POSTED IN Midt-Østen

Verden blir ikke som før.

Midt-Østen omformes mens vi ser på.

0
Print Friendly, PDF & Email

FØDSELEN TIL DEN MULTIPOLARE VERDA (1)

Midtausten frir seg frå Vesten

av Thierry Meyssan

Forsoninga mellom Saudi-Arabia, leiar av den sunnimuslimske verda, og Iran, leiar av den sjiamuslimske verda, mogleggjer endeleg ein æra med fred i Midtausten. Det vart gjort mogleg av Russland, ein alliert av dei to fiende- brørne, og dei første forhandlingane starta i Irak og Oman, før dei på upartisk vis vart avslutta av Kina, Irans tusenårige allierte. Denne avtalen avsluttar elleve år med krigar og Vestleg påverknad.

Opninga av signeringsseremonien i Beijing. Frå venstre til høgre på bildet: Saudi-Arabias rådgivar for den nasjonale sikkerheita Musaad bin Mohammed Al Aiban; direktøren for Kinas Sentralbyrå for utanrikssaker, Wang Yi; sekretæren for Irans øvste nasjonale sikkerheitsråd, admiral Ali Shamkani.

Det var ei lagnadstung hending som verda utanfor Midtausten ikkje heilt har fatta viktigheita av: Saudi-Arabia og Iran kom til forsoning … i Kina. Tre signaturar i botnen av eit dokument stokkar om på alle korta i regionen.

Sidan 1800-talet har den arabiske verda vore dominert av andre. Først av Storbritannia og Frankrike i ruinane etter det osmanske imperiet, deretter av USA. Desse maktene kom med både fridom of undertrykking. Storbritannia merka seg ut med at dei manipulerande splitta aktørane i regionen og spelte dei opp imot kvarandre. Slik kunne dei utbytte regionens rikdommar med minimalt militært engasjement. Frankrike var både kolonistar av verste slag og opplyste anti-kolonistar. USA hadde alltid eit imperialistisk syn på regionen, med unntak av nokre år på slutten av Andre verdskrig, då dei støtta nasjonalistane.

Denne perioden har nett enda med Kinas ankomst. Som vanleg har Kina sett på i svært lang tid og agert sakte, med utrøytteleg tolmod.

Desse avtalane kom i stand etter lange forhandlingar, først i Irak og deretter i Oman. Irak har ei muslimsk befolkning som består av ein tredel sunni og to tredelar sjia. Under krigen mot Iran kjempa irakiske sjiittar mot iranske sjiittar utan kvalar. For å vise sine sunnittiske landsmenn at han ikkje er underordna Iran, måtte den irakiske sjiitt-leiaren Muqtada al-Sadr no dra til Riyadh. Irak treng meir enn nokon annan at denne freden overlever. Oman, på den andre sida, er strengt tatt verken sjiittisk eller sunnittisk. Sultanatet hevdar dei tilhøyrer ei tredje retning, ibadismen. Dei kan derfor legitimt gjere krav på rolla som meklar mellom sunniar og sjiittar.

Under reisa si til Riyadh i desember 2022, prøvde ikkje Kinas president Xi Jinping å smigre samtalepartnarane sine for å gunstige oljeprisar. Han gjekk i staden rett på sak: så lenge regionen var åstad for uopphøyrlege samanstøytar, ville det ikkje vere mogleg å bygge Silkevegen og utvikle handel der. Han hadde heller ikkje prøvd å forsvare dei misforståtte interessene til dei allierte iranarane. Medan sistnemnde gjer krav på øyene Vesle- og Store-Tunb og Abu Musa i Hormuz-sundet i Den persiske golfen, så inkluderte president Xi si støtte i felleskommunikéet han signerte med Golfsamarbeidsrådet [1]. Det var denne autoriteten som gjorde at han kunne garantere at Iran aldri ville skaffe seg atomvåpen. Kinesarane har vore Irans allierte i tusentals år. Kinesiske statuar kan sjåast i oldtidsbyen Persepolis, og på den gamle Silkevegen vart det ikkje snakka kinesisk, men farsi (persisk). Beijing, som deltok i 4+1 forhandlingane om det iransk atomkraft, veit inderleg vel at Vesten sine skuldingar om iranske ambisjonar er falske.

Alle kunne den gong sjå at Beijing ikkje posisjonerte seg sjølv etter sine eigne interesser eller deira allierte sine, men i samsvar med prinsippa sine. Kina framstod som ein påliteleg partnar, eller i det minste meir påliteleg enn Vesten.

Det er nokså snedig av Kina å forsone muslimar med kvarandre medan Vesten skuldar landet for å forfølge sin muslimske minoritet i Xinjang, og til og med påstår at dei held 1,5 millionar iugurar i fengsel. President Xi minna førre veke parliamentet sitt om at 150 millionar turistar har kunna reise fritt rundt om i landet og sjå med eigne auge at islam er ein religion som alle andre, og at der ikkje finst nokon infrastruktur til å sperre inne så mange folk.

På slutten av Andre verdskrig signerte USA pakta USS Quincy Pact med kong Ibn Saud, grunnleggaren av staten som ber namnet hans, Saudi-Arabia. Dette dokumentet, med ein tekst som aldri har blitt nøyaktig offentleggjort, garanterte at Washington skulle motta saudisk olje til militæret sitt (ikkje til den sivile økonomien) i byte med at dei forplikta seg til å forsvare det saudiarabiske dynastiet. President George W. Bush fornya avtalen 2005.

Seinare meinte Vesten, etter USAs president Jimmy Carter, at tilgang til olje frå Midtausten ikkje handla om suvereniteten til dei oljeproduserande landa, men om den «nasjonale sikkerheita» deira [2]. Dette innebar at arabarane og persarane måtte underkaste seg utlandsk militærnærvær.Til dette føremålet etablerte Washington i 1983 ein regional kommando, CentCom, og opna ei rekke militærbasar der. Den regionale «visekongen», som Pentagon kalla han, fekk fullmakt til å øydelegge statar som måtte nekte å selge han hydrokarbonar. Verken arabarane eller persarane hadde elles noko imot det, for USA betalte betre enn britane og franskmennene.

General Michael Kurilla, kommandant for Central Command (CentCom), er kjend som «visekongen» av nære Austen og Midtausten. Han deltok i eigen person i USAs invasjon av Irak, Afghanistan og Syria. Frå Florida, meir enn 10 000 kilometer unna sitt stille kontor, dirigerer han titusentals soldatar frå Egypt til Kirgisistan som drep for å oppretthalde «det amerikanske imperiet».

Dette herredømmet innebar heilt frå starten av ulykke for folka i desse landa. Washington – skuffa over det hardnakka anti-imperialistiske standpunktet til Ayatollah Rouhollah Khomeini, som dei hadde hjelpt å styrte sjah Reza Pahlevi – pressa ein av sine agentar, president Saddam Hussein, til å starte ein krig mot Iran. Vesten, som støtta begge sider samstundes, kosta landa gjennom åtte år (1980-88) med blodig krig fleire millionar menneskeliv.

I 1987 kom det til valdelege samanstøytar mellom iranske pilegrimmar og saudiarabisk politi i Mekka. Iran braut for første gong dei diplomatiske sambanda, eit brot som skulle vare fram til 1991.

På den tida var det for Washington ikkje eit spørsmål om å sette sunniar opp imot sjiittar, men arabarar mot persarar. Med Sovjetunionen ute av bildet, organiserte Pentagon krigen i Bosnia-Hercegovina (1992-95), ein europeisk muslimsk stat. Det galdt for dei US-amerikanske strategane å teste sjansane for oppdeling av landet (Jugoslavia) og å mobilisere sine allierte mot russisk kulturelle folkegrupper (serbarar, montenegrinarar og makedonarar). Dei delegerte ansvaret med å organisere muslimske troppar til ein annan av sine agentar, Osama Bin Laden, som vart militær rådgivar for president Alija Izetbegović. Han koordinerte dei saudiske projeksjonskreftene og den iranske Revolusjonsgarden på slagmarka [3].

Menn som skapar historie er sjelden motiverte av teologisk flisespikkeri. Dei forsvarer det dei meiner er i interessene til folka sine. Den kjensgjerninga at dei saudiske og dei iranske væpna styrkane i tre år ikkje har rusta imot kvarandre, men side om side, hindrar ikkje teologane deira i å støtt fornærme kvarandre. Ein lyt skille politikken frå rolla til presteskapet. Eg seier ikkje religionar, men dei som jobbar der, og eg overvurderer dei ikkje.

I 2011 starta Foreign Office Operasjon Arabisk vår etter modell av «Den store arabiske revolten» i 1916-1918 (den i filmen Lawrence of Arabia). Londons mål var å styrte regjeringar som dei ikkje hadde kontroll med, men folket prøvde å vinne ekte fridom, og det spreidde seg opprør overalt. Mange av dei revolusjonære fekk sine startsignal frå Imam Khomeini. Ein revolusjon braut ut i Bahrain, der folket, for det meste sjiittar, prøvde å styrte den herskande sunni-familien. Saudiarabarane vart redde og sende inn sine stridsvogner og stoppa opprøret. Iran støtta dei sjiittiske revolusjonære mot dei saudiske stridsvognene. Det var ved dette tidspunktet, og ikkje før i nyare historie, at Midtausten vart splitta opp i sunnittar og sjiittar.

Denne splittinga skulle berre forverre seg i løpet av den syriske krigen. Vesten støtta Det muslimske brorskapet, med Pentagon som prøvde å øydelegge alt og spreie generelt kaos (Rumsfeld/Cebrowski doctrine), medan Motstandsaksen (rundt Iran) stod imot.

Men to ting er feil:
 På den eine sida har alliansen mellom Syria og Iran ingenting med desse hendingane å gjere. Den stammar frå den tida då sjahen av Iran såg på seg sjølv som vaktaren av regionen. USA bad han alliere seg med Syria (som enno ikkje hadde blitt eit Baath-styrt land) for å danne ei motvekt til Israel.
 På den andre sida starta i 2015, då Syria byrja svekkast og Iran hadde lite å bidra med, Russland sin militære intervensjon for å støtte Den syriske arabiske republikken mot jihadistane.

I motsetning til Washington, bygde Moskva opp ein militærbase i Syria etter at Syria hadde bede dei om det, og for å redde landet. Soldatane deira slo ned al-Qaida og IS-jihadistane som var væpna av Pentagon og coordinerte frå NATOs LandCom i Izmir, Tyrkia

Ting akselererte. I 2015 braut det, under pilegrimsferda til Mekka, ut massepanikk, der mellom anna iranarar var drepne utan at politiet greip inn. I Jemen støttar Iran Guds partisanar (Ansarallah) mot saudiane som prøver å kontrollere landet saman med Israel for å utbytte oljeridommen deira [4]. Og til sist, i 2016, avretta Riyadh leiaren for opposisjonen i landet, sjiitten sjeik Nimr al-Nimr, så vel som jihadistar [5]. Iran reagerte på denne provokasjonen og stoppa sine diplomatiske relasjonar med Saudi-Arabia.

I 7 år har Midtausten vore paralysert. Ingen konflikt kan løysast, fordi dei to retningane innan islam alltid står på kvar si side av konfliktane. Det var nett det Vesten var ute etter og det Israel har halde fast ved. Det overraskar derfor ikkje at dei einaste som vart rasande over den saudi/iranske freden, er israelarar.

Avtalen som noe er signert, vart forhandla fram av Kina på grunnlag av ikkje-innblanding i andre lands interne saker. Iranarane kan ha frykta at dei saudiske sjiittane ville få betale for det, slik dei gjorde for seks år sidan med sjeik Nimr al-Nimr. Men Teheran har skjønt at det er nye tider. Riyadh vil respektere sin sjiittiske minoritet, fordi Riyadh sjølv har interesse av fred. Det hindrar ikkje at dei diskriminerande fordommane til dei saudiarabiske sunniane forblir forankra i åtferda deira i lange tider framover.

Dei internasjonale relasjonene som Beijing og Moskva driv framover er baserte på gjensidig respekt, og ikkje på konfrontasjon. Dei møter Vestens splitting og krigar med bytehandel, handel og samarbeid.

Omsett av Monica Sortland

[1] “GCC-China Summit Statement”, Voltaire Network, 9 December 2022.

[2] “Jimmy Carter televised speech on «crisis of confidence»”, Voltaire Network, 15 July 1979. “State of the Union Address 1980”, Voltaire Network, 23 January 1980.

[3] For meir informasjon, les: Comment le Djihad est arrivé en Europe, Jürgen Elsässer, red. Jean-Pierre Chevénement, Xenia (2006), og konsulter dei nyleg sleppte rapportane om den kanadiske FN-styrken.

[4] “The secret projects of Israël and Saudi Arabia”, av Thierry Meyssan, omsett av Pete Kimberley, Voltaire Network, 27 June 2015.

[5] « La mort du cheikh El-Nimr fait vaciller le régime des Saoud », av André Chamy, Réseau Voltaire, 3 janvier 2016.

https://www.voltairenet.org/article218999.html

Forsidebilde: Lexica

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Kronikk om fred – blant annet

Hvilke næringer burde Norge satse mer på?

Forrige innlegg

Hvis WHO får makten over vaksinene:

En katastrofe!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.