Korona: den rådande nonsens-forteljinga, del 2
Av dr. Thomas Binder, Global Research. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Del 2. Del 1 kan lesast her.
Koronaskandalen, 2020 til no
To og ein halv månad seinare [etter Event 201 18.oktober 2019], rapporterte det kinesiske CDC, leia av dr. George Gao Fu, 27 tilfelle av lungebetennelse av ukjend årsak til WHO – ut av ei kinesisk befolkning på 1,4 milliardar. 7. januar 2020, identifiserte kinesiske helsestyresmakter eit nytt koronavirus som årsaksagenten.
21.januar publiserte professor Christian Drosten og andre ein artikkel, oppskrifta for korleis laboratorium kan produsere ein hurtig RT-PCR-test for å fange opp viruset kalla «2019-nCoV». Det blir antatt allereie dagen etter og publisert i tidsskriftet Eurosurveillance dagen etter det igjen.



WHO har allereie publisert Corman-Drosten RT-PCR-hurtigtesten på nettsida si ei veke tidlegare og tilrådd den som den globale gullstandarden for diagnostisering.
30.januar publiserte Drosten og andre rettferdiggjeringa av forteljinga om epidemiologisk relevant asymptomatisk overføring av 2019-nCoV i brevet til redaktøren av New England Journal of Medicine, nær sagt ein av biblane til oss legar, og som vi framleis stolte på integriteten til på den tida, med tittelen «Transmission of 2019-nCoV Infection from an Asymptomatic Contact in Germany».
11.februar gav WHO det nye koronaviruset namnet SARS-CoV-2, og sjukdommen det forårsakar COVID-19; koronavirus-sjukdom. Dette gjer dei mot ønska til kinesiske virologar. Dei føretrekte å kalle det HCoV-19, menneskeleg koronavirus, på grunn av faren for at namnet SARS-CoV-2 kan vekkje ubegrunna frykt ut av den biologiske og epidemiologiske mangelen på likskap med det mykje farlegare SARS-CoV-1.
11.mars erklærer WHO ein COVID-pandemi. I mellomtida har deira leiar, biologen, immunologen og filosofen dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, blitt tiltalt for folkemord i Etiopa føre den Internasjonale kriminaldomstolen i Haag. Han er naturlegvis antatt å vere uskuldig.
_______________________________________________________________________
Innlegget er hetet fra Saksyndig
_______________________________________________________________________
No, nesten alt skjer sånn som det gjorde under svineinfluensaskandalen i 2009, men på ein langt meir velsmurt måte. Ekspertar, for det meste laboratorielegar og biologar som jobbar som virologar eller epidemiologar, som aldri har undersøkt nokon som lid av luftvegsinfeksjonar, langt mindre behandlar dei, erklærer at SARS-CoV-2 er nærmast eit romvesen som vi veit absolutt ingenting om, og som vi må sjå på som ekstremt farleg, heilt til stort sett dei same ekspertane har kome fram til motsett konklusjon. I Sveits reknar dei seg sjølv som «Swiss National COVID-19 Science Task Force» og tilbyr seg sjølv til det sveitsiske føderale rådet som vitskaplege rådgjevarar.
Dei utøvande og lovgjevande politikarane, i tillegg til dei føderale og kantonale helsestyresmaktene, alle i fullstendig panikk av dei, aksepterer tilbodet og ser ut til å følgje dei like blind som Det føderale rådet tydelegvis følgde WHO når dei erklærte COVID-pandemien. Det no offisielle vitskaplege rådet til den sveitsiske regjeringa i det som skal vere landets største krise sidan Andre verdskrigen, har ingen papir som dokumenterer aktivitetane deira.
16.mars erklærer Det sveitsiske føderale råd «den eksepsjonelle situasjonen», det høgste farenivået av epidemilova, basert på nøyaktig null vitskapleg bevis.
Massemedia, inkludert den sveitsiske offentlege kringkastaren SRG, tek på seg tredjerolla i dette konglomeratet av gjensidig eskalerande uvitenheit, arroganse, inkompetanse og organisert ansvarsmangel. Hjernelause og hjartelause sjølv, hamrar dei inn i hovuda våre døgnet rundt:
«Der er ein pandemi av eit svært smittsamt og til og med epidemiologisk relevant asymptomatisk overførbart korona-drapsvirus. Sjølv tilsynelatande friske og kjernesunne medmenneske kan vere din dødsengel!»



I motsetnad til i 2009, utfører massemedia konsekvent sensur, sverting og øydeleggjing av det gode namnet og ryktet til skeptiske legar og vitskapsfolk, inkludert slike som John Ioannidis, professor i medisin, epidemiologi og folkehelse ved Stanford University School of Medicine, ein av verdas mest anerkjende og mest siterte vitskapsmenn, spesialist i vitskapsbedrag, professor Sucharit Bhakdi, og dr. Wolfgang Wodarg. Påska 2020, etter å ha blitt krenka, inkludert ein påstått trugsel mot politikarar og til min familie, av ein privatperson som eg kjenner godt, vart eg sjølv brutalt arrestert av ein anti-terrortropp på min praksis og, etter at det med éin gong viste seg at eg ikkje hadde truga nokon, berre verdssynet til galne menneske, vart eg sendt til ei lukka psykiatriavdeling i seks dagar på grunn av at eg var «til fare for meg sjølv på grunn av COVID-galskap».
Regjeringar i nesten alle land ser ut til å ha gløymt sine eigne epidemiplanar, som klokeleg sparer individa, samfunnet og økonomien. I blind lydigheit til WHO og lobbyistar, kalla ekspertar, set dei i verk sjølvdestruktive ikkje-farmasøytiske inngrep, inkludert nedstengingar som aldri er vurdert før, i tråd med den autoritære kinesiske rollemodellen. Dei gjer dette nesten over heile verda, i takt med kvarandre.
Utan å konferere med folket, køyrer dei ut milliardar av dosar med naudgodkjende mRNA og DNA-injeksjonar, som til og med er mellombels godkjent av Swissmedic. Denne teknologien blir utbreitt brukt på menneske for alle fyrste gong. Over nesten heile verda blir grunnlov, lover, menneskerettar, borgarrettar, etikk, vitskap og sunn fornuft ofra i favør av eit kvasi-globalt autoritært regime under WHO sin kontroll.
Den som kontrollerer WHO, kontrollerer verda!



Den rådande koronaforteljinga er denne: Sidan tidleg 2020 er der ein pandemi av eit evig drapsvirus, som må bli leita etter med Corman-Drosten RT-PCR-testen hjå alle, som til og med spreier seg asymptomatisk, og som der ikkje finst basisk eller kryss-immunitet mot, og sjukdommen viruset framkallar, COVID-19, knapt kan behandlast, som blir meir og meir smittsam og farleg på grunn av ubereknelege mutasjonar, og som berre kan overvinnast ved hjelp av ikkje-farmakologiske tiltak som har aldri blitt brukte før, slik som antisosial distansering, munnbind i den offentlege sfære, kontaktsporing, isolering, karantene, skulestengingar og portforbod, no for tida kalla nedstenging, sjølv for asymptomatiske, tidlegare kalla friske, folk, og ved serievaksinering av heile verdas befolkning.
Alle mytane i den rådande koronaforteljinga er laga ut av eit faktafritt vakuum.
Basert på den noverande tilstanden til vitskap, er dette mi topp 10-liste:
1) Det har aldri vore ein COVID-19-epidemi i nasjonalt omfang i noko land, ingen pandemi internasjonalt, for folk flest er ikkje SARS-CoV-2 eit drapsvirus, og det gjeld i kvart land.
I mange land, til dømes i Sveits, var det ingen eksepsjonell overdødelegheit når ein justerte dette til endrande demografi. Overdødelegheita i andre land er det beste beviset på at den verkelege mordaren ikkje er viruset, men vår paradoksale respons på det, som varierer frå land til land og frå jurisdiksjon til jurisdiksjon. I tillegg har talet pasientar i akuttavdelingar, som har kapasitet som har blitt massivt redusert under den påståtte pandemien, aldri vore uvanleg høg.
Dersom dødsårsakar er korrekt fastslått ved å erstatte talet av døde frå kva som helst åsak innan 28 dagar etter ein positiv RT-PCR-test med talet døde frå COVID-19, er infeksjonsdødsraten (IFR; Infection Fatality Rate), under den til influensavirus, som er dødeleg for enkelte, so klart, og, ulikt SARS-CoV-2, stundom òg er dødeleg for barn.
2) Det å teste ikkje berre kritisk sjuke, innlagte pasientar som treng spesifikk antiviral terapi, i overvakingssystemet for luftvegsinfeksjonar og i ein epidemiologisk studie-kohort, men å teste sjølv asymptomatiske menneske og, på toppen av dette, å teste berre for éin einaste av alle luftvegsvirus som må bli tekne med i differensial-diagnosen til luftvegsinfeksjonar, er feil.
3) Corman-Drosten RT-PCR-testen er verken diagnostiserande for infeksjon med SARS-CoV-2 eller for sjukdom eller død av COVID-19. 27.november 2020 publiserte ei internasjonal gruppe av 22 vitskapsfolk, inkludert meg sjølv, eit «External Peer Review of the Corman-Drosten Paper» [fagfellevurdert artikkel om PCR-testen; oms.an.], oppskrifta som laboratorium brukte for å utvikle RT-PCR-testen for SARS-CoV-2. I artikkelen erklærte vi at interessekonfliktar eksisterte, at den påståtte fagfellevurderinga berre 24 timar etter innsendinga var absurd, og ti fundamentale vitskaplege feil. Denne svært innflytelsesrike medisinske artikkelen i 2020, som knapt kan overgåast når det gjeld mangel på vitskap, skulle aldri ha blitt publisert.
Corman-Drosten RT-PCR-testprotokollen er fabrikkert dårleg og vagt, utan validering og standardisering. Frå ei laboratorie-undersøking utført i Tyskland, veit vi at på grunn av kryssreaksjon med andre beta-koronavirus, blir spesifisiteten på rundt 98,6%, tilsvarande 1,4% false positive, som allereie er lågt i fråvær av alle virus, vidare reduserrt til opp til 92,4%, tilsvarande 7,6% falske positive, under influensasesongen. Desse ratane av falske positive testar kan sjå låge ut for mange lekfolk og visstnok òg for mange «ekspertar», fordi dei innser ikkje at i det tilnærma fråværet av viruset mellom influensasesongane, ved prevalens nær 0, er nesten alle positive RT-PCR-testar falske positive. Ver so snill å ta til ettertanke at dersom vi testar 1000 menn med ein 99% spesifikk graviditetstest, vil 1%, 10 testar, vere positive og på grunn av ein prevalens på 0 av graviditet blant menn, vil desse positive graviditetstestane alle vere falske positive. Overalt blir testen utført ulikt og på for høge syklusar.
Sjølv om studiar har vist at ingen dyrkbare virus er til stade i prøver med ein Ct-verdi over 28, blir testane likevel utført med syklusverdiar over 35. Resultata deira blir rapporterte utan referanse til kliniske symptom og funn, i heile verda. Corman-Drosten RT-PCR-testen er vitskapleg uriktig og blir for det meste brukt som reiskap til å skape ein epidemi av tilfelle – ein testpandemi.
4) Der finst ikkje epidemiologisk relevant asymptomatisk overføring av luftvegsvirus. Det som vi lærte på legestudiet har blitt bekrefta òg for SARS-Cov-2 av ei rekkje fagfellevurderte studiar. Den «asymptomatiske kontakten» oppfunnen av professor Drosten 30.januar 2020 var svært mykje symptomatisk: pasienten hadde undertrykt symptoma med medisin.
Difor er alle ikkje-farmakologiske tiltak for asymptomatiske, tidlegare kalla friske, menneske utover dei bevist effektive tiltaka for å få kontroll på spreiinga av luftvegsvirus, nemleg hygiene og sjølv-isolering av sjuke, skadeleg og ineffektive òg mot SARS-CoV-2.
5) Der er effektiv profylakse, til dømes sunn livsstil, masse av sosiale kontaktar, og vitamin D3, og der er effektive, vel-tolererte, billege COVID-19-behandlingsopplegg, til dømes, betennelsesdempande legemiddel, topikal budesonid, hydroksyklorokin, ivermectin og antikoagulantar.
6) I motsetnad til influensavirus, muterer ikkje SARS-CoV-2 uberekneleg, men sakte og permanent. Av den grunnen åleine ligg sjølv dei mest effektive vaksinane etter i forhold til nye variantar.
7) SARS-CoV-2 blir ikkje meir og meir smittsamt og farlegare og farlegare. Som alle andre luftvegsvirus, følgjer det evolusjonens lover. Utan menneskelege inngrep, rådar den varianten som spreier seg lettast. Dette er grunnen til at det vitterleg blir meir og meir smittsamt, men mindre og mindre farleg, naturlegvis.
8) SARS-CoV-2, som alle virus-patogen av akutte luftvegsinfeksjonar, opptrer ikkje heile tida, men er sesongbestemt, på våre breiddegrader frå november til april. Det som «ekspertar» kallar den heroiske nedkjempinga av eit drapsvirus ved hjelp av ikkje-farmakologiske tiltak og vaksinering av heile befolkninga, kallar vi legar slutten på influensasesongen.
9) På grunn av basisk og kryss-immunitet får i kvar influensasesong berre rundt 10-20% av befolkninga beta-korona og influensavirus. Dette er òg sant for SARS-CoV-2. Ei ‘n-te bølgje av eit luftvegsvirus’ er biologisk umogleg. Heller er Corona-19-sesongen følgt av Corona-20-sesongen, og no av Corona-21, som folk flest i det minste er delvis kryss-immune mot.
10) Den påståtte pandemien av det påståtte drapsviruset SARS-CoV-2 kan ikkje bli nedkjempa ved å vaksinere heile verdas befolkning, inkludert dei som er immune eller blitt friske av viruset. Serievaksinasjon med eksperimentelle mRNA og DNA-injeksjonar er unødvendige fordi IFR er 0,15%, for dei under 70 mindre enn 0,05%, for barn 0% og endå lågare dersom dødsårsakane blir korrekt fastslått, under den til sesonginfluensa. Dessutan muterer SARS-CoV-2 permanent og alltid i den tydinga at det blir meir smittsamt og mindre farleg. Dei eksperimentelle injeksjonane med framande genar er ineffektive.
Vi veit allereie dette ut frå registreringsstudiane, som ikkje er verdt papiret dei er skrivne på. Til dømes reduserte mRNA-injeksjonane risikoen for mild COVID-19-sjukdom absolutt med mindre enn 1%. Der fanst ingen data for alvorlege forløp, for sjukdomsoverføring og for sjuke personar over 75 år. Mangelen på effektivitet har no òg blitt bevist i den verkelege verda for lenge sidan.
Endeleg, er gen-injeksjonane utrygge. Dei kan forårsake anafylaktiske reaksjonar, tromboembolismar, trombocytopeni, disseminert intravaskulær koagulering og myokarditt på kort sikt. Ein har mogleg immunsystemundertrykking og antistoff-avhengig forsterkning (ADE) på mellom-lang sikt. Og på lang sikt har ein moglege autoimmune sjukdommar, kreft og infertilitet, risikoar ein ikkje har avvist enno.
Vidare er naturleg immunisering sterkare og meir berekraftig enn den beste vaksine, og immune eller folk som er friske frå viruset treng verken basisk immunisering eller oppfriskningsdose. Eller, dersom du har gjennomgått meslingar, kusma og raude hundar som barn og har fått den basiske MMR-immuniseringa, tilrådde nokon nokosinne at du fekk vaksinar mot meslingar, kusma og raude hundar for fyrste gong eller igjen? Den einaste måten å nedkjempe testpandemien som har pågått sidan slutten av 2020-influensasesongen, er å slutte med den uvitskaplege testinga av til og med asymptomatiske menneske.
Dette er hovudmytane i den rådande koronaforteljinga. Vi legar og vitskapsfolk har ikkje fått lov til å avkrefte dei offentleg i meir enn halvanna år. Dersom vi vågar å oppfylle vår moralske plikt, blir vi ignorert og sensurert i beste fall, krenka, utstøytt eller sendt til tvinga psykiatrisk behandling i verste fall.
[…]SARS-CoV-2 er ikkje framandt, men ein nyleg oppdaga medlem av den velkjende beta-koronavirus-familien. Frå mitt visstnok forrykte synspunkt som kardiolog, er dette korona si rådande nonsens-forteljing.
Ein endemi av eit sesongbestemt beta-korona-forkjølingsvirus som kan drepe enkelte menneske, naturlegvis, og som blir stadig meir harmlaust gjennom permanent sakte mutasjon, har blitt blåse opp til ein pandemi av eit ustanseleg drapsvirus, som blir farlegare og farlegare gjennom ubereknelege mutasjonar, med PR, PCR, skremmande munnbind, og myten og epidemiologisk relevant asymptomatisk overføring, som berre kan overvinnast med meiningslause, skadelege, ikkje-farmakologiske tiltak sjølv for asymptomatiske, tidlegare kalla friske, menneske og med serie-utrulling av unødvendige, ineffektivte, utrygge, eksperimentelle mRNA og DNA-injeksjonar.
Dersom det framleis ikkje har gått opp for deg at dette er, orsak uttrykket, fullstendig nonsens, frå A for Asymptomatisk overføring til Z for Zero (=null) COVID, er eg redd for at eg ikkje kan hjelpe deg – og dette tyske ordtaket kjem til sinne, omsett til engelsk [norsk]:
«Dess større skaden er på taket, dess vakrare er synet av stjernene!»
[…]Denne påståtte pandemien er i hovudsak ein uverkeleg PCR-testpandemi, men dei totalitære og undertrykkjande tiltaka den har fødd er verkelege: Dei trugar fridommen vår, levebrødet vårt og til og med liva våre.
Derimot.no sin redaksjon har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Austrian National Library
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 656 ganger.
2 kommentarer. Leave new
» Dei truer fridomen vår vår, levebrødet vårt, og tilogmed liva våre»
I livet gjelder det kjærlighetsfulle, praktiske, nære og funksjonelle, – som ikke fokuserer på å begrense menneskets mulighet til å kunne dø, – men på hva menneske trenger for å ville leve.
Hvilken straffereaksjon som kan bli aktuell, er vanskelig å si. Jeg vil hevde at dersom det kan påvises at bare ett eneste dødsfall kunne vært unngått med bruk av profylaktisk og tidlig-behandlende medikamenter, legemidler som er brukt i årtier allerede, og som ikke har alvorlige bivirkninger, men som er bannlyst av norsk helsevesen, da kan det være relevant med tiltale for uaktsomt drap. Ved en sterk økning i skader og dødsfall etter mRNA-injeksjoner kan det bli et folkelig krav om rettslig oppgjør med de ansvarlige. Ikke minst når det gjelder skader og dødsfall i de yngre aldersgruppene, som har minimal risiko for å dø av Covid-19.
Mens dersom vi får en helsekatastrofe av uante dimensjoner, som følge av mRNA-injeksjon skader og redusert immunforsvar i befolkningen generelt, da kan folk bli så paniske at de klynger seg til en hvilken som helst autoritet, i et håp om å oppnå trygghet, om den så bare er rent fiktiv.