POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Var en av de unevnte målsettingene med koronatiltakene følgende:

Å gjøre folk til sauer?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Dr. Michael Nehls: Statleg respons på covid-19 hadde som mål å gjere folk om til sauer

Tyske dr. Michael Nehls, som er forfattar og har doktorgrad i molekylær genetikk, tok seg ein prat med Natural News og Brighteon-grunnleggjar Mike Adams nyleg, i Adams sitt program The Health Ranger Report. Der sa Nehls at den statlege responsen på «pandemien» hadde som mål å gjere menneske om til blindt lydande «sheeple». 

Sheeple er ei blanding av sheep og people, og er eit treffande ord på dei som ukritisk underkastar seg ordrar ovanifrå, same kor uvitskaplege og usaklege dei er. I norsk språk har ordet blitt omsett til «sauer», og ein bruker allereie ordet «(saue)flokkmentalitet» når massane ikkje har eigne meiningar, men berre følgjer straumen.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Natural News skriv (mi omsetjing):

«I ein artikkel på sin Substack forklarte Nehls at evna eit menneske har til å leve eit langt og friskt liv er avhengig av den optimale funksjonen til både det mentale og fysiske immunforsvaret. Desse forsvara opererer ikkje uavhengig av kvarandre, la han til, men påverkar kvarandre gjensidig og deler felles behov.

Men ifølgje Nehls underminerte den statlege responsen på covid-19 funksjonen til desse to systema. Folk sat og gapte heime under nedstengingane, og vart hindra i å vere med kvarandre.

‘Vi hadde ein stillesitjande livsstil [og] ingen føremål i livet. Folk hadde kronisk utmatting og Alzheimer òg før 2020, då dei pandemiske helsemandata vart rulla ut,’ sa han til Adams. ‘The Health Ranger’ var einig, og la til: ‘Ved å stengje oss ned var makta i stand til å utslette folkets individualitet, kreativitet, kognisjon, minne, evna til fornuft og evna til å navigere verda rundt seg.’

Nehls siterte ein 2019-studie publisert i New England Journal of Medicine som viste kor raskt hippocampus – ein del av hjernen som er ansvarleg for minne, romkjensle og emosjonar – kan krympe. Åtte menneske vart sendt til Antarktis på ein utanlandsekspedisjon, medan åtte vart bedne om å halde seg heime. Hippocampus-volumet i begge gruppene vart målte før studien byrja.

Forfattarane av studien målte deretter hippocampus-volumet på dei to gruppene etter 14 månader. Dei fann ut at gruppa som heldt seg heime og som var isolert i eit innandørsmiljø, hadde ein dramatisk krymperate for sine hippocampi [hippocampus fleirtal; oms.an.]. Forskarane peikte på to faktorar som forårsaka denne krympinga – sosial isolasjon og monotoni.

Nehls fortalde deretter at staten sette i verk massevaksinasjonsprogrammet som ein måte å sleppe unna innestenginga og isoleringa som den påførde befolkninga. For å få lov til å gå ut, måtte folk underkaste seg covid-19-injeksjonane.

Globalist-agendaen involverer å så frykt og svekkje psykologisk motstandsdyktigheit

Doktoren og forfattaren forklarte vidare til ‘the Health Ranger’ [Adams] korleis denne globalist-agendaen om å gjere folk til zombiar vart innført. Fyrst brukte den rådande makta sinn-kondisjonering i form av skremselspropaganda. Nehls sa at folk vart fortalt at eldre eller barn kom til å døy dersom dei ikkje følgde dei drakoniske covid-19-mandata. […]

‘Vi opplevde pre-traumatisk stress,’ sa han. ‘Og kjenneteiknet på post-traumatisk stress-syndrom, ved sida av sterk depresjon, er krympinga av hippocampus.’

Ifølgje Nehls er dette retta mot det mentale immunforsvaret, som fører til kronisk mangel på indeks-nerveceller. Dette vil seie at folk misser si naturlege nysgjerrigheit og nektar å stille spørsmål ved noko av det som skjer rundt dei.

I tillegg byrjar den psykologiske motstandsdyktigheita å bli svakare, slik at folk lettare blir engstelege. Når både egoet og personlegdommen krympar som eit resultat av denne angsten, får folk ein auka tendens til å lene seg mot kollektiv narsissisme, og følgjer blindt flokken.

‘Folk slutta å stille spørsmål og byrja å finne seg i alt, og aksepterte farlege [og] meiningslause ordrar. Du søkjer deg til gruppa di same kva slags tullprat gruppa seier, men du føler deg meir sjølvsikker av å vere med dei,’ kommenterte Nehls. Han konkluderte at folk tl slutt vart fanga i stereotypisk tenkjemåte og åtferd, som fører til ein aksept av objektivt skadelege tiltak slik som injeksjonar.

‘Vi ser ulike krigar, krigen mot pandemien, klimaendring og mot grenser, som til sjuande og sist kan vere globale veggar. Men for meg er den einaste krigen den mot hjernen,’ sa Nehls til grunnleggjaren av Brighteon.com og Natural News.

‘All frykta og forteljingane peiker i éi retning: For å løyse alle desse problema, treng vi ei global regjering. Dei vil ha oss til å tru at ikkje ei einaste regjering i verda kan løyse problemet. Det er forteljinga som blir implantert i hjernane våre.’»

Forsidebilde: Himanshu Pandey

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Å krenke og ydmyke «og svekkje psykologisk motstandsdyktigheit» er den sataniske planen: å overta mennneskesinnene.
    BOZAL, stålmunnbind, ble satt på nyankomne negerslaver. Under plandemien var det mange som sjikanerte hvis munnbindet gled nedenfor nesen; vi skulle være like gode slaver som dem selv. Plantasjenegrene fikk ikke lære å lese og skrive. Vi fordummes med stadig mer sensur og kriminalisering av sannhet. Slavene ble på plantasjen, 15-minutters-byer. Ingen eiendomsrett til egne barn. Mye likt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Dr. Robert Malone:

Menneskeheten står overfor en 5 generasjons krigføring: «Du vet ikke hvem motstanderen din er»

Forrige innlegg

Astrofysiker:

Vi er på vei inn i en mini-istid.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.