POSTED IN Krig-fred, Norge, Ukraina

USAs langsiktige mål: å svekke EU og Russland

Er krigen i Ukraina egentlig en krig mellom USA og Russland?

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

STIGANDE SPENNINGAR

Washington håpar å gjenetablere si hypermakt ved hjelp av krigen i Ukraina

av Thierry Meyssan

At den russiske militæroperasjonen i Ukraina har utvikla seg til ein ekte krig mellom Moskva og Washington, har opna ei Pandoras eske. Måla til Vesten tilpassast. Det er ikkje lenger eit spørsmål om å forsvare Banderistane mot Russland, men om å svekke begge sider (inkludert EU), slik at ein kan gjenopprette USA si hypermakt og unipolare verd.

Den 23. januar, 2022 var den taiwanesiske delegasjonen vert for den årlege konferansen til World League for Freedom and Democracy (WLFD), det nye namnet til tidlegare World Anti-Communist League (WACL). Kaldkrigarane er framleis der.

KALDKRIGARANE GJENOPPSTÅR

På to månadar har den russiske militære spesialoperasjonen mot Banderistane utvikla seg til ein ekte krig mellom russarane og Folkerepublikken Donbas på den eine sida og dei NATO-støtta ukrainarane på den andre.

Ein ukrainsk siger ville vere eit slag mot Russland, og ein russisk siger ville markere bortgangen til NATO. Ingen av dei to protagonistane kan trekke seg. Så alle trekk er lov.

Bandera-tilhengarane såg først sine tidlegare allierte frå Anti-Bolshevik Bloc of Nations (ABN) og World Anti-Communist League (WACL) [1], wsom t.d. 3000 militsmenn frå dei tyrkiske Gråe ulvane i flokk reise til Ukraina.

Sjølv om ABN og WACL, utan å heilt ha forsvunne, har blitt erstatta av den hemmelege Centuria-ordenen, så er dei anti-russiske ideologiske koplingane og brorskapen som vart utvikla under dei hemmelege operasjonane i Den kalde krigen framleis der. Under krigen mot Syria vart det også etablert koplingar mellom jihadistar av ulike nasjonalitetar under dei stadige kampane under CIA sin kommando i Afghanistan, Bosnia-Herzegovina, Tsjetsjenia og Kosovo. 

Edward Luttwak

No verkar det som om denne krigen vil vare og vekse. Desse nettverka held difor fram med mobiliseringa si. Til dømes er det ikkje meldt om asiatiske krigarar, sjølv om Chiang Kai-shek i si tid gav betydeleg støtte til WACL. Han gjekk til og med så langt at han grunnla eit akademi for kadrar for politisk krigføring for den ukrainske Banderisten Jaroslav Stetsko. Denne skulen tilsvarte Fort Bragg sitt Senter for psykologisk krigføring (USA) og School of the Americas i Panama, inkludert kurs i tortur. Guvernøren av Mykolayev, som opprinneleg kom frå Koryo-Saram, Vitaly Kim, kunne knyte band til etterfølgarane av den sør-koreanske diktatoren Park Chung-hee.

Ligaen vart, etter råd frå Straussianaren Edward Luttwak [2], grundig omdanna i 1983. Den endra namn til World League for Freedom and Democracy (WLFD) då Sovjetunionen vart oppløyst. Den heldt sin siste kongress den 23. og 24. januar, 2022 i Taiwan, under presidentskapen til Yao Eng-chi, ein senior Kuomintang-tenestemann. Den har rådgivande status ved FN og også eit kontor hos dei. Den mottar framleis nær 1 million dollar årleg frå Taipei. Hemmeleghaldslovene til Taiwan si regjering dekkar over aktivitetane til ligaen.

Lova om å låne eller leige ut forsvarsmateriell til Ukraina vart lagt på bordet til Senatet i USA … den 19. januar, 2022, det vil seie før Russlands militæroperasjon starta. Den vart røysta igjennom den 28. april og er framleis under behandling i Representantanes hus.

KORFOR DØY VISS DU KAN UTNYTTE ANDRE SI NAUD?

Sjølv om CIA-støtta fascistisk milits frå heile verda har slutta seg til Banderistane, så held NATO ein viss distanse til den ukrainske hæren. Dette er for å unngå direkte konflikt mellom USA og Russland, to atommakter.

Pentagon heldt derfor eit møte på den tyske militærbasen sin i Ramstein den 26. april, 2022, for å tvinge 43 av sine allierte til å gi våpen til ukrainarane. Sidan Zelensky-regjeringa før krigen meinte ein tredel av dei væpna styrkane i landet bestod av banderistisk milits, så vil desse våpena gå til nynazistane. Alle statar med kompetente etterretningstenester veit dette. Men paralysen deira overfor Onkel Sam er så stor, at det berre var Israel som våga boikotte treffet [3]. MenWashington sin innverknad er ikkje så stor som den brukte vere: dei greidde mobilisere 66 statar til militær støtte til jihadistane mot Syria. Desse statane representerer ein tredel av FN-medlemmane, men berre ein tidel av befolkninga i verda. Vi kan sjå kor svekka USA sin posisjon har blitt.

Vidare gjer denne straumen av våpen at det ikkje lenger er nødvendig for den ukrainske arméen å angripe Den moldavske republikken ved Dnestr (Transnistria), som husar det største våpenlageret på det europeiske kontinentet.

Den 29. april fekk Det kvite hus frå Kongressen nye 33 milliardar dollar til væpning av Ukraina. Dette aukar Ukrainas militærbudsjett til det 11. største i verda.

Etter to månadar med kampar har dei politiske kreftene i USA fylka seg rundt den Straussiske krigen og drøymd om kva dei kan få ut av den. For å bli den hypermakta dei ein gong var, måtte USA på ny spele rolla frå starten av Andre verdskrig. I 1939 hadde dei enno ikkje henta seg inn att etter den økonomiske krisa i 1929. New York låg langt bak rivalen Buenos Aires. Den brilliante idéen vart å la europearane rive kvarandre i stykker, ved å selje dei masseproduserte våpen i byte mot familiejuvelane. Washington engasjerte seg ikkje før i 1942, og då berre med fingerspissane. Krigen resulterte i 55 millionar døde; av desse var berre 200 000 US-amerikanarar. Knepet var å ha leigde våpen. Etter sigeren kom tida for oppgjer. Britane vart tvinga til å gi opp sitt imperium, medan sovjetisk gjeld vart spreidd over 60 år. Den vart først sletta av Vladimir Putin.

Kongressen bør difor raskt drive igjennom «Ukraine Democracy Defense Lease Act of 2022«, som allereie er igjennom Senatet (S. 3522). Også økonomisk sett held Andre verdskrig fram [4].

Dette er «Wolfowitz-doktrinen» av 1990 i praksis: å med alle metodar hindre at ein rival av USA får utvikle seg, med prioritet å svekke Den europeisk unionen, EU.

Om denne taktikken er ei logistisk rasjonalisering og ei utmerkt økonomisk investering, så er den også militært bortkasta: bruken av dei fleste av desse våpena krev lang opplæring, noko dei ukrainske krigarane manglar. Dei vil difor ikkje på kortare sikt kunne bruke våpena. Vidare kan desse våpena berre brukast i frontlinja, men dei kan ikkje transporterast dit, fordi dei elektriske stasjonane allereie er øydelagde og dei europeiske diesel-lokomotiva er ikkje tilpassa sporbreidda på dei ukrainske og russiske toglinjene. I tillegg har toglinjene allereie blitt tungt bomba.

Den 25. april, 2022, stilte det nederlandske Forum for Demokrati spørsmål ved den utrulege og brått oppstandne personlege formuen tilVolodymyr Zelensky: 850 millionar dollar!

Gitt korrupsjonen til president Volodymyr Zelensky, er det mogleg å føreseie at han – sidan det ikkje går å bruke desse våpena – kjem til å selje dei på svartemarknaden. Dei vil igjen dukke opp på andre slagmarker, denne gongen i hendene på ikkje-statlege aktørar. På to månadar har denne gjøglaren allereie greidd å underslå hundretals millionar dollar. I mellomtida får folket hans svi.

USA sin strategi om å atter bli verdas sentrum vil berre fungere dersom krigen spreier seg til Vesten. Eg snakkar ikkje om dei uunngåelege militære operasjonane mot Transnistria[5], men om den økonomiske innblandinga til medlemmane av EU.

Til dags dato er det berre polakkane og bulgararane som har nekta å betale for russisk gass i rublar, og dei blir derfor nekta leveransar. Alle dei andre EU-medlemmane har allereie gått med på å betale i rubel, men via bankar, ikkje direkte til Gazprom. At polakkane pralar om å skifte til ny gassleverandør, hjelper ikkje: Warzsawa vil importere russisk gass frå andre europeiske land, som vil betale i rubel. Den einaste skilnaden er at dei vil måtte betale eit ekstra mellomledd.

Ved å følge sin overherre USA, må difor europearane forvente både eit kraftig fall i levestandard og tap av familiejuvelane. Ingen verkar bry seg.

Etno-linguistisk kart over Ukraina

MOT EI OPPLØYSING AV UKRAINA

Akkurat no er dei russiske militæroperasjonane strengt avgrensa til øydelegginga av den svære ukrainske forsvarsinfrastrukturen, som Vesten ikkje anar noko om. Den mobile fasen av krigen har enno ikkje starta. Etter månadar med bombing er den venta å skje til sommaren, og den bør vere raskt unnagjort. Den russiske arméen vil deretter tilby å flytte den delen av folket som er overbeviste av Banderistane til den delen av Ukraina som blir til overs.

Krigen har vekt begjær etter gjenforeining med moderlandet. Polen, som i førre månad vurderte å annektere Kaliningrad-enklaven, vurderer no å okkupere vest-Ukraina. Dei okkuperte allereie denne regionen, Galicja, under oppstykkinga av det austerriksk-ungarske monarkiet, i mellomkrigstida. Ideen var å plassere ut «fredsvaktarar» og bli der. Men den polsk-ukrainske krigen la etter seg vonde minne blant dei to folka, og det var nettopp i denne situasjonen at Banderistane vart danna. Stepan Bandera fekk myrda den polske innanriksministeren, Bronisław Pieracki. Banderistane hevdar det var hemn for undertrykkinga av partiet deira, men sanninga er at Bandera allereie var medlem av nazistiske Gestapo og førebudde Det tredje rikets invasjon av Polen.

Romania seier enno ingenting, men posisjonerer sine troppar. Når krigen når Transnistria, vil dei ikkje nøle med å stille spørsmål ved eksistensen til både Transnistria og Moldavia, som begge var rumenske på 1900-talet. Ungarn traktar etter ukrainske Transkarpatia, som dei tapte då det austerriksk-ungarske imperiet fell. Ukrainske regjeringar diskriminerte den hovudsakleg ungarske befolkninga der etter 2014-kuppet. På same måte som russisk, vart også språket der forbode. I dag har Transkarpatia fred. Russiske troppar har ikkje angripe dei. Dei tener som tilfluktsstad for ukrainarar frå den indre opposisjonen. Slovakia har berre nokre få landsbyar på ønskelista.

Russland, på andre sida, som berre ønska anerkjenne uavhengigheita til Krim (allereie ein del av Den russiske føderasjonen) og folkerepublikkane Donetsk og Lugansk, erklærte den 24. mars at dei tenkte annektere heile det sørlege Ukraina for å kople saman Transnistria, Krim og Donbas.

Som eit resultat av denne oppdelinga mellom Polen, Romania, Ungarn og Russland, er Ukraina venta å miste halvparten av territoriet sitt og bli redusert til beinet.

Ifølge det tyrkiske anti-NATO-partiet er 50 franske offiserar fanga inne i Azovstal-verket i Mariupol. Dei skal ikkje vere sende av Joint Chiefs of Staff, men av generalstaben til Elysee, som er der for å trene den banderistiske Azov-bataljonen i bruk av franske våpen.

SJELDANT POSITIVT FORSØK

Den 26. drog FNs generalsekretær, Antonio Gutierrez, til Kreml med to forslag:
– å opprette ein felles FN/Russland/Ukraina-kommisjon til koordinering av humanitær innsats; 
– å opprette, saman med FN og Internasjonale Raude Krossen, ein korridor til å frakte ut sivile som ønska forlate Azovstal-fabrikken i Marioupol..

Så langt har ukrainarane føreslått humanitære korridorar til Moldova og Polen, medan russarane har føreslått korridorar til Kviterussland og Russland (i visse om at Banderistane vil bli arresterte og stilte for retten der). Inga semje vart nådd.

Når det gjeld Azovstal-fabrikken i Marioupol, så er det ikkje kjent om nokre sivile har søkt ly der. Den russiske arméen oppretta ein utgangskorridor som 1300 soldatar brukte til å overgi seg, men ingen sivile gjekk gjennom den. Ukrainske krigsfangar har hevda at der er sivile som blir brukte som menneskelege skjold av Banderistane, noko Kiev nektar for. Ein tyrkar som ønsker ein allianse med Kina og Russland, heller enn med USA, Doğu Perinçek, hevda at 50 franske offiserar var fanga der inne, utan at det kunne bevisast [6]. Russland bad FN kome og verifisere tilhøva for dei 1300 krigsfangane, noko dei ikkje gjorde. Det handla for Moskva om å demonstrere humanitære krav, for å kunne kreve same behandling for ukrainarane sine russiske fangar. Det sirkulerer mange videoar som vitnar om at dei blir utsette for dårleg behandling og tortur.

Vladimir Putin og Antonio Gutierrez

Før opninga av samtalane gjentok president Vladimir Putin landet sin posisjon: Russland avviser reglane til Vesten og krev respekt for FN-pakta (som var gjenstand for forslaget om ein bilateral fredstraktat mellom USA og Russland den 17. desember, 2021) [7].

FNs generalsekretær forklarte så at FN-pakta, i samsvar med folkeopinionen, fordømmer invasjon av eit suverent land. Den russiske presidenten svara at dette er eit særtilfelle: Ukraina har offentleg erklært at dei ikkje vil implementere Minsk-avtalane som FNs Tryggingsråd har registrert, og har angripe si eiga befolkning i Donbas med tunge våpen. Etter åtte år med motstandskamp, har denne befolkninga røysta for uavhengigheit, og regjeringane deira har bede Russland om hjelp. Det gjorde dei i samsvar med Artikkel 51 i FN-pakta.

Vladimir Putin viste deretter til avgjerda til Den internasjonale straffedomstolen om Kosovo si uavhengigheit. Domstolen erklærte at sjølvråderetten til folk kunne gjelde utan samtykke frå dei sentrale styresmaktene dei før låg under. Dette var det ingen som gjekk imot. Men i Kosovo var det nasjonalforsamlinga som kravde uavhengigheit, medan det i Donbas var folket som kravde det direkte i ei folkerøysting.

På slutten av diskusjonen vart FN og Den internasjonale Raude Krossen einige med Russland om å etablere ein prosedyre for å evakuere sivile frå Azovstal-verket i Marioupol.

Eiden til Banderistane (1942): «Trufast son av fedrelandet mitt, går eg frivillig inn i rekkene til Den ukrainske frigjeringsarméen, og med glede svergar eg på at eg lojalt vil kjempe mot Bolsjevismen til ære for folket. Denne kampen kjempar vi saman med Tyskland og deira allierte mot ein felles fiende. Med lojalitet og vilkårslaus underkasting trur eg på Adolf Hitler som førar og øvstkommanderande for Frigjeringshæren. Når som helst er eg klar til å gi livet mitt for sanninga.

Kjelde: russiske militærarkiv

KRIGSPROPAGANDA

I mellomtida held krigspropagandaen fram. Det er slåande å sjå at dei to sidene tar ulike mål, med ulike metodar, i sikte.

London og Washington prøver å overtyde Vest-verda om sitt narrativ. Dei rettar seg ikkje mot ukrainarane, og endå mindre mot russarane. Dei pressar fram sine synspunkt gjennom repetisjon, og går deretter vidare. Dei konsentrerer seg om å nedtone dei ukrainske nynazistane, om å sette i scene vakre bilete [8] og om å fordømme brotsverk dei seier russarane står bak.

Til dømes hevda dei at den russiske arméen hadde massakrert sivile i Butsja. Leiarane deira snakka om eit mogleg «folkemord», det mest alvorlege av brotsverk ein kan dømmast for. Ekspertane forklarte at offera hadde blitt skotne med automatvåpen. Men då rettsmedisinarane avkrefta den versjonen [9], så undertrykte Kiev nyheita ved å anklage ti russiske soldatar av ukjend identitet.

Den ukrainske propagandaen fokuserer på to saker: å finne på militære sigrar som blir hylla av Vest-pressa, men raskt avkrefta, og å legge skulda for dei mest horrible brotsverk på den russiske arméen, også raskt avkrefta.

Moskva,for sin del, ser på Vesten som folk som ikkje ønsker å akseptere realitetane, og difor ikkje kan skifte meining før dei har tapt. Derfor rettar dei seg berre mot russarar og ukrainarar, som dei meiner har blitt narra av Banderistane i god tru. Heller enn å snakke om det som no skjer, opnar Russland sine militærarkiv [10] for å vise at Banderistane aldri hadde skruplar mot å verken myrde eller torturere andre ukrainarar. Framfor alt attesterer dei at aldri, absolutt aldri, kjempa Banderistane mot nazistane. På denne måten veltar dei om på Ukraina si offisielle historia ifølge Wikipedia og OUN(B), der det heiter seg at Banderistane kjempa mot både nazistane og sovjetarane. Den vestlege pressa formidlar ikkje desse avsløringane, fordi det ville ha tvinga dei til å sjølve ta standpunkt mot Banderistane. Vidare viser tyske dokument, også avslørt av Moskva, at nazi-regimet og Banderistane saman klekka ut ein plan om å utrydde folket i Donbas. Om enn det ikkje vart gjennomført under Andre verdskrig, så byrja dei med Banderistane frå Kiev etter 2014.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] «The World Anti-Communist League: the Internationale of Crime”, av Thierry Meyssan, omsett av Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 12. mai 2004.

[2] Edward Luttwak er ein eminent strateg og den israelske arméen sin offisielle historikar. Han var ein av Dean Acheson sine fire musketerar (dei andre tre var Richard Perle, Peter Wilson og Paul Wolfowitz). I 1968 publiserte han Coup d’État: A Practical Handbook,som i 2000 vart ’coffee table-bok’ for medlemmane av the Project for a New American Century og vart implementert den 11.september, 2001. Han trua Frankrikes president Jacques Chirac, på vegner av Straussianarane, erklærte på TV-nyheitene på France 2 den 9. desember, 2003: «Chirac har ei rekning å betale til Washington! Han har ei stor rekning å betale til Washington, og i Washington er det sjølvsagt ei avgjerd om å få han til å betale rekninga. Chirac ville gjerne ete på bekostning av USA på den diplomatiske arenaen, og han skal sjølvsagt betale.» Han trua også Tysklands kanslar Gerhard Schröder. Etter det var det ingen av leiarane i Vesten som våga stille spørsmål ved USA sin versjon av angrepa, og Frankrike tente CIA i Georgia og på Haiti.

[3] Det israelske parliament er også den einaste vestlegeainas president Volodymyr Zelensky til ein plenumssesjon. For å ikkje ta avstand frå Washington, utan å måtte hylle eit nazi-regime, organiserte Knesset berre ein Zoom-konferanse med dei representantane som ønska å delta.

[4] “Ukraine: the Second World War continues”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 26 April 2022.

[5] “Washington pursues RAND’s plan in Kazakhstan, then in Transnistria”, av Thierry Meyssan, omsett av Edouard Feoktistov, Voltaire Network, 11 January 2022.

[6] Partiet hans, Vatan, gav ein pressekonferanse om dette: «Özgür Bursalı: Macron 50’den fazla Fransız subayını ölüme terk etti,» Aydinlik, 22 Nisan 2022.

[7] “Russia wants to force the US to respect the UN Charter”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 4 January 2022.

[8] “London to deploy White Helmets in Ukraine”, Voltaire Network, 27 April 2022.

[9] “Clue discovered in Bucha”, Voltaire Network, 26 April 2022.

[10] “Declassification of documents exposing Banderite crimes”, Voltaire Network, 30. april, 2022.

Forsidebilde: Ichiro Fukuzawa

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Krigen er ikke en krig mellom USA og Russland.Den er en krig mellom makt og avmakt.Avmakten(folket over hele verden vil nå fjerne makten,det er kampen mellom de gode og de onde.Folk må velge side nå.
    Putin kalte hjem sine Oligarker,noen kom tilbake,og noen gjör sin jobb for folket ved å bli der de er ment å väre..
    Den som husker mer enn en uke tilbake vil huske at Trump gjorde det samme for noen år siden,han ba alle sine Oligarker komme hjem fra sine nye paradiser i Asia.Han(Trump)ville f.eks få liv i USA,s ikkeeksisterende industri med bilindustrien som eksempel.
    Noen valgte å komme hjem,men de grådige ble der de var.
    Våre egne vaskkekte Oligarker har gjort likeså,gjemt seg bort med sine formuer og businesser stjålet fra det norske folk,men noen gode politikere har ikke norge,så ingen har bedt de komme hjem og nå tror jeg neppe de har särlig lyst heller,det norske oppgjöret venter på dem.
    Norge er et demokrati sies det,Norge er et Monarki sies det,går det ?.A ha begge deler ?.
    17 mai närmer seg og barna skal läre å böye kne for Kongen.
    Idag går startskuddet for Dinesh deSouzas 2000 mules,Med det er den endelige kampen igang for å bringe ned de falske mediene,Filmen slippes ut til folket l små porsjoner,först på utvalgte kinoer,deretter ut til bredere og bredere lag av befolkningen.En elefant må spises bit for bit.du svelger den ikke hel.
    Filmen tar for seg rottenskapen som establissementet har gjort for å beholde sin vaklende makt.
    Så husk,velg side nå,rottenskapen skal bort.

    Svar
    • «Norge er et demokrati sies det,Norge er et Monarki sies det,går det ?.A ha begge deler ?.
      17 mai närmer seg og barna skal läre å böye kne for Kongen.»

      Har sagt det før og sier det igjen. Norge er et oligarki/aristokrati. Et fåtalsstyre. At dette ikke har gått opp for folket det er meg en gåte…

      Likedan som at «barna skal lære å bøye kne for kongen»

      Har aldri forstått hvorfor – 17. mai er jo i de flestes minne, vår grunnlovsdag. Men … Norge har jo ingen grunnlov lengre. Alt er underlagt EU sine lover og regler … Norges grunnlov er i det stille fjernet med et enkelt pennestrøk … og all roper HURRA!!!

      Som hun sa – invandrertausa – Jai ikke forstå norge – dere gå i menstrasjonstog, vifter med røde kluter og ropa hora hora …

      Svar
  • EU,FN ,WHO,Nato er satt i en felle,alt rakner for ondskapen nå,men de er desperate,men desperasjonen og arrogansen og hovmodet gjör at pannikken har tatt fra de galskapens fornuft.
    På hjemmebane blir det fornöyelig å se NHO og LO dö for åpen scene,dere vet bukken og havresekken.Og de falske mediene vil forsöke å bytte side,så der er det ingen hjelp å få,rottene forlater det synkende skipet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Etter at vaksineringen startet:

Dødsfall blant amerikanske flypiloter økte med 1750%

Forrige innlegg

Polen redder seg på tysk gass som tyskerne har kjøpt fra Russland.

Men Polen vil straffe Tyskland for det samme gasskjøpet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.