handheva påbod, å sikre seg at alle held fram med å tru at fleire uvaksinerte enn vaksinerte døyr, fordi elles vil forteljinga deira om at covid-politikk reddar millionar av liv, falle fullstendig saman.

I lys av dette kan vi no vurdere motiva til dei som framleis gjer narr av vaksineskadde eller skuldar ‘vaksinenølarane’ for å prøve å underminere regjeringa. Til dømes har New Zealand sitt Desinformasjonsprosjekt, finansiert av Statsministerens kontor, til fells med mange politikarar, skildra vaksineskade som ein konspirasjonsteori. Dei prøver å gøyme sine eigne feil som har underminert helsa til nasjonen.»

Ingen i maktas korridorar ser ut til å ville stille spørsmålet om kvifor overtalsdødsfall skjer i eit hittil usett omfang. Helseministeriet har drive og gøymt desse urovekkjande opplysingane medan dei stille og hyklersk har anerkjent at staben deira har rett til å unngå denne faren. Dei har ikkje berre villeia folket, dei har uvørdent sett liva deira i stor fare. Familiar og samfunn har blitt øydelagde og folk har blitt sett opp mot kvarandre. Dette prøver ikkje berre helseministeriet i New Zealand, men i bortimot alle vestlege land no å skjule so godt dei kan. Og i tillegg har dei planar om å rulle ut endå meir eksperimentelle vaksinar.

Forsidebilde: Etienne Boulanger

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Er det noe de vet, så er det hva de driver med! De kødder ikke! Her er et klipp fra x-Files tyve år tilbake. Vedkommende som skrev storyen hadde «alt inne» den gang og de fortalte oss hva vi hadde i vente. Sjekk og døm selv:
    https://t.me/TheGoldFishReport/55113

    Svar
  • Det er fascinerende å se folk som i 2024 fortsatt er totalt uvitende eller likegyldige til fölgene av vaksinen.
    Ser flere i SoMe’r som har dden arrogante » jeg er frisk og fin, så da er alt fint og flott» holdning.
    Ganske spesielt.
    Når man vet (eller kan tenke seg til) vilke tiltak som er tatt i bruk for å få ned statistikk på dödsfall og skader postvax, er det rart ikke enda fler er skremt vettet av.
    «Du kan dö av hjerteattakk fra kalde dusjer, å fryse, sove for lite/mye,spise brokkoli og jogge osv…Det er helt vilt hva man plutselig kan få skader lik de av vaksinen av nå.
    De offisellie tallene er jo ille nok.Men ser man på döde atleter post vax er det en oppgang på 1400%, det er vel närliggende tenke seg til lignende tall, eller verre , for folk med dårligere helse enn topptrente utøere.

    Svar
    • » Det er fascinerende å se folk som i 2024 fortsatt er totalt uvitende eller likegyldige til fölgene av vaksinen.»

      Ja, Habar.
      Men tall, statistikk og store tall, er det vanskelig å forholde seg til. Og de kan lett manipuleres ved å sette inn x antall faktorer. Og folk flest liker ikke tall; enda en grunn til at tallene kan manipuleres av de som ønsker det.

      Men sannheter vil komme fram etterhvert. F.eks. overdødelighet i forskjellige land.
      ( Selv om vi vet at dette også kan manipuleres, ved f.eks. holde skjult at 60% av de som ble syke/døde av Covid-influensaen i Norge var grupper med for mørk hudfarge til å bo i et vinterland. Flesteparten av resten var innlagte med multipele sykdommer og ellers dermed holdt unna sol og D-vitamin i årevis. )

      Jeg sjøl undrer meg over at så mange i min omgangskrets har fått hjerte/kar-sykdommer eller kreft de siste to årene.
      – Sjøl om mye sikkert kan skyldes at vi ikke er helt unge lengre. Statistikk er vanskelig .
      Det er antagelig det svaret jeg får av min (‘fast’) lege ihvertfall. – Som mer er fast i sine forestillinger enn lege.
      Jeg fortsetter ihvertfall å undre meg.
      – Men mest av alt ; å tvile på de som ser på seg sjøl som autoriteter, og slår ned på et ønske om dialog.

      Svar
  • Muligens blir 2024 året da Hunger Games blir virkelighet, men med motsatt fortegn av hva Hollywood mener og tror?
    Big Pharma’s eiere, samt muligens også Big Tech, Big Politics, Big Weapons og alle som sitter på ryggen av disse, slik som f.eks. J.G. Støre, E. Solberg, Gullvåg og Nakstad her i Norge blir «fritt vilt» fremover? Nordmenn er sedate sauer, men «stille vann har dypest grunn», og når det begynner å gli er jeg glad jeg ikke tilhører sfæren til noen av de ovennevnte.
    Folket rundt omkring i Europa/USA og andre steder vil nok ikke la seg «avspise» med noen dommer fra et allerede korrupt rettsvesen, men kanskje heller ta med dommere på sine lister?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Finnes det en løsning på Gaza-konflikten?

Mange israelere sin holdning til palestinerne er et stort problem.

Previous Post

Russlands FN-utsending til Vesten:

Dere har tapt krigen og må begynne å forholde dere til det!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.