POSTED IN Bokomtale

Var det eit politisk drap?

Når fuglen kan syngja, men ikkje fly.

11 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Når fuglen kan syngja, men ikkje fly

Av Hans Olav Brendberg

For 71 år sidan fór tidlegare forsvarsminister James Forrestal ut av vindauga i 16. etasje i Bethesda Marinehospital i Maryland, USA. Nokre sekund etter traff han taket 13 etasjar under, og døydde umiddelbart. Dødsfallet utgjer eit tidsskilje i amerikansk historie, og frå første stund har saka vore innpakka i ein røyk av myter og villeiing.

James Vincent Forrestal var USAs marineminister i perioden 1944–1947 og USAs første forsvarsminister i perioden 1947 til 1949. Han var ble utnevnt først av president Franklin D. Roosevelt og siden av Harry S. Truman. (Fra Wikipedia)

David Martin har no gjeve ut den første boka som i detaljar freistar ettergå kva som skjedde den gongen. Å nøsta opp ei sytti år gamal drapssak, der nøkkelvitne har kome bort og der ein blir sitjande med lause trådar uansett kvar ein freistar ta tak, er ingen enkel jobb. Martin har gjort ein utmerka jobb med etterforskinga. Men boka er ikkje veldig lettlest, og noko uoversiktleg. Ho ber preg av å ha vakse i fleire omgangar, etter at Martin skreiv sin første omfattande artikkel om dette temaet for snart 20 år sidan. 

Trass denne veikskapen, gjer Martin to ting:

For det første greier han å demontera den myten som vart spreidd etter dødsfallet. I følgje myten sat den suicidale Forrestal i nattetimane og skreiv av eit morbid dikt av Sofokles, før han vart overmanna av depresjon og hoppa ut av vindauga. Denne versjonen vart spreidd av avisene i dagane etter, i ei spekulativ bok av Arnold Rogow, og seinare i ein omfattande biografi av Townsend Hoopes og Douglas Brinkley. Martin syner overtydande at dei påståtte sjølvmordsforsøka til Forrestal er oppspinn, at Forrestal låg og sov i mørket når den påståtte diktkopieringa skulle ha skjedd, og at avskrifta av Sofokles-diktet er i ei handskrift som heilt enkelt ikkje tilhøyrer Forrestal. Nokon har altso lagt ut eit røykteppe for å sannsynleggjera sjølvmordshistoria.

For det andre greier Martin å samla tilstrekkeleg med lause trådar til  å sannsynleggjera følgjande plott: James V Forrestal var ryggraden i den amerikanske motstanden mot opprettinga av staten Israel. På dette tidspunktet var både utanriksdepartementet og forsvarsdepartementet mot ei tidleg anerkjenning av staten Israel, men leiande folk i staben ved det Kvite Huset overstyrte fagdepartementa. Den pro-sionistiske politikken vart banka igjennom, trass motstand, og våren 1949 vart Forrestal avsett som forsvarsminister.

Boka som omtales

Avsetjinga kom etter ein massiv pressekampanje, med den venstreorienterte spaltisten Drew Pearson og den konservative Walter Winchell som drivkrefter. Sjølv om desse to høyrde heime på kvar sin stad i det politiske spekteret, hadde begge svært nære band til Anti-Defamation League, og hadde lang røynsle frå kampanje- og skandaliseringsjournalistikk.

Dødsfallet vart ikkje etterforska, og pressekampanjen som stigmatiserte Forrestal med grove verkemiddel la daud tilløpa til kritikk og undersøkjing. Forrestal var ikkje berre motstandar av opprettinga av Israel, men ogso ein prinsippfast antikommunist – og hadde difor mange fiendar som med ymse motiv tok del i karaktermordet som skjedde før og etter fallet frå høghuset på Betseda.

I staden for politietterforsking vart det sett ned ei intern granskingsnemnd, som laga ein rapport som ikkje konkluderte om dødsfallet var eit sjølvmord eller ikkje. Denne rapporten var hemmelegstempla i 55 år, til David Martin fekk tilgang til rapporten og dei fleste vedlegga  etter ein førespurnad til styresmaktene med arkivansvar. I denne rapporten vart namn til nøkkelvitne, mellom anna Edward Prise som var nattevakt på skiftet då Forrestal døydde, forvanska. Fleire nøkkelvitne vart beordra til ny teneste andre stader på kloden rett etter dødsfallet, og dotter til Prise kan no fortelja at faren heile livet levde i frykt for informasjon han hadde i samband med dødsfallet.

Forrestal som marineminister

Og slik leider David Martin oss inn i eit svikefullt landskap av halvsanningar, falske kulissar og merkelege opplysningar som sterkt underbyggjer mistanken om at Forrestals depresjon vart brukt som utgangspunkt for eit vellukka attentat. Berre det å plassera ein påstått suicidal pasient i 16 etasje med vindauga som lett kan opnast er jo i seg sjølv merkeleg skjønn, og det å ikkje etterforska eit sopass mistenkeleg dødsfall er ei avgjerd som ei kritisk presse ville stilt spørsmål ved. Særleg i eit tilfelle der presidenten sjølv engasjerte seg sopass sterkt at han var på fleire vitjingar til den sjuke. Det er jo heller ikkje opplagt kvifor ein sivilist som Forrestal vart plassert på eit militært sjukehus, der ordresystemet framleis var like stramt og regulært som slike system er i krigstid.

David Martins arbeid med saka blir møtt med den vanlege togna og hovudristinga frå dei som formidlar den etablerte myten om mannen som hoppa ut vindauga etter å ha skrive av det deprimerande Sofokles-diktet. Siste tredelen nyttar David Martin på å dokumentera denne «drep med togn»-prosessen.

 

Det er neppe so mykje meir vi kan finna ut om dette sannsynlege drapet – det har gått for lang tid, og det er for mykje vi ikkje veit. Det vi veit er at Forrestal hadde det som dei andre motstandarane av sionistane ikkje hadde: Mot, og viljestyrke. Han hadde eit plettfritt rulleblad som effektiv marineminister under krigen, og var ein respektert mann med svært god kjennskap til kva som skjedde i den amerikanske statsleiinga.

Ein Forrestal i opposisjon ville vore eit stort problem for mange. Mange pusta nok letta ut då nyhenda om det påståtte sjølvmordet kom i avisene. Men ingen meir enn dei amerikanske sionistane, som hadde sett Forrestal som det største trugsmålet mot hjartebarnet sitt. Og amerikansk venstreside, som slett ikkje hadde bruk for Forrestals ønskje om å gjennomsøkja administrasjonen på jakt etter kommunistar, vart med på karaktermordet bortom grava. 

Det står att eit større arbeid med å dokumentera korleis det sionistiske maktapparatet festa grepet i desse første etterkrigsåra, og brøyta til sides all opposisjon. Det var denne prosessen som skapte dagens Midt-Austen. Som Alfred M. Lilienthal kalla ei av bøkene sine på femtitalet: «There goes the Middle East!»

James Forrestal var fuglen som kunne syngja, men ikkje kunne fly. Etter Forrestals død fekk tilsette i State Department forbod mot å snakka offentleg om kva dei meinte om amerikansk politikk andsynes Israel, og den forsvars- og utanrikspolitiske opposisjonen vart marginalisert gjennom ein seig, effektiv salamitaktikk. Forrestal etterlot seg eit stort tomrom, og ein fryktkultur fylte tomrommet.

David Martin: «The Assasination of James Forrestal». 

McCabe Publishing, Hyatsville, Maryland. 335 s. m. register.

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

11 kommentarer. Leave new

  • I Norge var det vel 70 likvideringer hjemmefronten har tatt ansvar for 1940-45. Ca 100 til vil alltid være uoppklarte. Etter krigen vil jeg stille spørsmål med 3 påståtte selvmord. Ola Teigen død 1970. Jan Wiborg død 1994 og Tore Tønne død 2002. Det er mange med erfaring og opplæring i likvidering fra perioden 1940-45 som gikk inn i politiske og militære stillinger og den kunnskapen leverer videre og er videreutviklet. Det er naivt å tro at likvideringer ikke blir brukt i dag for å nå sine mål.

    Svar
    • Vel, Petter, politiske mord er vanligere enn en tror fordi de fleste blir skyldt på naturlige årsaker, selvmord eller ulykker. Wiborg ble mest sannsynlig myrdet på grunn av at skandalen etter hans avsløring ville ha tvunget Brundtland regjeringens avgang, noe som ville ha sikret at folkeavstemningen om norsk EU medlemskap i EU 28. november samme år ble til et rungende nei. Sveriges utenriksminister Anna Lindh ble 2003 myrdet av samme årsak, for stemningsbølgen etter knivdrapet på henne førte Sverige inn i EUs pengeunion med knapt flertall. Dessverre tillater ikke ordbegrensningen mer inngående forklaringer, men jfr. Ole Dammegårds utredninger.

      Svar
  • Også unz dott com har en artikkel om zionistenes drap på Forrestal, se

    «Fifteen Years Before Kennedy, Zionists Murdered Forrestal»

    Svar
    • Jeg har prövd å knekke koden for hvordan jeg skal få innlegg forbi sensuren her, og dersom jeg skriver unz dott com istedenfor, ja dere kan gjette selv, så går innlegget gjennom

      Svar
      • Noen har fått skrive lange innlegg mens andre igjen må holde sine korte. Jeg regner seks linjer før jeg må poste og det sier seg selv at med så lite skriveplass så blir det lite igjen til annet enn påstander. Ingen i dag tar påstander seriøst, nettverdenen er stapp full av dem, så det må begrunnelser og referanser til. Et smart sensurtrekk fra noen i og med at ingen kan si man ikke har ytringsfrihet?

    • Ron Unz har en artikkel på unz dott com med tittelen «Mossad Assassinations» som en del av sin Ameican Pravda serie, og også Unz mener at Forrestal ble drept av zionistene.

      Svar
  • «Det står att eit større arbeid med å dokumentera korleis det sionistiske maktapparatet festa grepet i desse første etterkrigsåra, og brøyta til sides all opposisjon. »

    Ja, interessant.
    Like interessant er koblingen anti-kommunist ( anti-globalist?) og anti-israelist.
    (- Og 2 verdenskrig. )

    Svar
  • Hans Olav Brendberg
    14 august 2020 9:46

    Likvidasjon under okkupasjon – heimefrontens likvidasjonar av angivarar og andre som gav informasjon til eller stod i okkupasjonsmaktas teneste – er eit litt anna spørsmål. Okkupasjonsmakta brukte tortur og dødsstraff, og då er likvidasjon naudsynt motmakt.

    «Frikar» si kopling av Israel og kommunisme på dette tidspunktet i amerikansk historie er viktig – men her er det også viktig å få med seg nyansane. Stammetilknytting har noko å seia, og jødane var godt representert både i det amerikanske kommunistpartiet og i rørsla som støtta opprettinga av staten Israel. Forrestal kom frå ein katolsk bakgrunn, akkurat som Kennedy.

    Men ein bør samstundes vakta seg for å hoppa lettvint rett til konklusjonane. David Martins bok gjev mykje av konteksten ein treng.

    Svar
    • «kopling av Israel og kommunisme på dette tidspunktet i amerikansk historie »

      Men ikke bare i Amerika, og på dette tidspunktet.
      Hvis man har kontroll over verdensvalutaen, og rentefastsettelsene… Da er streiker/produksjon-stans og å lære folk opp til å løpe etter fiktivene, penger/tall, ( som altså bakmennene styrte/styrer) et viktig tilleggsverktøy for å sette i gang misnøye i land etter land. Ikke bare arbeidere i den enkelte nasjon, men » i alle land foren dere».
      Derfor var også nasjonal- sosialisme, og nasjonal-sosialistenes fripenger så farlig. ( Og fjerning av jødiske organisasjoner sin makt over bankvesenet i Tyskland.) Like farlig var en nasjonal leder som ville at en nasjons arbeid/arbeidskrefter skulle styre utviklingen, forutsigbart mot velstand, ikke global pengemakt.

      ‘ De som styrer det økonomiske systemet styrer politikken, lokalt og globalt.’

      Svar
      • Hans Olav Brendberg
        14 august 2020 12:10

        Tilhøvet mellom sionistane og kommunistane er konfliktfyllt, både før og etter andre verdskrigen. Og global politikk har ikkje vore styrt frå eitt maktsenter dei siste 150 åra.

        Den alliansen som vann andre verdskrig vart tømra saman først i 1941. Ein modell som har som startpunkt at eitt maktsenter dikterer desse hendingane greier ikkje få likninga til å gå opp.

      • «Den alliansen som vann andre verdskrig vart tømra saman først i 1941»

        2 verdenskrig ble startet i 1933.
        Først økonomisk krig, og når det ikke nok til å ødelegge en nasjon, så provosering til militær krig. En vanlig strategi gjennom historien, også i vår tid.
        https://www.vigrid.net/knustyskland.htm

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Høringsforslag om eksperimentelle GMO-vaksiner:

Er det tilfeldig at det kommer i ferien med kort høringsfrist?

Forrige innlegg

Profesjonelle løgnere

– Nå arrangerer de erstatning for Arendalsuka i Oslo

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.