POSTED IN Coronavaksiner

Skandale!

VAERS-data viser tydeleg at COVID-vaksinane er ein uformilda katastofe for gravide kvinner

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Av Steve Kirsch

CDC sa at COVID-vaksinane var heilt trygge for gravide kvinner. Dei laug, og dei heldt fram med å lyge, for folket i USA. Her er beviset, og du kan sjølv verifisere det.

Oppsummering

Vaksineskaderapporteringssystemet vaksine Adverse Event Reporting System (VAERS) er USA sine styresmakter sin offisielle database for innrapportering av biverknadar etter vaksinering. Det er «gullstandarden» for oppdaging av sikkerheitssignal. Alle US-amerikanarar som opplever ein biverknad blir oppmoda av styresmaktene til å rapportere det til VAERS.

VAERS-dataa viser tydeleg at COVID-vaksinane er dei farlegaste vaksinane nokon gong. Det er innrapportert fleire biverknadar for COVID-vaksinane enn for alle andre vaksinar kombinert under dei 33 år lange historia til VAERS.

I denne artikkelen vil eg granske talet på rapportar om dødfødslar og uønska abortar (spontanabortar) for alle vaksinar gitt i USA gjennom dei siste 33 åra.

Så vidt som eg veit, har dette ikkje blitt gjort før.

Det eg fann bør få alarmklokkene til å ringe over heile planeten: det absolutte talet på rapportar om dødfødslar og uønska abortar relatert til COVID-vaksinane, er uhyrleg: 4 gongar høgare enn for alle andre vaksinar til saman.

Fordi VAERS er rundt 100X under-rapportert, har COVID-vaksinane truleg forårsaka omlag 360.000 fleire døde.

Du treng ikkje tru meg. Alle, sjølv mainstream-media, kan verifisere dette sjølv på mindre enn 60 sekund. Eg skal vise deg korleis i denne artikkelen.

Resultata: talet på rapportar om skadelege biverknadar for abort og dødfødslar sprenger diagramma for COVID-vaksinen

Dei to søka under er for alle vaksinar over dei 33 åra som VAERS har eksistert.

Databasesøk for spontanabort / dødfødsel

Det første søket var for rapportar om spontanabort (spontaneous abortions) for alle vaksinar.

Det var 673 rapportar om spontanabort for COVID-vaksinar same dagen som vaksinen vart gitt (Dag 0). Den nest høgaste vaksinen var HPV-vaksinen med 84 rapportar på Dag 0. Alle andre vaksinar i historia var insignifikante.

I tillegg var det ein svær topp nummer to på 519 rapportar ved 15-30 dagar. Ingen annan vaksine i historia viste noko som kan samanliknast med dette.

VAERS kan vere meir enn 100 gongar under-rapportert for hendingar av dette slaget, så det er viktig å ha dét i bakhovudet når ein prøver å estimere talet på faktiske hendingar som har skjedd. Det var rapportert 3594 spontanabortar etter COVID-vaksinering, så talet kan lett representere 360 000 overskytande dødsfall. Nokre av desse dødsfalla kan sjølvsagt også vere tilfeldige.

Men det faktum at dei innrapporterte spontanabortane er svært få for alle andre vaksinar over tid, indikerer at VAERS-rapportane berre blir laga når den som rapporterer trur at tilfellet er relatert til ein vaksine. Til dømes vart det i 2019, då alle vart vaksinerte på den normale måten, berre rapportert inn 7 spontanabortar frå alle influensavaksinane til saman, og 5 av dei 7 skjedde på Dag 0, og INGEN skjedde på Dag 1.

Også medisinsk faglitteratur seier at «det er estimert at så mange som 26% av alle graviditetar endar med abort», så viss VAERS fanga opp nokre av desse «bakgrunnshendingane», så ville tala over 33 år ha vore mykje høgare enn grafane under indikerer. Med andre ord: det er meir sannsynleg enn ikkje at desse rapportane rapporterer faktiske hendingar forårsaka av ein vaksine.

Eit søk etter abortar i VAERS (søkeord ’spontaneous abortion’). Den blå linja er COVID-vaksinen. Den nesthøgaste vaksinen er HPV-vaksinen, som er den nest farlegaste vaksinen vi framleis gir folk.

Databasesøk på dødfødsel

Her er søkeresultata for dødfødslar. Eit liknande mønster viser seg. Denne gongen var den nestverste vaksinen TDAP-vaksinen (i raudt). Alle andre vaksinar var insignifikante.

I 2012 rekommanderte CDC (Centers for Disease Control, smitteverntilsyn) at gravide kvinner skulle ta ein dose av TDAP for kvar graviditet mellom veke 27 og 36 i svangerskapet.

Så vi ser på 11 år med TDAP samanlikna med 2,5 år med COVID-vaksinering. Dersom alt var likt, skulle vi ha sett 4,4 gongar fleire TDAP-rapportar enn COVID-rapportar.

I staden er det 8,75 gongar fleire for COVID-vaksinen på dag 0, men faktisk lågare enn TDAP på dag 1.
Så ein kan ikkje på nokon måte argumentere for at det er over-rapportering. Om det var over-rapportering, så ville ratioen av rapportane COVID/TDAP på dag 0 vore liknande ratioen for dag 1. Det er den ikkje. Det er ingen annan måte å forklare det på enn at vaksinen forårsaka dei overskytande tala.

Eit søk på dødfødslar for alle vaksinar. Den nest farlegaste vaksinen er TDAP-vaksinen, som i 2017 hadde totalt berre 2 rapporterte dødfødslar.

Fleire abortar for COVID-vaksinen enn for alle andre vaksinar i historia kombinert!

Det er 3836 rapportar av totalt 4711 for alle vaksinar samanlagt i VAERS si 33-årige historie. Så 81% av alle rapportane i historia kjem frå COVID-vaksinen!

Det det betyr, er at COVID-vaksinane har FIRE GONGAR så mange spontanabortar som alle andre vaksinar samanlagt gjennom 33 år med VAERS.

Korfor bekymrar ikkje legane seg over dette?

Alle legar burde finne dette urovekkande, men dei fleste berre ristar det av seg som uproblematisk.

Dei som ikkje gjer det, inkludert doktorar som Peter McCullough og James Thorp, blir alarmerte av tala.

Her er ein artikkel der Peter McCullough blir intervjua. Berre 29 000 visningar fordi denne typen artiklar aldri blir vist fram i mainstream-media.

I tillegg har dr. Naomi Wolf trøytteslaust argumentert for korleis desse vaksinane skadar kvinner (her er ein episode der ho snakkar med dr. Thorp).

Korleis du kan replikere grafen sjølv på under 60 sekund

1) Gå til medalerts.org
2) Klikk på den store grøne “Search Now” -linken:

3) Fyll ut skjemaet på følgande måte:
a) I Seksjon 1 (Presentation Styles), velg avkryssingsboksen Show Graph, velg deretter “Onset Interval” og “Vaccines” i nedtrekksmenyane under. OBS: Om du gjer feil og velger “Vaccine Type” i staden for “Vaccines”, så vil det ikkje fungere.

b)I Seksjon 2 (Symptoms, du lyt klikke på «Open” for å få den fram), skriv inn “spontaneous” i søkefeltet og klikk Search-knappen til venstre for søkefeltet, og deretter – etter at resultata kjem opp – velg “spontaneous abortion.”

4) Verifiser at skjermen din ser ut som skjermbildet over.
5) I Seksjon 3 (Vaccine Information), kontroller at ’All vaccines’ er vald og klikk på knappen ’Find’ til høgre for å starte søket.

6) Du kan deretter føre musa over datapunkta i grafane for å sjå verdi og vaksinetype.
7) Du kan gjenta denne prosessen for andre symptom, som t.d. “stillbirth”.

Monitor-systemet til CDC er uskikka

CDC sitt overvakingssystem for VAERS merka seg ikkje spontanabort eller dødfødsel som eit MOGLEG faresignal.

Eg sjekka FOIA-dokumentet om tryggleiksvarsel som ikkje er tilgjengeleg på CDC si nettside; du lyt gå til The Epoch Times eller Children’s Health Defense for å få sjå CDC sin eigen tryggleiksanalyse.

Sjå denne linken for data-linkane til ’CDC safety analysis’.

Dette er skammeleg! Alle som har ein hjerne som fungerer kan sjå på grafane og konkludere med at «noko KAN vere gale» med COVID-vaksinane – noko som fortener nærare gransking. Det er openlyst.
Men signal-oppdagingsalgoritmen til CDC utløyste ikkje noko varsel i det heile tatt. Kan du tru det?

Faktasjekkarane vil påstå at det berre er over-rapportering av bakgrunnshendingar

Media vil prøve å normalisere dette med falske «faktasjekkar», slik dei alltid gjer.

Dei vil seie «åh, reglane endra seg, så du lyt rapportere desse hendingane» eller at «folk er meir medvitne om VAERS no, så det er rapportert 100X fleire hendingar» eller noko liknande.

Ingenting av det er sant.

Eg har gjort profesjonelle spørjeundersøkingar blant helsearbeidarar. Dei rapporterer om fleire hendingar fordi … trommevirvel, takk…. Det er rett og slett fleire hendingar å rapportere om. Det i seg sjølv burde vere ei stor sak.

Kan du tru det? Kven skulle ha trudd det? I alle fall ikkje «faktasjekkarane» eller mainstream-media som ALDRI har gjort noka tredjepartsundersøking for å finne ut korfor folk rapporterer meir.

I VAERS er det mest helsearbeidarar som rapporterer inn hendingar. Det kan du skjøne av type-skildringane. Så dei kan ikkje seie «åh, det er berre ein innstraum av konsument-rapportar.»

Til sist: FORMA til kurva for COVID-vaksinen liknar ikkje den til andre vaksinar. Om det berre var “overrapportering” ville forma ha vore den same. Det er den ikkje; toppane er mykje tydelegare.

Dette kan ikkje bortforklarast. Men «faktasjekkarane» vil berre seie at det handlar om overrapportering frå konsumentar (sjølv om dataa ikkje støttar det) og nemner aldri at forma ikkje er lik.

Folk vil akseptere «faktasjekken» utan å ein gong lese artikkelen min eller sjekke om «faktasjekken» er sann.

Kor er «den korrekte» analysen?

Viss analysen min av VAERS er ukorrekt, kor er då «den korrekte» analysen av data, som forklarer korleis desse resultata er «normale»?

Eg skulle verkeleg gjerne ha sett den!

Korleis kan det ha seg at ingen nokon gong har laga den? Dei må jo ha visst om desse tala. Ein kan ikkje ikkje vere det.

Så korfor har dei ikkje analysert dataa og forklart korfor det beviseleg ikkje er noko å uroe seg over? Er det min jobb å rapportere om desse avvika for dei? Eg er berre ein «feilinformasjonsspreiar» ifølge dei.

Og dei kjem aldri til å invitere meg til nokon offentleg debatt for å forklare meg korleis eg misforstod! Dei seier feilinformasjon er eit problem, men dei nektar å gjere den tingen som mest effektivt ville ha stoppa det: å forklare for meg korleis eg har misforstått det

Oppsummering

Dette kan ikkje bortforklarast som noko anna enn ein katastrofe for folkehelsa og forakteleg feil i sikkerheitsovervakingssystema til CDC.

COVID-vaksinane har vore ein katastrofe for folkehelsa generelt, og desse grafane for spontanabortar og dødfødslar gjer det krystallklart at desse vaksinane aldri skulle ha fått godkjenning, og dei skulle særleg aldri ha blitt anbefalte av CDC for gravide kvinner.

Sjølv om det trengst gransking av alt dette, er det tvilsamt om Kongressen er interessert i å gjere det, sidan dei pressa vaksinen på det amerikanske folket. Dei vil nok heller unngå ei gransking som set dei i eit dårleg lys.

CDC vil heller ikkje granske det.

Heller ikkje mainstream-media. Det kjem alle til å ignorere det.

Men eg syntest du burde få vite sanninga. Stadfeste sjølv, viss du ikkje trur meg.

Og ver så snill, la vennane dine få vite at styresmaktene i USA dekkar over desse dataa i sin eigen offisielle database.


Omsett av Monica Sortland

Artikkelen er fra Steve Kirsch sin substack-side.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 956 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • Monica Sortland
    19 juli 2023 20:47
    Svar
    • Takk for linken Monica!
      Herre min skaper. Hvor henter disse vesnene sine ideer fra? Hva inspirerer dem til å utføre folkemord og samtidig smilende fremstå som om de har de beste intensjoner for menneskeheten? De må være så forblindet av sitt eget speilbilde at de drukner fullstendig i det.
      Som sjømann har jeg reist rundt mesteparten av planeten vi besøker en stakket stund. Det er et hav av plass. Åtte milliarder mennesker får plass på Mjøsa! Hallo! Sender du hele jordens befolkning til Alaska får alle 10 mål tomt. Det er mat nok til alle. Men å skape mangel gjør at folk sulter! Det er all tid nok penger til krig, men å fø jordens befolkning det har vi ikke? Hva i h… driver disse krapylene. Hvordan kan de opphøye seg til «verdens herskere»? Sitte sammen i konspirasjonskamrene sine og klekke ut en så jævelig plan!? Det er ikke fattbart!

      Svar
      • «Drep de beste blant goyim.»
        – Talmud

        Svar
        • Pfizer-bygning – full av gift – rasert av tornado:

          thetruthseeker.co.uk/?p=271300
          POETIC JUSTICE: Pfizer Building Razed by Tornado — 50,000 Pallets of DEATHVAX™ Destroyed

          Gud sin finger?

          Svar
  • «Laboratorie-viruset Covid-19 var designet for å angripe hvite og svarte mennesker, og ikke å skade kinesere og aschkenazi-jøder.»
    – presidentkanidat Robert Kennedy jr., sønn av presidentkandidat Robert Kennedy som ble myrdet av dem som myrdet hans onkel, president John F Kennedy.
    Dette basert på studier av dødsstatistikk, og tatt i betraktning gamle nyheter om at Zionist-israhell overførte slik genmanipuleringsteknologogi til Kina helt tilbake til 1998.

    Se og hør RK jr. si dette her:

    trunews.com/stream/moscow-hints-west-involved-in-drone-attack-on-crimean-bridge
    Moscow Hints West Involved in Drone Attack on Crimean Bridge

    trunews.com
    – en helt uunnværlig nyhetskanal for alle som vil vite om de viktigste nyhetene.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Varmbølge og svindel i mediene:

Globalt klimahysteri.

Previous Post

Srebrenica-massakren:

En glemmer massakren av serbere

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.