Dr. Robert Malone, oppfinnaren av mRNA-teknologien, varslar Worst-Case Scenario om COVID-19-vaksinane
Av Teodrose Fikremariam
Global Research 2. august, 2021 /Ghion Journal 30. juli, 2021
I dag tidleg stadfesta dr. Robert Malone – oppfinnaren av mRNA-teknologien som blir brukt i «vaksinane» mot Covid-19 – at mine verste aningar om desse eksperimentelle boosterane er i ferd med å realisere seg. Han plukka ifrå kvarande dr. Anthony Fauci si slue kunngjering om at antistoffkonsentrasjonane i nasa til «vaksinerte» er den same som hos dei uvaksinerte.
Den hyklariske påstanden er i seg sjølv eit bombenedslag; dr. Fauci stadfesta at folk som får sprøyta ikkje har nokon betre grad av vern enn dei har, dei som enten er tvilande eller fiendtleg innstilte mot å få sprøyta inn i seg ein eksperimentell genterapi-vidundermedisin.



Dr. Malone tok ikkje berre Fauci på ordet; han gjorde noko som mainstream-media nektar å gjere. Han dekonstruerte Faucis poeng på ein slik måte at vanlege folk kan forstå. Det han kom fram til, var nett det same som eg sjølv har skrive om i fleire månadar. Dr. Malone sa at nase-målingar er dårlege indikatorar når ein skal finne ut kor høg konsentrasjonen av antistoff er, og at blodprøver er betre når ein skal vurdere om ein vaksine faktisk fungerer slik reklamen seier den skal.
Dr. Malone refererte deretter til NBC-reportasje som USA Today hadde vidareformidla – som seinare vart fjerna – som siterte ein offentleg tenestemann på høgt nivå som kunne skrive under på at «vaksinerte individ kan ha høgare virusnivå og infisere andre under smittetoppen som no blir driven fram av deltavarianten av koronaviruset».
Dette kjem ikkje som noko sjokk på andre enn dei som ikkje har sett seg inn i mRNA-«vaksinen» og ikkje kjenner til den blanda historia bak. Tidlegare studiar på ilderar og kattar burde ha vore nok til å bestemme at den fulle tidsramma på 10 til 15 år, som trengst for å utvikle trygge og effektive vaksinar, også skulle ha vore brukt på desse utrygge boosterane dei enno ikkje har prova fungerer.
Sjølv om resultata i starten verka lovande, så gjekk det slik at forsøksdyra døydde når dei vart eksponerte for SARS-patogenar, fordi dei utvikla ein dødeleg tilstand kalla antistoffavhengig forsterkning (Antibody-Dependent Enhancement, ADE). Ved å bruke eit virus som nesten heilt sikkert er menneskeskapt, gjekk bioteknologi-korporasjonane fullt ut inn for å validere ei behandling som fungerer i teorien, medan dei gamblar med liva til milliardar av menneske i håp om at det ordnar seg.
Ikkje berre behandlar autoritetsfigurane menneske som prøvekaniner, dei reint ut feilinformerer og tyr til svertekampanjar mot dei av oss som talar ut om fabrikasjonane deira. Den siste forvrenginga deira går ut på at folk som er «uvaksinerte» er kjeldene til mutasjonane, når det i røynda er tvert om, slik Fauci stadfesta denne veka. I fjor slo Oxford og AstraZeneca seg saman for å utvikle sin eigen booster, som dei seinare delte ut i Storbritannia, Sør-Afrika, Brasil og India. Dei same fire landa som er kjeldene til variantane. Det er her «vaksine»-propagandistane vil sprøyte ut at «korrelasjon er ikkje årsakssamanheng».
Nær 11 405 dødsfall og fleire enn 62 000 alvorlege skader attribuert til mRNA og adenovirus-«vaksinar» i USA aleine, og likevel held politikarar, lærde, yrkesmedisinarar og etablissementet generelt på sinnsjukt vis fram med å påverke folk til å ta sprøyta. Tilbake i april skreiv eg ein artikkel der eg åtvara om at det godt kan hende at menneskeslekta vil få oppleve eit globalt holocaust dersom ADE oppstår blant dei milliardane av folk som har blitt «vaksinerte» så langt. Det dr. Malone gjorde, var å stadfeste, med kvalifikasjon, mine verste aningar. Eg skriv ikkje dette for å hovere eller å liksom seie «Var det ikkje det eg sa?»; eg har familiemedlemmar som blei «vaksinerte», så eit bevis for at eg hadde rett i bekymringane ville kome til ein pris eg ikkje orkar tenke på.



National Institute of Health, NIH, kjende til risikoen for antistoffavhengig forsterking, ADE, i samband med Covid-19-«vaksinar» heile tida! Dette er frå nettsida deira, publisert den 4. desember, 2020.
*
Teodrose Fikremariam er medgrunnleggar og redaktør for Ghion Journal. Før lanseringa av Ghion Journal var han ein politisk organisator som mellom anna delar av sigerstalen som Barack Obama heldt i South Carolina då han vann primærvalet til president. Han kjem opprinneleg frå Etiopia og stammar direkte, i sjuande generasjon, frå ein av Etiopias største keisarar, Tewodros II.
Lauseleg omsett av Monica Sortland
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 067 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Deagel-rapporten forutså store befolkningsreduksjoner fram til 2025, f eks spådde man at USAs befolkning skulle bli redusert til 64,879,100, ned fra 318,890,000
United Kingdom befolkningen skulle reduseres til 22,570,600, ned fra 63,740,000.
Det var tidligere vanskelig å se hvordan en så voldsom befolkningsreduksjons skulle skje på så kort tidsrom, men denne befolkningsreduksjonen stemmer faktisk ganske bra med vaksineringsgraden i de respektive landene.
https://aanirfan.blogspot.com/2021/08/deagel-covid-depopulation.html
» Det var tidligere vanskelig å se hvordan en så voldsom befolkningsreduksjons skulle skje på så kort tidsrom»
Vi vet at frihet fra frykt for fattigdom naturlig gir en befolkningsnedgang. Folk vil ikke fylle livet med flere barn enn hva som er nødvendig for å ha et godt liv.
Nå er vel heller spørsmålet hvordan Norges befolkning, og også andre land som f.eks. Kina, skal holde seg på riktig nivå framover.
Men «overbefolkning i verden» er et tulle-mantra for å skape (unødvendig ) frykt og globalisme-styring.
Hvis HVER nasjon holder oversikt over hvor mange innbyggere det kan brødfø innenfor egne grenser og holde med nødvendig (fornybar) energi for å ha et godt nok liv, blir befolkningsantall en håndterlig sak. Og hver nasjon blir tryggere og mindre manipulerbart i kriger & kriser som kastes over oss fra de som ønsker å styre globalt.
I (vinterlandet) Norge kan vi antagelig ha det best med 4- 8 millioner, i forhold til matproduksjon, energi, plass til å bygge & bo,og tilgang på nødvendige arbeidskrefter. Hver nasjon bør holde oversikt over sitt soverom og kjøkken. Dette vil gi forutsigbarhet/trygghet og stolthet i nasjonen.
Overbefolkning?
‘ I klartekst betyr det at befolkningen går ned. Fødselsratene går altså nedover i flere land på kloden. For at befolkningen skal holde seg noenlunde stabil, må hver kvinne i gjennomsnitt føde noe over 2 barn. I rundt halvparten er klodens land og territorier er nå fødselsraten under dette. I Singapore og Taiwan er den for eksempel helt nede i 1,2. ‘
https://gemini.no/2019/06/klodens-befolkning-kan-synke-snart/
Deagel-prognosene er fjernet fra deagel.com sin hjemmeside, men kan hentes fram med wayback machine som her:
https://web.archive.org/web/20150626173534/http://www.deagel.com/country/forecast.aspx?pag=1&sort=Alphabetical&ord=DESC