POSTED IN Fagbevegelse, Virkelighetsforståelse

Varslere i helsevesenet i UK:

Risikerer å få ødelagt karrieren.

0
Print Friendly, PDF & Email

Britiske National Health Service prøvde å øydeleggje karrierane til helsepersonell som varsla om pasienttryggleik

Cassie B. i Natural News melder:

Englands National Health Service [det offentlege helsevesenet i landet, forkorta NHS; oms.an.] går systematisk til åtak på legar og sjukepleiarar som uttrykkjer bekymring for tryggleiken til pasientar i si varetekt, ifølgje ein eksplosiv ny reportasje frå The Telegraph.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Nyheitsformidlaren har publisert ein serie artiklar som forklarer korleis NHS går etter medisinske profesjonelle som vågar å snakke ut om feila i systemet, og øydelegg karrierane deira og i enkelte tilfelle liva deira.

Dei snakka med dusinvis av legar og sjukepleiarar som hevdar at dei har vore offer for desse kampanjane etter at dei har presentert sine bekymringar relatert til hundrevis av tilfelle der det har skjedd inadekvat omsorg, og dødsfall blant pasientar. Tragisk nok verkar NHS å vere meir interessert i å etterforske legane, enn sjølve problema i systemet.

Varslarane sine forteljingar om korleis dei har blitt behandla etter at dei stod fram, er alle so like at det er openbert at NHS bruker ei spelebok med taktikkar som har som mål å intimidere og stilne dei. Dei skildrar ein kultur av overdekking, der både leiing og kollegaer mobbar og trakasserer medisinske profesjonelle.

En varsler må tenke seg godt om før han blåser i varslerfløyten.

Ifølgje The Telegraph er det meir sannsynleg at NHS undersøkjer åtferda til ein varslar, enn på sjølve temaet dei varslar om. Faktisk rapporterte 41 av dei 52 medisinske personalet som dei intervjua at deira eiga åtferd vart etterforska, og at dei vart gjort til mål for mot-påstandar etter at dei kom med bekymringsmeldingane sine.

Berre 28 av dei 52 rapporterte at arbeidsgjevar utførde ei etterforsking om pasienttryggleiken, og i tilfelle der dei gjorde det, sa 24 av 28 at dei hadde store motførestillingar mot måten desse etterforskingane vart utførde på.

Ein av varslarane, gynekolog og fødselslege Martyn Pitman ved Hampshire Hospitals and NHS Foundation Trust, sa at han vart gjenstand for ei etterforsking etter at han uttrykte bekymring for måten gravide og mødrer vart ivaretekne i føretaket han jobba i. Hans tillitsvalde i British Medical Association sa til han at det kunne ta opp til 18 månader før etterforskinga var ferdig, endå dei skal vere ferdige innan seks veker.

Han sa at den tillitsvalde sa til han at føretaket «bevisst trenerer sakene fordi dei ønskjer å bryte deg ned. Dei ønskjer å absolutt øydeleggje deg.»

Svært ofte blir det stilt spørsmål ved varsleren og ikke saken.

Kjeve- og ansiktskirurg Serryth Colbert fortalde ei likande historie: «Legar bryt saman. Mange drikk for mykje for å drukne sorgene, mesteparten synest synd på seg sjølv, og blir til slutt deprimerte, eller lid av PTSD og får klinisk depresjon frå utstøytinga og det plutselege tapet av identitet når du blir sparka over natta frå jobben du elskar.»

Intimidering, trakassering og disiplinærstraffer

For mange legar kjem trakassering, intimidering og mobbing etter at varslinga har funne stad, og 16 medisinske profesjonelle rapporterer at dei på upassande vis blir henvist til psykiatriske eller psykolog-tenester, medan andre blir henvist til skattestyresmaktene, sosialtenestene eller til og med politiet i det dei trur er forsøk på å ta frå dei motet til å halde fram med å kjempe mot urett i systemet.

Ein annan måte NHS intimiderer varslarar på, er å henvise dei til General Medical Council (GMC) [det britiske motstykket til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell; oms.an.]. Mange legar rapporterer om at dei blir fortalt at det vil bli oppretta sak på dei hjå GMC dersom dei ikkje trekkjer tilbake klagen sin, sjølv om dette stort sett ser ut til å vere ein tom trugsel; i dei få tilfella der slike henvisningar førde til at det vart oppretta ei høyring for å finne ut om dei var skikka til å vere helsepersonell, konkludere dei med at der ikkje var ei sak.

Derimot finst det mange andre taktikkar som klinikkar og sjukehus bruker for å stilne legar og presse dei til å slutte i jobbane sine dersom dei varslar. Nesten halvparten av dei som The Teleghraph snakka med, hadde blitt gjenstand for disiplinærstraffer; 16 av dei vart oppsagte og 19 vart suspenderte. Andre vart degraderte, fekk endra arbeidsvilkåra sine, fekk ekstra mykje arbeidsoppgåver eller reduksjon i lønn.

Tragisk nok kjem pasienttryggleiken berre til å bli berre i NHS dersom medisinske profesjonelle er for redde til å snakke ut om problema som pasientane deira står overfor.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Varsleren av USAs krigsforbrytelser: Julian Assange

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

For de som kan lese mellom linjene i våre store medier er det tydelig.

Nå går det utfor bakke i Ukraina.

Forrige innlegg

Politisk absurditet kjenner ingen grenser

USA blokkerer FN-medlemskap for Palestina – og den amerikanske kongressen vedtar en lov som berøver Palestina ytringsfrihet

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.