POSTED IN Krig-fred, Media, Ukraina

Vestlige medier blåser opp et mindre russisk nederlag.

Ønsketenkning preger vestlige medier i Ukraina-krigen.

7 kommentarer

Putin og hæren hans heng i taua, igjen!!

Av Larry Johnson

Larry Johnson er tidligere CIA-analytiker

Det er ikkje noko eg finn på. Det er ei veksande overtyding i mange eminente kretsar i USA og Europa som trur på denne artikkelen frå Business Insider–The army Putin spent 2 decades building has been largely destroyed in Ukraine, and Russia’s ‘strategic defeat’ could threaten his regime (Arméen som Putin brukte to tiår på å bygge opp, er stort sett utradert i Ukraina, og Russlands ’strategiske nederlag’ kan true regimet hans).

Berre når du les artikkelen og granskar «ekspertane» som er konsulterte , skjønar du at dette berre er endå meir av det verkelegheitsfjerne tullpratet som det ikkje finst bevis for. Her er George Barros sin påstand: 

Russland sin invasjon av Ukraina har vore eit strategisk nederlag. Så langt har ikkje Kreml greidd å nå sine strategiske mål, og dei har pådratt seg betydelege tap. Russland sitt militær vil måtte gjenoppbyggast,» fortel militæranalytikaren ved Institute for the Study of War (ISW) til Insider.

Denne typen må ha tonnevis av militær erfaring for å kome fram til ein slik sjokkerande konklusjon, eller? FEIL!!

George Barros

George Barros er analytikar innan saker som vedrører Russland og Ukraina ved Institute for the Study of War (Institutt for krigsstudiar). Arbeidet hans fokuserer på russiske informasjons-operasjonar, Kreml sine kampanjar i Ukraina og Kviterussland, og ukrainsk politikk. George er har Bachelor-grad med utmerking frå College of William & Mary, innan Internasjonale relasjonar og globale studiar, med utdjuping i Russiske og post-sovjetiske studiar. Før han vart med i ISW, arbeidde han i Representantanes hus som rådgivar om saker vedrørande Ukraina og Russland for eit medlem av Foreign Affairs Committee.

Barros har null militær erfaring, og han lærde tydelegvis heller ikkje noko om Russland den tida han var ved  William and Mary.

Så la oss sjå nærare på nokre reelle faktum:

  1. Russland og deira allierte tok over den viktige industri- og hamnebyen Mariupol frå ukrainske frontlinje-troppar, og dei har framleis den fulle kontrollen over byen.
  2. Russland og deira allierte kasta den ukrainske arméen ut av republikken Lugansk, og har den fulle kontrollen der.
  3. Russland og deira allierte  held fram med å ta tilbake byar og bygder i republikken Donetsk, og pressar Ukraina vestover.
  4. Russland gjorde ei taktisk tilbaketrekking frå fylket Kharkiv, og flytta troppane til Donetsk-regionen. Jada, dei gav opp territorium. Dei trakk seg.
  5. Under den noverande offensiven har ukrainske troppar, ifølge ukrainske kjelder, hatt minst 5 gongar fleire døde og såra enn Russland med sine allierte har hatt.
  6. Russlands luftstyrkar er intakte og har lidd minimale tap, medan Ukrainas luftstyrkar har blitt utsletta.
  7. Russland produserer sine eigne missilar, rakettar og artillerigranatar, og er ikkje avhengige av eit anna land for å fortsette oppdraga sine, medan Ukraina no er totalt avhengig av Vestlege forsyningar.
  8. I offensiven sin Kharkiv oblast har Ukraina mislykkast i å gjere ein djubdeoperasjon – angrepa deira har vore avgrensa til frontlinjene – medan Russlands artilleri og missilar stadig regnar ned på eksponerte ukrainske troppar.

Desse faktuma blir totalt ignorerte av forfattaren av Business Insider-stykket (dvs. John Haltiwanger), som ukritisk aksepterer dei grunnlause påstandane til kjeldene sine. Høyr på desse løgnene:

Ei ny etterretningsoppdatering frå det britiske forsvarsdepartementet seier at eliteavdelinga 1. stridsvognarmé og andre einingar i Vestre militærdistrikt  har lidd tunge tap, noko som indikerer at «Russlands konvensjonelle styrke, som er designa for å konfrontere NATO, er alvorleg svekka.» Departementet la til at «det vil sannsynlegvis ta fleire år for Russland å bygge opp att denne kapasiteten.»

Det Russiske militæret har også sett skaden, destruksjonen og overgivinga av forbløffande mengder utstyr i Ukraina. Det er estimert at dei har tapt tusentals pansra køyretøy sidan krigen starta seint i februar. Desse tapa har tvinga det russiske militæret til å hente fram forelda utstyr frå Sovjet-æraen, til dømes stridsvognene T-62, frå lagera.

Haltiwanger veit tydelegvis ikkje korleis ein skal bruke Google. Russland brukar T90-tanks i Donetsk. Ikkje akkurat ei leivning ifrå Den kalde krigen. Haltiwanger har også gløymd å spørje om dei russiske fabrikkane som produserer tanks framleis er i drift og leverer utstyr kvar veke. Og skulle du ha sett! Russland treng ikkje vente fleire år på å gjenoppbygge ein styrke som liksom skulle vere eliminert.

Hugsar du, frå dei første vekene av krigen [sic], eskapadane til den utrulege ukrainske piloten – kalla the Ghost of Kiev – som skaut ned fleire russiske jagarfly? Ja, det var ei løgn, men den vart ivrig  slukt av Vestlege lærde, media og politikarar.

La meg spørje eit enkelt spørsmål. Kven øydela «eliteavdelinga 1. stridsvognsarmé»? Og kva slags våpen brukte angriparane til å øydelegge denne stridsvognsarméen? Ukraina har ikkje kampfly eller -helikopter. Artilleriet deira, sjølv når det er supplert med HIMARS, er svært avgrensa, delvis på grunn av knappe forsyningar med granatar. Har ei gruppe NINJA-ukrainarar snike seg inn på den inkjeanande russiske tankarméen og utradert dei alle med mangelfulle Javelin’ar? Eg berre spør.

I motsetning til Ukraina, gir Russlands forsvarsdepartement daglege samandrag om dei ukrainske avdelingane dei angrip, inkludert lokasjon og detaljerte lister over utstyret som er øydelagt. Ukraina har ikkje levert noko detaljert samandrag som dette:

Massivt skyts har ført til tap (https://t.me/mod_russia_en/4107) på opptil 500 soldatar og over 40 einingar militærutstyr for 24. og 28. AFU mekaniserte brigadar nær Krasnoye Znamya og Novogrigorovka (Nikolayev-regionen), så vel som for 46. AFU luftbrigade nær Sukhoy Stavok og Belogorka (Kherson-regionen).

Høg-presisjons luftangrep mot dei provisoriske basane til 116. territorialforsvarsbrigade og Omega spesialdetasjement nær Odnorobovka og Kharkov (Kharkov-regionen) har resultert i elimineringa av opptil 30 ukrainske soldatar (https://t.me/mod_russia_en/4107) og 10 einingar militærutstyr

Om dette hadde vore løgner, kunne dei lett ha blitt tilbakevist av Vestlege journalistar. Det har ikkje skjedd.

Så, med alle dei sørgelege nyheitene om den øydelagde russiske arméen som renn inn, skulle ein tru Vladimir Putin låg i fosterstilling på kontoret sitt, i ukontrollert gråt og bedande om ei flaske Vodka til å drukne sorgene sine… eller?

Neida, Putin var i Samarkand i møte med verdsleiarar frå andre land. Ganske rar åtferd for ein mann med ei daud politisk framtid, på grunn av grisebanken frå Ukraina. Faktisk hadde han til og med tid til å møte sin kinesiske motpart:

I sitt første møte med Russlands president Vladimir Putin sidan starten på den ukrainske konflikten tidlegare i år, sa Xi Jinping at Kina var villig til å samarbeide med Russland som «stormakter», rapporterte AFP. Dei to leiarane møttest i Uzbekistan i forkant av toppmøtet til Shanghai Cooperation Organisation (SCO), som startar i Samarkand den 16. september.

Under møtet fordømde Putin «forsøka på å danne ei unipolar verd» og roste Kinas «balanserte» haldning til Ukraina-krisa.

Kinas president Xi Jinping si deltaking på toppmøtet har vekt interesse, ettersom han ikkje har deltatt på noka global tilstelning på over to år på grunn av Covid-uro.

Det kan sjå ut som ein gigantisk kinesisk etterretningstabbe, for president Xi Jinping har ikkje blitt informert om at Putin er på veg ut. Normalt ville ikkje ein offentleg kinesisk karakter av Xis format ønske å bli sett i nærleiken av nokon som er i ferd med å få den politiske karrieren sin skylt ned i dass.

Det kan finnast ei anna forklaring – dei Vestlege kjeldene er løgnarar. Etter å i årevis ha insistert på at der var masseøydeleggingsvåpen i Irak, og at USA slo Taliban i Afghanistan, korfor skulle desse folka lyge om noko som inneber at heile framtida til NATO kan stå på spel? Viss Joe Biden og kumpanane hans seier det er slik, kan du vedde på at det er slik. Det har dei gjort.

Omsett av Monica Sortland

Linker i originalartikkelen

Redaksjonen har lagt til bilder.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 432 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • «Det kan finnast ei anna forklaring – dei Vestlege kjeldene er løgnarar. »

    Men, men… Det må være feil.
    Det er jo åpenhet og informasjon i ,f.eks. norsk, media. Ikke propaganda.
    Bare tenk på den informasjonen norske innbyggere fikk da vår statsminister Stoltenberg & Ap gikk til angreps-krig , med våre forsvarsfly, i Libya.
    Det må finnast en annen forklaring.
    Vi får jo informasjon. (?):

    ‘Støre sier det er viktig å se det som har skjedd i Ukraina slik at Russland en dag kan bli ansvarliggjort.
    – Dette er levde liv lagt i grus. Vi har vært på steder nå som har absolutt null militær verdi. Sykehus, boligblokker, en skole der mennesker er angrepet vilkårlig. ‘
    nrk.no/urix/statsminister-store-pa-besok-i-ukraina-1.16023988

    Svar
  • Man trenger ikke dra til USA for å finne politisk ønsketenkning og fri-impro.
    I klassekampen i dag, side 2, får en skribent plass til å si ting som, » Somme russiske statsleiarar forsvarer invasjonen med at Ukraina har leiarar med naziholdningar. Om det hadde vore rett …. gir det likevel ikke Russland rett til å invadere. »

    Nei det er kanskje på tide å bli ekstrem, for å ta sjansen med å være på talefot disse Nrk dopede søvngjengerne vil jeg ikke ta.
    Steigan har dokumentert veldig godt hvor dypt Nazismen stikker i Ukraina og hvordan USA har jobbet målbevisst med dette. Det er alvorlig, men ettersom alle våre partier skal være så USA partiske, kan de og deres journalister ikke innse slikt.
    I tillegg har Rt publisert en artikkel som viser hvor mye Ukrainske ledere Sovjetunionen hadde. Historien om Ukrainere som er undertrykket av Russland er bare myte, for Sovjet unionen hadde en bevisst anti-russisk linje.
    Link følger –

    Svar
    • Kan man greie å få til mer dobbeltmoral enn dette kobbelet kommer med ?
      Eller har de, som Steigan skrev, sovet under en ( sin egen ?) stein de siste tiårene?

      Eller, – en patologisk mangel på selvinsikt. :

      ‘ Separatistene i Donetsk og Luhansk samt okkuperte områder i Kherson og Zaporizjzja hevdet tirsdag at de skal holde folkeavstemninger 23.–27. september om å slutte seg til Russland.
      ……Jeg synes det er ganske Grufullt det vi hører, sier statsminister Jonas Gahr Støre.
      .. Det er en brutal angrepskrig av Russland mot et selvstendig land i Europa, sier Stoltenberg.
      Dette er ikke handlingene til et selvsikkert land. Dette viser ikke styrke, men det motsatte, sier sikkerhetsrådgiveren til USAs president Joe Biden ‘
      nrk.no/urix/store-om-folkeavstemninger-i-ukraina_-_-grufullt-1.16111149

      Journalisten , da. Hva sier det til slikt vissvas?
      Ingenting.
      Stoltenberg og Støre, og USA, er vist fredet.

      Svar
  • Svar
  • Taperne av WW 2 signerte en avtale etter krigen at ingen tysk person hadde rett eller lov til å anklage allierte krigsforbrytere. Den loven skaper presedens enda. Tyskland betalte i år 1.19 milliarder dollar i erstatning til jøder i hele verden. 80 milliarder dollar er utbetalt totalt hittil og mye går til jødiske bosettere i det israelsk okkuperte Palestina. Romani og homoseksuelle har ikke fått noe erstatning. Krigslovene og erstattningslovene er hinsides all rettferdighet.

    Svar
    • Steigan skrev nylig om at den Polske regjering krever nye WWII erstatninger, og det ser ut som de vil få det. Hvorfor det? Fordi det er det internasjonale folkeferd som både krever og gir. Mange mener at Tyskland har vært okkupert siden WWII og er det ennå. Jeg synes det ser ut slik. Det er derfor de betaler.

      Svar
  • Eh – de har ikke prøvd på Kiev.
    Men russisk propaganda er kjempedårlig, de gidder ikke engang å påpeke at Ukrainas regjering er resultatet av ett kupp og illegitimt. Skulle nesten tru at Putin ser på nrk.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Smittevernsjefen i USA:

Innrømmer at økonomisk belønning kan ha ført til for høye korona-dødstall.

Previous Post

Høye strømpriser

En følge av bevisste politiske vedtak

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.