POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Vestlig etablissement fullt av politiske dverger.

I politisk aftensol kaster selv disse lange skygger.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kvifor misser det vestlege etablissementet og kommentatorar hovudet på grunn av Ukraina?

Av Larry Johnson, 21.januar 2023. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

Det er hårreisande kor fråkopla røyndommen det som blir publisert og kringkasta i Vesten er. Eg burde nok ikkje bli overraska over at dei som omfamnar transkjønnsideologi som normalt og erklærer at menn kan bli gravide, ivrig vil omfamne nonsens om at Ukraina vinn krigen som realitet. Eg ønskjer å trekkje merksemda dykkar til to artiklar – «Russland står overfor ‘ufatteleg fattigdom’, åtvarar ekssjef i Det internasjonale pengefondet (The Telegraph)» og «Kva 2023 vil føre med seg for krigen i Ukraina (The Spectator)» [originaltitlar: «Russia faces ‘incredible poverty’, warns ex-IMF chief (The Telegraph)», «What 2023 will bring for the war in Ukraine (The Spectator)»].

Takk Gud at «ekssjefen» ikkje lenger styrer Det internasjonale pengefondet. Eg er ikkje sikker på om mannen verkeleg er so dum, eller ein som er kjøpt og betalt for å seie alt for å støtte den feilande vestlege memen om Russland.

«Russlands folk står overfor ‘ufatteleg fattigdom’ som følgje av vestlege sanksjonar som respons på Vladimir Putin sin krig i Ukraina, ifølgje den tidlegare sjefsøkonomen i Det internasjonale pengefondet.

Harvard-professor Kenneth Rogoff sa at landet er på veg mot å bli eit nytt Cuba, Venezuela eller ‘eit gigantisk Iran’.»

Å jamstille Russland sin økonomi med den til Cuba, Venezuela og Iran eksponerer Rogoff som ein inkompetent økonom (Foreldre, ikkje send barna dykkar til Harvard). Lat meg presentere nokre fakta:

Cuba BNP: 107,35 milliardar [dollar]

Venezuela BNP: 482,36 milliardar

Iran BNP: 359,71 milliardar

Russland BNP: 1,78 billionar

Dersom du har vanskar med matte, lat meg hjelpe deg. Russlands BNP er større enn Cuba, Venezuela og Iran til saman (949,42 milliardar). Men BNP seier ingenting om den underliggjande styrken i nokon økonomi. Iran og Venezuela har noko til felles med Russland – alle tre er store oljeprodusentar, men Russland går forbi dei. I 2022 auka Russland sitt olje-output med 2% trass strenge internasjonale sanksjonar. Det er fordi Russland ikkje er avhengig av å selje olje til USA og Europa. Land utanfor den vestlege påverknadssfæren – spesielt Kina og India – har trappa opp kjøpet sitt av russisk olje.

Men Russland har noko som ingen av dei andre tre pariastatane har – enorme naturressursar i tillegg til olje som gjer dei til eit sjølvforsynt land. Russland er det rikaste landet i verda når det gjeld naturressursar:

«Nasjonen er ein leiande produsent av kol, diamantar, aluminium, asbest, edelsteinar, kalk, gips, jarnmalm, bauksitt, gallium, bor, glimmer, naturgass, kaliumnitrat, platina, olje, sjeldne jordmetall, råjarn, torv, nitrogen, kadmium, arsenikk, magnesium, molybden, fosfat, svovel, titan, silikon, uran, tellurium, vanadium, wolfram, kobolt, grafitt, sølv, vermikulitt, selen, rhenium, kopar og gull.»

Desse ressursane garanterer at Russland ikkje vil lide lagnaden til Cuba, Venezuela eller Iran. Russland er ikkje avhengig av å handle med USA og Europa. Faktisk verkar det som om USA og Europa treng det Russland produserer for å halde økonomiane deira temmeleg oppegåande.

Her er noko videobevis for at dagens Russland er lysår frå den gamle Sovjetunionen.

Det den mislykka økonomen Rogoff ikkje greier å fatte, er at avgjerda til Vesten om å prøve å sanksjonere og øydeleggje Russland aukar risikoen for kollaps av etterkrigsfinans-æraen dominert av USA. Ein indikator på dette er Saudi-Arabia si avgjerd om å vurdere betaling i andre valutaer:

«Saudi-Arabia opnar opp for å avgjere handel i andre valutaer enn den amerikanske dollaren, ifølgje kongedømmet sin finansminister Mohammed Al-Jadaan, informerer Bloomberg

Dette er byrjinga på ein ny økonomisk verdsorden. Kanskje er det det som plagar Rogoff.

Nestemann er Charles Lipson, som er «Peter B. Ritzma professor emeritus i politisk vitskap ved Universitetet i Chicago, der han grunnla Program on International Politics, Economics and Security, og ein bidragsytar til Spectator.» Temmeleg imponerande. Ved fyrste augnekast meir evidens som støttar Andrej Martjanov si harske fordømming av «politisk vitskap» som eit bedragersk akademisk felt. Lipson skreiv nyleg følgjande:

«Kva skjer på sjølve slagmarka? Kampen har blitt langsamare dei siste to månadene på grunn av det tidlege vintervêret. No, når bakken frys, byrjar Ukraina sine stridsvogner og artilleri atter ein gong å bevege på seg. Den mjuke bakken påverka ikkje Russland, som lit på menneskebølgje-åtak av soldatar som kan ofrast, og luftåtak av iransk-bygde dronar. Det som har seinka dei er den forsvinnande forsyninga av presisjonsvåpen og verva soldatar. Putin kan ikkje gjere mykje med våpena, men han kan gjere noko med mannskapet. Han har i hemmelegheit byrja nok ein runde med mobilisering, trass dei politiske farane. Éin ting er at han samlar menn frå utkantområde. Ein annan ting er å hale dei vekk frå gatene i Moskva og St. Petersburg, det politiske hjartet i landet. Putin vil berre gjere slikt om han trur at det å tape krigen vil bli farlegare. Det er nøyaktig det han står overfor dersom Ukraina held fram å vinne denne våren og sommaren, og spesielt om dei trugar med å ta tilbake Krim.

Akkurat no held Russland fram sin mislykka – og ekstremt kostbare – innsats for å ta byane Bakhmut og nærliggjande Soledar, som del av deira feilande forsøk på å konsolidere kontroll over Donbas. I mellomtida avanserer Ukraina sakte mot to byar lenger nord: Kreminna og Svatove. Desse byane og motorvegen som bind dei saman representerer dei neste stega austover etter Ukraina si erobring av Lyman i oktober.»

Ignorer det faktum at Russland har trappa opp missilåtaka sine på nøkkel-infrastruktur dei siste to månadene. Dersom ukrainske stridsvogner bevegar seg og russarane taper, ifølgje Lipson, kvifor treng Ukraina desperat hundrevis av stridsvogner frå Vesten? Dersom Ukraina vinn og Russland blir slegne på slagmarka, kvifor førebur ikkje Vesten sigersfesten? Å hasteinnkalle til NATO-toppmøte i Ramstein førre veke er ikkje eit teikn på at Vesten har tru på Ukraina sine militære prospekt.

Stakkars professor Lipson er tydelegvis ikkje oppdatert på hendingar som skjer no, og innser ikkje at Russland ikkje berre har teke Soledar (og somme amerikanske soldatar i prosessen), men dei har taktisk omringa Bakhmut og gjer raske framrykkingar i Zaporhyhia.

Lipson gjentek propagandaen frå Kiev om at ukrainske åtak på Kreminna og Svatove er strategisk viktige. Ingenting kan vere lenger frå sanninga. Russland har no etablert kontroll over dei einaste kommunikasjonslinjene som fraktar forsyningar til dei ukrainske styrkane i Bakhmut. Tru mot naturen sin, avslører ikkje Russland planane sine, men dei noverande rørslene av troppar og artilleri og luftåtak antydar sterkt at Russland kjem til å stengje av ukrainske styrkar aust for Dnipro-elva frå å hente nye forsyningar. Skuggar av Operasjon Uranus (altso den sovjetiske gryta som omringa og øydela nazistane sin Sjette Armé ved Stalingrad).

Lat meg konkludere ved å stille eit spørsmål – vil den vestlege heiagjengen for Ukraina i det heile teke innrømme at Ukraina taper?

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 000 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Antikrigsdemonstrasjoner over hele vesten helt på tvers av alle ideer om politisk høyre og venstre? Så oppmuntrende. USA går foran med det meste i vesten, både godt og vondt. Men det skjer nok organisk i flere land, som Østerrike og Tyskland, hvor oppslutningen til krigen er på nedadgående, hvor 60% vil ha fredsforhandlinger. Zelenskys regime er i ferd med å råtne innenfra, ser det ut for, hvor medarbeidere som ikke danser helt etter skuespillerens pipe havner på ukrainas dødsliste.

    Svar
  • «Russlands folk står overfor ‘ufatteleg fattigdom’ som følgje av vestlege sanksjonar som respons på Vladimir Putin sin krig i Ukraina, ifølgje den tidlegare sjefsøkonomen i Det internasjonale pengefondet.»

    Slik tenker folk som forveksler penger og realverdier. Og når innbyggerne i mange land også er lurt til å tro at penger har en egenverdi for en nasjon, gir vi makt til de som styrer pengeøkonomien og rentene. Dette er disses viktigste våpen.
    Våre politikere i Norge forveksler også selvfølgelig . Det er de programforplikta til ved å godta å være en vasallstat under USA/Israel, som styrer verdensvalutaen. Og innbyggerne tror at penge- politikerne sitter med kunnskap om dette underlige pengesystemet som lar oss bli ranet så elegant.
    ( Ran også ved at de som styrer verdensvalutaen har stjålet russiske pengeverdier deponert i utlandet. – Eller ved å prøve å ødelegge russisk valuta i forhold til handelspartnere ved manipulerende kjøp og salg av valutaen. )

    Men penger har ingen egenverdi for et nasjon, det er kun byttemidler i et samfunns arbeidsdeling. Det er når penger sendes rundt i et samfunn det KAN SKAPE verdier.
    Og i Russland skapes det egne verdier, med den store råvaretilgangen de har av energi og mineraler. Og arbeidskrefter og teknologi som ikke står under vestens. – Bortsett fra i vestlig medias narrativer.

    Det er heller vesten som kommer til å gå konkurs. Fordi hele velstanden bygger på en barnslig penge-forestilling. Et økonomisk pensum postulert av de som styrer hele bedrageriet.

    Når Russland i tillegg har åpne handelsforbindelser med store deler av Asia, inkl. Kina, bør man jo bare smile i skjegget av slike barnslige forestillinger/forhåpninger om at «Russland står overfor ufatteleg fattigdom»

    Dermed
    galest

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Våre umistelige ledere leker med ilden.

USA forbereder seg på atomkrig i Europa.

Previous Post

Sensur som verktøy

WEF planlegger å kvele informasjon om covid og klima som går i mot deres løgner

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.