«BEISTA MED EI RAUD STJERNE I PANNA» — CANADA SITT ALIBI FOR GJENTAKINGA AV HITLERS KRIG.
av John Helmer, Moskva



Canadas parlament, Canadas væpna styrkar og Canadas føderale og nasjonale politi (Royal Canadian Mounted Police, RCMP) demonstrerer det dei andre NATO-allierte stadig prøver å skjule. Dei har som mål å reversere utfallet av andre verdskrig og gjenoppta Adolf Hitlers operasjon for å øydelegge Russland.
Men lagnaden til soldaten Yaroslav Hunka frå SS Waffen Galicja-divisjonen, som representantar i parlamentet, forsvarssjefen og sjefen for RCMP nyleg hylla for hans storverk – å drepe jødar og polakkar i Ternopil-regionen i vestre Ukraina mellom 1943 og 1945 – ligg no i to mapper med saksdokument. Den eine er i arkivet til det polske organet for straffeforfølging av krigsbrotsverk, Institutt for nasjonalt minne, i Warszawa. Den andre er i arkiva til den sovjetiske hærens etterretning og KGB-arkiva om operasjonane til Hunka sin avdeling før dei rømde tusen kilometer sørover til Austerrike for å overgi seg til den britiske hæren.
Hunka kalla russarane, som han var redd for å kjempe mot, «beist i menneskeleg form med ein raud stjerne i panna».
Hans jødiske skulekameratar ved Berezhany Gymnasium – 32 av dei flyktningar frå Polen – fekk han til å «undrast over kvifor dei rømde vekk frå eit sivilisert vestleg folk som tyskarane.» Dei var alle drepne innan juni 1943, då byen vart erklært som «Judenfrei» (fri for jødar). Hunka hugsar den tida som «dei lykkelegaste åra i mitt liv [der eg drøymde] om selskapet med sjarmerande jenter.»



Eitt år seinare sette Den raude arméen i gang offensiven sin mot Lvov, og i løpet av fire veker vart Hunka sin divisjon knust ved Brody, 70 kilometer nord for Hunka sitt heimstad. Av dei 11 000 galicjanarane som var saman med Hunka i slaget ved Brody, overlevde færre enn ein tredjedel. Han flykta saman med Wehrmacht, som trekte seg tilbake mot Graz i Østerrike. «Det var no kvar mann for seg sjølv», har ei nyleg historie om slaget ved Brody skildra utfallet for galicjanarane.
Kva Hunka allereie hadde gjort med dei «sjarmerande» jødiske jentene i Berezhany, og kva han gjorde når han møtte russarane, har blitt skildra av Speaker’en for Canadas House of Commons i eit manus utarbeidd av det kanadiske utanriksdepartementet, og blitt hylla av general Wayne Eyre, sjef for forsvarsstaben, som «heroisk».
Med Hunka som inspirasjon ønsker det kanadiske militæret å gjenta denne kampen mot «dyra med ein raud stjerne i panna» – denne gongen med det kanadiske jødiske samfunnet som allierte, inkludert leiaren av Canadas House of Commons, Karina Gould. Men ho og hennar ministerkollegaar må no avgjere om dei skal blokkere polske og russiske førespørslar om hjelp til å dokumentere Hunka sine krigsgjerningar utifrå kanadisk, britisk og amerikansk militæretterretningsdokumentasjon. Viss dei nektar, betyr det at dei beskytter Hunka mot rettsforfølging for krigsbrotsverk i Ukraina som dei hevdar dei ikkje veit noko om, for så å gjenta (i forbetra utgåve) prestasjonane hans ved Brody for sytti-ni år sidan.
Meir:
Sjå diskusjonen med Matt Ehret på hans nettstad Canadian Patriot.
Sjå samtalen på video eller høyr den i Podcast.
For meir informasjon om historia om korleis dei sovjetiske KGB-arkiva i amerikanske og tyske domstolar fekk dømd Ivan Demjanjuk, ein ukrainsk mordar i konsentrasjonsleiren Sobibor, les dette. Sjølv om Demjanjuk døydde i 2012 i ein alder av 91 år, dukkar det stadig opp nye bevis mot han frå kjelder i Tyskland, Polen og Russland.



Bevisa mot ukrainske krigsforbrytarar som var tilgjengelege i Canada har blitt skjult, noko som starta med Deschênes-kommisjonen i 1987.
I sin oppsummerande konklusjon erklærte kommisjonen at «offentlege estimat over talet på krigsforbrytarar som angiveleg levde i Canada hadde blitt grovt overdrivne, og auka frå ‘ei handfull’ eller ‘fleire hundre’ på midten av 1970-talet til ‘tusenvis’ på midten av 1980-talet. Nokre av overdrivingane kan ha kome av den lausaktige samanblandinga av ‘krigsforbrytarar’ og ‘krigstidssamarbeidspartnarar’, nokre frå generelle skuldingar mot alle medlemmar av visse militære avdelingar som ‘Galicja’ eller ‘Halychyna’ (som kommisjonen formelt frikjenner for kollektive krigsbrotsverk), og endå fleire frå gjentaking.»
«Ikkje desto mindre inneheldt hovudlista over mogelege mistenkte som kommisjonen hadde samla inn namna til berre 774 einskildpersonar; ei tilleggsliste hadde 38 namn, og det var ei anna liste med 71 tyske vitskapsmenn og teknikarar. Av dei 774 mistenkte på hovudlista, vart det avdekt at 341 aldri hadde landa eller budd i Canada, 21 hadde landa i Canada men reist vidare til eit anna land, 86 hadde døydd i Canada, og 4 kunne ikkje lokaliserast i dette landet. Kommisjonen kunne ikkje finne nokre prima facie bevis for krigsbrotsverk i arkiva til 154 andre mistenkte. Difor tilrådde den at 606 saker vart avslutta.»
«I ytterlegare 97 tilfelle kunne kommisjonen ikkje finne prima facie bevis for krigsbrotsverk, men trudde at slike bevis kunne eksistere i aust-europeiske land. Avgjerda om å sende desse sakene ut av landet vart overlaten til regjeringa. Rundt 34 saker på hovudlista var framleis uløyste fordi det ikkje hadde kome svar frå utanlandske byrå. Tidsavgrensingar hadde også hindra kommisjonen i å granske dei 38 sakene som vart overførte til den etter oktober 1986 og lista over tyske vitskapsmenn og teknikarar.»
«Kommisjonen fann prima facie bevis for krigsbrotsverk berre i 20 saker, og i ein konfidensiell Del II av rapporten gav den detaljerte tilrådingar til regjeringa om korleis dei skulle gå fram i kvar sak».
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Yaroslav Hunka (foran i midten) tropper fra nazistenes SS-Galicia divisjon . [Foto: Ivan Katchanovski/Twitter or X]
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 042 ganger.