POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Våre medier forteller at krigen startet i februar 2022.

Krigen har pågått i 8 år.

5 kommentarer

Sensurerte reportasjar frå Donbas viser tydeleg at det var Ukraina, og ikkje Russland, som starta krigen – for åtte år sidan

av Jeremy Kuzmarov, redaktør for Covert Action Magazine

Media i USA og det politiske etablissementet i Washington har danna felles front i fordømminga av Russlands invasjon[sic] av Ukraina og i lovprisinga av den ukrainske motstanden.

Men sensurerte rapportar frå Donbas i aust-Ukraina viser tydeleg at krigen vart starta for åtte år sidan av Ukraina – etter at den lovleg valde regjeringa der vart styrta i eit USA-støtta kupp (kjent som Maidan-revolusjonen), og provinsane Donetsk og Lugansk stemde for lausriving.

Patrick Lancaster frå USA er video-journalist og U.S. Navy-veteran som snakkar russisk flytande. Han har rapportert frå Donbas sidan 2014.

Den siste videoen hans, posta den 10. mars, viser korleis folk som bur i randsona til Donetsk, ein kilometer frå den ukrainske stillinga i Peski, har blitt utsett for konstant bombardement frå det ukrainske militæret gjennom dei siste åtte åra, og har prøvd å overleve i ly for bombene i kjellarar.

Aftermath of the Ukrainian shelling in the Donbass region, Feb. 22, 2022.
Et hjem ødelagt av ukrainsk granatbeskytning i februar 2022.

Sist torsdag råka ukrainsk bombardement ein leikeplass for barn, ei fotballbane og eit offentleg bygg nær postkontoret. Det jaga mange på flukt, for det var «skremmande å vere her no». Tidlegare hadde eit bustadskvartal blitt råka av eit Grad-missil, medan andre angrep frå den ukrainske arméen øydela skular.

Ifølge Danya, ein ung mann som Lancaster intervjua, hadde ikkje den ukrainske arméen nøyaktige mål, men «berre skyt, og bryr seg ikkje om kor det landar».

Oksana, 40, moved to her building's basement in Donetsk, Ukraine, when fighting broke out nearby last July. "I am really scared. I'm afraid of going out, of going anywhere."
Hun har måtte leve i en kjeller i åresvis.

Ei kvinne sa om måla som vart råka at dei «var ikkje nye mål. I 2014 bomba dei også her. Eksakt på denne staden. Dei same koordinatane. Torturerte oss alle desse åtte åra.»

Kjempande mot tårene held kvinna fram: «Dei skyt og skyt, og vi er framleis i husa våre, med barna våre, med hundar … barna held seg heime, i kjellarar, spring gjennom knuste vindauge, går ikkje på skulen, heile dagen sit dei inne. Og eg kjem frå jobben no, eg greidde knapt å arbeide … korleis kan vi leve under slike kår? Det har vore krig her sidan 2014, og vi har ikkje dratt. Og det har ingen ende, og inga sanning frå nokon. Dei skyt ustanseleg. På dagtid, om morgonen, om natta, om kvelden utan stopp.»

May be an image of 1 person and beard
Patrick Lancaster

Lancaster vart tatt med ned i ein kjellar der familiar hadde budd dei siste åtte åra. Ei kvinne fortalde han at dottera hennar hadde blitt fødd den 26. juni, 2014, og at krigen starta i hennar landsby den 19. juli. Ho har «no sete her i over 7 år utan å gå ut, eit verkeleg barn av krigen.»

Desse kommentarane motseier det offisielle narrativet i USA om russisk aggresjon den 24. februar, og viser at Ukraina ikkje er det «moralens fyrtårn» som media framstiller dei som. Ukraina ikkje berre starta krigen, men er også skuldig i krigsbrotsverk. Ein tenker at offera ikkje fortener folks sympati fordi USA står bak lidingane deira – USA hjelpte til med å organisere 2014-kuppet som framskunda konflikten, og forsynte Ukraina med ein kontinuerleg straum av militærhjelp.

Jeremy Kuzmarov

Jeremy Kuzmarov er redaktør forCovertAction Magazine.

Han er forfattar av fire bøker om USAs utanrikspolitikk, inkludertObama’s Unending Wars (Clarity Press, 2019) ogThe Russians Are Coming, Againsaman med John Marciano (Monthly Review Press, 2018).

Han kan nåast på e-postadressajkuzmarov2@gmail.com

Omsett av Monica Sortland

Originalen på engelsk finn du her: https://covertactionmagazine.com/2022/03/13/censored-reports-from-donbass-make-clear-ukraine-and-not-russia-started-the-war-eight-years-ago/?fbclid=IwAR21Vneh3rva4MV4cOVRHmg5luLHfMIGfc9Zlxy3moBB9S7CQ6lP5pNPqeY

Forsidebilde fra Tass: Ukrainske soldater forbereder vilkårlig granatbeskytning mot sivile områder.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 516 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Torfinn Slettebø
    5 januar 2023 9:44

    Den enorme granatlasta Noreg sende til Kiev-styret i går, kjem til å drepa både russarar og ukrainarar. Det er lett å vera krigersk so lenge krigen føregår utanfor norsk territorium.

    Noreg får ein tung jobb med å retta opp tilhøvet til vår gode nabo Russland. Nato har lukkast godt med å innbilla folk at Russland er fienden. Vesten har lenge oppført seg ufint og uærleg mot Russland. På tide å prøva med vanleg folkeskikk og demilitarisering i staden for hatprat og sanselaus opprusting?

    Men då treng me andre regjeringar enn Støre- og Solberg-typen.

    Svar
  • «ifølge reuters» skriver nrk:
    «Ukraina: 800 russiske soldater drept det siste døgnet»; hevdes det.
    Med media helt under Zelenskys kontroll kan de jo dikte opp hva som helst,
    de kan iscenesette blodige falsk-flagg-historier regissert av film-team.
    Sterke scener. Klare til bruk. For å holde liv i narrativet.

    Svar
    • Wasan Totland
      5 januar 2023 16:20

      De gjorde det samme i Syria. Det er dessuten det samme selskapet som holder på.

      Svar
  • Medvedev oppfordrer Russland til å plassere hypersoniske missiler utenfor Washington D.C. Russere hacker amerikanske atomforskere osv. Mediene melder stadig foruroligende meldinger som kan tyde på at vi er på full fart mot 3. verdenskrig

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      6 januar 2023 18:21

      Medvedev kan ha lært noko av Jens Stoltenberg om våpen og fred. Me lever i ei farleg verd.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

CIA sier de kjempet mot russisk desinformasjon ved å sensurere sosiale nettverk.

Det var i praksis de som dermed desinformerte befolkningen.

Previous Post

Årskavalkade:

2022 Topp ti (ekte) konspirasjoner.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.