POSTED IN Endring av politikken, Virkelighetsforståelse

Verden rystes.

Er Gazakrisen innledningen til noe større?

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Israels kollaps og USA

av Thierry Meyssan

For første gong i historia er verda vitne til eit brotsverk mot menneskeslekta direktesendt på fjernsyn. USA og Israel, som lenge har vore forbundne, vil begge bli haldne ansvarlege for massemordet i Gaza. Alle andre enn Europa, Washingtons allierte, trekk no sine ambassadørar ut av Tel Aviv. I morgon vil dei gjere det same i Washington. Alt skjer slik det gjorde då Sovjetunionen braut saman, og det vil ende på same måte: det amerikanske imperiets eksistens er trua. Prosessen som no har starta, kan ikkje stoppast.

USA og Israel blir oppfatta som eitt og same. Dei vil begge måtte ta ansvaret for brotsverka sine.

Medan vi har blikket retta mot massakrane på sivile i Israel og Gaza, oppfattar vi ikkje den indre splittinga i Israel og USA, eller dei betydelege endringane dette dramaet framprovoserer i resten av verda. For første gong i historia blir sivile massakrerte på direktesendt tv.

Overalt – unntatt i Europa – går jødar og arabarar ihop om å rope ut smerta si og be om fred. Folk over heile verda innser at dette folkemordet ikkje hadde vore mogleg dersom USA ikkje hadde forsynt den israelske arméen med bomber i sanntid.

Statar overalt kallar tilbake ambassadørane sine frå Tel Aviv og vurderer å trekke tilbake dei dei har sendt til Washington.

USA gjekk berre motvillig med på dette spektakkelet, men dei både tillet det og mogleggjorde det med subsidiering og våpen. Dei er no redde for å miste makta si etter nederlaget dei leid i Syria, nederlaget i Ukraina og kanskje snart også eit nederlag i Palestina. Viss imperiets arméar ikkje lenger skremmer, kven vil då fortsette med å bruke dollar i transaksjonane sine i staden for sin eigen valuta? Og korleis skal i så fall Washington få andre til å betale for USA sin pengebruk, korleis skal USA oppretthalde levestandarden sin?

Men kva skjer til slutt i denne historia? Ein revolt i Midtausten, eller at Israel knusar Hamas til ein pris av tusentals liv?

Vi vil hugse at president Joe Biden først oppmoda Israel til å gi opp planen sin om å flytte det palestinske folket til Egypt eller, dersom dét skulle feile, å utslette dei. Men Tel Aviv lydde ikkje.

Dei «jødiske suprematistane» ter seg i dag slik dei gjorde i 1948.

Då Dei foreinte nasjonane (FN) røysta for å opprette to føderale statar i Palestina, ein hebraisk og ein arabisk, proklamerte dei væpna styrkane sjølve den hebraiske staten, før statens grenser hadde blitt fastlagt. Dei «jødiske suprematistane» fordreiv straks millionar av palestinarar frå heimane deira («Nakhba») og myrda spesialutsendingen frå FN som hadde kome dit for å opprette ein palestinsk stat. Dei sju arabiske arméane (Saudi-Arabia, Egypt, Irak, Jordan, Libanon, Syria og Nord-Jemen) som prøvde å opponere, vart raskt sveipte bort.

I dag lyder dei ikkje lenger sine beskyttarar og massakrerer igjen, utan å skjøne at denne gongen er heile verda tilskodarar og ingen vil kome og redde dei. På eit tidspunkt då sjiittane hadde akseptert prinsippet om ein hebraisk stat, sette galskapen deira alt på spel, og no er sjølve eksistensen til staten trua.

Vi hugsar korleis Sovjeunionen kollapsa. Unionen greidde ikkje å beskytte befolkninga sin under ei katastrofal ulykke. 4000 sovjetarar døydde på atomkraftverket i Tsjernobyl (1986) medan dei redda sine medborgarar. Dei overlevande spurde seg korfor dei heldt fram med å akseptere eit autoritært regime 69 år etter Oktoberrevolusjonen. Mikhail Gorbatsjov, KPSUs generalsekretær, har skrive at det var først då han såg denne katastrofa at han innsåg at regimet hans var trua.

Så kom desember-opprøra i Kasakstan, demonstrasjonar for uavhengigheit i dei baltiske statane og Armenia. Gorbatsjov endra Grunnlova for å få fjerna den eldre garden frå partiet. Men reformane hans var ikkje nok for å stoppe brannen som spreidde seg til Aserbajdsjan, Georgia, Moldavia, Ukraina og Belarus. Dei austtyske ungkommunistane sitt opprør mot Bresjnev-doktrinen førte til at Berlin-muren fall (1989). Oppsmuldringa av makta i Moskva førte til innstilling av hjelpa til allierte, inkludert Cuba (1990). Til sist kom oppløysinga av Warszawa-pakta og unionens oppbrot (1991). På berre litt over 5 år hadde eit imperium som alle trudde ville vare evig, kollapsa.

Denne uunngåelege prosessen har nett starta for «det amerikanske imperiet». Spørsmålet er ikkje kor langt Benjamin Netanyahu’s «revisjonistiske Sionistar» kjem til å gå, men kor langt dei US-amerikanske imperialistane kjem til å støtte dei. Når vil Washington kjenne at dei har meir å tape på å la palestinske sivile bli massakrerte enn på å korrigere Israels leiarar?

Det same problemet møter dei i Ukraina. Den militære motoffensiven til Volodymyr Zelenskys regjering har feila. Russland prøver ikkje lenger å øydelegge ukrainske våpen, som straks blir erstatta med våpen donerte av Washington, men i staden å ta livet av dei som brukar dei. Russiske hærstyrkar ter seg som ei gigantisk kjøtkvern som sakte men sikkert drep alle ukrainske soldatar som nærmar seg dei russiske forsvarslinjene. Kiev greier ikkje lenger mobilisere krigarar, og soldatane deira nektar å lyde ordrar som dømmer dei til den visse død. Offiserane deira har ikkje anna val enn å skyte pasifistane.

Mange av leiarane i USA, Ukraina og Israel snakkar allereie om å erstatte koalisjonen til dei «integrale nasjonalistane» i Ukraina med ein koalisjon av «jødiske suprematistar», men det går ikkje no, midt i krigen. Men det må bli gjort.

President Joe Biden lyt erstatte sin ukrainske marionett og sine barbariske israelske allierte, nett slik generalsekretær Mikhail Gorbatsjov laut erstatte sin insensitive representant i Kasakhstan, noko som opna vegen for brei dissens mot korrupte leiarar. Når Zelensky og Netanyahu har fått sparken, vil alle vite at det er mogleg å ta hovudet til ein Washington-representant, og alle vil vite at dei må flykte før dei blir ofra.

Denne prosessen er ikkje berre uunngåeleg, den er ubønhøyrleg. President Joe Biden kan berre gjere det han kan for å seinke den, for å få den til å vare, ikkje stoppe den.

Folka og leiarane i Vesten må no ta initiativ til å kome seg ut av denne knipa utan å vente på å bli overgitt, slik Cuba vart og som endte deira «spesialperiode». Det hastar: den siste som reagerer vil måtte ta rekninga for alle. Mange statar frå «resten av verda» flyktar allereie. Dei står i kø for å kome inn i BRICS eller Shanghai Cooperation Organization (SCO).

Endå meir enn Russland, som måtte bryte laus frå dei baltiske statane, må USA førebu seg på oppstandar på heimebane. Når USA ikkje lenger greier å sette igjennom dollaren i den internasjonale handelen, og levestandarden deira kollapsar, då vil dei fattigare regionane nekte å lyde, medan dei rikare vil ønske å bli uavhengige, i første omgang republikkane Texas og California (dei einaste som har juridisk rett til det) [1]. Samanbrotet til USA vil truleg føre til borgarkrig.

Når USA forsvinn, vil også NATO og EU forsvinne. Tyskland, Frankrike og Storbritannia vil atter byrje rivalisere seg imellom, etter å ha forsømt å reagere då tida var inne for det.

I løpet av få år vil Israel og «det amerikanske imperiet» forsvinne. Dei som set seg opp imot historias gang vil forårsake krigar og unødvendig død.

Thierry Meyssan

Omsett av

Monica Sortland

[1] «Det blir uunngåelig med borgerkrig i USA«, av Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 15, (på norsk den 21.) desember 2020.

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 829 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • En koalisjon av jødiske suprematister i Kiev er planen ifølge geniale Thierry Meyssan? Hvis han sier det tror jeg det vanligvis. Og han er ikke redd for å ta bladet fra munnen der andre er mer berørt av berøringsangst.
    Takk til Monica Sortland for alltid gode oversettelser!
    Jødiske Zelensky har uttalt:
    «Ukraina vil se mer ut som «Det Store Israel» enn Europa i fremtiden.»
    Blackrocks jødiske Larry Fink eier allerede store deler. Zelensky tar seg av avfolkning, så nå er det snart ingen stridsdyktige ukrainere igjen. Tomt. Lagt i ruiner. Klart for invasjon. Investeringer. Gjenoppbygging til et Ukraina styrt av jødiske suprematister i Kiev. Thierry Meyssan tror det. Elena Zelenska skaffer ukrainske barn på bestilling til de som betaler. Biden-familien er generasjons-pedofile. Alle amerikanske presidenter hittil: sionister. Moxnes er kleptoman. YGL-prinsen står i ledtog med fienden. Og Erna sitter like godt og smiler like fett, urørt av økokrim. Samfunnspakten brutt og skjendet av makthaverne i hele vesten.
    Et jødisk Khazaria? Utsletting av lokalbefolkning, ukrainsk eller palestinsk, for å gjøre mer «Lebensraum» for «guds utvalgte»? Så de khazariske konvertittene tar landet sitt tilbake? Er det det som foregår?

    Svar
    • Det er/var den «våte draumen», men som nett no ser ut til å misslykkes. Tredje verdenskrig ser og ut til å misslykkes. Da muslimene har gjennomskuet plottet.

      Svar
  • Johannes Åtta Førtifira
    18 november 2023 12:18

    DE JØDISKE FOLKEMORDERNE SPRENGER SNART Al SHIFA SYKEHUSET

    Sprenger sykehuset i et forsøk på å skjule løgnene deres om om det sentrale sykehuset i Gaza by.
    Og selvsagt også for å ødelegge denne viktige institusjonen i Gaza, slik folkemorderne har ødelagt de andre.

    Pasientene fikk 1 time til å evakuere. Mange av dem kan ikke evakueres.

    Svar
    • Northern Light.
      18 november 2023 16:28

      «Sprenger sykehuset i et forsøk på å skjule løgnene deres om om det sentrale sykehuset i Gaza by».
      Hvis de gjør det, vil de antagelig ikke legge det i grus med artilleri, raketter eller missiler. Siden sykehuset filmes 24/7 vil det bli oppdaget, og dokumentert for hele verden. De vil trolig gjøre det med store mengder eksplosiver, og skylde på at det var et Hamas-lager med eksplosiver som gikk i luften.

      Svar
  • Northern Light.
    18 november 2023 18:26

    Gazas palestinske kristne samfunn kan bli fullstendig utslettet av israelske angrep.

    Av Arsenio Toledo.
    Gazas palestinske kristne samfunn ber verden om ikke å lukke øynene for deres situasjon, ettersom Israels offensiv i Gaza setter det svinnende kristne samfunnet i fare for å bli utslettet.

    I Gaza by ble Gazastripens romersk-katolske befolkning tvunget til å flykte fra helligdommen Holy Family Church, det eneste katolske stedet for tilbedelse i Gaza, etter at israelske bomber begynte å slå ned i byen. Dania Tarazi, 38, en palestinsk katolikk, husker at hun sammen med mannen sin og tre barn prøvde å holde tett sammen med sine muslimske naboer i kirken, før bombingen gjorde det umulig å bli der.

    Deres følelse av trygghet ble ytterligere knust da Israel den 19 oktober bombet den nærliggende kirken Saint Porphyrius, Gazas eldste kirke, og drepte minst 18 mennesker, inkludert slektningene til en tidligere amerikansk kongressmedlem.

    To dager senere traff et israelsk luftangrep det nærliggende Al-Ahli Arab Hospital, en anglikansk institusjon som pleide både palestinske kristne og muslimer. «Krigsforbrytelsene som har blitt begått i Gaza siden oktober har påvirket oss alle, uansett om vi er kristne eller muslimer», sa Danias slektning, Rania, som sammen med ektemannen Tarek og deres barn siden har flyktet fra Gaza By.

    «Israel har begått krigsforbrytelser mot sivile, og har ødelagt mange boligblokker – til og med hele boligområder – med skoler, sykehus, moskeer og kirker», sa Tarek. «Dette er en påminnelse til verden om at smerten og tapet er den samme for kristne og muslimer», sa Rania. «Vi blir minnet om at vår kamp er en kollektiv kamp der vi står sammen».

    «Vi deler de samme drømmene om rettferdighet, og vi vil lengte etter en bedre fremtid når vi vender tilbake til vårt elskede land», la Tarek til. «Det er avgjørende å understreke at smerten og lidelsen vi utholder ikke er begrenset til en enkelt tro, men berører hver eneste sjel i Gaza, i Palestina og menneskeheten».

    Mens Rania og Tarek har dratt, nekter Dania å forlate Gaza by til tross for den økende intensiteten av israelske angrep. «Vi aksepterer ikke å bli fordrevet fra vårt land og våre kirker», sa hun. «Jeg vil ikke forlate kirken unntatt når jeg skal gravlegges «. Familien Tarazi har mistet minst fire familiemedlemmer i israelske bombeangrep.

    Denne følelsen er overraskende utbredt blant de beleirede palestinske kristne i Nord-Gaza. Shireen Awwad fra Beit Sahour på Vestbredden bemerket at hun fortsatt har søskenbarn, onkler og tanter i Gaza by som er fast bestemt på å stå på sitt. «Hver gang vi spurte dem: «Vil dere dra?» De svarer: «Nei, vi har røttene våre her, det er her vi ble født», sa Awwad.

    Kristendommen kan «slutte å eksistere i Gaza» hvis israelske angrep fortsetter.
    Over 10 000 palestinere har blitt drept i israelske angrep på Gaza siden 7 oktober. Før krigen ble det antatt at bare 800 til 1000 kristne fortsatt bodde i Gaza, og er et av verdens eldste kristne samfunn, som har bodd der helt tilbake til Jesu Kristi tid og apostlene selv.

    «Dette samfunnet er truet av utryddelse», advarte Mitri Raheb, en evangelisk luthersk pastor og grunnlegger av Dar al-Kalima-universitetet i Betlehem på Vestbredden. Han advarte om at at hvis den israelske offensiven fortsatte, kunne det eldste kristne samfunnene i verden ende opp med å bli utslettet for godt.

    Jeg er ikke sikker på om de vil overleve den israelske bombingen, og selv om de overlever, tror jeg mange av dem vil emigrere, sa Raheb. «Vi vet at i løpet av denne generasjonen vil kristendommen slutte å eksistere i Gaza».

    Fra Natural News, publisert 17 november 2023.
    Oversatt fra engelsk. Linker og video i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: Gaza’s dwindling Palestinian Christian community could be COMPLETELY WIPED OUT by Israeli attacks.

    Svar
  • «Over 10 000 palestinere har blitt drept i israelske angrep på Gaza siden 7 oktober. »

    Dette er vel bare en brøkdel av de palestinere som er drept av israelske myndigheter de siste tiårene i Palestina. På gatene, ved terrorhandlinger, bombinger, og ved bolig -knusinger.
    Men de 1000 israelere som ble drept ( hvorav halvparten var soldater ?) er nok mye mer verdt.
    Likeså de 100 gislene som Hamas tok, og behandler godt visstnok, – i forhold til de 5000 gislene, som israelske myndigheter har holdt og holder fengslet i Israel i årevis uten lov og dom.

    Ellers:
    Suprematisme?

    ‘Suprematisme er en retning innenfor abstrakt malerkunst som stammer fra Russland der den ble grunnlagt på 1910-tallet av Kasimir Malevitsj.
    Suprematisme er nært beslektet med konstruktivisme. Suprematisme skulle uttrykke kunstnerens overlegenhet overfor uttrykksmidlene sine, derav navnet på kunstformen. I suprematismen er naturen utelukket som inspirasjonskilde, og kunstens estetiske verdi skulle bero på flatens og fargenes forhold gjennom grunnleggende geometriske former og figurer, hovedsakelig firkanten og sirkelen. ‘

    Er ikke bruk av språk/ord, kommunikasjon?
    Hvorfor dette jåleordet?
    Er det ikke bedre med f.eks. ‘Påfunn.’ ( eventuelt konstruert påfunn/fantasi) (?)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Det er helt logisk og forteller sitt:

Jens Stoltenberg får en pris av en krigsforbryter.

Previous Post

Lavrov om det som skjer nå:

Den vestlige dominansen er over.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.