POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Vil Russland rykke inn fra nord?

Stor troppeoppbygging på grensen til Ukraina nå.

2 kommentarer

Førebur Russland seg på ein ny, massiv invasjon av Ukraina frå nord?

Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av og henta frå saksyndig.

Toppgeneralen i Ukraina åtvarar om at Russland for tida driv og set saman ein enorm ny hær. Kjem Vladimir Putin til å prøve å gjere definitivt slutt på krigen ved å sende denne nye hæren inn i Ukraina frå nord? Dei siste vekene har russarane gjenvunne initiativet i Ukraina, men dersom dei prøver å vinne konflikten ved å sakte kave seg gjennom dei tungt befesta slettene i det austlege Ukraina, kan det ta årevis før kampane omsider endar.

Openbert ønskjer Putin å kunne erklære siger ein eller annan gong i 2023, men den einaste måten dette kjem til å skje på er om russarane kan finne ein måte å stengje av dei ukrainske styrkane i den austlege delen av landet frå sine NATO-forsynarar. Måten å gjere det på kan vere å utføre eit lynåtak frå nord som bokstavleg tala deler Ukraina i to. Flyten av leigesoldatar og utstyr vil stoppe, og dei omringa ukrainske styrkane i aust kjem anten til å bli tvinga til å overgje seg, eller til slutt bli utsletta.

Naturlegvis vil det krevje ein diger hær for å vellykka utføre ein slik operasjon, og toppgeneralen i Ukraina seier at det er nøyaktig det russarane har arbeidd med:

«Russarane driv og byggjer ein ny 200 000 mann-hær for eit andre åtak på Kyiv [Kiev] som kan byrje om nokre veker, har Ukraina sin toppgeneral åtvara.

Valery Zaluzhny, leiar av dei ukrainske væpna styrkane, trur at Vladimir Putin gjer sin nyss mobiliserte menn om til hærar ein stad djupt inne i Russland, som han vil kaste inn i ferske åtak på Ukraina.

Då Putin fyrst invaderte Ukraina i februar gjorde han det med ein styrke på rundt 175 000 menn. Dersom general Zaluzhny har rett, kan ein endå større hær allereie vere på veg.»

I løpet av dei siste vekene har der vore mange videoar på sosiale media som visstnok viser menn og utstyr som blir posisjonerte.

Men berre fordi russarane flyttar styrkar rundt tydar ikkje at eit nytt offensiv faktisk kjem til å skje.

General Zaluzhny ser ut til å tru at ein ny invasjon definitivt er på veg, men han er ikkje sikker på om den vil kome frå nord, aust eller sør:

«Russland samlar menn og våpen for ein ny offensiv. So tidleg som januar, men meir sannsynleg om våren, vil dei lansere eit stort åtak frå Donbas i aust, frå sør eller til og med frå Kviterussland, ein marionettstat i nord. Russiske troppar vil ha som mål å drive tilbake ukrainske styrkar og kan til og med setje i verk eit andre forsøk på å ta Kyiv [Kiev], hovudstaden.

Dette er ikkje våre ord, men vurderinga til leiaren av Ukraina sine væpna styrkar, general Valery Zaluzhny. I ein hittil usett serie av møte i løpet av dei siste fjorten dagane, har generalen, saman med Volodymyr Zelensky, Ukraina sin president, og general Oleksandr Syrsky, leiaren av deira bakkestyrkar, åtvara oss om dei kritiske månadene som ligg framfor oss. ‘Russaane førebur rundt 200 000 ferske troppar,’ fortalde general Zaluzhny oss. ‘Eg har ingen tvil om at dei vil gjere eit nytt forsøk på Kyiv’. Vestlege kjelder seier at Russland sin kommandør, general Sergej Surovikin, alltid har sett på dette som ein fleirårig konflikt.»

Der er andre som trur at hæren som russarane byggjer opp er langt større enn 200 000 menn.

Faktisk fortel oberst Douglas Macgregor at totalt 540 000 russiske troppar no blir «sett saman i sørlege Ukraina, vestlege Russland og Kviterussland»:

«Den komande offensivfasen av konflikten vil gje eit glimt av den nye russiske styrken som dukkar opp og deira framtidige evne. I skrivande stund blir 540 000 russiske kampstyrkar sett saman i sørlege Ukraina, vestlege Russland og Kviterussland. Talet vil halde fram med å vekse, men talet inkluderer allereie 1000 rakett-artillerisystem, tusenvis av taktiske ballistiske missil, cruise-missil og dronar, pluss 5000 pansra kampkøyretøy, inkludert minst 1500 stridsvogner, hundrevis av bemanna kampfly, helikopter og bombefly. Denne nye styrken har lite til felles med den russiske hæren som intervenerte ni månader sidan 24.februar 2022.»

Utan tvil vil dette bli ein formidabelt overlegen styrke i forhold til den som opphavleg invaderte Ukraina.

Macgregor trur at russarane ventar på at det skal gå tele i jorda før dei lanserer sin nye invasjon, og eg tenderer mot å seie meg einig i den vurderinga.

Gjørme gjer det særs vanskeleg for militærkøyretøy å forflytte seg raskt so fort dei fer utanom vegar med fast dekke, men so fort bakken er fullstendig frosen vil ikkje det vere eit problem.

a large stone building with snow on the ground
Tungt militært utstyr kan ikke brukes før bakken er hardfrossen.

I mellomtida blir USA berre djupare og djupare involvert i konflikten.

Tidlegare i dag [15.desember 2022] vart eg temmeleg alarmert av å høyre at Biden-administrasjonen faktisk tenkjer på å sende «eit lite tal tilleggstroppar frå USA til Ukraina»:

«Forsvarsdepartementet jobbar med å samle saman innsats for å spore våpen sendt til Ukraina, ifølgje tre amerikanske senior-tenestepersonar, inkludert å diskutere om dei skal sende eit lite tal tilleggstroppar frå USA til Ukraina.

Diskusjonen kjem når den fyrste årsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina nærmar seg, og Biden-administrasjonen handterer bakkekrigen og ei ny politisk slagmark heime. Det komande republikanske Hus-fleirtalet har signalisert at dei vil vere meir skeptiske overfor ei ‘blankofullmakt’ for Ukraina, og dei ønskjer meir ansvarleggjering rundt korleis amerikanske våpen blir distribuerte og brukte. Somme republikanske lovgjevarar vil prøve å leggje ned veto mot økonomisk og militær bistand – eller avgrense tilstadeveringa av amerikanske troppar.»

Med mindre vi faktisk ønskjer ein krig mot Russland, burde vi ikkje ha nokon troppar i Ukraina i det heile.

På dette punktet er vi allereie so djupt involverte at russarane påstår at vi «i praksis har blitt ein del» av konflikten:

«Maria Zakharova, talskvinne for det russiske utanriksministeriet, sa at USA ‘ i praksis har blitt ein del’ av krigen ved å forsyne Ukraina med våpen og trene opp troppane deira. Ho la til at dersom rapportar om amerikanske intensjonar om å forsyne Kyiv [Kiev] med Patriot overflate-til-luft-missilsystem viser seg å vere sanne, vil det bli ‘nok eit provoserande trekk frå USA’, og utvide involveringa deira i fiendskapen, ‘noko som opnar opp for moglege konsekvensar’.

‘Alle våpensystem som blir sendt til Ukraina, inkludert Patriot, saman med personale som kontrollerer dei, har blitt og vil forbli legitime prioritetsmål for dei russiske væpna styrkane,’ erklærte Zakharova.»

Russarane har åtvara oss om potensielle «konsekvensar» igjen og igjen, men vi held berre fram med å sende Ukraina meir pengar og gje dei fleire våpen.

Dersom vi held fram ned denne vegen, kan vi til slutt finne oss sjølve i ein fullskala skyttarkrig mot russarane.

Vi vart spesifikt åtvara om at dette var på veg, men amerikanarar flest følgjer ikkje med. Faktisk blir det rapportert at 23% av den amerikanske befolkninga har vanskar med å lese, og mesteparten av befolkninga stoler rett og slett på konsernmedia for å få informasjon.

Dersom det amerikanske folket verkeleg forstod kva som står på spel, ville det vere massive protestar i kvar einaste større amerikanske by akkurat no.

Lat oss håpe at ein fredeleg veg ut av dette rotet kan bli funnen, for for kvar dag som går kjem vi nærare eit punkt der det er umogleg å snu.

Ein vakker dag vil vi krysse ei linje som vi aldri vil kunne krysse tilbake over, og so fort vi når det stadiet, vil det kome ein særs, særs trist dag for heile planeten.

Forsidebilde: Tim Foster



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 739 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Haukene» i Washington D.C. gnir seg i hendene ved den blotte tanken på alle de mennesker som kan bli drept i denne «krigen over alle kriger» som de bevisst forsøker å få igang?
    Hva med deres egne familier og venner? Vil de se med blide øyne på at disse også dør når missilene begynner å regne over Washington, New York og andre byer?
    Disse «haukene» må være av en egen rase, løsrevet fra vanlige menneskers aspekter på hvordan oppføre seg ovenfor andre, på moral og etikk.
    Når Russland evnt. har delt Ukraina (Nye Stor-Israel) i to, vil de da forsøke med sine A-raketter?
    Er desverre pessimistisk ang. svaret på det, med hensyn til hvor mange «useless eaters» som vil forsvinne før de er ferdige med å sende sjeler ned til sin «herre og mester».

    Svar
    • >»Washington, New York og andre byer?
      Disse «haukene» må være av en egen rase, løsrevet fra vanlige menneskers aspekter på hvordan oppføre seg ovenfor andre, på moral og etikk.»

      De er av en egen rase. De nedstammer fra den ikke-semittiske khazarene, (eller er gift med en fra den «rasen»).

      Khazarene var et ekstremt krigersk folk før deres kagan (konge) konverterte til talmudismen i år 740, og selvfølgelig befalte hele befolkningen til å gjøre det samme. De ble ikke akkurat mindre krigerske etter at de tok den «religionen». Talmudisme er det samme som satanisme, Khazaretterkommere, talmudister, sto bak bolsjevismen i Russland som kostet 66 millioner kristne, og andre, livet i løpet av 40 år fra 1917.
      Deres maktsenter er flyttet over til Nord-Amerika som de nå har full kontroll på.

      Det «kristne» i USA burde nå, i stedet for å tilbe de nye makthverne, skjelve i buksene med tanke på den skjebene som kan vente dem om kort tid. Det kan bli verre enn i Russland og Ukraina fra 1917 og utover…

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Tucker Carlson:

CIA medvirket til drapet på president Kennedy.

Previous Post

Det norske forsvaret skal nå ut i en ny krig:

Slagmarken: Tankene og følelsene våre.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.