POSTED IN Endring av politikken, Helse

Vaksine-eksperten Robert W Malone:

Hele grunnlaget for nedstengningene skyldtes pill råtne modeller.

3 kommentarer

Pill roten modellering

På ’an igjen. Fleire bevis for påført skade. 

ROBERT W MALONE MD, MS

Who is Robert Malone

30. DESEMBER 2022

Ein ny forskningsrapport (Age-stratified infection fatality rate of COVID-19 in the non-elderly population i tidsskriftet Environmental Research, Volume 216, Part 3, 1 Januar 2023, 114655) dokumenterer at dødsraten før vaksinering var ekstremt låg blant yngre:

«Infeksjonsfatalitetsraten til COVID-19 i den yngre befolkninga, oppdelt etter alder

Samandrag

Den største byrden ved COVID-19 er det dei eldre som ber, og personar som bur på sjukeheimar er særleg sårbare. Men 94% av folka i verda er yngre enn 70 år og 86% er yngre enn 60 år. Føremålet med denne studien var å nøyaktig estimere infeksjonsfatalitetsraten (IFR) [dødsrate etter smitte med koronaviruset CoV-2, mrk.] til COVID-19 blant den ikkje-eldre befolkninga i fråvære av vaksinering eller tidlegare infeksjon. I systematiske søk i SeroTracker og PubMed (protocol: https://osf.io/xvupr), identifiserte vi 40 eigna nasjonale studiar på seroprevalens [andel av målpopulasjonen som er råka av eit virus, mrk.] som dekka 38 land som hadde samla inn seroprevalens-data frå før vaksineringa starta. For 29 land (24 høginntektsland og 5 andre) fanst det offentleg tilgjengelege aldersoppdelte data for COVID-19-død, og aldersoppdelt seroprevalens-informasjon var tilgjengeleg og inkludert i dei primære analysane. IFR’ane hadde ein median på 0,034% (kvartilbredde (IQR) 0,013–0,056%) for aldersgruppa 0–59 år, og 0,095% (IQR 0,036–0,119%) for aldersgruppa 0–69 år. IFR- medianen var 0,0003% for aldersgruppa 0–19 år, 0,002% for 20–29 år, 0,011% for 30–39 år, 0,035% for 40–49 år, 0,123% for 50–59 år, og 0,506% for 60–69 år. IFR aukar cirka 4 gongar kvart 10. år. Når vi inkluderer data frå 9 andre land med tillagt aldersdistribusjon for COVID-19-dødsfall, får vi ein IFR-median på 0,025–0,032% for 0–59 år og 0,063–0,082% for 0–69 år. Meta-regresjonsanalyse indikerte også ein global IFR på hhv. 0,03% og 0,07% i desse aldersgruppene.

Denne analysen indikerer mykje lågare før-vaksinasjons-smittedødstal for den yngre befolkninga enn tidlegare antatt.

Det var svært store forskjellar mellom landa, noko som kanskje gjenspeglar forskjellar innan komorbiditet (andre underliggande/medverkande dødsårsaker, mrk.] og andre faktorar. Desse estimata gir ei grunnlinje som ein kan basere vidare IFR-nedgang på, etter omfattande bruk av vaksinasjon, tidlegare infeksjonar og danninga av nye [virus]variantar.

Utifrå dataa over, var den mediane infeksjonsdødsraten (IFR) under PRE-VAKSINASJONSÆRAEN:

  • 0,0003% for aldersgruppa 0–19 år
  • 0,002% for aldersgruppa 20–29 år
  • 0,011% for aldersgruppa 30–39 år
  • 0,035% for aldersgruppa 40–49 år
  • 0,123% for aldersgruppa 50–59 år
  • 0,506% for aldersgruppa 60–69 år
  • 0,034% for aldersgruppa 0–59 år
  • 0,095% for aldersgruppa 0–69 år.

Desse IFR-estimata for den ikkje-eldre befolkninga er mykje lågare enn tidlegare kalkulasjonar og modellar har lagt til grunn.»


Er det nokon som hugsar tilbake til tidleg i 2020? Dei dystre spådommane om ei global katastrofe – av dødsratar og smitteratar (R0) som ein ikkje hadde sett maken til i moderne tid for ein respirasjonssjukdom? Spådommane gjekk ut på at «det nye koronaviruset», som dei då kalla det, ville bli den neste Spanskesjuka. At einaste løysing var å stenge ned (lockdown) heile nasjonar. Dette var modelleringa som forårsaka at regjeringar over heile verda fekk panikk. Dette var modelleringa som fekk massemedia til å overopphete og bryte saman.

Neil Ferguson

Ein vitskapsmann som tydeleg stod i spissen for denne innsatsen og førte verda ut på ville vegar med sine dystre spådommar, var Neil Ferguson, PhD ved Imperial College.

Fergusons team ved Imperial College i London har tatt æra for å ha redda millionar av liv gjennom lockdown-politikken som implementerte modellane hans. Det var Imperial College-modellane som fortalde om millionar av dødsfall det første året i Storbritannia, dersom det ikkje vart implementert strenge nedstengingar. Då det hadde blitt implementert, var Ferguson og Imperial college raskt ute og tok æra for «nedstengingssuksessen».

Estimatet på 3,1 millionar liv redda av dr. Ferguson hadde dei kome fram til under ei «latterleg uvitskapeleg øving, der dei hadde til hensikt å validere sin eigen modell ved å bruke sine eigne hypotetiske projeksjonar kontrafaktisk for å vise kva som ville skje utan nedstengingar». Andre modellar og empiriske data har diskreditert Ferguson sine modellar, men skaden var allereie skjedd. Nedstengingar, karantene, munnbind, dårleg uttesta naudbruksgodkjende (EUA) produkt – som til dømes eksperimentelle vaksinar – har gjort alvorleg skade på oss alle. Når alt kjem til alt, var i det heile tatt noko av det nødvendig?

Elon Musk kallar Ferguson for «berre eit verktøy» som driv med «absurd falsk vitskap». Jay Schnitzer, som er ekspert på vaskulær biologi og tidlegare direktør for Sidney Kimmel Cancer Center i San Diego, fortel meg: «Vanlegvis nøler eg med å snakke slik om ein vitskapsperson, men han dansar på kanten til å vere ein publisitetssøkande sjarlatan». (National Review).

Igjen og igjen, år etter år, tiår etter tiår har helsevesenet i England (NHS) og regjeringar rundt om i verda, inkludert vår, bede dr. Ferguson om å modellere infeksjonssjukdommar. Ferguson gir dei det dei vil ha. Ein grunn for byråkratane, den administrative staten, til å atter ein gong ta eit steg opp og vere viktige. Ein av dei pessimistiske undergangsmodellane hans kan auke nasjonale kriseberedskapsbudsjett til astronomiske storleikar. Det er rå makt for ein beskjeden offentleg helsetenestemann. Kva skulle ein ikkje like med det?

Bortsett frå eitt kvasi-faktum (factoid):

Implikasjonen for Fergusons arbeid er framleis tydeleg: den primære modellen som vart brukt til å rettferdiggjere lockdown strauk på sin første realitetstest.

Fergusons prediksjonar om skyhøge dødstal var grovt overdrivne.

Nedstengingane var totalt mislykka.

cars on road between buildings during night time
Nedstengnings-politikken var meningsløs og bygget på meningsløse modeller.

Men dette var ikkje første gong Fergusons mislykka smittesjukdomsmodellar har snubla opp på verdsscena. Her er to døme på tidlegare spådommar han har kome med:

  • Ferguson predikerte at oppimot 150 millionar menneske kunne miste livet av fugleinfluensaen under utbrotet i 2005. Prediksjonen feila sjokkerande. Dei reelle tala vart at det i heile verda døydde totalt 282 menneske av sjukdommen mellom 2003 og 2009.
  • I 2009 predikerte ein av Fergusons modellar at 65 000 menneske kunne døy av svineinfluensa-utbrotet i Storbritannia – det sluttlege talet vart under 500. Det var denne modelleringa som forårsaka panikk hos så mange offentlege helsetenestemenn, og som skapte ein verdsomfemnande panikk blant styresmakter og folk flest.

Så korfor tydde Boris Johnson og regjeringa vår til hans modellar for rettleiing tidleg i COVID-krisa? Korfor aksepterte dei Fergusons påstandar om at nedstenging ville fungere, utan noko bevis eller offisielle politiske retningslinjer som skulle tyde på at slike drakoniske tiltak ville gjere noko frå eller til i det heile?

Var dei berre så naive?


Her er det at det blir endå villare. Det finst dei som pasjonert argumenterer for at modelleringa som Ferguson gjorde tilbake i tidleg 2020 er bevis for at 1) dei ikkje-farmasøytiske inngrepa (nedstenging og munnbind) fungerte fordi (sirkulær logikk her) modell-føreseiingane hans ikkje slo til, og 2) at vaksinane fungerte umåteleg bra fordi, igjen, modell-føreseiingane hans ikkje slo til.

Men så var det altså ikkje sånn. Ein viktig ny studie dokumenterer at dødsraten før vaksineringa starta var ekstremt låg i den yngre befolkninga. Det vil seie fleire bevis for at modellane til Ferguson tok feil (igjen), og kva for vi høyre frå dei statsstøtta media?

Ingenting. Absolutt ingenting.

EIN KOLLEGA AV MEG SOM SIT I SENATET I USA RAPPORTERTE NYLEG TILBAKE TIL MEG OM AT REPUBLIKANSKE SENATORAR GAV KVARANDRE HIGH FIVE OM WARP-SPEED-SUKSESSEN SOM VAR BASERT PÅ FERGUSONS MODELLERINGSDATA. SLIKT KAN EIN IKKJE DIKTE OPP.

https://rwmalonemd.substack.com/p/modeling-gone-bad

Forsidebilde: Amir Hosseini



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 797 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Noen vaksineskada har fått et bein amputert bort, som mannen på illustrasjonen. En bekjent som fikk slag fikk til svar fra sin lege at han hadde bare hatt uflaks. Shit happens, lissom. Foreldre har mistet barn. Mange er uføre. Parforhold ødelagt der en var for og den andre imot. Etc. Et oppgjør vil måtte komme, med eller uten rettsvesenet; dette blir en test på om Norge har et verdig rettssystem. Jeg tviler.

    Svar
    • Nå kommer nye lover som reduserer muligheten til å anke; alt går i samme retning, å frata borgerne rettigheter.

      Svar
  • Virologi er pseudovitenskap. bevist. Les Stefan Lanka, les JF Enders kontrolleksperiment.
    Virus som foklart finnes ikke. virus betyr gift, og ja det finnes, men ikke partikler i luften som gjør oss syke. Bevist å ikke finnes.
    Derav finnes ikke smitte, det er en illusjon, bevist å ikke eksistere. Det er gjort tester, en klarer ikke å gjøre friske mennesker syke ved ekspoering av meterie fra syke mennsker. Les Tom Cowan, Andre Kaufman.
    Det har aldri vært en pandemi, forårsaket av virus. Løgn. Les phd Deothora Gilbert.
    Vaksiner har aldri hjulpet for folks helse. Men de har vært flinke til å gi inntrykk av det.
    De har aldri isolert et virus fra et menneske. De sier det er for lite av det. Derfor dyrker de dem frem i cellekulturer. De dør og utfall tilegnes virus. Men det samme skje med og uten materie fra en syk person. Les Stefan Lanka.
    Men folk blir syke ja. Dog er egentlig ikke rennende nese, hoste, feber, slim etc en sykdom, men en helbredelsesprosess. Kroppslige mekanismer for å eliminere avfall, for å holde deg frisk. Det innrømmer til og med immunologer. Slike prosesser skal selvsagt gå sin gang, for ditt eget beste.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Ukraina er Europas kornkammer.

Krigen gjelder også eierskapet til jorda og dermed kornet.

Previous Post

Vi må ut av EØS-avtalen snarest:

Det finnes ikke noe som heter «like konkurransevilkår».

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.