POSTED IN USA

USAs kommende utenriksminister:

En hauk som liker invasjoner av andre land.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Joe Bidens val av ein intervensjonistisk utanriksminister

Anthony Blinken pressa på for intervensjon både i Irak, Syria, Libya, og Jemen

av Dave DeCamp

Anti-War, 23. november, 2020

På måndag kunngjorde Joe Biden at han ville nominere rådgivaren sin, Anthony Blinken, til utanriksminister for den komande administrasjonen. Blinken har ei lang historie med å argumentere for intervensjon i land som Irak, Syria, Libya og Jemen.

Anthony Blinken

Blinken var Bidens toppstøttespelar den gongen Biden førte an i kravet i Senatet om å gi George W. Bush invasjonen sin av Irak, i 2002. I 2006 skreiv Biden ein artikkel for avisa The New York Times, der han tok til orde for å dele Irak inn i tre separate autonome soner med ei sentral regjering i Bagdad, seinare referert til som ei «mjuk deling». I følge avisa hjalp Blinken Biden med utforminga av forslaget.

Blinken hadde ulike stillingar i Obama-administrasjonen. Først som nasjonal sikkerheitsrådgivar for dåverande visepresident Joe Biden frå 2009 til 2013, deretter som nestleiande rådgivar for nasjonal sikkerheit frå 2013 til 2015, og som viseutanriksminister frå 2015 til 2017.

Sett på som ein lojal medhjelpar til Biden, vart mange i Det kvite hus overraska då Blinken braut med Biden og støtta militær intervensjon i Libya i 2011, i følge avisa The Washington Post. Blinken bad også om at USA skulle gå inn i Syria etter at Barack Obama vart gjenvald i 2012. Kjelder fortalde avisa i 2013 at Blinken «var mindre entusiastisk enn Biden» over at Obama søkte Kongressen si godkjenning av eit militært angrep på Syria.

I 2019 var Blinken medskribent for ein artikkel i Washington Post, saman med neokonservative Robert Kagan. Stykket argumenterte mot president Trumps «America First»-utanrikspolitikk, og sa at USA gjorde «for lite» i Syria. «Utan å bringe nok makt til støtte [i Syria], kan ingen fred framforhandlast, endå mindre framtvingast,» står det i artikkelen.

USA gjorde for lite i Syria…

I 2015 la Blinken til rette for auka våpensal og deling av etterretningsressursar med den Saudi-leidde koalisjonen etter at dei intervenerte i Jemen for å slå ned houtiane. «Vi har ekspedert våpenleveransar, vi har auka etterretningsdelinga vår, og vi har etablert ei felles koordinasjonsplanleggingscelle i det saudiske operasjonssenteret,» sa Blinken i april 2015.

I 2018 gjekk Blinken saman med over to dusin tidlegare embetsmenn i Obama-administrasjonen, og signerte eit brev der dei bad om at USA skulle trekke støtta til krigen i Jemen. Men i 2019 var Blinkens namn fråverande i eit liknande brev, der Obama-æra-embetsfolk som Susan Rice, Samantha Powers og Ben Rhodes hadde skrive under.

Eitt område der Biden-administrasjonen vil kunne bli mindre haukaktig enn ein Trump-administrasjon, er Iran. Blinken har vore kritisk mot president Trump si avgjerd om å trekke seg frå den kjernefysiske avtalen med Iran frå 2015, kjend som Joint Comprehensive Plan of Action (JCPOA). Då han talte på ei tilstelning tidlegare i år, sa Blinken at Biden ville gå tilbake til JCPOA. «[Biden] vil jobbe for å bygge vidare på den kjernefysiske avtalen for å gjere den lengre og sterkare, dersom Iran går tilbake til strengt samtykke,» sa han.

Michele Flournoy, USAs kommende forsvarsminister

Sjølv om Blinken talar varmt om JCPOA, er det verdt å merke seg at Iran-haukane verkar nøgde med Bidens avgjerd. Mark Dubowitz, sjefen for Foundation for Defense of Democracies, ein tenketank som med jamne mellomrom ropar opp om regimeskifte i Teheran, feira nomineringa av Blinken. Dubowitz skreiv på Twitter at Blinken og Michele Flournoy, ein frontfigur i oppløpet til posten som Bidens forsvarsminister, ville utgjere «eit superbt team for nasjonal sikkerheit. Landet vil vere svært heldig om det får desse i offentleg teneste.»

Ei anna kraft som vil krasje med Bidens og Blinkens uttalte målsetning om å gjenopprette JCPOA er Israel, eit land Blinken er ein fast støttespelar av. Obama-administrasjonen signerte ein avtale i 2016 som gir Israel 38 milliardar dollar i militærstøtte over eit tiår, fram til 2027.

Kort etter at Biden vart utropt til vinnar av presidentvalet, sa israelske kjelder at dei allereie planla å be Biden om ein ny langsiktig militærstøttepakke. Medan einskilde progressive i Kongressen ber om at USA opphevar militærstøtta til Israel på grunn av overgrepa mot palestinarane, så har Blinken gitt klar beskjed om at ein Biden-administrasjon si støtte til Israel blir vilkårslaus.

«Han [Biden] vil ikkje knyte militær assistanse til Israel til noka politisk avgjerd som dei tar. Punktum. Full stopp. Han sa det; han har forplikta seg til det. Og dét vil bli Biden-administrasjonen sin politikk,» sa Blinken i mai.

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • wasan Totland
    26 november 2020 15:07

    Kerry har vel også mange svin på skogen. Jeg har ikke tilgang på tidligere lagret info om ham.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Anders Skonhoft:

Mer rettferdig kostnadsfordeling ved bilbruken

Forrige innlegg

Koronatiltakene:

De rikeste blir rikere og vi får millioner nye fattige.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.