POSTED IN Klima, Norge, Olje-Energi

Verre enn pandemien?

«Null karbon»-kravet?

7 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Den store kriminelle konspirasjonen ‘Null karbon’

av F. William Engdahl
5. februar 2021


Det globalistiske Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) i Davos proklamerer nødvendet av å nå eit verdsfemnande mål på «netto null karbon» innan 2050. Dette høyrest i beste fall ut som fjern framtid, og har difor i det store blitt ignorert. Likevel set endringar som er på veg frå Tyskland til USA og tallaust med andre økonomiar scena for grunnlegging av det dei på 1970-talet kalla Ny internasjonal økonomisk orden. I røynda er det ei planskisse for ein global, teknokratisk, totalitær korporativisme, ein som lovar planlagt kolossal arbeidsløyse, avindustrialisering og økonomisk kollaps. La oss sjå litt på bakgrunnen.

Klaus Schwab sitt WEF promoterer no hans favorittemne, den store nullstillinga av verdsøkonomien (the Great Reset). Nøkkelen til det heile er å forstå kva globalistane meiner med «netto null karbon» innan 2050. EU fører an i racet, med ein dristig plan om å bli første «karbon-nøytrale» kontinent i verda innan 2050 og redusere sine CO2-utslepp med minst 55% innan 2030.

På bloggen sin i august 2020, skreiv den sjølvutnemnde globalvaksine-tsaren Bill Gates om den komande krisa i klima:

«Så forferdelig denne pandemien enn er, så kan klimaendringane vere verre … Den relativt låge nedgangen i utslepp i år viser éin ting tydeleg: Vi greier ikkje nå nullutslepp ved berre – eller til og med for det meste – fly og køyre mindre.»

Det var nesten null-utslipp den tiden disse folkene dominerte i Europa.

Med nestenmonopol både på mainstream-media og sosiale medium, har Global-oppvarmings-lobbyen klart å få store delar av verda til å anta at det beste for menneskeslekta er å eliminere hydrokarbonar, inkludert petroleum, naturgass, kol og sjølv «karbonfri» atomkraft innan 2050, slik at vi kanskje kan håpe å unngå ein auke på 1,5 til 2 grader Celsius i den gjennomsnittlege verdstemperaturen. Det er berre eitt problem med dette. Det er ei dekkhistorie for ein skjult kriminell agenda.

Opphavet til «Global oppvarming»

Mange har gløymd den opprinnelege vitskapelege tesa som vart lagt fram for å rettferdiggjere eit radikalt skifte i energikjeldene våre. Det var ikkje «klimaendring». Klimaet på Jorda er i konstant endring, korrelert med endringar i utstrålinga av solare bluss (solar flares) eller solflekksyklusar (sunspot cycles) som påverkar Jord-klimaet. Rundt tusenårsskiftet, då den tidlegare solleidde oppvarmingssyklusen ikkje lenger var openberr, endra Al Gore og andre narrativet med lingvistisk akrobatikk til «Klimaendring», frå «Global oppvarming». No har fryktnarrativet blitt så absurd at kvart verfenomen som skil seg ut frå normalen blir behandla som «klimakrise». Kvar orkan eller vinterstorm blir hevda vere bevis for at Klima-gudane straffar oss syndefulle CO2-utsleppande menneske.

Men vent no litt. Heile årsaka til overgangen til alternative energikjelder som sol eller vind, og til å gi opp karbonenergikjelder, er påstanden deira om at CO2 er ein drivhusgass som på ein måte stig til atmosfæren, der den dannar eit teppe som dei meiner varmar Jorda under – Global oppvarming. Utslepp av drivhusgassar kjem, i følge US Environmental Protection Agency, for det meste frå CO2. Derav fokuset på «karbonfotavtrykk».

Det dei nesten aldri nemner, er at CO2 ikkje kan stige opp til atmosfæren frå bileksos eller kolkraftverk eller andre menneskeskapte kjelder. Karbondioksid er ikkje karbon eller sot. Det er ein usynleg, luktlaus gass som er av avgjerande verdi for plantane sin fotosyntese og alle livsformer på planeten, inkludert oss. CO2 veg litt over 44 gram per mol, medan lufta elles veg langt mindre. [Lufta vi pustar består hovudsakleg av nitrogen (78%) og oksygen (21%). Den molare massen til nitrogen er ca. 14 g/mol og oksygen har ein molar masse på ca. 16 g/mol, mrk.]. Den spesifikke gravitasjonen til CO2 er rundt 1,5 gongar høgare enn den til lufta elles. Det tyder på at CO2-eksosgassar frå køyrety eller kraftverk ikkje stig oppover atmosfæren 2 mil eller meir over Jord-overflata for å danne den frykta drivhuseffekten.

Maurice Strong

Klaus Schwab

For å skjøne dei kriminelle gjerningane som utspelar seg rundt Gates, Schwab og forkjemparar for ein påstått «berekraftig» verdsøkonomi, må vi tilbake til 1968 då David Rockefeller og vener skapte ei rørsle kring ideen om at menneskeleg forbruk og befolkningsvekst var det største problemet i verda. Rockefeller, som hadde basert rikdommen sin på olje, grunnla den neo-malthusiske [etter økonomen Thomas Robert Malthus] Romaklubben i Rockefeller-villaen i Bellagio, Italia. Det første prosjektet deira var å finansiere ein søppelstudie ved MIT kalla Limits to Growth [grenser for vekst] i 1972.

Ein av dei viktigaste organisatorane av Rockefellers ‘null-vekst’-agenda på tidleg 1970-tal, var hans mangeårige ven, ein kanadisk oljemann med namnet Maurice Strong, også medlem av Romaklubben. I 1971 vart Strong utnemnd til undersekretær av FN og generalsekretær av konferansen Stockholm Earth Day i juni 1972 [‘Stockholmskonferansen’ som var FNs første miljøkonferanse, mrk.]. Han var også trustee for Rockefeller Foundation.

Maurice Strong var ein tidleg propagandist for den vitskapeleg ugrunna teorien om at menneskeskapte utslepp frå transportkøyrety, kolkraftverk, og jordbruk er årsak til ein dramatisk og akselererande global temperaturauke som truar sivilisasjonen, såkalla «global oppvarming». Han fann opp det elastiske uttrykket «berekraftig utvikling».

Som leiar for Stockholmskonferansen i 1972, promoterte Strong befolkningsreduksjon og ei senking av levestandarden rundt om i verda for å «redde miljøet». Nokre år seinare uttalte den same Strong:

«Er det ikkje planetens einaste håp at dei industrialiserte sivilisasjonane kollapsar? Er det ikkje vårt ansvar å sjå til at det skjer?»

Maurice Strong

Dette er den agendaen vi i dag kjenner som Den store nullstillinga (the Great Reset) eller FN-agenda 2030. Strong gjekk vidare og skapte UN Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC, FNs klimapanel), ei politisk eining som fremjar den ugrunna påstanden at menneskeskapte CO2-utslepp var i ferd med tippe verda vår over i ei irreversibel økologisk katastrofe.

Medgrunnleggar av Romaklubben, dr. Alexander King, innrømte bedraget med miljøagendaen deira nokre år seinare i boka si The First Global Revolution. Han skreiv:

«I søket etter ein ny fiende som kunne sameine oss, kom vi opp med ideen om at ureining, trusselen om global oppvarming, vassmangel, svolt og liknande kunne passe … Alle desse farane er forårsaka av menneskeleg innblanding, og det er berre gjennom endra haldningar at dei kan overvinnast. Den verkelege fienden blir då mennesket sjølv.»

King vedgjekk at «trusselen om global oppvarming» berre var ein manipuleringstaktikk for å rettferdiggjere eit angrep på «sjølve menneskeslekta». Dette blir no rulla ut som Den store nullstillinga og knepet Netto null karbon.

Alternativ Energikatastrofe

I 2011 la Angela Merkel og den tyske regjeringa, etter råd frå Joachim Schnellnhuber frå Potsdams Institutt for forsking på klima-påverknad, ned eit totalforbod mot atomkraft innan 2022, som ein del av ein regjeringsstrategi frå 2001 kalla Energiewende (energiskiftet) som skulle sette sin lit til sol- og vindkraft og andre «fornybare». Målet var å gjere Tyskland til det første «karbonnøytrale» industrilandet.

Det er ikke usannsynlig at Tyskland vil oppleve det samme som det vi nå ser i Texas, ekstremkulde og sammenbrudd av el-nettet.

Strategien har blitt ein økonomisk katastrofe. Frå å vere eit land med eit av industriverdas mest stabile lågkosts og pålitelege elektrisitetsnett, har Tyskland i dag blitt verdas dyraste elektrisitetsgenerator. I følge det tyske energiindustriforbundet BDEW, vil Tyskland seinast i 2023 – når det siste atomkraftverket stenger ned – bli råka av elektrisitetsmangel. På same tid vil kol, den største kjelda deira til elektrisitet, bli fasa ut for å nå Netto null karbon. Tradisjonelle energiintensive industriar som stål, glasproduksjon, grunnleggande kjemikaliar, papir og sementmanufaktur møter skyhøge kostnadar og nedstengingar eller utskiping og tap av millionar av jobbar for fagarbeidarar. Den lite energieffektive vind- og solkrafta kostar i dag rundt 7 til 9 gongar meir enn gass.

Tyskland har lite sol samanlikna med tropiske land, så vind blir sett på som hovudkjelda for grøn kraft. Det trengst ei enorm mengd betong og aluminium til å produsere sol- eller vindfarmar. Det trengst billig energi – gass eller kol eller atomkraft – for å produsere. Når dét er fasa ut, blir kostnaden eit hinder, sjølv utan pålegg av «karbonskatt».

Tyskland har allereie omlag 30 000 vindturbinar, meir enn nokon annan stad i EU. Dei gigantiske vindturbinane har seriøse støyproblem eller helsefarleg infralyd for dei som bur nær dei svære strukturane, og dei skadar fuglar. Innan 2025 vil 25% av dei eksisterande tyske vindmøllene trenge utskiftning, i følge estimata, og søppelhandteringa er eit kolossalt problem. Selskapa blir saksøkte når innbyggarane innser kva for ei katastrofe dei er. For å nå måla innan 2030, har Deutsche Bank nylig innrømt at staten vil måtte skape eit «øko-diktatur».

Øko-diktatur? (Worlds (series) 2010
Marius Konrad Vartdal (NO))

Samtidig er den tyske framskundinga for å gjere ende på bensin- og dieseltransporten innan 2035 til fordel for e-køyrety på veg til å øydelegge Tysklands største og mest profittbringande industri, bilsektoren, og fjerne millionar av arbeidsplassar. Køyretya som er drivne av lithium-batteri har eit totalt «karbonavtrykk», når ein inkluderer effektane av gruvedrifta for utvinning av lithium og produksjonen av alle delane, som er verre enn dieselbilane sitt avtrykk. Og mengda av ekstra elektrisitet ein vil trenge for eit null-karbon-Tyskland innan 2050, vil bli langt større enn i dag, ettersom millionar av batteriladarar vil trenge eit elektrisitetsnett med påliteleg forsyning. No startar Tyskland og EU å innføre nye «karbonskattar», for å finansiere overgangen til null karbon, seier dei. Skattane vil berre gjere elektrisk kraft og energi endå dyrare og sikre at den tyske industrien kollapsar raskare.

Avfolking

I følge pådrivarane for Null-karbon-agendaen, er det nett det dei har hug til: deindustrialiseringa av dei mest avanserte økonomiane, ein kalkulert strategi over fleire tiår, som Maurice Strong sa, for å skape kollapsen til den industrialiserte sivilisasjonen.

Å forvandle den industrielle økonomien i dagens verd attende til ein vedbrennande, vindmøllesnurrande dystopi der hyppige straumstans blir norma, slik det no er i California, er ein essensiell del av ein Stor-nullstilling-transformasjon under Agenda 2030: UN Global Compact for Sustainability.

Hans Joachim Schellnhuber er en tysk klimatolog. (Fra Wikipedia)

Merkel sin klimarådgivar, Joachim Schnellnhuber, ein ateist, presenterte i 2015 den radikale grøne agendaen til pave Frans, det encykliske brevet Laudato Si, då han var Frans sin utnemnde til Det pontifikale vitskapsakademiet. Og han var rådgivar for EU ved deira grøne agenda. I eit intervju i 2015 erklærte Schnellnhuber at «vitskapen» har no bestemt at den maksimale berekapasiteten for ein «berekraftig» menneskeleg populasjon er seks milliardar færre menneske:

«På ein svært kynisk måte er det ein triumf for vitskapen, for vi har endeleg stabilisert noko – nemleg estimata for den berande kapasiteten til planeten, nemleg under 1 milliard menneske.»

For å få til dét, må den industrialiserte verda rivast ned. Christiana Figueres, bidragsytar til Verdsøkonomisk forum sin agenda og tidlegare executive secretary for FNs Framework Convention on Climate Change, avslørte det sanne målet for FNs klima-agenda på ein pressekonferanse i Brussel i februar 2015: «Det er første gongen i menneskets historie at vi set oss sjølve på oppgåva å internasjonalt endre den økonomiske utviklingsmodellen som har rådd sidan Den industrielle revolusjonen.»

Figueres sine utsegner i 2015 får vi ekkoet av i dag frå Frankrikes president Macron. Han hevda ved «Davos-agendaen» til Verdsøkonomisk forum i januar 2021 at «under dei noverande tilhøva er ikkje lenger den kapitalistiske modellen og open økonomi mogleg.» Macron, tidlegare Rothschild-bankmann, hevda at «den einaste måten å kome seg ut av denne epidemien på, er å skape ein økonomi som er meir fokusert på å eliminere gapet mellom dei rike og dei fattige.» Merkel, Macron, Gates, Schwab med vener vil gjere det ved å bringe levestandarden i Tyskland og OECD ned til nivå med Etiopia og Sudan. Dette er null-karbon-dystopien deira. Kraftig avgrensing av luftfart, bilreiser, folkeflytting, stenging av «ureinande» industri, alt saman for å redusere CO2. Fabelaktig korleis koronaviruspandemien riggar scena for Den store nullstillinga og FN-agenda 2030s Netto null karbon.

F. William Engdahl er strategisk konsulent og førelesar, han har utdanning i politikk frå Princeton University. Han skriv for nettmagasinet “New Eastern Outlook”

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Xavier von Erlach



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 914 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • Det er rett og slett mystisk at et så kunnskapsrikt, analytisk sted som Derimot fornekter helt elementær vitenskap! Herregud, hva er du trur på da?

    1) Den svenske fysiker og kjemiker Svante Arrhenius viste allerede i 1896 at karbondioksid og vanndamp regulerer klima ved å redusere utslipp av varme fra jorda til verdensrommet, kalt Drivhuseffekten.
    2) Det som skiller oss fra dyra er at vi kan telle, måle, veie, observere, kalkulere, for deretter å beskrive, handle og prognosere.
    3) Karbondioksid er påvist i atmosfæren, hydrosfæren, litosfæren og biosfæren.
    CO2 absorberes av havet og gjør det surere hvilket påvirker flora og fauna.
    4) Karbondioksid fordeler seg homogent i atmosfæren og kan måles med et instrument som du kan kjøpe på nettet til en pris rundt 1000 kroner. Temperaturen måles med et instrument tilsvarende det du stikker i rompa for å måle feberen.
    5) Karbondioksid avgis når fossile brensler som kull, olje og gass forbrennes, det er en kjemisk naturlov. 1 kg bensin avgir 2,32 kg CO2 .
    6) Ja, karbondioksid absorberes av de grønne plantene i fotosyntesen som krever lys, der blir det laget glukose og avgitt oksygen. I mørke ånder plantene på samme måte som hos oss og dyra, oksygen tas opp og karbondioksid avgis.
    7) I så måte burde det være klokt å øke antall planter, men hittil i år har vi mennesker fjernet, hovedsakelig regnskog, 800.000 hektar med skog ≈ 1,2 millioner fotballbaner.
    8) I løpet av de siste 70 år viser målinger at klimagassen karbondioksid har økt for hvert år, samtidig har klima i snitt blitt varmere – begge som proporsjonale størrelser. Hva skyldes det? Dyra i skogen?

    Svar
    • Freddy Christian Arneberg.
      23 februar 2021 19:27

      Det finnes ikke noe menneskeskapt klimakrise.

      Svar
      • Næmen så flott! På nettet kan du kjøpe det instrumentet som måler konsentrasjonen av klimagassen karbondioksid, det koster rundt tusen kroner. Temperaturen måler du med et instrument som tilsvarer det du stikker i rompa for å måle feberen. Nå viser det seg gjennom målinger de siste hundre år at disse to størrelsene øker proporsjonalt. Hva kan det skyldes, mon tro?, dyra i skogen?

        Svar
    • Har du ikke oppdatert deg siden 1896? «Den svenske fysiker og kjemiker Svante Arrhenius viste allerede i 1896 at karbondioksid og vanndamp regulerer klima ved å redusere utslipp av varme fra jorda til verdensrommet, kalt Drivhuseffekten» Drivhuseffekten positiv eller negativ tilbakekopling fra vanndamp?
      Jan-Erik Solheim*
      En viktig del av «drivhuseffekt-hypotesen» er at mer CO2 fører til oppvarming
      som gjør at mer vann fordamper.
      Økt vanndamp-innhold i atmosfæren vil føre til mer absorpsjon av infrarød stråling fra bakken.
      Dette fører til ytterligere oppvarming siden vanndamp
      er 25 ganger mer effektiv enn CO2 til å absorbere varmestråling.
      Denne økte oppvarmingen fører til at luften kan holde på enda mer vanndamp
      som fører til enda mer oppvarming…
      Dette kalles positiv tilbakekopling og fører til KLIMAKATASTROFEN
      vi hører om daglig.
      Med en slik drivhuseffekt ville det neppe være levelig på jorda.

      Også i Norge spiller fuktigheten en stor rolle
      Vårt klima styres i høy grad av tilført varme fra varmere strøk
      lengre sør.
      Enten ved Golfstrømmen som varmer vår kyst eller varme vinder fra sør og sør øst.
      I områder som er skjermet fra kystvindene og når vinden stilner, opplever vi daglige sykluser
      med negativ tilbakekopling så lenge det er fuktighet i bakken.
      Vi har mange ganger hørt meteorologene fortelle om ustabile (fuktige) luftmasser og mulighet for ettermiddagsbyger i innlandet.
      Med byger blir det kjøligere.
      Men er bakken tørr, og luftfuktigheten lav,
      så kan vi oppleve varme dager og kaldere netter – slik det er i ørkenstrøk.

      Konklusjon: Stabilt klima – ingen katastrofe
      Takket være vann som dekker mer en 70 % av planetens overflate
      og vannets evne til å holde på varme og fordele den over kloden
      sammen med en atmosfære som bidrar med trykk
      og fordelings- mekanismer,
      har vi et usedvanlig stabilt klima sammenlignet med andre planeter.

      Temperaturen på overflaten bestemmes av utstråling fra sola,
      jordas beskyttende magnetfelt,
      hva som slipper gjennom atmosfæren
      og hva overflaten reflekterer eller absorberer av varme.
      Varme strømmer alltid fra det som er varmere til det som er kaldere.

      Bra for oss som lever langt nord.
      Carl Brehmer, The Greenhouse Effect Explored,
      Is Water Vapor Feedback Positive or Negative?,
      fra boka The Sky Dragon Victory Lap, Stairway Press, Kindle utgave.

      Hva skjer med temperatur når vanndamp øker?
Carl Brehmer har undersøkt hvordan temperaturen har variert
      på tørre eller fuktige dager i sin målestasjon i hjembyen
      Prescott i Arizona.
      Han leste av temperatur og fuktighet hver halve time i 38 dager
      og sorterte disse i dager med mer eller mindre
      enn gjennomsnittlig luftfuktighet.
      Resultatet for tiden mellom soloppgang og kl. 14
      Middel- temperaturen på tørre dager er to grader høyere
      enn på fuktige dager.
      Siden temperaturen øker fra soloppgang til ut på etter- middagen, så er dette negativ tilbakekopling.
      Han gjorde samme forsøket for perioden fra kl 15 til soloppgang neste dag. I denne perioden sank temperaturen.
      Også et tegn på negativ tilbakekopling.
      Fuktighet fører til negativ tilbakekopling som gir kjøligere dag
      og varmere natt.

      Svar
      • OK, så da er det bare innbilning det vi nå opplever som ekstreme værsituasjoner, flom, tørke, skogbranner, vippepunkter både for regnskog og tundra? Eller kanskje vi ikke lever på den samme planeten?

        Svar
  • Den svenske fysiker og kjemiker Svante Arrhenius. Visste du at den svenske yppersteprestinne i «Klima-kirken», Greta er i familie med denne mannen? Han ble ledd ut den gang han holdt på med sitt «arbeid», og Greta blir nå ledd ut for sitt «arbeid» for å «redde kloden» fra koking pga. denne CO2’en. For de som kan legge sammen 2 + 2 blir bildet ganske klart, CO2 den gang og CO2 nå, alt innenfor samme familie-ætt.

    Svar
    • Du verden, bruker du kalkulator, eller? Når usakligheten når dine høyder, så blir du utmeldt forstår du. Men lykke til med karrieren som å leke struts, ha en fin dag…:)

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Norge:

USAs lille internasjonale kamphund!

Previous Post

Da millioner ble uten strøm i Texas.

Vindkraften sviktet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.