POSTED IN Kupp/Fargerevolusjoner, USA

Vinner Trump risikerer landet statskupp.

Trump skal kastes uansett.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

En trenger ikke være enig i alt Thierry Meyssan skriver, men det han nevner som perspektiv for USA-valget er det nå mange andre som snakker om. Det snakkes altså i USA stadig mer og mer med direkte ord om at det ikke vil bli akseptert 4 nye år med Trump.

Det mest påfallende er at dette stort sett ikke nevnes i våre medier. Det betyr ikke at det ikke er riktig, men at det ikke er «politisk korrekt» å trekke dette frem i lyset. For hva skal folk da tro på?

Knut Lindtner

USA på grensa til borgarkrig

av Thierry Meyssan

I denne artikkelen ønsker skribenten å dra merksemda vår til eit faktum som folk i Vesten har vanskeleg for å skjøne: USA står oppe i ei sivilisasjonskrise. Folket er så djupt splitta at presidentvalet ikkje berre handlar om å velje ein ny leiar, men om å bestemme kva landet (imperium eller nasjon?) bør vere. Ingen av sidene er i stand til å akseptere eit tap, i ein slik grad at begge kan kome til å ty til vald for å tvinge fram sitt synspunkt.

Voltaire Network | Paris (Frankrike) | 15. september 2020

Når presidentvalet i USA no nærmar seg, er landet delt i to leirar som mistenker kvarandre for å førebu statskupp. På den eine sida er Demokratane og dei partilause Republikanarane, og på den andre sida er Jacksonianarane, som har blitt majoriteten i Det republikanske partiet utan å dele ideologien der.

David Brock er en amerikansk liberal politisk konsulent, forfatter og kommentator som grunnla medievaktgruppen Media Matters for America. Han har blitt beskrevet av Time som «en av de mest innflytelsesrike operatørene i Det demokratiske partiet». Wikipedia

Hugs, allereie i november 2016 reiste eit mediemanipulasjonsselskap, leidd av Agit-Prop-meistaren David Brock, over 100 millionar dollar til å øydelegge den valde presidenten sitt image før den offisielle innsettinga [1]. Sidan den gong, før han kunne gjere noko med det, har den internasjonale pressa portrettert presidenten som inkompetent og ein fiende av folket. Nokre aviser har til og med snakka om å avrette han. I nesten fire år har hans eigen administrasjon heile tida anklaga han for å vere ein forrædar betalt av Russland, og den internasjonale pressa har kritisert han heftig.

No planlegg ei anna gruppe, Transisjonsintegritetsprosjektet (Transition Integrity Project, TIP), scenarier for å få han kasta i 2020-valet, enten han tapar eller vinn det. Saka har blitt allment kjent etter at TIP-grunnleggaren professor Rosa Brooks lekka ein lengre artikkel i Washington Post, som ho regelmessig skriv for [2].

Professor Rosa Brooks

TIP organiserte fire rollespel sist juni. Desse simulerte ulike resultat for å føregripe reaksjonane til dei to kandidatane. Alle deltakarane var Demokratar og Republikanarar (ideologisk sett, ikkje «Republikanarar» av partimedlemsskap), ingen av dei Jacksonianarar. Ikkje overraskande trur alle desse karakterane at «Trump-administrasjonen har konsekvent underminert grunnleggande standardar for demokratiet og rettsstaten. Trump-administrasjonen har innført mykje av korrupt og autoritær praksis.» Dei konkluderte derfor med at president Trump ville prøve seg på statskupp, og såg det som si plikt å, føre var, planlegge eit «demokratisk» statskupp [3].

Det er eit typetrekk ved den politiske tenkinga no for tida å stå opp for demokratiet, men å avvise avgjerder som går imot interessene til herskarklassen. Ja, TIP-medlemmane innrømmer at valsystemet i USA, som dei forsvarer, er djupt «anti-demokratisk». Etter grunnlova er det ikkje folket som vel presidentkandidaten, men eit valkollegium på 538 personar som er utnemnde av guvernørane. Medborgarane si deltaking har til tider gjort seg gjeldande, men berre som rettesnor for guvernørane. Så i 2000, då George W. Bush vart vald, kom høgsteretten i Florida på at dei ikkje trengde vite kva innbyggarane av Florida ønska, men berre ønskemåla til dei 27 stemmarane som guvernøren der hadde utnemnd.

I motsetning til kva folk flest trur, anerkjenner ikkje USA si grunnlov folket sin suverenitet, berre guvernørane sin. Dessutan har ikkje Valkollegiet som Thomas Jefferson designa fungert skikkeleg sidan 1992: den valde kandidaten har ikkje lenger fleirtal blant innbyggarane i vippestatane [4].

TIP har kasta lys over det meste som kan hende under dei tre månadane mellom valet og nominasjonen. Dei vedgår at det vil bli svært vanskeleg å bestemme resultatet på grunn av brevstemmene i epidemitida. 

[1] “The Clinton system to discredit Donald Trump”, av Thierry Meyssan, omsett av Pete Kimberley, Zero Hedge (USA) , Voltaire Network, 28 February 2017.

[2] “What’s the worst that could happen? The election will likely spark violence — and a constitutional crisis”, The Washington Post, September 3, 2020.

[3Preventing a disrupted presidential election and transition, Transition Integrity Project, August 3, 2020.

[4Presidential elections and majority rule, Edward B. Foley, Oxford University Press, 2020.

[5] “Putchists in the Shadow of the Coronavirus”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 31 March 2020.

[6] “The Pentagon against President Trump”, Voltaire Network, 12 June 2020. Do we risk a miltary coup?, av Colonel Richard H. Black, August 24, 2020.

[7] “United States – reformation or fracture?”, av Thierry Meyssan, omsett av Pete Kimberley, Voltaire Network, 26 October 2016.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde v/Fernando Botero

https://www.voltairenet.org/article210807.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Forbered dere på kaos i USA.
    De liberale vil aldri følge fair play. Aldri.
    Ubehagelig nok for mange her fant Hitler ut det samme i Tysklands Weimar republikk i 1920 årene. En tidsepoke som har uhyggelig mange paralleller med det som nå skjer i vesten.
    En av Hitlers løsninger var å etablere SA. Vil noe av det samme skje igjen?

    Svar
  • Reidar Kaarbø
    20 september 2020 8:18

    Kaos er det allerede, men jeg tror ikke på borgerkrig pga. valget. Det spiller ingen rolle for «makten» i USA hvilken geriatrisk president som vinner valget, politikken blir den samme, krigene og intervensjonene og regimeskiftene de samme. USA kommer til å fortsette å blande seg inn over hele kloden hvor de ikke har noe de skulle gjort, og for den jevne amerikaner kommer reallønna til å fortsette å gå ned, velferdsordningene blir ikke bygget ut, og ulikheten vil fortsette å øke.

    På den annen side kunne alt dette vært grunn til revolusjon, men det har ikke noe med selve presidentvalget å gjøre. En slik eventuell oppstand vil bli slått ned effektivt og nådeløst.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

En røverhistorie:

Navalnyjs vannflaske forgiftet.

Forrige innlegg

Dag 12 i rettssaken mot Assange:

USAs advokater insisterer på retten til å tiltale journalister overalt i verden.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.