POSTED IN Covid-19

Virolog og immunolog:

Svineinfluensaen sa de var livsfarlig, men plutselig forsvant den (fra mediene).

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Korona: den rådande nonsens-forteljinga, del 1

Av dr. Thomas Binder, Global ResearchOmsett av saksyndig.

Eg studerte medisin ved universitetet i Zürich, tok doktorgrad i immunologi og virologi, spesialiserte meg i indremedisin og kardiologi, og har 33 års erfaring i å diagnostisere og behandle akutte luftvegsinfeksjonar på sjukehus, på akuttmottak og, i 23 år, i min eigen medisinske praksis.

I februar 2020 sat eg i praksisen min og var lamslegen. Det eg hadde lært i legestudiane, under mi vitskaplege opplæring og i mitt praktiske medisinske arbeid hadde plutseleg blitt snudd på hovudet. Alle som kjende seg såre i halsen, behandla ikkje lenger seg sjølve, eller oppsøkte fastlegen om symptoma vart verre, men dei sprang til næraste sjukehus og kravde å bli testa umiddelbart, og med frykta om å kanskje døy, og ikkje berre måtte døy, men å kanskje bli kvelt til døde på ein frykteleg måte.

________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
________________________________________________________________________

Verda over hadde den rådande koronaforteljinga blitt etablisert i løpet av særs kort tid. På same tid hadde menneskeheita blitt delt inn i tilhengjarar og motstandarar.

Slik ei omfattande deling av samfunnet hadde vi aldri opplevd før. Det deler vennskap, familiar og til og med partnerskap. Ei slik deling er alltid eit uttrykk for det faktum at ein stor del av menneskeheita ikkje lever i røyndommen, men er fanga i ein kontekst av vrangførestilling innført av ei handfull psykopatar og deira mange narsissistiske lakeiar. I ein slik situasjon må vi alltid spørje oss sjølve fyrst: «Er eg ein realist, eller faktisk ein som lid av vrangførestillingar?» Dette spørsmålet kan ein berre få svar på ved å sjå på røyndommen so edrueleg som mogleg.

Det er mi plikt som lege å behandle pasientane etter beste kunnskap. Dette inkluderer å informere dei om sjukdommen deira på ein måte som lekfolk kan skjøne og gjere informerte val om kva som skal gjerast.

I februar/mars 2020 innsåg eg at det er mi plikt som lege å utdanne folket om denne sjukdommen som omfattar heile samfunnet, på ein måte som lekfolk kan skjøne og gjere informerte val om kva som skal gjerast. Eg gjer framleis dette, verken meir eller mindre, og ikkje noko eller nokon kan stoppe meg frå å halde fram det.

Myte – Wikipedia
En myte er en kulturell eller religiøs fortelling, en betegnelse for muntlig overleverte forestillinger om for eksempel guder, naturmytiske vesener eller verdens opprinnelse, som ofte strekker seg tilbake til førhistorisk tid. Wikipedia

Eg konfronterer mytane og dei intellektuelle absurditetane av den rådande koronaforteljinga med det vitskaplege bevismaterialet. Eg gjer dette kronologisk, slik at òg lekfolk kan forstå og gjere informerte val rundt kva slags handlingar som verkar passande, både for dei sjølve og for deira kjære.

Vitskaplege referansar til påstandane mine kan bli funne på heimesidene til «Aletheia», i «Corman-Drosten Review Report» og «Doctors for Covid Ethics», som eg er medlem i, og på mi enkle heimeside, som eg har skapt etter å ha blitt utestengt frå sosiale media.

PCR-testepidemien, 2006

Som ein ansvarleg lege og vitskapsmann, i tilfellet infeksjonar diagnostisert av raske PCR-testar, spesielt i konteksten til ein påstått epidemi av nasjonalt omfang, eller ein pandemi av internasjonalt omfang, må vi alltid vurdere moglegheita av ein pseudo- eller testepidemi.

I 2007 publiserte New York Times, som nærast utgjer sjølve bibelen av journalistar som ein framleis kunne stole på integriteten til på den tida, ein viktig artikkel kalla: «Faith in Quick Tests Leads to Epidemic That Wasn’t» [på norsk: «Trua på hurtigtest fører til epidemi som ikkje var der»].

Dr. Herndon, spesialist i indremedisin på eit legesenter i den amerikanske delstaten New Hampshire, hosta tilsynelatande konstant i fjorten dagar frå midten av april 2006. Snart fekk ein ekspert på smittsame sjukdommar den urovekkjande idéen at dette kunne vere byrjinga på ein kikhosteepidemi. Alvorleg, vedvarande hoste er hovudsymptomet på kikhoste. Og dersom det verkeleg er kikoste, må utbrotet under kontroll umiddelbart ettersom sjukdommen kan vere dødeleg for babyar på sjukehuset og føre til farleg lungebetennelse blant skrøpelege eldre pasientar.

Det er byrjinga på ein bisarr episode: historia om epidemien som ikkje var.

I fleire månader trudde nesten alle dei involverte at det er eit enormt utbrot av kikhoste på legesenteret med vidt-rekkjande konsekvensar. Nesten tusen medlemmer av personalgruppa får hurtig-PCR-testar og må halde seg heime fram til dei får resultata: 142 menneske, 14,2% av testgruppa, inkludert dr. Herndon, testar positivt på hurtig-PCR-testen og får diagnosen kikhoste. Fleire tusen, inkludert mange barn, får antibiotika og ein vaksine som beskyttelse. Sjukehussenger blir tekne ut av teneste som eit førebyggjande tiltak, inkludert nokre i akuttavdelinga.

red and white love letter
Panikk eller falske alarmer fører lett til feilaktige avgjørelser

Fleire månader seinare blir alle dei som tilsynelatande lid av kikhoste lamslegne når dei finn ut at bakteriekulturar, sjølve gullstandarden for diagnostisering av kikhoste, ikkje kunne finne bakterien som forårsakar kikhoste i ei einaste prøve. Heile galskapen var falsk alarm.

Den antekne kikhosteepidemien hadde ikkje funne stad i det verkelege liv, men berre i hovuda til dei som var involvert, utløyst av blind tru på ein høgst sensitiv hurtig-PCR-test som hadde blitt, åh, so moderne. Faktisk hadde alle som hadde blitt sjuke lidd av ei harmlaus forkjøling. Ekspertar på infeksjonar og epidemiologar hadde sett til side sin ekspertise og sunne fornuft og fullstendig ignorert denne mest sannsynlege differensialdiagnosen av symptomet hoste.

Mange av dei nye molekulærtestane er raske, men teknisk krevjande. Kvart laboratorium utfører dei på sin eigen måte som sokalla «heimebrygg». Ofte er dei ikkje kommersielt tilgjengelege og det er sjeldan gode anslag for feilraten. Deira høge sensitivitet gjer førekomst av falske positive svar sannsynleg. Når hundrevis eller tusenvis av folk blir testa, som var det som skjedde her, kan falske positive resultat få det til å sjå ut som ein epidemi.

Ein ekspert på infeksjonar sa «På den tida hadde eg kjensla av at dette gav oss eit vagt hint om korleis det ville vere under eit utbrot av pandemisk influensa.»

Og ein epidemiolog forklarte: «Ei av dei mest problematiske aspekta av pseudo-epidemien er at alle dei avgjerdene verka so fornuftige på den tida.»

Galskapen bak ein pseudo- eller testepidemi hadde verka fullstendig normal for so mange involverte personar.

Eg tilrår deg å lese denne artikkelen publisert i New York Times i 2007 og at du spør deg sjølv: «Burde ikkje vi alle ha lært mykje av dette for framtida?»

Svineinfluensaskandalen, 2009

Som ansvarlege legar og vitskapsfolk, i ein påstått eller ekte epidemi eller pandemi må vi alltid hugse tidlegare påståtte eller ekte epidemiar eller pandemiar. Her er den mest nylege visstnok alvorlege pandemien: svineinfluensaskandalen.

man in black crew neck t-shirt wearing black and white mask
Svineinfluensaen førte til panikk-pregete tiltak, men var en «falsk alarm».

Våren 2009 såg eit svært smittsamt, svært farleg influensavirus, H1N1, ut til å truge menneskeheita. Sjukdommen det forårsakar var ikkje mogleg å skilje klinisk frå sesonginfluensa. Det vart kalla svineinfluensa.

Ekspertar som den tyske viruseksperten, professor Christian Drosten, spreia skrekkscenario som spådde fleire millionar dødsfall over heile verda. I mai lempa WHO på kriteria for å erklære pandemi av grunnar som aldri er blitt forklart. Dei fjerna kriteriet for kor farleg det sjukdomsskapande patogenet var frå definisjonen av ein pandemi. No var det nok at eit komparativt harmlaust patogen spreidde seg raskt og i massivt omfang over minst to WHO-regionar. Kvar endemisk, sesongavhengig bølgje av kva som helst influensa- eller forkjølingsvirus, same kor harmlaust det er, kunne frå då av bli kalla ein pandemi. WHO erklærte H1N1 sporenstreks for ein pandemi 11.juni.

Politikarar tek på alvor åtvaringar frå ekspertane og WHO. Utan å konsultere folket, byrjar dei å kyre ut fleire hundre millionar pakkar av lite effektive, dyre antivirale legemiddel og fleire hundre millionar dosar av hastegodkjende vaksinar som, trass alt, er produsert ved hjelp av konvensjonelle metodar.

Kritikarar, som skildrar viruset som komparativt harmlaust, blir latterleggjort eller ignorert fyrst. Omsider vinn vitskapsfolk, i Europa spesielt den tyske mikrobiologen og infeksjonsepidemiologen professor Sucharit Bhakdi, og den tyske pneumologen og politikaren dr. Wolfgang Wodarg, merksemd frå media og politikk. Den globale galskapen, som allereie trugar på den tida, kan bli unngått.

Over heile verda døydde mellom 150 000 og 600 000 menneske med eller av H1N1, som viste seg å vere mindre farleg enn sesonginfluensa. Samstundes var vaksinane lite klare. Likevel, i Sverige åleine, fekk rundt 700 barn narkolepsi, ei soveliding, som var forårsaka av hastegodkjende, unødvendige og utrygge vaksinar. I Sveits åleine vart 1,8 millionar dosar selde til utlandet eller gjevne vekk, og 8,9 millionar vart kasta.

Der var knapt mediedekning av svineinfluensaskandalen. Den mellombelse suksessen av den mediastyrte panikken var primært på grunn av samanknytinga av ekspertar, den farmasøytiske industrien, WHO og helsepolitikarane. Til sjuande og sist hadde dei tilsynelatande fullstendig overvelda helsestyresmaktene falle for ein nesten perfekt orkestrert propagandakampanje.

Eg tilrår deg å sjå dokumentaren «Profiteers of Fear – The Swine Flu Business», produsert i Tyskland i november 2009, og spørje deg sjølv: «Burde ikkje vi alle ha lært mykje av dette for framtida?»

«Event 201»: Simulering av koronapandemien, 2019

Situasjonen er trugande. Eit nytt koronavirus spreier seg i verda. Talet tilfelle på dashbordet til Johns Hopkins universitet stig og stig. Det svært smittsame, immun-resistente, farlege viruset lammar handel og transport globalt og sender verdsøkonomien i fritt fall.

Det som høyrest ut som det påståtte utbrotet av den påståtte SARS-CoV-2-pandemien i Kina sin Wuhan-provins i desember 2019, er scenarioet i «Event 201», som, ettersom det som ser ut som ein null, eigentleg er ein klode, burde bli kalla «Event 21».

18.oktober 2019, organiserte Bill and Melinda Gates Foundation, Johns Hopkins universitet og World Economic Forum ei pandemi-simulering under dette namnet. Etter Spanskesjuka, fugleinfluensa og svineinfluensa, vel dei ikkje nok eit influensavirus som patogenet, men eit koronavirus som so langt er fullstendig ukjent for lekfolk, spesielt for politikarar og journalistar.

Under simuleringa av ein koronapandemi som braut ut i Sør-Amerika er der ikkje til stade legar, men vestlege representantar av organisatorane, FN, WHO, regjeringar, styresmakter og globale konsern frå felta finans, farmasi, logistikk, turisme og media, i tillegg til dr. George Gao, virolog og direktør for det kinesiske Center for Disease Control and Prevention. Event 201-pandemiøvinga 18.oktober 2019 tok òg opp korleis ein skulle hanskast med sosiale media på nett og sokalla «feilinformasjon».

person in black hoodie wearing white mask
Hva gjør en hvis det er de store mediene og myndighetene som kommer med falsk informasjon?

Deltakarane vart einige om at ein koronapandemi er øydeleggjande, kan berre bli overvunnen av globalt samarbeid mellom regjeringar og private, at system-relevante globale konsern må få pengestøtte medan mellomstore verksemder må bli ofra dersom nødvendig, at stemmer som avviker frå den rådande forteljinga må bli konsekvent sensurert i sosiale og massemedia, og at pandemien vil ta slutt berre dersom ein vaksinerer heile verdas befolkning.

«Einingane direkte eller indirekte ‘representert’ av ‘spelarane’ inkluderte WHO, John Hopkins, Global Alliance on Vaccines and Immunization (GAVI) (dr. Timothy Grant Evans), US Intelligence [amerikansk etterretning, oms.an.], Bill and Melinda Gates Foundation (dr. Chris Elias), Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI) (styreleiar Jane Halton), World Economic Forum (WEF), FN, US Centers for Disease Control and Prevention (CDC) (Stephen Redd), det kinesiske CDC (direktør dr. George Fu Gao). Big Pharma (Adrian Thomas), World Bank and Global Banking, industriar innan flyselskap og hotel.

Simuleringa sluttar med 65 millionar dødsfall over heile verda.

Eg tilrår deg å sjå dokumentaren «Event 201: Corona Pandemic from the Draftig Table», produsert på tysk med engelske undertekstar av ExpressZeitung i juni 2020, og spør deg sjølv:

«Burde ikkje massemedia ha rapportert detaljert om dette?»

Framhald i del 2.

Derimot.no sin redaksjon har lagt til bilder m/tekst.

Forsidebilde: Magda Smolen



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 084 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Veldig interessant artikkel.

    Det er videre veldig merkelig at helsemyndigheter i mange, mest vestlige, land har gått inn for å helt avskrive tidligbehandling med rimelige medisiner, for eksemper Ivermectin, av koronapasienter. Det er istedet lagt opp til at de som blir syke av viruset må bli så dårlige at de må innlegges på sykehus før de får hjelp. Sammen med uttalelser som understreker at myndighetene KUN vil satse på vaksiner (som ikke virker veldig effektivt) som forebyggende middel, kan det se ut som at det kjøres et sammenvevd løp mellom vaksineindustrien, WHO, og nasjonale myndigheter.

    Spørsmålet er hvorfor?

    Svar
  • Når covid tullet er over, kommer det aldri til å bli nevnt igjen av msm. Det skal fortone seg som det aldri skjedde, og noen debatt skal ihvertfall ikke skje.

    Som vi vet var sars ett tidligere forsøk, men den første store bløffen var HIV/AIDS.
    I dag kan man lese om hvordan man regner ikke påvisbar hiv som ikke smittsom, hvilket er en fantastisk måte å si at folk er friske. Søk og les om det via søke ord Hiv U = U.

    Narrativet omkring hiv viruset er idiotisk og utroverdig. For at ett eneste lite virus skal sørge for at kroppens immunsystem kollapser, så må da dette virus formere seg alvorlig og burde finnes i overflod i hver eneste celle i kroppen, men nei, det skjer ikke. Det er en vits at ett enkelt virus angriper hele immunsystemet, de opererer ikke på ett slikt oversikts plan. De kan ikke lamme immunsystemet uten å finnes over alt.

    Videre kan man søke på «AZT causes AIDS».
    Veldig troverdig. AZT som var vidundermedisinen som de kom frem med, var en resirkulert cellegift, fantastisk giftig, men ikke på en direkte måte, den virker som cocktail forgiftning, som en blandingsforgiftning. Og det er akkurat det som sørger for en kollaps av hele immunsystemet fordi det forgifter kroppen jevnt over det hele.
    AIDS som syndrom er beslektet med CFS (chronic fatigue syndrom) og ME (tretthetssyndromet ) Det er også intressant å sette seg inn i ved siden av Aids.

    Svar
  • Henning Nielsen
    20 desember 2021 13:42

    Litt underlig at arrangørene av Event 201 var så åpne om saken. Simuleringen er jo en «smoking gun». Virker som om de er så selvsikre at de ikke bryr seg.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Sør-Afrikansk lege:

Vi står overfor to sykdommer. Covid er den ufarlige.

Previous Post

I så fall det største akrobatiske politiske kunststykke i Norge på lang tid.

Blir venstresiden Nato og EU-tilhengere?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.