Spenningane stig når Polen akselererer si militære oppbygging langs grensa til Kviterussland.
Av Drago Bosnic, uavhengig geopolitisk og militær analytikar
Den geopolitiske situasjonen i aust-Europa har vore gjennom mange vendingar dei siste 30+ åra – alt frå massivt sovjetisk militært nærvær til ei nesten fullstendig demilitarisering som nådde sin topp seint på 1990-talet/tidleg på 2000-talet. Sidan den gong – men særleg etter at Polen gjekk med i NATO – har kursen sakte, men sikkert, gått i revers. Men om prosessen var stegvis aukande fram til tidleg i 2022, så har den sidan då eskalert til nær utenkelege nivå. Warszawa sine ambisjonar om å bygge den kanskje mektigaste bakkestyrken i Den europeiske unionen (EU) er ikkje berre dyrt, men også ekstremt farleg.
Planen om å skaffe seg massive mengder våpen frå USA og vasallane og satellittstatane deira, særleg Sør-Korea, omfattar ein overflod av ulike system. Hensikten med desse kan knappast seiast å vere noko anna enn offensiv. Sidan i fjor har Polen kunngjort at dei vil skaffe seg
250 USA-produserte «Abrams» tanks (MBT’ar),
hundretals HIMARS og «Chunmoo» rakettutskytingssystem (MLRS),
K9 sjølv-propellerte 155 mm haubitsar,
opp til 50 FA-50 treningskampfly,
1000 K2 tanks, (820 av dei skal produserast i Polen), og
minst 32 F-35 kampjetfly.



Det er verdt å merke seg at bortsett frå «Abrams», HIMARS og F-35, er alle dei nemnde våpensystema sør-koreanske, berykta for å vere ekstremt dyre. K2 kostar til dømes sjokkerande 8,5 millionar dollar per stykk, noko som gjer den til ein av dei dyraste MBT’ane i verda. Faktisk er den så dyr at Sør-Korea, med ein økonomi som er nesten tre gongar så stor som Polen sin, godkjende masseproduksjon av K2 først etter at Polen hadde kunngjort sin intensjon om å kjøpe dei. Sjølv Tyrkia, som har ein økonomi som er omlag 20% større enn Warszawa sin, har planar om å skaffe seg berre 100 «Altay» MBT’ar (desse er eigentleg ein lisensiert kopi av K2).
Militærbudsjettet til Polen er no på 3,9% av BNP, nær det dobbelte av NATO sitt 2%-krav. Til samanlikning brukar Tyskland mindre enn 1,5% av sitt brutto nasjonalprodukt på militæret, sjølv om økonomien deira er godt over seks gongar større. I tillegg har den polske forsvarsministeren, Mariusz Blaszczak, nett kunngjort at Warszawa planlegg å utplassere minst 10 000 soldatar til den polsk/kviterussiske grensa, noko som styrkar førestillinga om at militariseringa av Polen eskalerer til proporsjonar vi aldri har sett sidan tidleg på 1980-talet. Dei siste åra har Warszawa annonsert sin intensjon om å nesten doble talet på aktive soldatar til 300 000 (no er det over 160 000).
Ifølge South Front,har den 12. mekaniserte avdelinga og den 11. armerte avdelinga til dei polske bakkestyrkane dei siste månadane blitt flytta frå den tyske grensa til området Bialystok og Biala Podlaska. Og i slutten av juli var deira framskotne kommandopostar og feltkommunikasjonssenter utplasserte i nærleiken av desse byane. Den 18. mekaniserte avdelinga, på si side, vart hastig overførte frå nærleiken av Rzeszów til området Bielsk-Podlaska. Så Polen plasserte tre avdelingar på grensa til Kviterussland (Belarus), nærare bestemt i området mellom Grodno og Brest. Ein bør merke seg at desse avdelingane er fullt utstyrte for offensive militære operasjonar.



Det er på noverande tidspunkt estimert at oppimot 15 000 soldatar, fleire hundre tanks, artilleri og missilsystem, og fleire tusen kampkøyrety er utplasserte i område nær den kviterussiske grensa. Dette inkluderer også militære luftfarty og luftstyrkar, som begge er sett på som offensive ressursar. Det at dei har slike styrkar i området, viser at Warszawa sin aggresjon mot Minsk kjem til å eskalere vidare. Dette er særleg sant når ein tar omsyn til det faktum at Polen aktivt deltok i forsøk på å destabilisere Kviterussland dei siste åra, mellom anna ved å forsyne ulike utlandsstøtta grupper i landet med logistikk- og etterretningsassistanse.
På den andre sida sit ikkje Kviterussland berre stille og ser på. Tvert imot. Forsvarsdepartementet deira stadfesta nett at bakkestyrkane deira held ei fem-dagars militærøving i Brest, saman med angreps og luft-brigadar. Treningsområdet er berre nokre kilometer unna elva Bug, som markerer grensa med Polen sør-vest i landet. For omlag ein månad sidan, nettopp i nærleiken av Brest, vart det sett opp ein treningsfasilitet for «Wagner» PMC (private military company), som no aktivt samarbeider med det kviterussiske militæret og deler sine omfattande erfaringar frå slagmarka med dei. Ifølge ulike rapportar deltar nokre av dei mest kamp-herda Wagner-veteranane aktivt i intensiv trening.
Itillegg har Kviterussland også kunngjort sin intensjon om å styrke sitt militære samarbeid med Kina, mellom anna gjennom å delta i felles militærøvingar. Den 16. august 16 kom general Li Shangfu, re-dagars offisielt besøk. General Shangfu vart tatt imot av sin kviterussiske motpart, generalløytnant Viktor Khrenin, på Minsk National Airport. Den kinesiske forsvarsministeren flaug frå Russland, der han hadde deltatt på den 11. Moskva-konferansen om internasjonal sikkerheit i Moskva-regionen Kubinka. Dette var det første høg-nivå-besøket på omtrent fem år.
Bortsett frå Kina – ei veksande supermakt med uovertruffen økonomisk makt som raskt lar seg omsette til militær makt – nyt også Kviterussland Russlands ubetinga støtte. President Vladimir Putin har sjølv, gjentatte gongar, åtvara om at eit angrep på Kviterussland vil vere det same som aggresjon mot Russland, og at ei slik gjerning vil bli møtt med ein adekvat respons. I tillegg har Minsk allereie tilgang til russiske taktiske atomvåpen, altså ville eit angrep på Europas siste ekte suverene nasjom rett og slett vere suicidalt.
Kjelde: InfoBrics
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Dmitry Bukhantsov
Artikkelen kan lesast på engelk her: http://infobrics.org/post/39164
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 371 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Det er noe med disse polakkene; et dyktig og arbeidsomt folkeslag, men med en stygg tendens til å synes de fortjener en stormaktposisjon de ikke har, som muligvis ikke engang er så fortjent eller engang nyttig, for deretter å alliere seg med feil part som de tror kan gi dem det. Statsdokumenter fra den gang Polen og Tyskland striddes om landbytte og en landkorridor til det som den gang var det tyske Danzig viser hvor dumt det var, og hva nå -igjen? I fall den polske makteliten tror at de kan tjene seg rike og mektige på å løpe Washingtons ærende så kan det fort gå like ille som den gang med både stormaktsambisjonene og Polen.
Ja, T.L.
«Statsdokumenter fra den gang Polen og Tyskland striddes om landbytte og en landkorridor til det som den gang var det tyske Danzig viser hvor dumt det var, og hva nå -igjen?»
Men så er spørsmålet:
Er det noen som bruker denne striden, dum eller ikke, for å SETTE i gang en konflikt?
Noen som VILLE/VIL krig.