POSTED IN Klima, Miljøpolitikk

Vindkraft:

Dyrt og miljøfiendtlig?

0
Print Friendly, PDF & Email

Vindkraft – ei grøn boble på veg til å sprekke 

Publisert på Samnytt.se den 23. mai, 2023

av Andreas Nilsson

I ei nærare gransking av det som ofte blir framstilt som ei stabil og trygg inntektskjelde,  framstår bildet av endå ei grøn boble der dei siste åras investeringar ikkje har vore spesielt lønsame – men akkurat kor gale er det eigentleg?

Ein analyse av heile sektoren viser at resultata faktisk er endå verre, ettersom vindkrafta ikkje treng stå for sine eigne reelle kostnadar, og vindkrafta verkar vere ei grøn boble som risikerer å utvikle seg til eit svart hol.

Det er konklusjonen i ei gransking av trioen Christian Sandström, assisterande professor ved Jönköping International Business School, Madeleine Staaf, grunnleggar av Vindkraftsupplysningen, og Christian Steinbeck, interim økonomikonsulent, i Kvartal.

Staten har gått inn og kraftig subsidiert bygginga av vindkraftsparkar gjennom elsertifikat og ansvarsfridom frå miljøkonsekvensar. Men om ein ser på vindkraftsparkanes årsrapportar, ser det alt anna enn lyst ut, noko ein blant anna antar kjem av ei ønsketenking rundt miljøspørsmåla. 

Uhaldbare tal

Lønsamheita er meget dårleg, med negativ avkastning kvart år på pengane som eigarane har satsa – uhaldbare tal for ein bransje; tilsvarande finst ikkje i andre sektorar av økonomien. Ingen bransje kan overleve på lengre sikt med slike lønsamheitsproblem, konstaterer trioen.

Mange av investeringane er baserte på at staten skal fortsette å by på 15–25 prosent av inntektene, eit svart hol for skattebetalarane.

Spreier gifter

Ytterlegare ein problematikk er vindkraftverkas rotorblad som blir raskt nedslitne; og ingen veit kva dei inneheld, for den eksakte samansettinga er patentbeskytta. Åtvaringar om at rotorblada spreier bisfenolar som påverkar menneske såvel som dyr og plantar negativt har førekome. I dag vert dei lagt i haugar utan å takast hand om etter at dei har gjort sitt

Andre undersøkningar visar at når vindkraftsparkar bli bygde, så blir tomteverdien påverka negativt.

Vidare er ein veldig stor del av den utbygde kapasiteten skapt av utlandske investorar, der den kinesiske staten er ein stor aktør.

Berre under perioden 2017–2021 satsa Sverige over 40 milliardar kroner i vindkraft, ei infrastruktursatsing av historiske storleikar.

«I staden for å bane veg for meir vindkraft burde regjeringa tilsette ein uavhengig havarikommisjon som utgreier vindkraftas verkelege kostnadar for svensk miljø og svensk økonomi.»

Samnytt granskar vindkrafta

Omsett frå svensk av Monica Sortland

https://samnytt.se/vindkraften-en-gron-bubbla-pa-vag-att-spricka/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 250 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Havvinden blir for dyr.

Den vil blåse ned økonomien til folk.

Previous Post

Larry Johnson intervjues:

Nederlaget i Bakhmut er en Nato-gris som ikke kan forskjønnes med all verdens leppestift.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.