POSTED IN Historie, Ukraina

USAs leietropper (Banderas tilhengere) i Ukraina etter 2. verdenskrig:

De er nå USAs stormtropper mot Russland.

13 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vi har hatt flere artikler om hvordan ultranasjonalistene i Ukraina har organisert seg og skaffet seg i økende grad av politisk innflytelse, f.eks. denne utmerkede artikkelen av Øyvind Andresen fra 2015. I denne artikkelen under graver Thierry Meyssan dypere og lenger tilbake i tid. Hvis det han her skriver er korrekt er deres innflytelse på Ukrainas politikk fullstendig underkommunisert i våre medier.

Årsaken til det ligger opp i dagen. Hvis folk ble klar over hvilke krefter vi i praksis i stor grad støtter i Ukraina ville støtten tørke inn. På den måten blir det våre medier ikke forteller en del av en pågående desinformasjon.

Det er en velkjent sannhet at det første som forsvinner under en krig er sannheten. Likevel fortsetter en stor del av det norske folk å tro på alle løgnene som servers i dag av NRK og de store mediene. Dette er en psykologisk fenomen som sikkert har flere årsaker, men det er likevel skremmende og fascinerende å observere fenomenet i full blomst i dagens Norge.

Russland har hengt i tauene under hele krigen ifølge våre medier, men har likevel tatt 4 ukrainske fylker (oblaster). Putin er ifølge våre store medier dødssyk, men på dødsleiet gjennomfører han en fire timers sesjon med et foredrag og pressekonferanse for fulle tv-skjermer og med salen full av utenlandske journalister. Selv folk med en begrenset sans for realiteter forstår umiddelbart at her er det noe som ikke stemmer. Men store deler av det norske folk tror på dette.

Og de ultranasjonale gruppene sitter ikke i ledende posisjoner i Ukraina ifølge våre store medier. Det er bare noe Russland forteller og siden våre medier ikke omtaler det kan det ikke være sant.

Fenomenet kalles krigspropaganda og hjernevask.

Knut Lindtner
Redaktør

Ukraina : Andre verdskrig held fram

av Thierry Meyssan

NATO-propagandaen prøver å bagatellisere nærværet av nynazistar i Ukraina ved å samanlikne dei med tilsvarande grupper i resten av Vesten. Sanninga er svært forskjellig. Banderistane har gradvis tatt over landet under dei siste 30 åra, skrive om på historia, trent opp ungdommen og endra alle statssymbola, eitt for eitt. Dei har indoktrinert ein tredel av befolkninga og representerer ein dryg tredel av dei væpna styrkane. Målet deira er å øydelegge Russland, og det prøver dei å få til ved hjelp av Straussianarane.

Medan han jobba for CIA i 1950, skreiv forbrytaren mot menneskeslekta Stepan Bandera: «Den generelle linja til frigjeringspolitikken vår er basert på det faktum at ein kamp for ein uavhengig ukrainsk stat er ein kamp mot Russland, ikkje berre mot bolsjevismen, men mot all ekspansjonistisk imperialisme som har vore typisk for det russiske folket. Om det blir erstatta av ei anna form for russisk imperialisme, vil Russland først bruke all sin energi imot uavhengige Ukraina for å slavebinde det. Det russiske folk har plikt til å støtte denne imperialismen. Dei vil gjere alt for å halde Ukraina slavebunden. Dette blir klart demonstrert i den politiske tenkinga og kjenslene til dei russiske massane av alle russiske kretsar, både kommunistiske og anti-bolsjevikiske.»

Denne artikkelen er ein oppfølgar til::
 1. «Russia wants to force the US to respect the UN Charter,» January 4, 2022.
 2. «Washington pursues RAND plan in Kazakhstan, then Transnistria,» January 11, 2022.
 3. «Washington refuses to hear Russia and China,» January 18, 2022.
 4. «Washington and London, deafened«, February 1, 2022.
 5. «Washington and London try to preserve their domination over Europe«, February 8, 2022.
 6. “Two interpretations of the Ukrainian affair”, 16 February 2022.
 7. “Washington sounds the alarm, while its allies withdraw”, 22 February 2022.
 8. “Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5 March 2022.
 9. «A gang of drug addicts and neo-nazis”, 5 March 2022.
 10 “Israel stunned by Ukrainian neo-Nazis”, 8 March 2022.
 11. «Ukraine: the great manipulation«, March 22, 2022.
 12. «The New World Order being prepared under the pretext of war in Ukraine«, 29 March 2022.
 13. “The war propaganda changes its shape”, 5 April 2022.
 14. «The alliance of MI6, the CIA and the banditry«, 12 April 2022.
 15. «The end of Western domination«, April 19, 2022.

I ein tidlegare artikkel viste eg korleis og korfor MI6 og CIA danna ein allianse med ukrainske Banderistar under Den kalde krigen. Desse mennene og kvinnene, som burde ha vore stilte for retten i Nürnberg, vart skyggesoldatar for sigersherrane. Dei kunne halde fram med sine anti-russiske maniar i deira teneste.

Etter talrike reaksjonar frå lesarane mine, vil eg her forklare korleis dei tok over dagens Ukraina, og deretter tok opp att og førte vidare Andre verdskrig i fleire land på eiga hand. Framfor alt vil eg vise at desse rabiate folka i år 2000 endra seg frå å vere hjelpetroppar til å bli US-stormtroppar. Dei inngjekk ei pakt med Straussianarane mot Russland. Det er denne pakta som har ført til den noverande krigen.

BANDERISTAR I INN- OG UTLAND

Då Sovjetunionen vakla, kom dei heimlandske banderistiske leiarane ut av skyggane. Nokre av dei hadde overlevd Andre verdskrig og perioden med ufred som følgde (1945-50). Dei vart benåda av Nikita Krustsjov (ein ukrainsk sovjetar) i 1954 og vart tekne inn att i systemet. Nokre av dei gjekk inn i den kommunistiske administrasjonen. Men dei heldt ved like banda til kvarandre og til banderistar utanlands, i Anti-Bolshevik Bloc of Nations (ABN) [1]  og World Anti-Communist League (WACL) [2].

Då Sovjetunionen vakla, organiserte ei handfull studentar – nokre av dei banderistar – i oktober 1990 på Maidan-plassen (då kalla Oktoberrevolusjonsplassen) ei rørsle mot alle former for tilknytningar til Russland. Dette var den såkalla Granittrevolusjonen; ein periode med stor intellektuell forvirring. På den tida tenkte mange ukrainarar ikkje at russarane, som dei, ville fri seg frå Sovjet-regimet. Mange tenkte at SSSR var ei form for russisk imperialisme, og at russarane hadde prøvd å øydelegge landet deira.

Då Ukraina erklærte si uavhengigheit den 24. august, 1991, stod banderistane generelt ope fram. Dei presenterte ikkje seg sjølve som tidlegare nazi-kollaboratørar som hadde begått brotsverk mot menneskeslekta, men som «nasjonalistar» og anti-sovjetiske militante. Dei greidde å få unge vernepliktige til å signere eit dokument der dei forplikta seg til kamp mot Russland i tilfelle konflikt skulle oppstå. Dei greidde og å organisere ein demonstrasjon i gatene i hovudstaden i 1992 med 7000 menneske som feira 70-årsdagen til Bandera-hæren, med deltaking av banderistar frå utlandet, som hadde returnert til landet.

Slava Stetsko, enka til den tidlegare statsministeren, innsett av nazistane, Yaroslav Stetsko, opnar sesjonen i Verkhovna Rada. Ho avsluttar talen sin med oppropet til banderistane, «Ære til Ukraina!» Kjelde: ABN

BANDERISTANE ORGANISERER SEG PÅ NY (1990-98)

Dei innlandske banderistane (OUN-B) delte seg i Ukrainas Sosialnasjonalistiske Parti (SNPU) og deretter Svoboda (Fridom), medan banderistane med meir krigserfaring grunnla Ukrainsk Nasjonal Samling og Det ukrainske folkets sjølvforsvarsmilits.

Dei paramilitære til Andriy Biletsky (den «Kvite Führer») skilde seg administrativt frå Svoboda for å danne sin eigen organisasjon. Men Svoboda endra seg ikkje. Partiet sin plattform slo framleis fast at dei ville «fysisk likvidere all russisktalande intelligensia og raskt slakte alle ukrainofobe utan lov og dom. Partiet byrja registrere pro-russiske, pro-rumenske, pro-ungarske og pro-tartarske folk fordi «denne flokken bør reduserast med kring 5 til 6 millionar individ.»

Det ukrainske folkets sjølvforsvarsmilits vart leidd av ein banderist utanifrå, Juriy Sjukhevitsj, son av ein notorisk kriminell mot menneskeslekta. Gruppa hans engasjerte seg i CIA sine krigar mot russarane, ofte på islamistane si side. Det er noko uklart om dei var til stades saman med georgiarane i Abkhasia (1998), men dei var beviseleg saman med rumenarane i Transnistria (1992), med Osama bin Laden sin arabiske legion i Jugoslavia (1992–95), med azerane i Nagorno-Karabakh (fram til 1994) og framfor alt med islamistane i den første tsjetsjenske krigen.

Mange krigarar har blitt identifiserte av russisk påtalemakt, inkludert Igor Mazur, Valeriy Bobrovich, Dmytro Korchynsky, Andriy Tyahni-bok (Oleh Tyahnibok sin bror), Dmytro Jarosj, Vladimir Ma-malyga og Olexandr Muzychko. Dei utmerka seg både for sine kampevner og si hjarteløyse. Olexandr Muzychko vart opphøga til tittelen «nasjonalhelt» av Det islamske emiratet Itsjkeria (Tsjetsjenia) fordi han «knekte fingrane på [russiske] offiserar, stakk ut auga deira, drog ut fingerneglane og tennene deira og skaut andre. Han vart utnemnd til sjef for emir Djokhar Dudaev sin personlege garde.

Nokre få månadar etter at han vart vald, den 6. mai, 1995, reiste Leonid Kuchma, det nye Ukrainas andre president, til München for å møteSteva Stetsko og NBA-teamet. Han kunne dermed dra nytte av den diskrete støtta frå USA til å liberalisere landet.

Den anti-bolsjevikiske blokka av nasjonar (ABN), som framleis hadde tilhald i CIA-kontora i München, opna kontor i Kiev.

I 1994 stilte president for ABN og enke etter nazi-statsminister Yaroslav Stetsko, Slava Stetsko, som kandidat til parlamentsvalet. Ho vart vald inn (sjølv om ho ikkje hadde ukrainsk statsborgarskap) og gjenvald i 1998 og 2002. Som eldste parlamentsmedlem, presiderte ho i opningssesjonane til Verkhovna Rada den 19. mars, 1998 og den 14. mai, 2002. Her heldt ho tale og fekk applaus frå kollegaane sine (unntatt frå dei kommunistiske representantane, som hadde forlate salen). Ho lovpriste Stepan Bandera og Yaroslav Stetko og avslutta med slagordet deira: «Ære til Ukraina!» – «Slava Ukraina». Ho døydde i ein alder av 82, den 12. mars, 2003 i München.

MORDET PÅ GEORGIY GONGADZE (2000)

Medan han var president, privatiserte Leonid Kutsjma alt han kunne. Rikdommen vart konsentrert på tretten hender, oligarkane, gruppert i tre klanar (Donetsk, Dnipropetrovsk og Kiev). Snart hadde dei meir makt enn politikarane. Dette systemet, som framleis består, frårøver ukrainarane suvereniteten deira og skapar forvirring.

I 2000 forsvann journalisten Georgiy Gongadze. Han hadde vore med banderistane i kampane i Georgia og deretter granska korrupsjonen til president Kutsjma og hans entourage. Liket hans vart seinare funne utan hovud og spraya med dioksin for å gjere det vanskeleg å identifisere. Det var då styraren av Verkhovna Rada lekka nokre opptak av samtalar mellom president Kutsjma og stabssjefen hans og innanriksministeren om korleis dei skulle få stoppa kjeften på Georgiy Gongadze. Slutten på Kutsjmas presidentskap var patetisk.

På slutten av 2000 organiserte USA-ambassadør Lev E. Dobriansky (leiar for banderistane i USA) ein tverrpolitisk konferanse i Washington om bilaterale relasjonar mellom USA og Ukraina. 70 vart halde 70 talar og 12 arbeidsgrupper. Delegasjonen til Republikanarane vart leidd av Straussianaren Paul Wolfowitz og delegasjonen til Demokratane av Zbignew Brzezinki.
Wolfowitz talte først. Etter å ha lovprist likvideringa av atomvåpen, stenginga av atomkraftverket i Tsjernobyl og medlemskapet i NATOs Partnarskap for fred, kunngjorde han ei løyving på $2,6 millionar i IMF-lån og at Washington la press på EU om å akseptere Ukraina som medlem. Framfor alt la han vekt på at Russland framleis var ei imperialistisk makt, som vist av krigen i Tsjetsjenia, der banderistane deltok. Det var derfor nødvendig å støtte dei mot Russland. Brzezinski, på den andre sida, samanlikna Ukraina med Russland og fann det meir demokratisk og mindre korrupt. Han argumenterte utførleg for at Ukraina ikkje lenger skulle bli sett på som ein post-sovjetisk stat, men som ein europeisk, og at landet skulle få lov til å slutte seg til den lukka klubben EU. Det uunngåelege hadde blitt uttalt: dei banderistiske allierte frå den kalde krigen var no anerkjende som allierte av USA i den unipolare verda som var under konstruksjon.

ORANSJEREVOLUSJONEN (2004)

Presidentskiftet endra ikkje på balanseforholdet mellom klanane. Kutsjma (Dnipropetrovsk-klanen) fall til sist tilbake på kandidaturet til hans statsminister, Viktor Janukovitsj (Donetsk-klanen). Valresultatet vart gunstig for han, men provoserte fram heftige protestar frå Kiev-klanen (støtta av National Endowment for Democracy – NED [3]). Valet vart kansellert. I andre avrøysting vann Viktor Jusjtsjenko. Det var det som var kjent som «Oransjerevolusjonen».

Men det nye teamet gjekk raskt i stykker bak Viktor Jusjtsjenko på eine sida og Julia Timosjenko på den andre. Banderistane nytta denne indre splittinga i oligarkiet til å avansere litt i begge leirar.

Bis repetita: Slava Stetsko opnar igjen Verkhovna Rada-sesjonen, i 2002. “Slava Ukraine! «.

Den 8. mai, 2007, i Ternopol, på CIA sitt initiativ oppretta banderistane i Det ukrainske folkets sjølvforsvar og islamistane ein anti-russisk «Anti-imperialistisk front» under delt leiarskap mellom Dmytro Jarosj og emiren av Itsjkeria, Dokka Umarov. Organisasjonar frå Litauen, Polen, Ukraina og Russland deltok, inkludert dei islamistiske separatistane frå Krim, Adygea, Dagestan, Ingusjetia, Kabardino-Balkaria, Karatsjaevo-Tsjerkessia, Ossetia, Tsjetsjenia. Dokka Umarov, som ikkje kunne dra dit på grunn av internasjonale sanksjonar, fekk bidraget sitt opplese. Alfred Rosenberg sitt Austministerium og Stepan Bandera sitt ABN vart gjenoppliva i ny form under vengene til den ukrainske staten.

Oppdelinga av Kiev-klanen var gunstig for valet av Viktor Janukovitsj i 2010. Han erstatta klan-systemet med familien sin, som han plasserte i topp-posisjonar i statsapparatet. Det vart viktigare å pleie gode relasjonar med ein slektning enn å representere ein bestemt oligark. Gradvis vart alt politisk og økonomisk liv kontrollert av president Janukovitsj gjennom det politiske partiet hans, Regionspartiet. Fem oligarkar vart ekskluderte frå systemet. Dei skulle alliere seg med Straussianarane og Banderistane for å ta tilbake makta.

Men under denne perioden heldt propagandaen fram, og ukrainarane vart vande med Banderistane sitt nærvære, no finansiert av den jødiske oligarken Ihor Kolomoyskyi. I 2011 fekk dei stemd igjennom ei lov som forbaud minnemarkeringar over slutten på Andre verdskrig, fordi denne vart vunnen av sovjetarane og tapt av Banderistane. Men president Viktor Jusjtsjenko nekta å sette den i verk. I vilt raseri angreip Banderistane prosesjonen av veteranar frå Den raude armé, banka opp gamle menn. To år seinare avskaffa byane Lviv og Ivano-Frankivsk sigersdag-seremoniane og forbaud all feiring. Kort tid før slutten av presidentperioden sin opphøga president Jusjtsjenko Stepan Bandera til tittelen «Nasjonalhelt».

Då Kommunistpartiet stilte spørsmål ved at ein jøde finansierte nynazistane, svarte Ukrainas Jødiske Komite at han avløyste den anti-semittiske påstanden om at det var jødane som fekk bolsjevikane til makta og at det var jødane som starta Andre verdskrig.

Under revolusjonen i 2014 introduserast den mystiske leiaren for Høgresektor (Pravy Sector), Dmitryo Jarosj, til flokken på Maidan-plassen i Kiev. Som vi kan sjå, helsar ukrainarar han godt velkomen og følger slagorda hans. Sekvensen endar med Banderittane sitt kamprop: «Ære til Ukraina!» («Slava Ukraina!»).

For interesserte kan videoene sees på Voltaitnet.com sin orginalartikkel

Medan 2014-revolusjonen enno ikkje er over, organiserer Banderistane ein fakkelmarsj i Kiev til ære for menneskeslektsforbrytaren Stepan Bandera. Det er ikkje lenger noka lita gruppe.

«REVOLUTION OF DIGNITY», KJEND SOM EUROMAIDAN (2014)

2014-revolusjonen vart organisert av Straussianaren Victoria Nuland med hjelp frå kampherda Banderistar. Desse hendingane er kjende for alle; eg vil ikkje her gå nærare inn på dei. Denne gongen var det ein oligark, Petro Porosjenko, som vart president. Dei offentlege stillingane vart okkuperte av Banderistane. Ein tredel av ministrane kom frå Sloboda eller Det ukrainske folkets sjølvforsvarsmilits. Andriy Parubiy vart sekretær for Rådet for nasjonal tryggleik og forsvar, og Dmytro Jarosj hans varasekretær. Det nye regimet forbaud straks det russiske språket, sjølv om over 40% av folket snakka russisk heime.

Krim nekta å gå med på eit slikt historisk tilbakesteg, og dei stemde for uavhengigheit og slutta seg til Den russiske føderasjonen, medan fylket Donbas (Donetsk og Lugansk) erklærte seg autonomt.

Ukrainas president Petro Porosjenko har ingen planar om å implementere Minsk-avtalane. Han tenker stenge av tilgangen til offentlege tenester for sine landsmenn i Donbas så lenge dei opponerer mot han

I mars 2014 endra Ukrainsk Nasjonal Samling og Det ukrainske folkets sjølvforsvarsmilits namn til Høgresektor under leiarskapen til Dmytro Jarosj og Andriy Biletskiy.

I april 2015 erklærte Verkhovna Rada medlemmar av Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar (OUN) som «uavhengigheitskjemparar». Lova vart kunngjort i desember 2018 av president Porosjenko. Tidlegare medlemmar av Waffen SS fekk, med tilbakeverkande kraft, retten til pensjon og alle slags gode.

Skulepensum vart endra slik at barna fekk lære den nye historia: Andre verdskrig er ikkje over. Den vil snart ende med Russlands nederlag og Ukrainas triumf.

Banderistane sette gjennom lova si overalt i same stil som nazistanes Sturmabteilung (SA) gjorde på 1930-talet. Dei gjekk inn i rettssalar for å true dommarar, i administrasjonsbygg for å tvinge borgarmeistrar og guvernørar. Den mest vidkjende utskeiinga deira var då dei sette i brann fagforeiningshuset i Odessa [4].

Ingen bekymra seg særleg då Irina Farion, parlamentsmedlem for Svoboda frå 2012 til 2014, erklærte at «Vi har berre éin veg: å øydelegge Moskva. Det er det vi lever for, det var det vi kom til verda for: å øydelegge Moskva. Å øydelegge ikkje berre moskovittane på vårt land, men dette svarte holet i europeisk tryggleik som må bli feia av verdskartet.»

Den 24. oktober, 2016 endra president Porosjenko seglet til dei hemmelege tenestene. Det viser no ei ugle som held eit sverd retta mot Russland, med mottoet «Den vise vil herske over stjernene.»

Den 24. oktober, 2016 endra president Porosjenko seglet til dei hemmelege tenestene. Det viser no ei ugle som held eit sverd retta mot Russland, med mottoet «Den vise vil herske over stjernene.»

VALET AV VOLODYMYR ZELENSKY (2019-)

Den jødiske oligarken og sponsoren av Banderistane, Ihor Kolomoyskyi, lanserte komikaren Volodymyr Zelensky inn i politikken. Han kringkasta TV-serien sin, Tenar av folket, og organiserte deretter eit politisk parti for han, for så å til slutt presentere han for presidentvalet.

Alexej Arystowitsch, president Zelenskis rådgivar innan strategisk kommunikasjon, spør ei gruppe studentar i politisk kommunikasjon: «Korleis kan vi jukse? Kven kan definere prinsippa?» Når ingen svarar, seier han: «Du må seie nøyaktig det motsette. Om du er sterk, vis at du er svak. Om du er nær, vis at du er langt unna. Om du er langt unna, vis at du er nær. Du må gjere det motsette av den faktiske situasjonen. Merk at dette ikkje er ei triviell sak. Korleis juksar du, heilt nøyaktig? Kva for retning skal du velje for å jukse korrekt og med suksess? Å bedra, for å bruke eit vitskapeleg uttrykk.»cations advisor, asks in a political communications class, «How can we cheat? Who can define the principles?», then noticing that the answers do not come, he says: «You have to say exactly the opposite. If you are strong, show that you are weak. If you are close, show that you are far. If you are far away, show that you are close. You have to do the opposite of the actual situation. Note that this is not a trivial matter. How exactly do you cheat? What direction to choose to cheat in order to cheat correctly and successfully. To deceive, to put it scientifically «

Le conseiller de Zelensky conseille aux militaires ukrainiens "hésitants"  d'adopter l'expérience d'"Azov" à Marioupol
Alexej Arystowitsch, president Zelenskis rådgivar innan strategisk kommunikasjon

Programmet hans består av seks punkt:
 Desentralisere makta i samsvar med europeiske standardar
 Transformere offentlege administrasjonar til prefektur av europeisk stil
Heve levestandarden til ukrainarar til eit nivå over europeisk gjennomsnitt
 Adoptere lover som er nødvendige for implementeringa av ein partnaravtale mellom Ukraina og EU 
 Utvikle samarbeid med EU og NATO
 Omdanne dei væpna styrkane så dei samsvarer med NATO-standardar.

Ukrainarar som sette pris på denne unge artisten sitt korstog mot korrupsjon, let seg forføre av hans europeiske draum og skjøner ikkje kva beundringa hans for NATO betyr. Dei valde han med 73% av stemmene den 21. april, 2019.

I mars 2021 døypte byen Ternopol og deretter fylket Lviv om stadioane sine til ære for general Roman Sjukhevitsj (far til grunnleggaren av Det ukrainske folkets sjølvforsvarsmilits) og Stepan Bandera.

Den 1. juli, 2021 kunngjorde president Volodymyr Zelenski lova om Ukrainas urinnvånarar. Innbyggarar av russisk opphav kan ikkje lenger påkalle seg menneskerettar i retten.

Den 2. november, 2021 vart Dmitryo Jarosj rådgivar for den ukrainske hærens øvstkommanderande, general Valerii Zaluzhnyi. Alle Banderistiske paramilitære organisasjonar, 102,000 menn vart innkorporerte i Ukrainas væpna styrkar. Ein plan om angrep på Krim og Donbas vart teikna opp. NATO, som allereie hadde militærinstruktørar på staden, sende våpen.

Den 24. februar, 2022, angreip den russiske president Vladimir Putin Ukraina for å «avnazifisere landet».

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] “The alliance of MI6, the CIA and the Banderites”, av Thierry Meyssan, Voltaire Network, 12. april 2022. Her vil du finne den mest komplette samlinga av  ABN Korrespondanse på engelsk og ABN Korrespondenz på tysk. Ver så snille å sende oss det som manglar, om de har det.

[2] “The World Anti-Communist League: the Internationale of Crime”, av Thierry Meyssan, Omsett til engelsk av Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 12. mai, 2004.

[3] “NED, the Legal Window of the CIA”, av Thierry Meyssan, Omsett til engelsk av Anoosha Boralessa, Оdnako (Russia) , Voltaire Network, 16. august 2016.

[4] “Bloodbath in Odessa guided by interim rulers of Ukraine”, антифашист , Voltaire Network, 15. May 2014.

Forsidebilde: Mark Timberlake

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

13 kommentarer. Leave new

  • «Dei greidde å få unge vernepliktige til å signere eit dokument der dei forplikta seg til kamp mot Russland i tilfelle konflikt skulle oppstå. »

    Dette er vel ikke annet enn hva som bør være/er politikken i alle nasjoner som vil være frie. (?)

    «Partiet sin plattform slo framleis fast at dei ville «fysisk likvidere all russisktalande intelligensia og raskt slakte alle ukrainofobe utan lov og dom. »

    Men var det ikke noe liknende som også foregikk i det gamle Sovjetunionen under Lenin og Stalin?
    Da ble det hyllet?

    Men også:
    HVA I ALL VERDEN har CIA å gjøre i Ukraina? – Eller også i andre områder utenfor USA.
    En nasjon som vil være fri bør som det første stenge all kontakt med denne mafia-organisasjonen.
    Også Norge selvfølgelig. Og Norge bør også kvitte seg med trojanske politiske hestene som samarbeider med denne organisasjonen. Eller som tar i mot over-nasjonale ordre og bomber andre nasjoner.
    Man trenger ikke tenke parti-politikk og splitte opp i høyre/venstre, rød/blå, for å arbeide for at egen nasjon skal være en fri nasjon.
    Drap er drap. Tyveri er tyveri. Det bør dømmes som det det er. Uansett om man kaller dette politikk.

    Svar
  • Veldig bra gjennomgang. Det viser at Nazi problemet er langt dypere enn antatt.
    Men igjen, det er bare ett krigsverktøy for CIA, NATO og alle dem som arbeider for The Empire of Lies.
    Utdragene som nevnes i teksten til Ukrainas hemmelige tjenester viser at dem også er del av dette.
    Om du er sterk, vis at du er svak osv – dette er hentet fra Sun Tzus the art of War. Det er her hvor tesen Krig er villedelse (deception) oppstår og det har vært brukt av imperiet siden da. Sniker, spioner, bedragere og 5. kolonner det er deres stil.

    Seks punkter – Å heve levestandarden til alle Ukrainere ?
    Putin meldte i dag at det vil bli en ikke forventet økning i alle statlige lønninger.

    Svar
    • » Det viser at Nazi problemet er langt dypere enn antatt.»

      Nei, det viser at å demonisere andre «politiske» grupper , og/eller dele det opp i høyre/venstre kun virker forvirrende og splittende.
      Le Pen er imot EU og andre over-nasjonale organisasjoner i Frankrike. Høyre? Venstre?
      Ap, rødt og Sv i Norge vil med i Nato ( selv om de bomber andre land som ikke truer andre nasjoner !) og over-nasjonale EU. Høyre? Venstre?
      Ap og Høyre har statsministere som har brutt norsk Grunnlov gang på gang. Høyre? Venstre?
      Ap og Sp selger Norges strøm til andre , etter «avtale» med EU, før innbyggernes behov er ivaretatt. Høyre? Venstre?

      ALLE over-nasjonale organer bør kastes ut av enhver nasjon som vil være fri.
      Alle politikere i Norge som setter over-nasjonale organer over innbyggernes styring , enten det gjelder penger/renter, handelsforbindelser eller annen politikk, bør stilles for retten for u-nasjonalisme, og partiet forbys.

      Enten de gjemmer seg bak «høyre» eller «venstre».
      En nasjon skal være fri. Styrt av innbyggerne. Ikke parti-diktatur.

      Svar
  • Bjørnar Bolsøy
    3 mai 2022 2:28

    «Årsaken til det ligger opp i dagen. Hvis folk ble klar over hvilke krefter vi i praksis i stor grad støtter i Ukraina ville støtten tørke inn. På den måten blir det våre medier ikke forteller en del av en pågående desinformasjon.»

    Mens vi snakker om desinformasjon, et kort spørsmål til diskusjonsforumet: Er konflikten en såkalt spesialoperasjon eller en krig eller invasjon?

    Svar
    • Det er en forlengelse og utvidelse av en krig som startet i 2014, etter min mening. Det en del av en pågående konflikt om den globale kontrollen som startet med koloniseringen av verden.

      Spørsmålet ditt kan ikke rettes til tilfeldige lesere og kommentatorer. Jeg anser derfor at det er rettet til redaktøren.

      Svar
    • @utopenec
      3 mai 2022 8:53

      Det er da vel åpenbart at det er en krig og invasjon.

      Svar
    • Etter min mening så er dette en stedfortrederkrig mellom Russland og NATO. Ukraina kommer sannsynligvis til å bli fullstendig ødelagt i denne krigen, men det er det ingen i krigshissende NATO som bryr seg om.

      Svar
      • «Ukraina kommer sannsynligvis til å bli fullstendig ødelagt i denne krigen, men det er det ingen i krigshissende NATO som bryr seg om.»

        Og kanskje er det noe av hensikten. IMF/FED har jo forgjeldet dette landet så det holder. Så det kan sikkert lett kjøpes opp med kommende stigende renter.

        At Norge/norske politikere støtter denne dansen viser at vi også er okkupert. – Av trojanske hester, og de vi kaller ‘våre politikere.’
        (Norges/Ap- Stoltenbergs bombing av Libya viste vel også dette klarere enn noe annet.)

    • Torfinn Slettebø
      9 november 2022 12:15

      Kva er gale med gode vestlege omgrep som «engasjement», «humanitær intervensjon», «fredsbevarande innsats» og R2P (responsability to protect)?

      Russland kunne ha gøymt seg bak slike flosklar, men valde det litt meir direkte «spesiell militæroperasjon». Sjølvsagt er det krig, med solid norsk deltaking, men som mange har peika på: Den krigen tok ikkje til 24.02.2022.

      Svar
  • Det at Janukovytsj nektet å undertegne assosieringsavtalen med EU, utløste en krise som overgikk Oransjerevolusjonen fra 2004. I 2014 kom det til opptøyer og ukelange demonstrasjoner. Protestene mot Janukovytsj økte i omfang i desember etter at politiet brukte vold for å fjerne demonstranter som hadde forskanset seg på Uavhengighetsplassen (Majdan) i sentrum av Kiev og et titalls demonstranter ble drept. Janulovytsj flyktet til Russland fordi han var avslørt som sjefen for Russlands 5. kolonne i Ukraina. Allerede i 2012 var det flertall for at Ukraina skulle søke seg mot EU og NATO noe Janukovytsj motarbeidet hele tiden.

    Svar
  • Hvor mange nazister har blitt drept i Ukraina etter at krigen i 2022 startet for fullt?
    Deltar nazistene feks som frontsoldater i denne krigen (i første linje), eller befinner de seg i bakre rekke for å overleve? Det er tross alt et begrenset antall nazister i Ukraina. Deres rolle som dødsskvadroner kan være på vei mot slutten (dødsskvadroner som dreper alle makthavere og politikere som ønsker fred i Ukraina).
    I løpet av det kommende året må befolkningen i Ukraina bestemme seg for om de fortsatt støtter en krig som til slutt kan legge hele landet i ruiner (bare for å drive ut russerne av Donbass og Krim)

    Svar
  • Northern Light.
    4 mai 2023 15:17

    Kiev-regimets antatte motoffensiv vil neppe være vellykket på grunn av store tap.

    Av Lucas Leiroz de Almeida.
    Ukrainske planer om å lansere en motoffensiv virker ganske vanskelig å gjennomføre. På et møte med russiske øverste militære tjenestemenn holdt 2. mai, rapporterte den russiske forsvarsministeren Sergey Shoigu om de offisielle anslagene over av ukrainske tap i løpet av den siste måneden. Regjeringen anslår at mer enn 15 000 ukrainske soldater ble drept eller alvorlig såret bare i april. Ifølge Shoigu er ikke Kiev i stand til å forhindre at troppene lider alvorlige tap ved frontlinjene, «til tross for enestående militær bistand fra vestlige makter».

    De russiske tallene kommer midt i et scenario med stor skepsis blant observatører til muligheten for at Kiev kan snu konfliktens militære situasjon. Mer og mer vestlig opinion virker skeptisk til en ukrainsk seier, med tanke på at de territorielle tapene til Kievs tropper er store, og at russerne i økende grad går mot en fullstendig frigjøring av territoriene som er re-integrert i føderasjonen. Nå, med offentliggjøringen av tallene om antall ofre, er tendensen at denne skepsisen øker, noe som kompliserer de vestlige krigsplanene.

    Vestlig hovedstrømpresse har reagert på denne situasjonen gjennom å prøve å dekke over det – delvis ved å innrømme at ting ikke går så bra i Ukraina, men antyder at hvis flere våpen sendes, kan scenariet endre seg. Noen journalister bruker retorikken om at en antatt motoffensiv denne sesongen, vil angivelig gi ukrainske tropper et stort territorielt fremskritt, og drive ut russerne til og med fra Krim. Men tall som denne fra det russiske departementet, gjør det vanskelig å tro på muligheten for et slikt trekk.

    Selv om vestlig hovedstrømpresse har en tendens til å hindre spredning av informasjon om problemer til Kiev-regimets militære styrker, vil det være vanskelig å stoppe skepsisen, siden dette ikke er første gang tall som viser den katastrofale situasjonen til de ukrainske styrkene har blitt avslørt. Ved flere anledninger de siste månedene har det dukket opp rapporter om dette. I den siste bølgen av lekkede dokumenter, ble det publisert en Pentagon-vurdering om at mellom 124 000 og 131 000 ukrainske soldater ble drept av russiske styrker. I estimater gjort av andre etterretnings-byråer er det enda høyere tall, med noen rapporter som går så høyt som 200 000 til 300 000. Disse rapportene sirkulerer fritt på internett, enda så mye som hovedstrømpressen forsøker å sensurere tallene, gjør mangfoldet av kilder dette veldig vanskelig.

    Som forventet fortsetter det nynazistiske regimet i Kiev å benekte alle rapportene, og hevder at de kan fortsette kampen. I februar uttalte den ukrainske forsvarsministeren Aleksey Reznikov, at antallet dødsfall blant regimets tropper var lavere enn antallet dødsfall i jordskjelvet som rammet Tyrkia og Syria. Ifølge offisielle kilder førte katastrofen i disse to landene til at 55 000 mennesker døde, noe som viser at Reznikov tydeligvis lyver, siden selv blant de mest åpenlyst pro-ukrainske kildene er det ingen tro på et så lavt antall.

    Lignende erklæringer forventes også i nær fremtid, spesielt som svar på Shoigus uttalelser. Kievs tjenestemenn vil på alle måter prøve å vise at de har kontroll over situasjonen til deres militære styrker, og at soldatene deres er i tilstrekkelig antall for en motoffensiv – bare avhengig av enda flere vestlige våpen, og dermed rettferdiggjøre «tigger»-oppførselen til Zelensky. Samtidig vil regjeringer i vestlige land på en eller annen måte måtte overbevise innbyggerne, om at det virkelig er forsvarlig og nødvendig å fortsette å sende flere våpen til Kiev.

    Det klokeste å gjøre ville være å innrømme det alarmerende antallet av ukrainske militære tap og stoppe regimets krigsmaskin. Med tanke på at det er en konflikt som ikke kan vinnes av Kiev-regimet, er fredsforhandlinger det beste alternativet for alle parter. Men verken Ukraina har suverenitet til å ta en slik beslutning og NATO har ingen interesse for fred. Så, mest sannsynlig, vil ukrainske borgere fortsette å bli sendt for å dø i slagmarkens «kjøttkvern».

    Fra Global Research, publisert 3. mai 2023. Skrevet av Lucas Leiroz de Almeida,journalist og forsker ved Center for Geostrategic Studies.
    Oversatt fra engelsk. Orginalartikkel: Kiev’s Counterattack Unlikely to be Successful Due to Big Casualties.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Leder i Klassekampen 30.12.1989

De overflødige

Forrige innlegg

Om Klimasaken og Kina – blant annet

Globalister jobber langsiktig med å få verdensherredømme

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.