POSTED IN Endring av politikken, Kina

Var besøket i Kina en katastrofe?

EU-sjef Ursula Von der Leyen måtte gjennom passasjer-kontrollen i Kina.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Vestens sanksjonar og krigen i Ukraina skapar ein ny verdsorden, og Kina leier paraden

10. april 2023 av Larry Johnson 

Då Russland starta sin spesielle militæroperasjon i Ukraina i februar 2022, var det ingen som førestilte seg at denne krigen skulle starte ein global brann som øydelegg den USA-leidde ordenen som har styrt verda sidan slutten av Andre verdskrig. Eg veit at eg ikkje forstod at sjølve grunnlaget for USAs internasjonale økonomiske politikk og utanrikspolitikk skulle smuldre opp så raskt og så gjennomtrengande. Fire av dei seks landa som ligg på topp når det gjeld rikdom på naturressursar slår seg no ihop i sams opposisjon mot USA, som ein konsekvens av krigen i Ukraina. Nummer seks på lista er Kina, ein stor faktor på den globale scena, og dei går ikkje bort.

La oss starte med Kina. Kina observerte nøye dei Vesten-leidde forsøka på å øydelegge den russiske økonomien med sanksjonar, utslette russisk kultur og påverknad frå verdsscena og erstatte regjeringa til Vladimir Putin, og dei innsåg at dei sjølve var nestemann med hovudet på hoggestabben. Det hjelpte ikkje på at den anti-kinesiske retorikken i USA nådde nye høgder av giftigheit, der prominente politikarar frå begge parti rutinemessig framstilte Kina som ein fiende av USA.

Kinas forventningar om at USA ville respektere Eitt-Kina-politikken som vart forhandla fram med Richard Nixon i 1972 forsvann etterkvart som Washington omtalte Taiwan som ein uavhengig nasjon. Det var ikkje berre tomprat. I 2022 leidde Nancy Pelosi (den gong Speaker of the House) ein delegasjon til Taiwan trass i kraftige protestar frå Kina, berre for å eit år seinare bli følgd opp med at Kevin McCarthy (noverande Speaker of the House) tok imot Taiwans noverande president i USA. Den fornærminga kom rett etter at USA skaut ned ein kinesisk ballong som Kina insisterte på var ein ver-plattform, medan Washington hevda den spionerte. Alt dette har hatt ein kumulativ effekt, og produserer ei djuptgripande endring i relasjonane mellom USA og Kina som endrar det økonomiske, diplomatiske og militære status quo’et. Enkelt sagt er dette som den legendariske scena i filmen NETWORK — kinesarane er fly forbanna og har ikkje tenkt å finne seg i det lenger.

På den økonomiske fronten planlegg visstnok kinesarane, som kontrollerer 98% av verdas produksjon av sjeldne metall, å forby eksport av magnet-teknologi med sjeldne metall til USA av sikkerheitsgrunnar, ifølge ein artikkel i den japanske avisa Yomiuri Shimbun. Dei sjeldne minerala er sentrale for produksjonen av elektriske køyretøy og mange av USAs avanserte militære våpen og luftfartøy.

På den militære fronten bestemte Kina seg for å vise sine maritime musklar, og omringa Taiwan med ein flåte som inkluderte 9 jagarar & 1 hangarskip, og utførte eit simulert missilangrep på Taiwan.

Kina gjer også historiske og betydelege trekk på den diplomatiske scena. Tidleg i mars mekla dei fram ei  tilnærming mellom Iran og Saudi-Arabia. Nobel-prisen, kanskje? Iranarane og saudiane møttest i Beijing den 6. april for å bekrefte avtalen.

Og den avtalen produserte raskt resultat då utsendingar frå Saudi-Arabia og Oman entra Sanaa i dag for å starte fredsforhandlingar med Huti-leiarar og få slutt på proksy-krigen mellom Iran og Saudi-Arabia (noko Washington ikkje er så begeistra for; dei ser på konflikten som ein måte å svekke Iran på), ifølge Reuters.

Kinas nye, varme forhold til Russland får alarmklokkene til å ringe i Vesten. Frankrikes Macron har øyra på stilk, trass i sine ynkelege feil som leiar. Han er også ein spyttsleikar av verdsklasse, og han kasta ikkje bort eit sekund før han kraup fram for å smiske med Kina. Macrons taktløyse som diplomat vart levande synt fram av hans tåpelege avgjerd om å ta med seg sjefen for Europakommisjonen (EC), Ursula von der Leyen, til møtet sitt med president Xi. Kinesarane var ikkje glade. Kinesarane ignorerte ho og nekta å gi ho diplomatisk behandling. Den franske politikaren Florian Filippo skreiv på Twitter at stakkars Ursula vart tvinga til å fly på turistklasse og gå igjennom dei same kontrollpostane som vanlege folk må igjennom på flyplassen:

«Null mottaking, totalt oversett, ho laut til og med forlate landet på eit vanleg passasjerfly!»

Etter at han mislykkast med å svinge Xi Jinping i retning av å distansere seg frå Russland, droppa Macron nokre diplomatiske bomber i eit intervju med Politco under flyturen tilbake til eit opprørsherja Paris:

Europa må redusere si avhengigheit av USA og unngå å bli halt inn i ein konfrontasjon mellom Kina og USA om Taiwan, sa den franske president Emmanuel Macron i eit intervju på flyet sitt på veg tilbake frå eit tre-dagars statsbesøk i Kina.

I samtalen med POLITICO, etter å ha vore med Kinas president Xi Jinping i omlag seks timar under turen sin, la Macron vekt på yndlingsteorien sin om «strategisk autonomi» for Europa, antakeleg leidd av Frankrike, for å bli ei «tredje supermakt».

Han sa at «den store risikoen» Europa står overfor, er at dei «hamnar i kriser som ikkje er våre, som hindrar oss i å bygge strategisk autonomi» under flyturen frå Beijing til Guangzhou.

Kina gjer meir enn å drive med diplomatiske samtalar. Eir skip er sendt avgarde med forsyningar til overlevande av det nylege jordskjelvet. Det ankom hamna Lattakia på palmesundag med 57 bustadseiningar og 429 tonn andre forsyningar. Medan USA fører militæroperasjonar mot regjeringa i Syria på syrisk territorium, brukar kinesarane humanitær hjelp til å sende ei klar og tydeleg melding om at Kina er ein ven, ikkje ein fiende.

Så er det dei økonomiske dårlege nyheitene for Pax Americana. Kinesarane og russarane samarbeidar om å skape ein ny internasjonal valuta, og fleire land brukar den kinesiske valutaen, Yuan, til å gjere handelsavtalar som før vart gjort med dollar. For to veker sidan kunngjorde Kina og Brasil «ein avtale om å handle med eigen valuta, og skrote US-dollar som mellomledd,»” ifølge Barron’s.

Dette er ikkje ei isolert hending. Skiftet til yuan fekk opp dampen i fjor.

Transaksjonar gjort med kinesiske yuan for internasjonal betaling auka i 2022 samanlikna med året før.

Mengda internasjonale transaksjonar i yuan nådde 96,7 billionar yuan (ca 14,14 billionar dollar), opp 21,48% i forhold til året før, ifølge data frå Kinas Folkebank.

Den verkelege openberringa er at Kina og Russland avslører USA som ein sentral anstiftar av krigar og internasjonalt kaos. I tillegg til å bringe saman saudiane og iranarane, arbeider Kina og Russland saman med saudiane om å gjenopprette Syrias medlemskap og status i Den arabiske liga. Den tidlegare støtten blant Golf-arabarane til dei USA/Storbritannia-leidde forsøka på å styrte Syrias president Assad ved å nære opprør, fordampar. I staden arbeider desse landa no saman med Kina og Russland om å bringe ein slutt på borgarkrigane i Jemen og Syria.

Og kva svarar USA til det? Med truslar om fleire sanksjonar mot land som ikkje er villige til å legge seg nasegrus for USA sine krav. Men det er komisk korleis USA, som den store og mektige Oz, blir eksponert som ein gretten, gamal gubbe som gøymer seg bak ei gardin.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Vidar Hansen
    13 april 2023 11:18

    At makten blir flyttet fra Vesten til Østen er alt planlagt spill. Kina hadde vært omtrent like industrialisert som Nord-Korea hvis det ikke hadde vært for at eliten i USA valgte å outsource industrien sin til Kina. Den samme eliten som valgte å sette inn demente Biden som president. Alt er teater og mange tror USA sin ledelse er en gjeng med idioter, men det er bare fronten. De bak spiller et veldig kynisk spill hvor vestlig middelklasse blir knust og da må makten over til Kina med noen plausible fornekteler på hvordan Vesten falt. Derfor Ukraina krigen og snart krig mot Taiwan. Sluttmålet er en totalt kontrollert befolkning i et teknokrati som får tidligere tiders føydalsamfunn til å se ut som en drømmeverden i forhold.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Var det slik noen antydet:

Fantes det koronavaksiner med ulik faregrad?

Forrige innlegg

Arnold Schwarzenegger:

Det var en feil å be uvaksinerte å dra til helvete.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.