POSTED IN Militære/våpen/teknologi, USA

Verden er i stor endring.

USA er ikke lenger militært overlegen.

0
Print Friendly, PDF & Email

Andrei Martyanov har skrevet tre bøker om hvordan det militære styrkeforholdet i verden har endret seg de siste ti-årene. Det er på bakgrunn av disse bøkene og spådommene han klapper seg selv på ryggen i innlegget under og hevder at han fikk rett i sine spådommer når det gjelder den militære utviklingen, ikke minst for USA.

Det han skriver vil naturligvis ikke bli forstått av mange i vest og i Norge som fortsatt tror at USA er militært overlegen og som tenker at vi er trygge med USA i ryggen. Men hos noen begynner tvilen å snike seg inn og den fører til nye tanker…

Knut Lindtner
Redaktør

Andrei Martyanov’s Blog, 6. juli, 2024

No og då …

… gir eg gjerne meg sjølv eit klapp på ryggen. Her mimrar eg litt. Mine strategisk-operasjonelle spådommar som i dag, i 2024, alle har slått til:

USAs militær vil i framtidige konfliktar måtte takle ein – i ein konvensjonell konflikt mot ein nær jambyrdig, for ikkje å snakke om jambyrdig – motstandar som vil ha C4ISR-kapasitet1 som enten nærmar seg eller allereie er like god som USA sin. Denne motstandaren vil greie å kontre USAs militær sine avgjerdssyklusar (OODA loop2) like hyppig og produsere betre taktiske, operasjonelle og strategiske avgjerder.

USAs ekte og oppfatta fordelar innan elektronisk krigføring (EW, electronic warfare) vil bli kraftig redusert eller fullstendig sjalta ut av motstandarens eksisterande og framtidige EW-middel. Såleis vil styrkane til USA bli tvinga til å kjempe under forhold med delvis eller komplett elektronisk blindskap og med delvis eller komplett utsjalta kommunikasjons- og datamaskinnettverk.

Tsirkon er et russisk hypersonisk missil. USA har ikke noe tilsvarende og heller ikke evne til å stoppe dette missilet.

USA vil møte på kampteknologiar, frå panservern til artilleri og hypersoniske anti-skipsmissil, som ikkje berre er jambyrdige, men ofte betre designa og brukte enn noko dei nokon gong har møtt på tidlegare.

Moderne luftstyrkar og komplekse, avanserte luftvernsystem vil gjere hovudpillaren i USAs militære makt – Air Force, luftvåpenet deira – mykje mindre effektivt.

I dag vil USAs militær måtte takle den dystre røyndommen at oppstillingsområda, dei bakre forsyningsanlegga og kommunikasjonslinjene deira er målskiver for massive salvar av langtrekkande subsoniske, supersoniske og hypersoniske missil. USAs militær har i heile si historie aldri før vore borti eit slikt paradigme. Og allereie i dag er USAs 48 lågare delstatar ikkje immune mot eit massivt konvensjonelt missilangrep.

Så, jøss, eg hadde rett, hadde eg ikkje?

Franskmennene har så smått opna opp for ei slik moglegheit…

1 C4ISR står for Command, Control, Communication, Computers, Intelligence, Surveillance, and Reconnaissance, og handlar om teknologiar og system som blir brukte til å koordinere og utføre militære operasjonar. Dette konseptet omfattar datanettverk, kommunikasjonssystem, etterretningsinnsamling, overvakingsteknologi og system til å støtte avgjerdstaking i militære operasjonar.

2 OODA-loop står for Observe, Orient, Decide, Act, og handlar om evna til å rasjonelt behandle informasjon, tilpasse seg endra forhold (områ seg) og handle meir effektivt enn motstandaren.

Omsett av Monica Sortland

https://smoothiex12.blogspot.com/2024/07/once-in-while.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Michael Hudson: USAs politikk har vært effektiv.

Europa er delt i to og velstandsøkningen kommer i Russland, ikke i vest.

Forrige innlegg

Falken intervjuer Paul C.Roberts:

Hvem styrer USA?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.