POSTED IN Ukraina, USA

Victoria Nuland:

Tapte krigen i Ukraina uten en plan B.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Fekk Nuland sparken på grunn av rolla ho spelte i katastrofen Ukraina?

av Mike Whitney

Global Research, 7. mars, 2024

Victoria Nuland sin avgang er ei innrømming av at Washington sitt utanrikspolitiske hovudprosjekt har slått feil. Ingen statstenestemann har nærare tilknytning til Ukraina-fiaskoen enn Nuland. Ho var til stades under 2014-kuppet og detaljstyrte aktivitetane, og ho har hatt oppsyn med utanriksdepartementets skitne innblanding sidan krigen starta. Karrierestien hennar er uoppløyseleg knytt til den skjebnesvangre NATO-støtta katastrofen som har resultert i at hundretusentals ukrainske fotsoldatar har døydd og store delar av landet har blitt totalt øydelagt – heilt unødvendig. Så vi lyt stille spørsmålet om Nulands iherdige renkespel for å dra NATO inn i ein uvinneleg krig med Russland er grunnen til at ho fekk sparken, ehm, kunngjorde sin avgang. Her er eit utdrag frå den offisielle pressemeldinga til utanriksdepartementet:

Men det er Torias (Nuland) leiarskap på Ukraina som diplomatar og utanrikspolitikk-studentar vil studere i mange år framover. Innsatsen hennar har vore uunnværleg for konfrontasjonen med Putins fullskala invasjon av Ukraina og oppstillinga av ein global koalisjon til å sikre hans strategiske nederlag, og hjelpe Ukraina til å arbeide fram imot den dagen då dei kan stå på eigne bein – demokratisk, økonomisk og militært. (On the Retirement of Under Secretary of State for Political Affairs Victoria Nuland), US State Department

Dette er ei merkverdig utsegn som plasserer heile skulda for den ukrainske katastrofen på Nuland sine skuldrar.

Ja, ho var «uunnværleg» då ho leia satsinga på å konfrontere Putin, nett slik ho spelte ei kritisk viktig rolle ved «oppstillinga av ein global koalisjon» til å uføre ein proksykrig mot Russland. Og det denne utsegna fortel oss, er at Nuland var ein av hovudarkitektane for konflikten som føregår. Dermed er ho i stor grad ansvarleg for den stadig djupare kløfta mellom NATO-leiarane, det aukande blodbadet på slagmarka, og USA sitt strategiske tap mot sin geopolitiske hovudrival, Russland. Kort sagt finst det ingen statstenemann som har større ansvar for den ukrainske hengemyra enn Victoria Nuland.

Nuland let dessutan etter seg ein uhorveleg stor katastrofe som det ikkje finst noko openlyst botemiddel for og ingen enkel veg ut av.

Vi kan ikkje vente at Biden-administrasjonen berre skal stoppe tvert det som blir oppfatta som ein direkte konfrontasjon med Moskva.Biden vil utan tvil presse på vidare for å redde ansikt, koste kva det koste vil, og tære vidare på banda med dei allierte medan store delar av aust-Ukraina blir overgitt til den russiske arméen. Dette er openlyst ein situasjon Washington ikkje kan vinne, og dét (trur vi) er grunnen til at Nuland – som skapte dette rotet– fekk sin avskjed på grått papir. Her er meir frå pressemeldinga:

(Nulands) fartstid overgår tre og eit halvt tiår med framståande teneste for det offentlege under seks presidentar og ti utanriksministrar. Etter sin første stilling ved konsulatet i Guangzhou, Kina, har Toria hatt dei fleste av jobbar i dette departementet. Politisk statstenestemann og økonomisk statstenestemann. Talsperson og stabssjef. Viseutanriksminister og fullmektig. Spesialutsending og ambassadør.

Desse erfaringane har utrusta Toria med ein encyclopedisk kunnskap på eit breitt spekter av emne og regionar, og ein eineståande kapasitet til å bruke heile verktykassa til USAs diplomati til å fremje våre interesser og verdiar. (USAs utanriksdepartement)

Ble Nuland ofret som syndebukk på grunn av en feilslått Ukraina-politikk?

Med andre ord: Victoria Nuland er ein av dei mest kunnskapsrike og erfarne diplomatane i heile utanriksdepartementet, men likevel kastar dei ho under bussen midt oppe i ei ekstrem krise, fordi ho feila i ei av sine største og viktigaste oppgåver i sin 35-årige karriere. Er det ikkje det dei seier?

Det er det. Du kan vere 100% sikker på at ein stridslysten gate-fighter som Nuland aldri ville ha kasta inn handkledet utan at ho uttrykkeleg hadde fått ordre om å trekke seg.

Og kanskje hadde ho fått behalde jobben viss der hadde vore noko teikn på progresjon i krigen, men der er ingen teikn på progresjon. Det er ein situasjon som er meir håplaus og sørgeleg enn nokon gong.

Akkurat no kollapsar dei ukrainske frontlinjene medan talet på daude held fram med å stige. Ukraina er gått tom for våpen, mannskap og styring. Det er eit totalt misforhold, og det har det vore heilt sidan Putin kalla ut reservane for over eit år sidan. Unge menn blir no slakta i hopetal og etterlatne for å rotne i gjørmefylte skyttargraver som stinkar av krut og død. Alt dette er teikn på at enden er nær. Og viss enden er nær, så lyt nokon ta skulda. Inn kjem Nuland med ein blink festa til ryggen.

Nuland fortener det ho får. Som beinhard krigshauk har ho alltid hatt eit omtrentleg forhold til fakta når ho har argumentert for krig med halvsanningar og reine fabrikasjonar, alt for å slynge landet ut i endå ei poenglaus blodutgyting som uunngåeleg ville ende med endå eit audmjukande nederlag. Ho fekk viljen sin, og no får ho si fortente straff. Her er eit kort klipp frå ein artikkel av Karen Kwiatkowski, som er like nysgjerrig på Nulands falske avgang:

John Bass kan det der med tapte kriger

Er sortien hennar relatert til Ukrainas kollaps som nasjonsstat eller det nært føreståande fallet til Zelensky i eit nytt kupp, eller verre? Kanskje planlegg nokon eit nytt kupp i Kiev snart, for å prøve å stoppe blødinga, og denne gongen vart ikkje gamle Vic invitert. Kanskje har CIA endeleg bestemt seg for å kutte ned på tapa sine i Ukraina, og ho vart utilsikta tap. Den som erstattar ho, er tidlegare ambassadør John Bass, som hadde oppsyn med den heilt utmerkte og vel planlagde tilbaketrekkinga frå Afghanistan for nokre år sidan. Det kan rett og slett vere rotter som forlet synkande skip. Tori var ein nøkkelaktør i det blodige og korrupte Ukraina/Biden-sambandet; ein kan håpe på at hennar brå avgang betyr meir enn berre at ei svær, fæl, blodtørstig rotte dykkar ned i djupet – måtte ho føre an for resten av den nykonservative ugagnen. Bye, Bye, Victoria! Karen Kwiatkowski, Lew Rockwell

Nuland og hennar ex-kollegaar John Brennan og Hillary Clinton, har hatt ein giftig innverknad på politikken vår, opphøga russofobi til statsreligion og dratt nasjonens ry gjennom gjørma i kvar sving. I eit intervju i Time magazine erklærte Nuland modig:

Vi skal støtte Ukraina så lenge det trengst. Ukraina kjempar for at alt landet innanfor sine internasjonale grenser skal returnerast. Vi støttar dei, også i førebuingane til eit neste, hardt framstøyt for å vinne tilbake sitt territorium … Krim må bli — som eit minimum, som eit minimum — demilitarisert.” Time Magazine

Nonsens. Finst det nokon som framleis trur på denslags tullball?

«Så lenge det trengst» betyr sannsynlegvis nye 10 til 12 månadar, toppen. Innan den tid vil Washington ha trekt tilbake støtta si og skifta fokus til Taiwan. Det kan du vedde på.

Uansett trur vi at Nuland sin avgang er alt anna enn frivillig. Vi trur ho blir stoppa av elitar innan utanrikspolitikken som ikkje lenger trur på den skrytande retorikken hennar og dei tomme løfta om å slå Putin. Ved å fjerne Nuland erkjenner dei at proksy-krigen har feila og at det trengst ein annan strategi. Og sjølv om vi enno ikkje veit kva dén politikk-endringa vil innebere, så veit vi i alle fall at Nuland ikkje vil vere involvert når dei set den ut i live.

Ein siste kommentar. I eit intervju den 22. februar, 2024 ved det prestisjetunge Center for Strategic and International Studies, fekk Nuland følgande spørsmål:

«Viss Kongressen ikkje gjer noko (for å gi meir støtte til Ukraina)… finst det ein Plan B? Tenker administrasjonen på korleis dei kan gi hjelp til Ukraina? Finst det ein måte å gi Ukraina hjelp utan at Kongressen faktisk allokerer midla til å gjere det?

Nuland: Max, vi er i Plan A. Vi er i Plan A. Og oppriktig talt, veit du, har Senatet nett røysta for dette lovforslaget med 70 røyster. Så det betyr at det amerikanske folket sterkt støttar å halde fram med hjelpa til Ukraina, i Ukrainas interesse, men også i vår eiga interesse. Så eg trur spørsmålet … når Representanthuset går ut til sine distrikt, kva bodskap gir lovgivarane til sine Kongress-medlemmar? Og korleis forstår Kongress-medlemmane korleis verda ser ut, og korleis dei vil måtte svare for seg dersom dei ikkje støttar desse løyvingane? Så eg er ein optimist på denne fronten. Eg trur vi vil nå fram. Men eg trur det amerikanske folket lyt snakke kraftig til sine medlemmar. Under Secretary of State Victoria Nuland: The Two-Year Anniversary of Russia’s Full-Scale Invasion of Ukraine, CSIS Center for Strategic and International Studies

Det finnes ingen plan B Foto: iStock

Høyrde du kva ho sa? Det finst ingen Plan B. Enten når USA fram i sin proksy-krig med Russland, eller så … kva? Kaos? Ei russisk overtaking av heile Ukraina? Oppløysinga av NATO? Kva?

Dette er ikkje den typen respons som mektige utanrikspolitiske elitar (som var til stades ved intervjuet) ønsker å høyre. Dei veit at Ukraina ikkje vinn krigen, på same vis som dei veit at Ukraina sine sjansar for suksess er ekstremt små med mindre dei får meir pengar, fleire soldatar og meir eldkraft, og alt dette rår det no alvorleg tvil om. Dei veit og at utanriksdepartementet ikkje har hatt bakkanal-forhandlingar med Russland, så det finst ingen sjanse for noko overraskande forlik heller. Og no fortel Nuland dei at verken ho eller kollegaane hennar har utforma nokon back-up-plan i fall krigen ikkje går slik dei hadde venta. Ingen Plan B.

Dette er utruleg. Nuland er enten eineståande arrogant eller kriminelt forsømmande, enten eller. Enten det er det eine eller det andre, så skjøner vi korfor elitens maktmeklarar kan ha bestemt seg for at det var på tide å pensjonere den ilske frk. Nuland.

Diverre trur vi ikkje at å skifte bodbringar nødvendigvis betyr ei fundamental nyvurdering av politikken. Likevel er det eit steg i rett retning. Medan USAs «atmosfære av uovervinnelegheit» held fram med å eire bort, og deira moralske autoritet kollapsar (Gaza), vil Washington bli tvinga til å trekke inn horna og «leike fint» med naboane sine. Den dagen nærmar seg raskt.

Til sist, uansett korleis ein ser på det, så er dumpinga av Nuland ei positiv utvikling. Nyt det så lenge du kan.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Artikkelen vart først publisert på The Unz Review.

Michael Whitney is er ein renommert geopolitisk og sosial analytikar med base i Washington State. Han starta sin karriere som uavhengig amatør-journalist i 2002 med eit engasjement for ærleg journalistikk, sosial rettferd og verdsfred.

Han er Research Associate ved Centre for Research on Globalization (CRG).

Copyright © Mike Whitney, Global Research, 2024

https://www.globalresearch.ca/was-nuland-fired-her-role-ukraine-debacle/5851505

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «CHUTZPAH utgjør en total fornektelse av personlig ansvar, noe som gjør andre målløse og vantro.»
    arameisk, «å være blottet, uforskammet.»
    «Implikasjonen er i det minste en viss grad av psykopati.»
    Beskrivelsen passer Toria Nudelman perfekt; ikke sant?
    wikipedia.org

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    11 mars 2024 14:26

    Kva skjer i NRK? Reportasjen frå Sothci i Dagsrevyen i går var noko nytt. Putin i strålande humør i lag med tusenvis av ungdomar frå 190 land.

    Er ikkje Putin sjuk likevel?
    Er ikkje Russland isolert i verda?

    Er NRK i ferd med å gi opp NATO-forteljinga? Eller var tanken berre å syna endå ein gong kor omfattande russisk propaganda er?

    Takk for omsetjing av artikkelen om Nuland!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Astrofysiker:

Vi er på vei inn i en mini-istid.

Forrige innlegg

J.K Rowlings meldt til politiet:

Kalte en biologisk mann for mann.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.