POSTED IN Endring av politikken

Vietnam:

Det sosialistiske landet som slo USA og reiste seg fra ruinene.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Den gigantiske, men «hemmelege», suksessen til sosialistiske Vietnam

av Andre Vltchek

André Vltchek er en amerikansk politisk analytiker, journalist og en filmskaper… (fra Wikipedia)

«Information Clearing House«, 16. juli, 2020

Då eg flytta til Hanoi for kring tjue år sidan, var byen trist og grå, dekka av smog. Dei var kvitt krigen, men sat att med skrekkelege arr.

Eg hadde med meg min 4WD frå Chile, og insisterte på å køyre den sjølv. Det var ein av dei første SUVane i byen. Kvar gong eg køyrde den, vart den treft av scooterar som flaug som prosjektil over dei store avenyane i hovudstaden.

Hanoi var ein vakker og melankolsk by, men tydeleg merka av krigen. Der var historier, forferdelege historier frå fortida. I «mine dagar» var Vietnam eit av dei fattigaste landa i Asia.

Mange store verdsarvsstadar, inkludert My Son-kyrkjegarden i Sentral-Vietnam, var i grunnen svære minefelt, sjølv mange år etter USA si skrekkelege teppebombing. Den einaste måten å vitje dei på, var med statseigde militærkøyretøy.

Hanoi Hilton er en Vietnamkrigsfilm fra 1987 som fokuserer på opplevelsene til amerikanske krigsfanger som ble holdt i det beryktede Hoa Lo fengselet i Hanoi på 1960- og 1970-tallet… (fra Wikipedia)

Bygningen eg budde i oppstod bokstaveleg talt frå det berykta «Hanoi Hilton», det tidlegare franske fengselet der vietnamesiske patriotar og revolusjonære brukte å bli torturerte, valdtatte og avretta, og der nokre tilfangetatte US-amerikanske pilotar vart haldne under det som i Vietnam blir kalla «Den amerikanske krigen». Frå vindauget mitt kunne eg sjå ein av to giljotinar på gardsplassen til det som då hadde blitt eit museum for kolonialismen.

I år 2000 hadde ikkje Hanoi eit einaste kjøpesenter, og då vi først kom dit var terminalen på Noi Bai-flyplassen berre eit knøttlite bygg på storleik med ein provins-togstasjon.

I dei dagane kjendest ein tur til Bangkok som ei reise til ein annan galakse for vietnamesarane. For journalistar som meg sjølv, dei som hadde base i Hanoi, var det heilt nødvendig med jamne mellomrom å pendle til Bangkok eller Singapore, ettersom det knapt fanst reservedelar eller profesjonelt utstyr i Vietnam.

To tiår seinare har Vietnam blitt eit av dei mest komfortable landa i Asia. Ein stad der millionar av vestlege ville ha elska å bu.

Livskvaliteten der aukar stadig. Landet sin sosialistiske modell og den sentrale planlegginga har tydeleg lykkast. Vietnam kjennest som Kina, slik dei var for tjue år sidan. Byane Hue og Danang har svære promenadar, det bli konstruert moderne transportnettverk så vel som idrettsanlegg. Alt dette står i sterk kontrast til den ekstreme kapitalistiske formørkinga av land som Indonesia og sjølv Thailand. Det vietnamesiske folket litar på ei stadig betring av sanitet, helsevesen, utdanning og kulturliv. Trass eit relativt lite budsjett er landet ofte på høgd med mykje rikare nasjonar i Asia og verda elles.

Folket i Vietnam er blant dei mest optimistiske i verda.

På berre dei tre åra eg budde i Vietnam, endra landet seg dramatisk. Den kolossale krafta og viljestyrken til vietnamesarane hjalp til med å bygge bru over tomrommet etter destruksjonen av Sovjetunionen og dei andre sosialistiske landa i aust-Europa. På same vis som Kina, gjekk Vietnam, med hell, inn for blandingsøkonomi under Kommunistpartiet sin leiarskap.

Massive forsøk frå USA og Europa på å velte det sosialistiske systemet, ved hjelp av Vest-sponsa frivillige organisasjonar og individ inne i landet, vart identifiserte og bestemt slått ned. Pro-kommunistiske og pro-kinesiske fraksjonar i regjeringa og Partiet har overmanna dei som prøvde å velte Vietnam av skinnene og dytte landet i retning Vesten.

Så følgde signifikant suksess, på mange frontar.

I ein artikkel publisert den 1. oktober 2018 i Southeast Asian Globe stod følgande å lese:

«Vietnam gjorde det best av 151 land i ein studie som vurderte livskvalitet versus miljømessig berekraft.»

Dette er ikkje første gong Vietnam har prestert eksepsjonelt bra, samanlikna med andre land i regionen og verda elles.

Artikkelen forklarte vidare:

«Den breie studien, kalla ‘A Good Life for All Within Planetary Boundaries’, publisert av ei gruppe forskarar ved Universitetet i Leeds, argumenterer for at vi treng dramatisk ny tenking kring synet vårt på utvikling og korleis denne samvirkar med miljøet.»

«Vi arbeidde med mange ulike indikatorar og forhold mellom sosiale utslag og miljømessige indikatorar,» sa Fanning til Southeast Asia Globe. «Vi kom på ideen om, vel, viss vi ser på sosiale indikatorar, kan vi definere eit nivå som er ekvivalent med eit godt liv?»

Undersøkinga omfatta 151 land, og Vietnam viste dei beste indikatorane.

«Forskarane landa på 11 sosiale indikatorar som inkluderte livsglede, ernæring, utdanning, demokratisk kvalitet og sysselsetting.»

«Det overraska oss verkeleg at Vietnam gjorde det så bra jamt over,» sa Fanning. «Ein kunne ha venta at det skulle bli Costa Rica eller Cuba, for Vietnam blir ikkje typisk rekna for å vere nokon berekraftshelt.» Fanning refererte til to land som forskarane hadde venta skulle gjere det bra, sidan dei generelt tilbyr god sosial stønad og ikkje slit med dei same miljøskadane som mange andre land gjer.»

Dette er ikkje den einaste rapporten som feirar den store suksessen til Vietnams sosialistiske modell.

I det søraustlege Asia har Vietnam allereie vunne omdømet ‘økonomisk og sosial superstjerne’. Samanlikna med det fundamentalistiske pro-marknads-Indonesia, eller sjølv Filippinane, viser Vietnams elegante sosialistiske byar – utforma og vedlikehaldne for folket – så vel som dei nydelege og stadig meir økologisk drivne rurale områda kva for eit av dei to systema som er overlegent og som passar for det asiatiske folket og kulturen deira.

I desse tider med stor naud, med naturkatastrofar og helsekatastrofar, ligg Vietnam også på desse områda langt framfor andre land i søraust-Asia. På same vis som Cuba og Kina, investerer landet tungt i katastrofeførebygging.

I følge New Age gjorde sosialistiske statar, inkludert Vietnam, ein superb jobb med å nedkjempe det nylege utbrotet av CoVid-19-pandemien:

«Utviklingsland som Cuba og Vietnam, med sosialistiske eller kommunistiske statsstrukturar og filisofi, handsamar CoVid-19-pandemien med suksess. Kva for rolle spelar den langsiktige helse- og økonomiske strategien deira for denne suksessen? MD Talebur Islam Rupom spør dette spørsmålet og stipulerer at det er på høg tid at statar investerer tungt i helsesektoren for å sikre helsestell for alle.»

«Land med sentralt subsidierte eller fullfinansierte helsesystem gjer det betre i kampen mot CoVid-19-krisa enn andre land. Det finst også mange andre proaktive årsaker som gjer det mogleg for dei å redusere dødstala og smittetala.

Cuba og Vietnam er to utviklingsland som raskt har sett i verk tiltak for å handsame trusselen. Trass embargo og restriksjonar frå USA og avgrensa ressursar, kunne Cuba si handsaming av pandemien vere ein rollemodell for andre.

Med ein mindre økonomi enn Bangladesj, tener også søraust-Asias Vietnam sitt truverd med gjenstarten av økonomien sin etter at dei skal ha utsletta CoVid-19 frå landet sitt, sjølv om dei deler grense med Kina.»

Ved slutten av mai 2020, då denne artikkelen vart skriven, hadde Den sosialistiske republikken Vietnam med sine 95,5 millionar innbyggarar registrert berre 327 infiserte og null dødsfall, i følge data frå John Hopkins University.

Sjølv det høgrevridde mainstream-magasinet The Economist kunne ikkje ignorere den store suksessen som kommunist-statar har hatt i kampen mot CoVid-19, som til dømes indiske Kerala og Vietnam:

«… Med 95 millionar menneske er Vietnam ein mykje større plass. Men når det gjeld handsaminga av CoVid-19, har dei følgd ei strengt liknande oppskrift, med eit endå meir slåande resultat. Likt Kerala vart dei eksponerte for viruset tidleg, og såg ein stor auke i talet på infeksjonar i mars. Men talet på aktive smittetilfelle toppa seg også tidleg, og har sidan rasa nedover til berre 39. Unikt blant land av sjølv fjernt liknande storleik, og i kontrast til meir kjende suksesshistorier som Taiwan og New Zealand, har dei enno ikkje hatt eitt einaste stadfesta dødsfall. Filippinane, eit nærliggande land med grovt sett same populasjon og rikdom, har hatt fleire enn 10 000 smittetilfelle og 650 dødsfall.

Likt Kerala, har Vietnam nyleg kjempa mot dødbringande epidemiar, under det globale utbrotet av Sars i 2003 og svineinfluensaen i 2009. Vietnam og Kerala nyt begge godt av at landa lenge har investert i folkehelse, og særleg i primærhelsetenesta, med sterk, sentralisert styring, institusjonar som når ut til dei fjernaste landsbyar, og ein overflod av kvalifisert personell. Ikkje tilfeldig har kommunisme hatt stor innverknad, som Vietnams uutfordra statsideologi og som eit kvalitetsmerke som venstrepartia som har dominert Kerala sidan 1950-talet har tala varmt om.»

Einskilde analysar, inkludert dei frå Vesten, går så langt som til å hevde at Vietnam allereie har gått forbi mange land i regionen, inkludert dei som – i det minste på papiret – er mykje rikare.

Deutsche Welle, t.d. rapporterte den 22. mai, 2020:

«Adam McCarty, sjefsøkonom hor forskings- og rådgivningsfirmaet Mekong Economics, ventar at Vietnam vil tene breitt på korleis dei handsama CoVid-19. ‘Kanskje er dette eit vendepunkt, der Vietnam forlet gruppa av slike land som Kambodsja og Filippinane og sluttar seg til meir sofistikerte land som Thailand og Sør-Korea, sjølv om Vietnam ikkje har liknande brutto nasjonalprodukt enno’, sa McCarty til DW frå Hanoi.»

«’Med resten av verda framleis under åket til CoVid-19, vil eksporten verkeleg bli råka,’ sa McCarty. Økonomen understreka at ting ikkje berre kan gå tilbake til det som var. Og sjølv om det nasjonale konsumet sannsynlegvis vil stige i månadane som kjem, kan eit veksttal på 5% for 2020 vere altfor ambisiøst. ‘Det blir sannsynlegvis nærare 3%, men det er framleis bra, under slike tilhøve. Det betyr framleis at Vietnam er ein vinnar.’»

Eg returnerer med jamne mellomrom til Vietnam. Ein slåande ting som eg stadig merkar meg, er at landet ikkje har nokon slum. Ekstrem fattigdom er så vanleg i brutalt kapitalistiske Indonesia og Filippinane, men og i Kambodsja og Thailand. Det finst ikkje elende verken i dei vietnamesiske storbyane, småbyane eller på landet. Dét aleine er ein enorm suksess.

Kommunistisk planlegging medfører at det meste av naturlege og helsemessige katastrofar blir unngått. Då eg budde i Hanoi brukte dei vidstrekte og tett befolka områda mellom Den raude elva og byen å bli oversvømde kvart år. Men gradvis omplasserte dei nabolag og gjenintroduserte grøntareal, og stoppa med det vatnet frå å nå inn til byen.

Steg etter logisk steg har Vietnam implementert endringar utforma for å betre liva til innbyggarane.

Massemedia i Vesten og i regionen skriv svært lite om dette ‘vietnamesiske mirakelet’, av openberre årsaker.

Med enorme offer har det vietnamesiske folket nedkjempa den franske kolonimakta, og deretter okkupantane USA. Millionar av menneske forsvann, men ein ny trygg og mektig nasjon vart fødd. Dei bokstaveleg talt reiste seg frå aska. Dei konstruerte ein eigen ‘vietnamesisk modell’. No viser dei vegen for dei mykje svakare og mindre målretta landa i søraust-Asia; dei som framleis ofrar sine eigne medborgarar med sin lydnad mot diktatet til Nord-Amerika og Europa.

Frå å vere eit av dei fattigaste asiatiske landa, har Vietnam blitt eit av dei sterkaste, mest målretta og optimistiske.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Andreea Popa

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Det er flott å få slike positive meldinger fra Viet Nam. Jeg har vært der en rekke ganger og holdt kurs for faglige tillitsvalgte, og har opparbeidet meg en stor respekt for hvor dyktige folk flest er. Denne meldingen er ingen overraskelse, men en bekreftelse på hva de har vist i årene etter 1975, når de amerikanske imperialistene ble kastet på dør. Landet har en stor utfordring, i 1975 var det i underkant av 50 millioner mennesker, i dag er de 98 millioner. De makter å forsyne sine innbyggere og eksportere store mengder ris og andre matvarer. Det er mitt håp at vietnamesere som stakk av og sto seg ned i blant annet Norge, ser hva som skjer i hjemlandet og forstår at de tok feil av de seirende makthaverne.

    Svar
  • «Frå å vere eit av dei fattigaste asiatiske landa, har Vietnam blitt eit av dei sterkaste, mest målretta og optimistiske.»

    Ved å tro på egne (arbeids- ) krefter. Nasjonal-isme.
    Det er en nasjons arbeidskrefter som gir velferd.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Er dette korrupsjon?

Å sitte på begge sider av bordet.

Forrige innlegg

I Canada:

Rettssak mot regjeringen på grunn av Covid-19 håndteringen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.